Innstilling fra forsvarskomiteen om om endringar i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2008.

1.2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på meklingsresultatet mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Unio, Akademikerne og Farmaceutisk Forening. Med grunnlag i lønnsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktig mannskap tilrådd auka med 7,3 pst. frå 1. juli 2008. Tenestetillegg til HV-innsatsstyrke for teneste ut over 6 dager i året og godtgjøring i forbindelse med katastrofehjelp (§ 13-oppdrag), jf. HV-loven § 13, er ikkje tidlegare regulerte. Det er naturleg at desse to tillegga blir regulerte på same måten som andre tenestetillegg.

Meirutgiftene for 2008 er utrekna til 26,806 mill. kroner.

1.3 Bakgrunn

Gjennom ei rekkje år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønnsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn den reguleringa som blir gitt i lågaste lønnstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Lønnsoppgjeret for statstilsette i lønnsramme 1, alternativ 1, gav som resultat eit kronetillegg på 16 000 på A-tabellen. Dette utgjer til saman ei regulering på 7,3 pst.

1.4 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i lønnsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarlønn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering har Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 7,3 pst. med verknad frå 1. juli 2008.

1.5 Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2008:

  • Tenestetillegg frå kr 130,00 til kr 140,00 pr. dag

  • Tenestetillegg HV-innsatsstyrke frå kr 700,00 til kr 751,00 pr. dag

  • Operativt (§ 13-oppdrag) tillegg frå kr 1 000,00 til kr 1 073,00 pr. dag

  • Korporalstillegg frå kr 16,50 til kr 17,70 pr. dag

  • Kompensasjonstillegg frå kr 256,00 til kr 275,00 pr. dag

  • Ektefelletillegg frå kr 3 492,00 til kr 3 750,00 pr. månad

  • Barnetillegg, fyrste barn frå kr 3 966,00 til kr 4 260,00 pr. månad

  • Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 635,00 til kr 1 755,00 pr. månad

  • Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr 25 000 til kr 26 850,00

  • Utdanningsbonus, dagsats frå kr 48,50 til kr 52,00 pr. dag

1.6 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 26,806 mill. kroner for 2008 etter følgjande fordeling:

  • Auke av tenestetillegg og korporalstillegg 14,832 mill. kroner

  • Auke av tenestetillegg HV-innsatsstyrke og operativt tillegg (§ 13-oppdrag) 0,359 mill. kroner

  • Auke av kompensasjonstillegg 0,192 mill. kroner

  • Auke av forsørgjartillegg 0,689 mill. kroner

  • Auke av dimisjonsgodtgjersle 10,466 mill. kroner

  • Auke av utdanningsbonus dagsats 0,267 mill. kroner

1.7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2008 er utrekna til 2,29 mill. kroner. Verknad for heile året blir 4,07 mill. kroner.

2. Komiteens merkander

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, støtter Regjeringens forslag om å regulere primærgodtgjørelsen for utskrevne vernepliktige mannskaper med 7,3 pst. fra 1. juli 2008. Komiteen merker seg at merutgiftene knyttet til denne reguleringen beløper seg til 26,8 mill. kroner og tilsvarende regulering for sivile vernepliktige til 2,2 mill. kroner for 2008.

3. Komiteens tilråding

Komiteen viser for øvrig til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap

Post

Formål

Kroner

Utgifter

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 290 000

frå kr 95 746 000 til kr 98 036 000

1719

Felles utgifter og tilskudd til foretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, blir auka med

63 000

frå kr 360 594 000 til kr 360 657 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

173 000

frå kr 1 715 390 000 til kr 1 715 563 000

1725

Fellesinstitusjoner og -utgifter under FST

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 026 000

frå kr 2 240 018 000 til kr 2 241 044 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

12 493 000

frå kr 3 930 211 000 til kr 3 942 704 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 399 000

frå kr 2 814 073 000 til kr 2 817 472 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 461 000

frå kr 3 416 192 000 til kr 3 418 653 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 567 000

frå kr 1 077 307 000 til kr 1 079 874 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 628 000

frå kr 2 447 394 000 til kr 2 451 022 000

1790

Kystvakten

1

Driftsutgifter, blir auka med

983 000

frå kr 859 463 000 til kr 860 446 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, blir auka med

13 000

Frå kr 221 909 000 til kr 221 922 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 13. juni 2008

Jan Petersen

Per Roar Bredvold

leder

ordfører