Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1350,
post 23 Drift og vedlikehald, med i alt 75 mill. kroner. Av beløpet
gjeld 5 mill. kroner tilbygging av nytt snøoverbygg på Bergensbanen, og
70 mill. kroner realistisk budsjettering av salsinntekter, jf. endra
inntektsoverslaga på kap. 4350, post 2 Sal av utstyr og tenester
mv.
For å dekkje auka kostnader til grunnervervet
på Ganddal godsterminal på grunnlag av rettskraftig dom foreslår
Samferdselsdepartementet å auke løyvinga på kap. 1350, post 30 Investeringar
i lina, med 38,6 mill. kroner.
Samferdselsdepartementet har gitt Malmtrafikk AS
medhald i at det var utrekna for høg avgift i 2005 og 2006 for LKAB/Malmtrafikk
AS si "tomkøyring" frå Narvik til riksgrensa. På dette grunnlaget
har Jernbaneverket i 2008 motrekna 8,2 mill. kroner til Malmtrafikk
AS i form av redusert fakturering av avgift for 2008.
Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga
på kap. 4350, post 1 Køyrevegsavgift, med 8,2 mill. kroner.
Jernbaneverket har inntekter frå m.a. sal av
jernbanetekniske tenester, sal av utstyr, inntekter frå museumsdrifta.
Det er knytt utgifter til desse inntektene.
Rekneskapen for dei siste åra viser at inntektene har
vore vesentleg høgare enn budsjettert. På grunnlag av nye prognosar
for inntektene i 2008 foreslår Samferdselsdepartementet å auke løyvinga
på kap. 4320, post 2 Sal av utstyr og tenester mv., med 70 mill.
kroner, jf. kap. 1350 post 23.
Komiteen støttar Regjeringa
sitt forslag og har elles ingen merknader.