Innstilling fra forsvarskomiteen om endringer i statsbudsjettet under Forsvarsdepartementet for 2008

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Føremål og hovudoversikt

1.1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2008. Siktemålet er å skape best mogeleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2008 vart utarbeidd.

Omgrupperingsproposisjonen tek mellom anna føre seg styrking av prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta, norske styrkar i utlandet og fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben, for å dekkje høgare kostnader enn budsjettert. Dette skuldast m.a. høgare drivstoffprisar, seinare frigjering av gevinstar og høgare kostnadar knytt til logistikkverksemda. Styrkinga er foreslått mot ei tilsvarande samla reduksjon på andre budsjettkapittel m.a. omdisponering av 250 mill. kroner frå materiellinvesteringsbudsjettet. Forsvarssjefen har tilrådd ei slik mellombels omdisponering frå investering til drift for å unngå store operative konsekvensar for aktiviteten i 2008. Regjeringa har derfor ut frå ei samla vurdering funne det tilrådeleg å foreslå ei slik omdisponering, men ser den som ekstraordinær grunna prosjektrelaterte forseinkingar. Regjeringa planlegg å styrkje materiellinvesteringsområdet i åra 2010–2012.

Enkelte kapittel er foreslått redusert grunna nødvendig aktivitetsjustering i løpet av året. Alle forslag til omdisponeringar er tilrådd av forsvarssjefen. Vidare tek omgrupperingsproposisjonen føre seg viktige tekniske endringar, til dømes overføring av budsjettansvar mellom kapitla. I tillegg vert det foreslått ei formalisering av lønnskompensasjonen for 2008 og formalisering av meirinntekter. Totalt utgjer omgrupperinga ein auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 231 mill. kroner. I tillegg foreslår Regjeringa å auke einskilde bestillingsfullmakter.

1.1.2 Overskridingsfullmakt

Forsvarsdepartementet har høve til å nytte ubrukte midlar på kapittel 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del (23,1 mill. kroner) frå 2007 som er overført til 2008, til andre føremål på forsvarsbudsjettet i 2008. Sidan disse midlane i 2008-budsjettet berre er ei overføring og ikkje ei løyving, kan midlane ikkje omdisponerast. Midlane skal nyttast til å dekkje inn meirbehov på kapittel 1792, Norske styrkar i utlandet, post 1 driftsutgifter.

1.1.3 Grunnlaget for omgrupperinga

1.1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2008, dei seinare endringane gjort av Stortinget, og midlar ført over frå 2007. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2008 (524,675 mill. kroner).

Tabellar i kapittel 1.3.1 i proposisjonen gjev oversyn over dei faktiske løyvingar på utgiftssida og disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2008, saman med løyvingsbehov på utgifts- og inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen. I kapittelet er det òg tabellar som syner mindre- og meirutgifter for dei ulike postane for utgifter og inntekter.

1.2 Hovudtrekk ved utgifts- og inntektsendringane på postnivå

1.2.1 Utgifter

Den totale utgiftsramma er auka med 231,13 mill. kroner. Driftsbudsjettet er totalt foreslått auka med 495,753 mill. kroner, medan investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 264,623 mill. kroner.

Nedanfor er dei viktigaste endringane forklart på post- og kapittelnivå.

1.2.1.1 Post 1 Driftsutgifter

Post 1 er foreslått auka med totalt 517,591 mill. kroner.

Forsvarssjefen har tilrådd ei aktivitetsjustering på greinkapitla for å omdisponere til meir prioritert verksemd på budsjetta til Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta, norske styrkar i utlandet og fellesinstitusjonar under Forsvarsstaben. Ei slik aktivitetsjustering er viktig for forsvarssjefens samla styring av Forsvarets verksemd.

Post 1 er foreslått tilført 231,13 mill. kroner i meirinntekter frå kap. 4710 Forsvarsbygg og kap. 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon. Posten er vidare foreslått tilført 250 mill. kroner frå kap. 1760, post 45 Store nyskaffingar grunna omdisponering til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Det er vidare foreslått å omdisponere 13,838 mill. kroner frå kap. 1719, post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, 14,623 mill. kroner frå kap. 1710 Forsvarsbygg, post 47 Nybygg og nyanlegg, og 8 mill. kroner frå kap. 1720, post 50 Overføringar Statens pensjonskasse.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar, inkludert prognosar.

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Post 1 er foreslått auka med 7,8 mill. kroner.

Auken gjeld omdisponeringar grunna overføring av budsjettansvar for kommunikasjonseininga frå Forsvarsstaben til Forsvarsdepartementet i 2008 (3,8 mill. kroner). Posten er vidare tilført 4 mill. kroner knytt til naudsynte tilpassingar og ombyggingar av leiingsbygget på Akershus festning.

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

Post 1 er foreslått auka med 4,81 mill. kroner.

Auken er i all hovudsak knytt til meirbehov grunna lønstilskot for avhendingsfunksjonen i Forsvarsbygg. Meirbehovet skuldast auka behov for kompetanse knytta til miljøoppryddings-, rive og sikringsoppgåvar.

Kap. 1720 Felles leiings- og kommandoapparat

Post 1 er foreslått redusert med 52,863 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld omdisponeringar grunna overføring av budsjettansvaret for kommunikasjonseininga frå Forsvarsstaben til Forsvarsdepartementet i 2008 (3,8 mill. kroner), samt omdisponering til kap. 1725 for finansiering av utgifter i samband med fysisk flytting av Institutt for forsvarsstudier (3,1 mill. kroner). Annan reduksjon gjeld omdisponering til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.

Kap. 1723 Nasjonal sikkerheitsmyndigheit

Post 1 er foreslått auka med 0,9 mill. kroner.

Auken er knytt til overtaking av eigedom, bygg og anlegg frå Forsvarets logistikkorganisasjon.

Kap. 1725 Fellesinstitusjonar og utgifter under Forsvarsstaben

Post 1 er foreslått auka med 94,557 mill. kroner.

Auken er mellom anna knytt til kostnader i samband med innføring av nytt økonomisystem i LOS-programmet (FIF 2.0) i Forsvaret (40 mill. kroner) og finansiering av kryptonøkkelsystemet EKNAS NOR (10 mill. kroner). Post 1 er òg foreslått tilført midlar som følgje av overføring av utgifter for felles opptak og seleksjon for befalsskuleelevar for heile Forsvaret (8,4 mill. kroner), samt i samband med utgifter i samband med fysisk flytting av Institutt for forsvarsstudier (3,1 mill. kroner). Post 1 vert vidare foreslått tilført 24,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering, samt 1,3 mill. kroner for å finansiere vidareføring av beredskap for norsk rolle 2 feltsjukehus.

I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein auke på 7 mill. kroner.

Kap. 1731 Hæren

Post 1 er foreslått redusert med 42,408 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponering av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (24,9 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Post 1 vert vidare foreslått redusert med 16,4 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,1 mill. kroner.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Post 1 er foreslått redusert med netto 23,731 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponeringar av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (40,8 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 1,3 mill. kroner.

Kapitlet vert vidare foreslått auka med 9,3 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. Vidare er kapitlet foreslått auka ved omdisponeringar som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegne av Luftforsvaret (9,1 mill. kroner).

Kap. 1733 Luftforsvaret

Post 1 er foreslått redusert med netto 2,679 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld omdisponeringar til kap. 1732 som følgje av at Sjøforsvaret utfører grunnleggjande rekrutt- og befalsskuleutdanning på vegne av Luftforsvaret (9,1 mill. kroner). I tillegg er det foreslått tekniske justeringar som samla gjev ein reduksjon på 2,6 mill. kroner.

Post 1 er òg foreslått tilført 7,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering. Post 1 er vidare foreslått auka for å dekkje utgiftene til øvinga Northern Viking 2008 (1,35 mill. kroner).

Kap. 1734 Heimevernet

Post 1 er foreslått redusert med netto 3,950 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld i all hovudsak omdisponeringar av identifisert mindrebehov på posten grunna aktivitetsjustering (9,6 mill. kroner). Midlane vert omdisponerte til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.

Post 1 er òg foreslått tilført 5,7 mill. kroner i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering.

Kap. 1740 Forsvarets logistikkorganisasjon

Post 1 er foreslått auka med netto 336,816 mill. kroner.

Post 1 er foreslått tilført 203,13 mill. kroner grunna meirinntekter. Dette er ei endring av teknisk karakter og skuldast i all hovudsak sal av drivstoff, materiell og tenester til allierte og samarbeidande nasjonar på øving i Noreg (sjå forklaring under post 1 Driftsinntekter). Meirinntekta har ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgiftsside i 2008.

Annan auke gjeld i all hovudsak omdisponeringar frå andre delar av forsvarsbudsjettet for å dekkje meirbehov knytt til den løyvingsfinansierte delen av kapitlet. Dette gjeld m.a. auka energikostnadar og auka kostnadar i samband med å betre datakvalitet på materiellrekneskapen, samt manglande effektivisering innanfor regionale støttefunksjonar og forsinka utrangering av eigedom, bygg og anlegg (174,7 mill. kroner).

Post 1 er òg foreslått redusert med 41 mill. kroner m.a. i samband med ei teknisk korrigering av tidlegare fordelt gevinstrealisering.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Post 1 er foreslått redusert med 10,74 mill. kroner.

Reduksjonen er i all hovudsak relatert til omdisponering av midlar til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet.

Kap. 1790 Kystvakta

Post 1 er foreslått auka med 54,779 mill.

Auken gjeld i all hovudsak omdisponering grunna auka kostnader for innleige av fartøy for å oppretthalde slepebåtberedskap og auka drivstoffprisar i 2008.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Post 1 er foreslått auka med 6 mill. kroner.

Auken gjeld Forsvarets del av kostnader relatert til auke i talet på flytimar for redningshelikoptertenesta i samanheng med auka tilstedevakt fleire stader.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 er foreslått auka med 148,550 mill. kroner til å dekkje auka utgifter i tilknyting til Noregs bidrag i Afghanistan. Auken vert foreslått dekt inn ved omdisponering frå ei rekkje andre kapittel på forsvarsbudsjettet.

Meirbehovet er knytt til endringar i det norske styrkebidraget til International Security Assistance Force (ISAF) i Afghanistan. Det vart lagt til grunn at kostnadane kunne reduserast ved i større grad å samle det norske styrkebidraget, men dårlige vegar og restriksjonar for bruk av flyplassen i Meymaneh har gjort det nødvendig å oppretthalde eit norsk nærvær også i Mazar-e-Sharif. Dette har såleis gitt høgare kostnadar enn først lagt til grunn.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

Post 1 er foreslått redusert med 0,25 mill. kroner.

Reduksjonen er knytt til ei budsjetteknisk justering vedrørande gjennomføring av Norsk Militær Tattoo.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet. I 2008 er løyvinga nytta til å dekkje ymse meirbehov, mellom anna økonomisk støtte til gjennomføring av øvinga Northern Viking 2008, vidareføring av beredskap for rolle 2 feltsjukehus og utearena på Akershus festning, samt ei rekkje andre mindre kulturaktivitetar. Posten er foreslått redusert med 13,838 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 45 Store nyskaffingar

Post 45 er foreslått redusert med 250 mill. kroner.

Reduksjonen er relatert til omdisponering av midlar til meir prioritert verksemd på forsvarsbudsjettet. Særskilt gjeld dette Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakta og norske styrkar i utlandet, der det i løpet av gjennomføringsåret 2008 er identifisert meirbehov for å oppretthalde prioritert aktivitet.

Post 46 Ekstraordinært vedlikehald

Det vert foreslått å opprette ei eigen post 46 Ekstraordinært vedlikehald for å synleggjere kostnadar til ekstraordinært vedlikehald på dei nasjonale festningsverka. Posten vert foreslått tilført 66 mill. kroner i 2008 for å starte arbeidet med å setje i stand murar og byggverk som utgjer ein potensiell fare for tryggleiken til dei som nyttar seg av/besøker festningane.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Post 47 vert foreslått redusert med 80,623 mill. kroner.

Reduksjonen gjeld i all hovudsak inndekkjing av utgifter til ekstraordinært vedlikehald ved dei nasjonale festningsverka, jf. post 46 ovanfor. Posten vert vidare foreslått redusert med 14,6 mill. kroner for å dekkje ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Post 50 vert foreslått redusert med 8 mill. kroner grunna eit mindrebehov på posten i 2008.

1.2.2 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 231,13 mill. kroner.

1.2.2.1 Post 1 Driftsinntekter

Kapittel 4740 Forsvarets logistikkorganisasjon, post 1 Driftsinntekter, er foreslått auka med 203,130 mill. kroner. Auken gjeld meirinntekter av teknisk karakter, og skuldast sal av drivstoff, utleige av eigedom, bygg og anlegg, sal av proviant og forpleiing til allierte styrkar på øving i Noreg. Meirinntekta har i hovudsak ei tilsvarande ikkje-budsjettert utgift i 2008.

1.2.2.2 Post 47 Sal av eigedom

Kapittel 4710, post 47 vert foreslått auka med 28 mill. kroner. Auken skuldast i hovudsak forsert sal av bustadar som ikkje vert føresett på budsjetteringstidspunktet.

1.3 Bestillingsfullmakter

Regjeringa foreslår ei intern omfordeling av bestillingsfullmakter mellom kapitla.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Bestillingsfullmakta på post 45 vert foreslått redusert med 100 mill. kroner til totalt 23 900 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.

Bestillingsfullmakta på post 44 vert foreslått auka med 50 mill. kroner til totalt 150 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov grunna forsert framdrift av arbeidet med nytt bygg til Joint Warfare Centre.

Bestillingsfullmakta på post 48 vert foreslått auka med 100 mill. kroner til totalt 250 mill. kroner. Auken skuldast eit meirbehov grunna forsert framdrift av arbeidet med nytt bygg til Joint Warfare Centre.

Bestillingsfullmaka på post 75 vert foreslått redusert med 50 mill. kroner til totalt 100 mill. kroner grunna mindrebehov på posten.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Per Ove Width, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen viser til St.prp. nr. 14 (2008–2009).

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Høyre, merker seg at den totale utgiftsrammen er styrket med 231,13 mill. kroner. Flertallet registrerer at driftsbudsjettet totalt er foreslått styrket med 495,753 mill. kroner. Flertallet tar til etterretning at investeringsbudsjettet er foreslått redusert med 264,623 mill. kroner. Flertallet merker seg at forsvarssjefen har anbefalt en aktivitetsjustering på grenkapitlene for å omdisponere til mer prioritert virksomhet på budsjettene til Forsvarets logistikkorganisasjon, Kystvakten, norske styrker i utlandet og fellesinstitusjoner under Forsvarsstaben. Flertallet tar til etterretning at en slik aktivitetsjustering er viktig for forsvarssjefens samlede styring av Forsvarets virksomhet. Flertallet merker seg at aktivitetene i Hæren, Sjøforsvaret og i noen grad Luftforsvaret og HV er redusert for å styrke forsvarssjefens mer prioriterte oppgaver i Forsvaret. Flertallet er opptatt av at de operative avdelinger skal ha tilstrekkelig og god trening og øving. Flertallet forutsetter at en aktivitetsinnskrenkning ikke går utover Forsvarets oppgaver og kvalitet. Flertallet forventer at reduksjonen i rammen for store nyanskaffelser ikke går utover de anskaffelsesbehov Forsvaret har.

Et annet flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, har ved en rekke anledninger uttrykt bekymring for driftssituasjonen i Forsvaret, og viser til sine respektive merknader i Innst. S. nr. 318 (2007–2008) og Budsjett-innst. nr. 7 (2008–2009).

Dette flertallet viser til at budsjettet for 2008 allerede i utgangspunktet hadde en rekke mangler knyttet til nivået på Forsvarets drift og operative virksomhet. Dette flertallet har også tidligere særlig merket seg nivået på øvelsesvirksomheten som en utfordring. Dette flertallet noterer at det i St.prp. nr. 14 (2008–2009) opplyses at det er foretatt såkalte "aktivitetsjusteringer" i løpet av året. Disse justeringene, som i realiteten innebærer en aktivitetsreduksjon, har ikke vært tilstrekkelige, og det foreslås nå å overføre 250 mill. kroner fra investeringsbudsjettet. Dette flertallet ser dette som et klart uttrykk for at situasjonen ikke er tilfredsstillende, og at driftsbudsjettet allerede i utgangspunktet var urealistisk lavt.

Dette flertallet vil igjen gi uttrykk for at budsjettdokumentene innenfor forsvarssektoren er skrevet i så generelle vendinger at det svekker Stortingets eierskap til forsvarspolitikken, Stortingets mulighet til, som bevilgende myndighet, å budsjettere driften med tilstrekkelig presisjon, samt å etterprøve budsjettprosessene. Dette er, etter dette flertallets oppfatning, en uholdbar situasjon.

Dette flertallet vil også uttrykke bekymring for investeringsnivået. Det langtidsprogrammet som innledes i 2009, bygger på en årlig reduksjon på 1,6 mrd. kroner i forhold til nivået i inneværende langtidsperiode. Reduksjonene i budsjettforslaget for 2009 og det forslag Regjeringen nå legger frem i St.prp. nr. 14 (2008–2009) for inneværende år om omdisponeringer, kommer i tillegg til dette.

Dette flertallet vil, med henvisning til at forbruket må tvinges inn i begrensningene i det vedtatte budsjett for 2008, støtte de forslag som fremmes i St.prp. nr. 14 (2008–2009), men understreker at disse partiers alternative budsjetter for året 2008 ville ha gitt rammer som ville ha vært bedre tilpasset Forsvarets oppgaver og behov.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til nødvendigheten av å fortløpende balansere forsvarsbudsjettet når nye oppgaver kommer til. Gjennom inneværende år er det bl.a. lagt opp til et høyere nivå på internasjonale operasjoner og Forsvarets logistikkorganisasjon enn opprinnelig planlagt. Omgrupperingsproposisjonen er et viktig verktøy for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Disse medlemmer finner derfor at aktivitetsjusteringene informert om i denne proposisjonen er en nødvendig del av virksomhetsstyringen i løpet av året, og avgjørende for at forsvarssjefen skal kunne styre i tråd med de overordnede økonomiske rammene.

Disse medlemmer kan ikke se at de budsjettforslag som denne Regjeringen har lagt frem har en annen struktur, innretning og detaljeringsgrad enn tidligere budsjettproposisjoner. Disse medlemmer anser at dokumentet er i tråd med det informasjonsbehovet Stortinget har for å kunne behandle forsvarsbudsjettet på en forsvarlig måte og i tråd med velfungerende og innarbeidede budsjettprosesser.

Disse medlemmer viser til at det i den nylig vedtatte langtidsplanen er lagt til grunn en reduksjon av materiellinvesteringsnivået til et årlig nivå ved utgangen av perioden som ligger 1,6 mrd. kroner lavere enn det som var forutsetningene i forrige langtidsplan, jf. St.prp. nr. 42 (2003–2004). Disse medlemmer vil påpeke at nivået på materiellinvesteringene i langtidsplanen er balansert mot vedtatt struktur. Disse medlemmer deler derfor ikke Høyres medlems bekymring for nivået på materiellinvesteringene i neste langtidsperiode. Når det gjelder reduksjonen på materiellinvesteringer i 2008, er dette, som forklart i proposisjonen, muliggjort ved prosjektrelaterte forsinkelser.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringer:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

7 800 000

frå kr 327 972 000 til kr 335 772 000

1710 (Nytt)

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

46

Ekstraordinært vedlikehald, kan overførast, løyvast med

66 000 000

47

Nye bygg og anlegg, kan overførast, vert redusert med

80 623 000

frå kr 1 500 000 000 til kr 1 419 377 000

1719

Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

4 810 000

frå kr 365 123 000 til kr 369 933 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast, vert redusert med

13 838 000

frå kr 18 000 000 til kr 4 162 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert redusert med

52 863 000

frå kr 1 765 992 000 til kr 1 713 129 000

50

Overføringar til Statens pensjonskasse, kan overførast, vert redusert med

8 000 000

frå kr 203 283 000 til kr 195 283 000

1723

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit

1

Driftsutgifter, vert auka med

900 000

frå kr 106 996 000 til kr 107 896 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert auka med

94 557 000

frå kr 2 293 727 000 til kr 2 388 284 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert redusert med

42 408 000

frå kr 4 047 905 000 til kr 4 005 497 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

23 731 000

frå kr 2 882 540 000 til kr 2 858 809 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

2 679 000

frå kr 3 486 755 000 til kr 3 484 076 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

3 950 000

frå kr 1 110 089 000 til kr 1 106 139 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

336 816 000

frå kr 2 488 791 000 til kr 2 825 607 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45, vert redusert med

10 740 000

frå kr 900 849 000 til kr 890 109 000

45

Store nyskaffingar, kan overførast, vert redusert med

250 000 000

frå kr 7 693 293 000 til kr 7 443 293 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

54 779 000

frå kr 875 268 000 til kr 930 047 000

1791

Redningstenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

6 000 000

frå kr 34 445 000 til kr 40 445 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

148 550 000

frå kr 1 049 091 000 til kr 1 197 641 000

1795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsutgifter, vert redusert med

250 000

frå kr 227 423 000 til kr 227 173 000

Inntekter

4710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

47

Sal av eiendom, vert auka med

28 000 000

frå kr 152 000 000 til kr 180 000 000

4740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsinntekter, vert auka med

203 130 000

frå kr 225 244 000 til kr 428 374 000

II

Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2008 kan gjere bestillingar utover dei gjevne løyvingane. Den samla ramma for nye bestillingar og gammalt ansvar skal ikkje overstige følgjande beløp:

Kap.

Post

Samla ramme

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

44

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del, vert auka med

50 000 000

frå kr 100 000 000 til kr 150 000 000

45

Store nyskaffingar, vert redusert med

100 000 000

frå kr 24 000 000 000 til kr 23 900 000 000

48

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, vert auka med

100 000 000

frå kr 150 000 000 til kr 250 000 000

75

Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til NATOs investeringsprogram for tryggleik, vert redusert med

50 000 000

frå kr 150 000 000 til kr 100 000 000

III

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2008 kan overskride kap. 1792 Norske styrkar i utlandet, post 1 Driftsutgiftar, med inntil 23,1 mill. kroner mot ei tilsvarande inndekkjing av mindreforbruk på kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg, post 44 Fellesfinansierte byggje- og anleggsarbeid, nasjonalfinansiert del.

Oslo, i forsvarskomiteen, den 27. november 2008

Jan Petersen

Per Roar Bredvold

leder

ordfører