Sammendrag

Regjeringa legg fram informasjon om norsk eksportkontroll når det gjeld våpen, ammunisjon og anna militært materiell og fleirbruksvarer. Meldinga reflekterer omfanget av den faktiske eksporten i 2007 av forsvarsmateriell som er oppført på Utanriksdepartementets liste I og av tenester og teknologi i tilknyting til desse varene. Liste I omfattar både A-materiell, som er våpen og ammunisjon og anna militært materiell som i vesentleg grad kan påverke dei militære styrkeforholda utover nærområdet, og B-materiell, som er andre varer som spesielt er utvikla eller modifiserte for militære formål.

Den samla verdien av eksporten i 2007 var om lag 3,6 mrd. kroner. Av dette utgjorde sal ca. 3,2 mrd. kroner, tenester om lag 308 mill. kroner og reparasjonar for utanlandske eigarar ca. 130 mill. kroner. A-materiell utgjorde i overkant av 2 mrd. kroner og B-materiell ca. 1,2 mrd. kroner. Til samanlikning utgjorde den samla eksporten i 2006 rundt 3,5 mrd. kroner.

I 2007 gjekk 92 pst. av eksporten av A-materiell og 84 pst. av eksporten av B-materiell til NATO-land og til Sverige og Finland. Samanlikna med 2006 var det i 2007 ein markert nedgang i den totale eksportverdien av B-materiell på nær 22 pst, og eksporten av A-materiell auka med ca. 45 pst.

I meldinga blir det gjort greie for Regjeringa sin politikk når det gjeld strategisk eksportkontroll, og praktiseringa av det aktuelle regelverket i lisensieringsarbeidet og samarbeidet med andre etatar for å sikre gjennomføring av ein mest mogleg effektiv kontroll. I tillegg går ein inn på det internasjonale samarbeidet leverandørlanda har etablert for å sikre høge internasjonale standardar som utgangspunkt for gjennomføringa av kontrolltiltak på nasjonalt plan.

Regjeringa er oppteken av å gi størst mogleg åpenhet om og innsyn i utførselen av forsvarsmateriell frå Noreg. Stortingsbehandlinga av St.meld. nr. 19 (2005–2006) og St.meld. nr. 33 (2006–2007) har vist at det er brei, tverrpolitisk semje om at dette er viktig. Ved behandlinga av begge dei to siste stortingsmeldingane har innstillinga frå utanrikskomiteen vore samrøystes.

Regjeringa går i årets melding vidare for å gi auka innsyn. I meldinga i år blir det derfor for første gong lagt fram informasjon om eksport av sivile varer til militære sluttbrukarar og om utførsel av verneutstyr til bruk for humanitære organisasjonar i samband med minerydding. Elles følgjer meldinga i hovudsak same formatet som meldingane om eksporten i 2005 og 2006. Det blir informert om kva slag militære varer som er utførte til kva land, verdien av eksporten fordelt på land og regionar og om eige materiell som forsvarsstyresmaktene utfører. Vidare omtalar meldinga utførsel av handvåpen frå Noreg, formidling av forsvarsmateriell mellom tredjeland og overføring av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet. I tillegg blir det opplyst om avslag på lisenssøknadar grunngitt i EU-kodeksen for våpeneksport.

Då St.meld. nr. 33 (2006–2007) blei framlagd 15. juni 2007, inviterte Regjeringa presse og organisasjonar til eit møte for å presentere innhaldet i meldinga. Initiativet blei etter Regjeringa sitt syn godt motteke, og ein tek sikte på å vidareføre denne typen informasjonsmøte.

Regjeringa vil vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om særleg omfattande og viktige saker. Det er etablert føreseielege retningslinjer for korleis Utanriksdepartementet skal praktisere regelverket. Dei årlege stortingsmeldingane som er framlagde sidan 1996, har gjort greie for denne praksisen og gitt omfattande innsyn i omfanget av eksporten.

I Noreg har ein sidan etterkrigsåra hatt brei politisk semje om eksporten av forsvarsmateriell. Regelverket og praksisen baserer seg på ei regjeringserklæring og eit stortingsvedtak av 11. mars 1959. Erklæringa slo fast at "hovedsynspunktet bør være at Norge ikke vil tillate salg av våpen og ammunisjon til områder hvor det er krig eller krig truer, eller til land hvor det er borgerkrig". Stortinget tok "til etterretning den erklæring statsministeren på vegne av Regjeringen har lagt frem. Stortinget vil sterkt understreke at eksport av våpen og ammunisjon fra Norge bare må skje etter en omhyggelig vurdering av de uten- og innenrikspolitiske forhold i vedkommende område. Denne vurderingen må være avgjørende for om eksport skal finne sted".

I 1997 slutta Stortinget seg samrøystes til ei presisering om at "Utenriksdepartementets vurdering av disse forholdene omfatter en vurdering av en rekke politiske spørsmål, herunder spørsmål knyttet til demokratiske rettigheter og respekt for grunnleggende menneskerettigheter". Endå omsynet til menneskerettane og humanitærretten frå før var eit sentralt element i vurderinga av søknader om eksport av forsvarsmateriell, avgjorde Regjeringa i 2007 å ta denne presiseringa inn i retningslinjene.

Utanriksdepartementet er ved kongeleg resolusjon gitt mynde til å administrere eksportkontrollova og utarbeide forskrifter og retningslinjer for å sikre ei effektiv gjennomføring av kontrollen. Departementet er òg lisensieringsinstans.

Noreg praktiserer ei svært streng handheving av eksportkontrollregelverket for å sikre at forsvarsmateriell ikkje kjem på avveie. Dette er bakgrunnen for at hovudmottakarane av norsk forsvarsmateriell er medlemsland i NATO og andre nærståande land. Noreg sel forsvarsmateriell bare til bruk for myndigheter.

Dokumentasjon som godtgjer kven som er mottakar av forsvarsmateriellet, må liggje føre før utførselsløyve blir innvilga. Regjeringa vil vidareføre denne praksisen. Noreg deltek vidare aktivt innanfor fleire internasjonale fora for tiltak som skal hindre at våpen kjem på avveie.

Ved utførsel av forsvarsmateriell til land utanfor NATO og den nærståande landgruppa blir dei nemnde retningslinjene nøye vurderte og strengt praktiserte. Dersom det blir konkludert med at slikt sal kan tillatast, må det leggjast fram sluttbrukardokumentasjon der mottakaren erklærer at vedkommande er endeleg mottakar av materiellet, opplyser kvar det skal installerast og brukast og forsikrar at materiellet ikkje skal vidareseljast utan samtykke frå norske styresmakter.

Ved tildeling av løyve til sal av forsvarsmateriell er spørsmålet om framtidig vedlikehald, reparasjon og levering av reservedelar ein del av den totalvurderinga departementet gjer. Omsynet til norske leverandørar som truverdige handelspartnarar er òg eit moment som styresmaktene må ta med i vurderinga når det gjeld å gi løyve til oppfølgingsleveransar.

Kontrollen med eksport av fleirbruksvarer tek sikte på å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og er utelukkande basert på samordning av kontrolltiltak innanfor ramma av internasjonalt samarbeid. Dei siste åra har det òg utvikla seg eit nærmare samarbeid i internasjonale forum om betre kontroll med konvensjonelle våpen, særleg handvåpen og lette våpen. Dette er ei utvikling Regjeringa støttar. I Stortinget ligg til handsaming ei eiga melding om det norske engasjementet for nedrusting og mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.