4.1 Samandrag

Kap. 1320 Statens vegvesen

Post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Samferdselsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., med i alt 191 mill. kroner.

Av beløpet gjeld 15 mill. kroner kostnadene (førebels overslag) for Statens vegvesen for opprydding og utbetring av fanggjerdet etter steinras på Oppdølsstranda i Sunndal kommune.

176 mill. kroner gjeld endra inntektsoverslag på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., post 2 Diverse gebyr og post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap. Jf, omtalen under kap. 4320, postane 1, 2 og 3 og realistisk budsjettering av inntekter.

Post 29 Vederlag til OPS-prosjekt

Kontrakt for OPS-prosjektet E18 Grimstad–Kristiansand i Aust-Agder og Vest-Agder blei inngått i juni 2006.

Ut frå praksis for dei to tidlegare OPS-prosjekta har det vore lagt til grunn at all meirverdiavgift for anleggsarbeidet vil bli fakturert når heile strekninga står ferdig. Skatteetaten ved Skatt sør meiner derimot at meirverdiavgifta skal betalast kontinuerleg i anleggsperioden. I løyvinga på post 29 for 2008 inngår ikkje utgifter til meirverdiavgift. Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1320, post 29 Vederlag til OPS-prosjekt, med 175 mill. kroner.

Post 30 Riksveginvesteringar

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 1330, post 30 Riksveginvesteringar, med 36 mill. kroner.

Kap. 4320 Statens vegvesen

Post 1 Salsinntekter m.m.

Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bompengebrikker, sal av kjennemerke. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., med 120 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.

Post 2 Diverse gebyr

Statens vegvesen har inntekter frå ulike gebyr som førarkortgebyr, gebyr for dagprøvekjennemerke, påskiltingsgebyr, kontrollgebyr og gebyr for myndigheitskontrollar. Det er knytt utgifter til desse inntektene.

Rekneskapen for dei to siste åra viser at inntektene har vore høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 2 Diverse gebyr, med 44 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap

Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap.

Rekneskapen for dei to åra posten har vore i bruk, viser at inntektene har vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 4320, post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 48 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Kap. 4322 Svinesundsforbindelsen AS

Post 90 Avdrag på lån

Det er i 2008 behov for 9,3 mill. kroner til grunnerverv, etterarbeid og sluttoppgjer for den norske delen av prosjektet Svinesundsforbindelsen. I staden for å løyve nye midlar til lån meiner Samferdselsdepartementet det vil vere mest praktisk å dekkje utgiftene til etterarbeid mv. ved å nytte bompengar. Dette vil medføre at avdraget på det statlege lånet i 2008 vil bli tilsvarande lågare. Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 9,3 mill. kroner.

E6 Trondheim–Stjørdal – vidareføring av innkrevjingsordninga

Som omtalt i St.prp. nr. 1 (2008–2009), er det lokalpolitisk tilslutning til å utvide bompengeprosjektet E6 Trondheim–Stjørdal til også å omfatte endeparsellane Nidelv bru–Grillstad i Trondheim kommune og Værnes–Kvithammar i Stjørdal kommune. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 24 (2007–2008) og St.prp. nr. 45 (2007–2008) har Stortinget slutta seg til å utvide eksisterande innkrevjingsordning for å finansiere prosjektering, grunnundersøkingar og innløysing av bustader i samband med prosjektet.

Eksisterande bompengelån vil vere nedbetalt rundt årsskiftet 2008/2009.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til opplegg med å vidareføre innkrevjinga fram til Stortinget har behandla forslaget om å utvide prosjektet. Regjeringa legg opp til å fremje ein proposisjon om utvidinga før årsskiftet 2008/2009, med sikte på anleggsstart i 2009.

Utviding av bompengeinnkrevjinga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i Sør-Trøndelag

Prosjektet Hitra–Frøya fastlandssamband er delfinansiert med bompengar, jf. St.prp. nr. 97/Innst. S. nr. 246 (1989–1990). Prosjektet er no nedbetalt etter ei samla innkrevjingstid, inkludert førehandsinnkrevjing, på 17 år. Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar har gått inn for å vidareføre innkrevjinga av bompengar i sambandet i 14 månader, frå 1. november 2008 og ut 2009, for å finansiere ny vegløysing over Dolmøya.

Ny bru over Dolmsundet og vegløysing over Dolmøya var ein del av prosjektet Hitra–Frøya fastlandssamband. Hitra kommune la inn motsegn mot planane om ny bru over Dolmsundet. Kommunane er no samde om eit forslag om ny veg over Dolmøya og ønskjer å bruke bompengar frå eksisterande ordning til å delfinansiere og forskottere bygginga av vegen. Prosjektet kan med ei slik løysing opnast for trafikk i 2010, noko som er 4–5 år tidlegare enn det som er lagt til grunn i forslaget til handlingsprogram 2006–2015 for øvrige riksvegar i Sør-Trøndelag.

Prosjektet inkluderer bygging av ny bru over Vettastraumen. Byggekostnadene for prosjektet er kostnadsrekna til om lag 100 mill. kroner.

Det er lagt opp til å vidareføre innkrevjingsordninga i 14 månader. Det er rekna med at dette vil gi ei nettoinntekt på om lag 35 mill. kroner. I tillegg er det rekna med innkrevjingkostnader på om lag 4,5 mill. kroner. Det er ikkje foreslått å endre takst- og rabattsystemet.

Det er lagt opp til at bompengeselskapet forskotterer dei offentlege løyvingane mot refusjon i 2013 og 2014. Opplegget inneber at bompengeselskapet også må dekkje renter på lån av dei forskotterte midlane. Desse er vurdert til å utgjere om lag 20 mill. kroner. Det er da lagt til grunn at 35 mill. 2008-kroner i offentlege midlar blir refundert i 2013 og 50 mill. 2008-kroner i 2014. Dette gir denne finansieringsplanen for prosjektet:

Mill. kr

Bompengar

15

Offentlege midlar

85

Sum

100

Departementet tilrår at bompengeselskapet får løyve til å forlengje bompengeinnkrevjinga i tråd med omtalen i proposisjonen.

4.2 Merknader frå komiteen

Kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Komiteen meiner oppryddingsarbeid etter raset og satsing på rassikring ved Oppdølsstranda er viktig. Komiteen støttar difor forslaget til auke i løyving til dette arbeidet.

Komiteen har elles ingen merknader og sluttar seg til Regjeringa sitt forslag under post 23.

Kap. 1320, post 29 vederlag til OPS-prosjekt

Komiteen støttar forslaget til auka løyving til auka vederlag i 2008 for OPS-prosjektet E18 Grimstad–Kristiansand i Aust-Agder og Vest-Agder.

Komiteen viser til at Regjeringa no evaluerer OPS-ordninga og vil komme tilbake til saka på en eigna måte.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at Skatteetaten ved Skatt sør mener at merverdiavgift for anleggsarbeidet i OPS-prosjekter skal betales kontinuerlig, og ikke ved ferdigstillelse. Dette medfører høyere utgifter for anlegget og høyere inntekter for staten. Disse medlemmer mener dette er urimelig, og fordyrer slike prosjekter.

Disse medlemmer fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for nødvendige endringer i lov- og regelverk slik at dersom det skal svares merverdiavgift for anleggsarbeid innenfor samferdselssektor, skal denne først betales når anlegget tas i bruk."

E6 Trondheim–Stjørdal – Vidareføring av innkrevjingsordninga

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Fremskrittspartiet, støttar Regjeringa sitt forslag om endra opplegg for å vidareføre innkrevjinga og dermed den vidare utbygginga av for E6 Trondheim–Stjørdal. Det føreslegne opplegget vil innebere at bompengeselskapet slepp å permittere dei som arbeider ved bomstasjonane. Vidare vil det sikre midlar til prosjekt og utarbeiding av konkurransegrunnlag slik at dette arbeidet kan gå som planlagt. Inntektene kan også gå til innløysing av bustader m.m.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet slutter seg ikke til videreføring av innkreving av bompenger på E6 mellom Trondheim og Stjørdal frem til Stortinget behandler forslaget om å utvide prosjektet.

Disse medlemmer viser til sine merknader i Innst. S. nr. 96 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 24 (2007-2008):

"E6 Trondheim - Stjørdal- behov for bompenger

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet avviser at 20 mill. kroner av bompenger fra eksisterende innkrevingsordning på E6 mellom Trondheim og Stjørdal skal brukes til prosjektering og annet forarbeid for andre bompengefinansierte prosjekter. Disse medlemmer har merket seg departementets opplysning om at det fortsatt arbeides med vurdering av ulike sider ved bompengefinansiering, og at departementet vil komme tilbake til Stortinget med dette. Disse medlemmer understreker at det er statens, fylkeskommunenes og kommunenes oppgave å finansiere veier i Norge. Disse medlemmer viser til at det likevel er en sterkt økende bompengebruk til vegfinansiering i Norge – særlig under denne regjeringen. Disse medlemmer mener det er svært nødvendig å få på plass et regelverk som kan medvirke til å begrense bompengebruken. Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen forskottere 20 mill. kroner til prosjektering, grunnundersøkelser med mer for å bygge endeparsellene Nidelv bru-Grillstad i Trondheim kommune og Værnes-Kvithammar i Stjørdal kommune, og innarbeide dette i sluttsalderingen av statsbudsjettet for 2007.""

Utviding av bompengeinnkrevjinga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i Sør-Trøndelag

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Fremskrittspartiet, støttar Regjeringa sitt forslag om utviding av bompengeinnkrevjinga på rv 714 Hitra–Frøya fastlandssamband i Sør-Trøndelag. Vidareført innkrevjing i 14 månader som supplement til offentlege midlar, vil finansiere eit tiltak som var ein del av det opphavlege prosjektet. Utbygginga vil avløyse ein veg med dårleg standard der det har vore alvorlege trafikkulykker.

Fleirtalet meiner det er valt ei god løysing som vil styrke samferdsla i Hitra, Frøya og Snillfjord kommunar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet går imot forlengelse av bompengeinnkreving for å dekke investeringstilskudd fra bilistene på 15 mill. kroner med en samlet kostnad for bilistene på 39,5 mill. kroner. Disse medlemmer mener staten skal betale for utbyggingen av rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sørge for at prosjektet rv 714 mellom Vikstrøm og Stråmyra finansieres fullt ut med statlige midler."