Departementet orienterer i St.prp. nr. 45 (2007–2008), sak 2.1, om system for styring og rapportering i Statens vegvesen.

Etter raset i Hanekleivtunnelen på E18 i nordre Vestfold den 25. desember 2006 blei det oppnemnd fleire undersøkingsgrupper og arbeidsgrupper, som hadde til oppgåve å finne årsaka til at dette kunne skje, samt å foreslå eventuelle tiltak for å unngå at slike hendingar skal kunne skje i framtida.

Etter at desse utgreiingane var utførde, og ein rapport frå internrevisjonen i Vegdirektoratet ikkje gav svar på dei spørsmåla Samferdselsdepartementet ønskte å få avklara, avgjorde departementet at det skulle gjennomførast ei ekstern undersøking som skulle sjå på rapporteringsrutinar og formidling av styringsinformasjon i Statens vegvesen i perioden då E18 i nordre Vestfold blei prosjektert og bygd. Undersøkinga skulle også omfatte ein gjennomgang av tilsvarande forhold i Statens vegvesen i dagens organisasjon.

Konsulentselskapet AGENDA Utredning & Utvikling AS blei gitt dette oppdraget, og rapport frå konsulentselskapet blei overlevert til Samferdselsdepartementet 15. oktober 2007.

Samferdselsdepartementet konstaterer at AGENDA Utredning & Utvikling AS fann svakheiter ved ansvarsforhold og styringssystem i samband med bygging av Hanekleivtunnelen, men har ikkje funne tilsvarande på andre prosjekt frå den same tidsperioden. Dette kan etter departementet si vurdering tyde på at det var spesifikke problem knytte til forholda på det konkrete prosjektet og ikkje nødvendigvis eit problem som var gjennomgåande i heile organisasjonen.

Dei problema med uklåre ansvarsforhold som er avdekka i samband med Hanekleivprosjektet, synest ikkje å kunne oppstå med den organiseringa som i dag er i vegsektoren, der produksjonsverksemd ikkje lenger er ein del av oppgåvene til vegvesenet. Dette blir òg klårt stadfesta gjennom AGENDA sin rapport. Dei områda som AGENDA peiker på, der Statens vegvesen og dei fleste andre store byggherreorganisasjonane i Noreg har eit potensial for å forbetre seg, er tekne tak i. Vegstyresmaktene har gjennom heile det siste året lagt ned eit omfattande arbeid for å ta tak i desse utfordringane.

Samla vurderer Samferdselsdepartementet situasjonen slik at Statens vegvesen i dag er ein organisasjon med klåre ansvarsforhold og styringssystem som i hovudsak er tilfredsstillande.

Tilsyn i vegsektoren

Som omtala i St.prp. nr. 68 (2006–2007) har Regjeringa sett ned eit offentleg utval som skal sjå på organiseringa av tilsynsoppgåver knytt til infrastrukturen i vegsektoren. Ei hovudoppgåve for ei slik utgreiing vil vere å utgreie behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn og behov for endringar i regelverk. Ein viktig del av dette arbeidet er å vurdere ei føremålstenleg ansvarsdeling mellom Statens vegvesen og eit slikt eventuelt tilsyn og mellom tilsyn og departement. Utvalet skal leggje fram innstillinga si i form av ei offentleg utgreining innan utgangen av 2008.