Sammendrag

Kap. 840 Krisetiltak

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Utgiftene under posten i 2008 er rekna til 2,645 mill. kroner mindre enn løyvinga på 25,496 mill. kroner.

Kap. 840 post 21 nyttast mellom anna til finansiering av tiltak i regjeringa sine handlingsplanar mot kjønnslemlesting, tvangsekteskap, vald i nære relasjonar og menneskehandel og andre valdsførebyggjande tiltak.

Mindrebehovet under posten vert foreslått nytta til å dekkje følgjande meirbehov under andre postar:

  • 0,545 mill. kroner under kap. 841 post 22

  • 1,6 mill. kroner under kap. 846 post 79

Departementet foreslår vidare å flytte 0,5 mill. kroner til Arbeids- og inkluderingsdepartementets kap. 690 post 71 til informasjonsarbeid som Utlendingsdirektoratet driv om tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Departementet foreslår å setje ned løyvinga under kap. 840 post 21 med 2,645 mill. kroner.

Post 60 Tilskot til krisesenter, overslagsløyving

Utgiftene til krisesentra i 2008 er rekna til om lag 6,3 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett på 154,966 mill. kroner.

Det har vore ein årleg vekst i tilskotsutbetalingane til krisesentra sidan den nye finansieringsmodellen vart sett i verk frå 1. januar 2005. Alle søknadene for 2008 er mottekne av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Direktoratet har i år gjennomført ei analyse av kostnadsveksten for krisesentra, som syner at hovudårsakene til auka kostnader har vore fleire faste stillingar, lønnsvekst, pensjonsordningar og husleige.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 6,3 mill. kroner.

Kap. 841 Samlivsbrot og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Utgiftene til meklarar utanfor familievernet i 2008 er rekna til å verte 4,3 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett på 14,216 mill. kroner.

Meklingsordninga vart lagt om frå 1. januar 2007. Medan det tidlegare var tre timars obligatorisk mekling, er det no ein time, men mogeleg å få sju timars mekling for dei para som ønskjer det. Vidare er det innført obligatorisk mekling for sambuarar med felles barn under 16 år, noko som medfører ein auke i talet på meklingar. Samla sett har dette likevel ført til ein nedgang i talet på meklingstimar. Samtidig tar familievernet ein noko større del av meklingane, som fører til at færre meklingar vert utført av dei eksterne meklarane.

I 2007 var utbetalingane til meklarar utanom familievernet på 11,6 mill. kroner, om lag 2 mill. kroner mindre enn budsjettert. Tala hittil i 2008 tyder på ein ytterlegare reduksjon i utbetalingane til 9,9 mill. kroner.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 840 post 60 med 4,3 mill. kroner.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Utgiftene på posten i 2008 er rekna til 6,405 mill. kroner.

Utgiftsutviklinga tyder på eit meirbehov på 0,545 mill. kroner mellom anna som følgje av at utgifter til tilsyn under samvær har vist seg å bli høgare enn budsjettert. Dette gjeld godtgjering til einskildpersonar som blir oppnemnde som tilsynsperson for vern av barn under samvær, jf. barnelova § 43.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 841 post 22 med 0,545 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon for kap. 80 post 21.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utgiftene til kontantstøtte i 2008 er rekna til 1 685 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett.

Meirbehovet kjem av færre nye barn med heildagsplass i barnehage enn måltalet for 2008, og fleire barn i aldersgruppa enn lagt til grunn for løyvinga i revidert budsjett.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 844 post 70 med 15 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd i 2008 er rekna til 14 530 mill. kroner, som er 50 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett.

Meirbehovet kjem i hovudsak av etterbetalingar til EØS-borgarar med arbeid i Noreg.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 845 post 70 med 50 mill. kroner.

Kap. 846 Forskings- og utgreiingsverksemd

Post 79 Tilskot til internasjonalt arbeid, kan overførast

Utgiftene under posten i 2008 er rekna til 5,97 mill. kroner. Dette er 1,6 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett på 4,37 mill. kroner.

Meirbehovet knyter seg til det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013), som er eit ledd i EUs politikk for sysselsetjing og EUs sosialpolitikk, og arbeid mot diskriminering. Departementet overtok frå 1. januar 2008 ansvaret for antidiskrimineringsdelen under PROGRESS.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 846 post 79 med 1,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i kap. 840 post 21.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Tildelt budsjett for 2008 på kapittelet er 26,456 mill. kroner. Talet på adopsjonar er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Dette kjem av at land som Kina, Sør-Korea og Colombia no får langt fleire adopsjonssøknadar frå andre land, samtidig som fleire barn blir adopterte innanlands. Dermed blir færre barn tilgjengelege for adopsjon av norske foreldre. Ein reknar med at talet på adopsjonar det skal utbetalast adopsjonsstøtte til blir redusert til ca. 350 i 2008, frå 420 året før.

Departementet foreslår at kap. 852 post 70 blir redusert med 13,044 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 1 Driftsutgifter – Fylkesnemndene for sosiale saker

Det vil bli eit mindreforbruk på budsjettet for Fylkesnemndene for sosiale saker i 2008. Årsakene til mindreforbruket er mellom anna endringane som vart innførte 1. januar 2007, som inneber at nemnda som hovudregel skal bestå av tre medlemmer og ikkje fem som var tilfellet før 2007. Endringane har redusert kostnadene per sak. Vidare har nytilsetjingar i 2008 tatt lenger tid enn det ein rekna med.

Departementet foreslår å redusere kap. 854 post 1 med 3,5 mill kroner som delvis inndekning for meirforbruket under kap. 855 post 1.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 830 post 21

Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er i 2008 tildelt 14,9 mill. kroner i prosjektmidlar frå kap. 854 post 71 knytt til prosjekta Barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke og Styrka innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar tilknytt barnvernet. Departementet foreslår at midla som er knytt til lønns- og driftsmidlar blir flytta til post 21 under same kapittel.

Departementet foreslår at kap. 854 post 21 blir auka med 5,9 mill. kroner.

Post 64 Tilskot ved busetjing av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar vert busette. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet ventar lågare utbetalingar på posten enn budsjettert. Dette kjem av at ein ventar ein reduksjon i talet på einslige, mindreårige asylsøkjarar som allereie inngår i ordninga.

Departementet foreslår at løyvinga på kap 854 post 64 blir redusert med 18,236 mill. kroner.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til tiltak i barnevernet knytt til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer statsrefusjon for kommunale utgifter til barneverntiltak knytt til denne gruppa barn. Prognoser per andre tertial tilseier samla utgifter på posten i 2008 på 211,7 mill. kroner. Dette er en auke på 37,2 mill. kroner frå 2007.

Departementet foreslår at kap. 854 post 65 blir auka med 35,081 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 50

Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er i 2008 tildelt 14,9 mill. kroner i prosjektmidlar frå kap. 854 post 71 knytt til prosjekta Barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke og Styrka innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar tilknytt barnvernet.

Deler av tildelinga dekkjer utgifter til drift av prosjekta, som lønnsutgifter til seks stillingar i regionane og direktoratet, og reise og opphaldsutgifter i samband med oppfølging av pilotkommunane. Resten av midla blir utbetalte til kommunane som tilskot. Departementet foreslår at 5,9 mill. kroner som er knytte til lønns- og driftsmidlar blir flytta frå kap. 854 post 71 til kap. 854 post 21.

Departementet foreslår kap. 854 post 71 blir redusert med 5,9 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Barne, ungdoms- og familiedirektoratets prognoser per 2. tertial 2008 viser at etaten ventar eit meirforbruk i driftsutgiftene for 2008.

Etaten har sett i gang fleire tiltak for å redusere meirforbruket, mellom anna reduksjon i driftsmidlar til regionkontora, nytt turnussystem og utsetjing av nytilsettingar. Det er lagt vekt på å oppretthalde eit godt tilbod til barna. Tiltaka vil ikkje gje store nok innsparingar. Det ventast eit meirbehov på netto 90,1 mill. kroner i 2008. Dette fordeler seg med ei netto auke på utgiftssida på 57,7 mill. kroner, og ein reduksjon på inntektssida på 32,4 mill. kroner. Departementet foreslår å finansiere deler av bruttobehovet frå postar på kapittelet. I tillegg blir det foreslått å redusere kap. 854 post 1 med 3,5 mill. kroner som delvis inndekning av meirbehovet.

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Departementet ventar eit meirbehov på posten på 41,8 mill. kroner. Talet byggjer på rapportering frå Barne-, ungdoms- og familieetaten for 2. tertial 2008.

Departementet foreslår at kap. 855 post 1 blir auka med 41,8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere kap. 855 post 21 med 7,8 mill. kroner ved å utsetje FoU-prosjekt i 2008 mot tilsvarande auke på kap. 855 post 1.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1

Riksrevisjonen peikar i sin rekneskapsrevisjon for 2007 på at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet hadde ei leverandørgjeld som er forfalle til betaling i 2007, men belasta i 2008. Direktoratet har no utarbeidd rutinar som sikrar at utbetalingar som skal belastast inneverande års rekneskap blir gjennomført før året er omme. Som følgje av omlegging av rutinane, vil det i 2008 vere ei ekstrautgift på posten. Desse ekstrautgiftene har ein tidlegare ikkje rekna med i budsjettet. Etter omlegginga av rutinane i etaten, har ein rekna ut eit meirbehov på 54,2 mill kroner i 2008.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 855 post 22 med 54,2 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Departementet foreslår å redusere kap. 855 post 45 med 30,5 mill. kroner ved å utsetje planlagte investeringar som ikkje er strengt nødvendige i 2008 mot tilsvarande auke på kap. 855 post 1.

Departementet foreslår å redusere posten med 30,5 mill. kroner.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

Post 22 Reguleringspremie til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar

Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er tildelt 20,3 mill. kroner i 2008 til dekning av reguleringspremie for tidlegare tilsette i fylkeskommunane. Reguleringspremien er avhengig av lønns- og trygdeoppgjeret dei enkelte åra. Samla premiebeløp, inkludert arbeidsgivaravgift, vil for 2008 vere 29,7 mill. kroner. Departementet foreslår difor at kap. 858 post 22 blir auka med 9,4 mill. kroner.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2008 er rekna til 11 485 mill. kroner. Dette er 441 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett.

Meirbehovet på 441 mill. kroner kjem mellom anna av eit høgare overslag på fødslar og endra føresetnad om lønnsvekst frå 2007 til 2008 i høve til føresetnadane i revidert budsjett.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2350 post 70 med 441 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til eingongsstønad i 2008 er rekna til 390 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett.

Meirbehovet kjem av at ein ventar eit høgare tal på kvinner med eingongsstønad enn lagt til grunn i revidert budsjett, jf. post 70.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2350 post 71 med 10 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar ved foreldrepengar, overslagsløyving

Utgiftene til feriepengar i 2008 er rekna til 315 mill. kroner. Dette er 5 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett.

Utbetalingane av feriepengar av foreldrepengar i år avheng av bokførte utgifter under post 70 i 2007. Rekneskapet synar at dei faktiske utgiftene var høgare enn dei budsjetterte.

Departementet foreslår å auke løyvinga under kap. 2350 post 72 med 5 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utgiftene til feriepengar i 2008 er rekna til 85 mill. kroner. Dette er 31 mill. kroner mindre enn løyvinga i saldert budsjett.

Nedgangen i utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon kjem av færre kvinner med adopsjonspengar enn ein gjekk ut i frå i løyvinga i saldert budsjett. Dette kjem først og fremst av at færre barn er tilgjengelege for adopsjon frå utlandet.

Departementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 2350 post 73 med 31 mill. kroner.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, etter statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Commitee), godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Prognosar per 1. oktober 2008 frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet viser at ein ventar ein auke i talet på nye, einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet.

Departementet foreslår derfor at løyvinga blir auka med 1,161 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for utlegg til ulike prosjekt og tiltak. Inntektskravet for 2008 er 38,860 mill. kroner. Venta inntekter for 2008 er 21,1 mill. kroner, noe som er 17,8 mill. kroner lågare enn inntektskravet.

Departementet foreslår at kap. 3855 post 1 blir redusert med 17,8 mill. kroner

Post 3 Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Posten omfattar refusjonar for utgifter for einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som er busette i kommunane og plasserte i statlege eller private institusjonar utover den kommunale eigendelen. Det har vore ein auke i talet på barn og unge som etaten mottek refusjon for. I 2007 mottok etaten refusjon for 47 barn. Prognosen for 2008 tilseier 65 barn. I 2008 ventar ein inntekter 78,3 mill. kroner, som er 18,2 mill. kroner høgare enn budsjett.

Departementet foreslår at kap. 3855 post 3 blir auka med 18,2 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Posten inneheld kommunale eigendelar til opphald i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar og tiltak i heimen.

Som følgje av lågare klientvekst enn lagt til grunn i budsjettet for 2008, foreslår departementet at kap. 3855 post 60 vert sett ned med 32,8 mill. kroner.