Utgiftene under posten i 2008 er rekna til 2,645 mill.
kroner mindre enn løyvinga på 25,496 mill. kroner.
Kap. 840 post 21 nyttast mellom anna til finansiering
av tiltak i regjeringa sine handlingsplanar mot kjønnslemlesting,
tvangsekteskap, vald i nære relasjonar og menneskehandel og andre valdsførebyggjande
tiltak.
Mindrebehovet under posten vert foreslått nytta til
å dekkje følgjande meirbehov under andre postar:
0,545 mill. kroner
under kap. 841 post 22
1,6 mill. kroner under kap. 846 post 79
Departementet foreslår vidare å flytte 0,5 mill. kroner
til Arbeids- og inkluderingsdepartementets kap. 690 post 71 til
informasjonsarbeid som Utlendingsdirektoratet driv om tvangsekteskap og
kjønnslemlesting.
Departementet foreslår å setje ned løyvinga
under kap. 840 post 21 med 2,645 mill. kroner.
Utgiftene til krisesentra i 2008 er rekna til
om lag 6,3 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett på
154,966 mill. kroner.
Det har vore ein årleg vekst i tilskotsutbetalingane
til krisesentra sidan den nye finansieringsmodellen vart sett i
verk frå 1. januar 2005. Alle søknadene for 2008 er mottekne av
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Direktoratet har i år gjennomført
ei analyse av kostnadsveksten for krisesentra, som syner at hovudårsakene
til auka kostnader har vore fleire faste stillingar, lønnsvekst,
pensjonsordningar og husleige.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
840 post 60 med 6,3 mill. kroner.
Utgiftene til meklarar utanfor familievernet
i 2008 er rekna til å verte 4,3 mill. kroner mindre enn løyvinga
i saldert budsjett på 14,216 mill. kroner.
Meklingsordninga vart lagt om frå 1. januar 2007.
Medan det tidlegare var tre timars obligatorisk mekling, er det
no ein time, men mogeleg å få sju timars mekling for dei para som
ønskjer det. Vidare er det innført obligatorisk mekling for sambuarar
med felles barn under 16 år, noko som medfører ein auke i talet
på meklingar. Samla sett har dette likevel ført til ein nedgang
i talet på meklingstimar. Samtidig tar familievernet ein noko større
del av meklingane, som fører til at færre meklingar vert utført
av dei eksterne meklarane.
I 2007 var utbetalingane til meklarar utanom familievernet
på 11,6 mill. kroner, om lag 2 mill. kroner mindre enn budsjettert.
Tala hittil i 2008 tyder på ein ytterlegare reduksjon i utbetalingane til
9,9 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under
kap. 840 post 60 med 4,3 mill. kroner.
Utgiftene på posten i 2008 er rekna til 6,405
mill. kroner.
Utgiftsutviklinga tyder på eit meirbehov på 0,545
mill. kroner mellom anna som følgje av at utgifter til tilsyn under
samvær har vist seg å bli høgare enn budsjettert. Dette gjeld godtgjering til
einskildpersonar som blir oppnemnde som tilsynsperson for vern av
barn under samvær, jf. barnelova § 43.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
841 post 22 med 0,545 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon for
kap. 80 post 21.
Utgiftene til kontantstøtte i 2008 er rekna
til 1 685 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga
i revidert budsjett.
Meirbehovet kjem av færre nye barn med heildagsplass
i barnehage enn måltalet for 2008, og fleire barn i aldersgruppa
enn lagt til grunn for løyvinga i revidert budsjett.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
844 post 70 med 15 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2008 er rekna til 14 530
mill. kroner, som er 50 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert
budsjett.
Meirbehovet kjem i hovudsak av etterbetalingar til
EØS-borgarar med arbeid i Noreg.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
845 post 70 med 50 mill. kroner.
Utgiftene under posten i 2008 er rekna til 5,97 mill.
kroner. Dette er 1,6 mill. kroner meir enn løyvinga i revidert budsjett
på 4,37 mill. kroner.
Meirbehovet knyter seg til det fleirårige EU-programmet
PROGRESS (2007–2013), som er eit ledd i EUs politikk for sysselsetjing
og EUs sosialpolitikk, og arbeid mot diskriminering. Departementet
overtok frå 1. januar 2008 ansvaret for antidiskrimineringsdelen
under PROGRESS.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
846 post 79 med 1,6 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon i kap.
840 post 21.
Tildelt budsjett for 2008 på kapittelet er 26,456 mill.
kroner. Talet på adopsjonar er lågare enn tidlegare lagt til grunn.
Dette kjem av at land som Kina, Sør-Korea og Colombia no får langt fleire
adopsjonssøknadar frå andre land, samtidig som fleire barn blir
adopterte innanlands. Dermed blir færre barn tilgjengelege for adopsjon
av norske foreldre. Ein reknar med at talet på adopsjonar det skal
utbetalast adopsjonsstøtte til blir redusert til ca. 350 i 2008,
frå 420 året før.
Departementet foreslår at kap. 852 post 70 blir redusert
med 13,044 mill. kroner.
Det vil bli eit mindreforbruk på budsjettet
for Fylkesnemndene for sosiale saker i 2008. Årsakene til mindreforbruket
er mellom anna endringane som vart innførte 1. januar 2007, som inneber
at nemnda som hovudregel skal bestå av tre medlemmer og ikkje fem
som var tilfellet før 2007. Endringane har redusert kostnadene per sak.
Vidare har nytilsetjingar i 2008 tatt lenger tid enn det ein rekna
med.
Departementet foreslår å redusere kap. 854 post 1
med 3,5 mill kroner som delvis inndekning for meirforbruket under
kap. 855 post 1.
Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er i
2008 tildelt 14,9 mill. kroner i prosjektmidlar frå kap. 854 post
71 knytt til prosjekta Barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke og
Styrka innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar tilknytt barnvernet.
Departementet foreslår at midla som er knytt til lønns- og driftsmidlar
blir flytta til post 21 under same kapittel.
Departementet foreslår at kap. 854 post 21 blir auka
med 5,9 mill. kroner.
Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt
til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar
vert busette. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet ventar lågare
utbetalingar på posten enn budsjettert. Dette kjem av at ein ventar
ein reduksjon i talet på einslige, mindreårige asylsøkjarar som
allereie inngår i ordninga.
Departementet foreslår at løyvinga på kap 854 post
64 blir redusert med 18,236 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer statsrefusjon for kommunale utgifter
til barneverntiltak knytt til denne gruppa barn. Prognoser per andre
tertial tilseier samla utgifter på posten i 2008 på 211,7 mill.
kroner. Dette er en auke på 37,2 mill. kroner frå 2007.
Departementet foreslår at kap. 854 post 65 blir auka
med 35,081 mill. kroner.
Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er i
2008 tildelt 14,9 mill. kroner i prosjektmidlar frå kap. 854 post
71 knytt til prosjekta Barn av rusmisbrukarar og psykisk sjuke og
Styrka innsats mot fattigdom blant barn, unge og familiar tilknytt barnvernet.
Deler av tildelinga dekkjer utgifter til drift
av prosjekta, som lønnsutgifter til seks stillingar i regionane
og direktoratet, og reise og opphaldsutgifter i samband med oppfølging
av pilotkommunane. Resten av midla blir utbetalte til kommunane
som tilskot. Departementet foreslår at 5,9 mill. kroner som er knytte
til lønns- og driftsmidlar blir flytta frå kap. 854 post 71 til kap.
854 post 21.
Departementet foreslår kap. 854 post 71 blir
redusert med 5,9 mill. kroner.
Barne, ungdoms- og familiedirektoratets prognoser
per 2. tertial 2008 viser at etaten ventar eit meirforbruk i driftsutgiftene
for 2008.
Etaten har sett i gang fleire tiltak for å redusere meirforbruket,
mellom anna reduksjon i driftsmidlar til regionkontora, nytt turnussystem
og utsetjing av nytilsettingar. Det er lagt vekt på å oppretthalde
eit godt tilbod til barna. Tiltaka vil ikkje gje store nok innsparingar.
Det ventast eit meirbehov på netto 90,1 mill. kroner i 2008. Dette
fordeler seg med ei netto auke på utgiftssida på 57,7 mill. kroner,
og ein reduksjon på inntektssida på 32,4 mill. kroner. Departementet foreslår
å finansiere deler av bruttobehovet frå postar på kapittelet. I
tillegg blir det foreslått å redusere kap. 854 post 1 med 3,5 mill.
kroner som delvis inndekning av meirbehovet.
Departementet ventar eit meirbehov på posten på
41,8 mill. kroner. Talet byggjer på rapportering frå Barne-, ungdoms-
og familieetaten for 2. tertial 2008.
Departementet foreslår at kap. 855 post 1 blir auka
med 41,8 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere kap. 855 post 21
med 7,8 mill. kroner ved å utsetje FoU-prosjekt i 2008 mot tilsvarande
auke på kap. 855 post 1.
Riksrevisjonen peikar i sin rekneskapsrevisjon for
2007 på at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet hadde ei leverandørgjeld
som er forfalle til betaling i 2007, men belasta i 2008. Direktoratet
har no utarbeidd rutinar som sikrar at utbetalingar som skal belastast
inneverande års rekneskap blir gjennomført før året er omme. Som
følgje av omlegging av rutinane, vil det i 2008 vere ei ekstrautgift
på posten. Desse ekstrautgiftene har ein tidlegare ikkje rekna med
i budsjettet. Etter omlegginga av rutinane i etaten, har ein rekna
ut eit meirbehov på 54,2 mill kroner i 2008.
Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 855
post 22 med 54,2 mill. kroner.
Departementet foreslår å redusere kap. 855 post 45
med 30,5 mill. kroner ved å utsetje planlagte investeringar som
ikkje er strengt nødvendige i 2008 mot tilsvarande auke på kap.
855 post 1.
Departementet foreslår å redusere posten med 30,5
mill. kroner.
Barne, ungdoms- og familiedirektoratet er tildelt 20,3
mill. kroner i 2008 til dekning av reguleringspremie for tidlegare
tilsette i fylkeskommunane. Reguleringspremien er avhengig av lønns- og
trygdeoppgjeret dei enkelte åra. Samla premiebeløp, inkludert arbeidsgivaravgift,
vil for 2008 vere 29,7 mill. kroner. Departementet foreslår difor
at kap. 858 post 22 blir auka med 9,4 mill. kroner.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2008
er rekna til 11 485 mill. kroner. Dette er 441 mill. kroner meir
enn løyvinga i revidert budsjett.
Meirbehovet på 441 mill. kroner kjem mellom anna
av eit høgare overslag på fødslar og endra føresetnad om lønnsvekst
frå 2007 til 2008 i høve til føresetnadane i revidert budsjett.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
2350 post 70 med 441 mill. kroner.
Utgiftene til eingongsstønad i 2008 er rekna
til 390 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner meir enn løyvinga
i revidert budsjett.
Meirbehovet kjem av at ein ventar eit høgare
tal på kvinner med eingongsstønad enn lagt til grunn i revidert
budsjett, jf. post 70.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
2350 post 71 med 10 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar i 2008 er rekna til
315 mill. kroner. Dette er 5 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert
budsjett.
Utbetalingane av feriepengar av foreldrepengar
i år avheng av bokførte utgifter under post 70 i 2007. Rekneskapet
synar at dei faktiske utgiftene var høgare enn dei budsjetterte.
Departementet foreslår å auke løyvinga under kap.
2350 post 72 med 5 mill. kroner.
Utgiftene til feriepengar i 2008 er rekna til
85 mill. kroner. Dette er 31 mill. kroner mindre enn løyvinga i
saldert budsjett.
Nedgangen i utbetalingane av foreldrepengar ved
adopsjon kjem av færre kvinner med adopsjonspengar enn ein gjekk
ut i frå i løyvinga i saldert budsjett. Dette kjem først og fremst
av at færre barn er tilgjengelege for adopsjon frå utlandet.
Departementet foreslår å redusere løyvinga under
kap. 2350 post 73 med 31 mill. kroner.
Nokre innanlandske utgifter knytt til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar kan, etter statistikkdirektivet til
OECD/DAC (Development Assistance Commitee), godkjennast som offisiell utviklingshjelp.
Prognosar per 1. oktober 2008 frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
viser at ein ventar ein auke i talet på nye, einslege mindreårige
asylsøkjarar og flyktningar som kjem til landet.
Departementet foreslår derfor at løyvinga blir auka
med 1,161 mill. kroner.
Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for
utlegg til ulike prosjekt og tiltak. Inntektskravet for 2008 er
38,860 mill. kroner. Venta inntekter for 2008 er 21,1 mill. kroner,
noe som er 17,8 mill. kroner lågare enn inntektskravet.
Departementet foreslår at kap. 3855 post 1 blir redusert
med 17,8 mill. kroner
Posten omfattar refusjonar for utgifter for
einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som er busette
i kommunane og plasserte i statlege eller private institusjonar
utover den kommunale eigendelen. Det har vore ein auke i talet på
barn og unge som etaten mottek refusjon for. I 2007 mottok etaten
refusjon for 47 barn. Prognosen for 2008 tilseier 65 barn. I 2008
ventar ein inntekter 78,3 mill. kroner, som er 18,2 mill. kroner
høgare enn budsjett.
Departementet foreslår at kap. 3855 post 3 blir auka
med 18,2 mill. kroner.
Posten inneheld kommunale eigendelar til opphald
i barnevernsinstitusjonar og fosterheimar og tiltak i heimen.
Som følgje av lågare klientvekst enn lagt til grunn
i budsjettet for 2008, foreslår departementet at kap. 3855 post
60 vert sett ned med 32,8 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Synnøve Brenden Klemetrud og Tove
Karoline Knutsen, fra Fremskrittspartiet, Knut Gjerde og Karin S. Woldseth,
fra Høyre, Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, May Hansen,
fra Kristelig Folkeparti, lederen May-Helen Molvær Grimstad, fra Senterpartiet,
Magnhild Eia, og fra Venstre, Trine Skei Grande, har merket seg
at departementet foreslår å redusere bevilgningen under kap. 840
post 21 med 2,645 mill. kroner fordi utgiftene under posten er mindre enn
forutsatt. Komiteen merker seg at midlene foreslås
benyttet under kap. 841 post 22 og kap. 846 post 79, samt at 0,5
mill. kroner foreslås flyttet til Arbeids- og inkluderingsdepartementets kap.
690 post 71 til informasjonsarbeid som UDI driver om tvangsekteskap
og kjønnslemlesting. Komiteen støtter dette.
Komiteen har merket seg at kostnadsveksten for
krisesentrene skyldes flere faste stillinger, lønnsvekst, pensjonsordninger
og husleie. Komiteen merker seg videre at departementet foreslår
å øke bevilgningen under kap. 840 post 60 med 6,3 mill. kroner. Komiteen støtter dette.
Komiteen viser til
at meklingsordningen ble lagt om fra 1. januar 2007. Mens det tidligere
var tre timers obligatorisk mekling, er det nå én time, men mulig
å få sju timers mekling for de parene som ønsker det. Videre er
det innført obligatorisk mekling for samboere med felles barn under
16 år, noe som medfører en økning i antall meklinger. Samlet sett
har dette likevel ført til en nedgang i det totale antallet meklingstimer. Samtidig
tar familievernet en noe større del av meklingene som fører til
at færre meklinger utføres av de eksterne meklerne. Komiteen viser til
at departementet foreslår å redusere bevilgningen under kap. 841
post 21 med 4,3 mill. kroner.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre har merket seg at
familievernkontorene har hatt større pågang enn ventet på meklingsområdet
og mener derfor at disse burde fått tilført større ressurser. Disse
medlemmer viser til at kuttene på post 21 delvis begrunnes
med at familievernet tar en større del av meklingene enn forutsatt. Disse
medlemmer mener det ville vært naturlig at en tilsvarende
økning ble overført til familievernet.
Komiteen viser til
at meklingsordningen skal evalueres i 2009. Komiteen ser
frem til orientering om resultatene av evalueringen.
Komiteen viser til at departementet
foreslår å øke bevilgningen under kap. 841 post 22 med 0,545 mill.
kroner, mot tilsvarende reduksjon for kap. 840 post 21. Komiteen støtter
dette.
Komiteen viser til
at utgiftene til kontantstøtte i 2008 er 15 mill. kroner mer enn
forutsatt i revidert budsjett for 2008. Komiteen viser
til at Regjeringen foreslår å øke bevilgningen til kontantstøtte
og støtter dette.
Komiteen viser til
og støtter departementets forslag om å øke bevilgningen til barnetrygd med
50 mill. kroner. Komiteen har merket seg at merbehovet
skyldes etterbetalinger til EØS-borgere med arbeid i Norge.
Komiteen har merket
seg at departementet foreslår å øke bevilgningen under kap. 846
post 79 med 1,6 mill. kroner og at økningen foreslås dekket inn
med en tilsvarende reduksjon i kap. 840 post 21. Komiteen støtter
dette. Komiteen har merket seg at merbehovet knytter
seg til at departementet fra 1. januar 2008 overtok ansvaret for
antidiskrimineringsdelen under EU-programmet PROGRESS (2007–2013),
som er et ledd i EUs politikk for sysselsetting og EUs sosialpolitikk
og arbeid mot diskriminering.
Komiteen har merket
seg at departementet antar at det vil bli tildelt stønad til om
lag 350 adopsjoner i 2008. Komiteen har merket seg
at departementet foreslår å redusere bevilgningen til adopsjonsstønad
med 13,044 mill. kroner.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen viser til
at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratets prognoser viser at etaten venter
et merforbruk i driftsutgiftene for 2008. Komiteen vil
videre vise til at etaten har satt i gang flere tiltak for å redusere
merforbruket, men at tiltakene ikke vil gi store nok innsparinger. Komiteen viser
til departementets forslag og støtter disse.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen støtter departementets
forslag og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgende endringer:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
840 | | Krisetiltak | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter,
vert redusert med | 2 645 000 |
| | frå kr 25 496 000
til kr 22 851 000 | |
| 60 | Tilskot til krisesenter, overslagsløyving,vert
auka med | 6 300 000 |
| | frå kr 154 966 000
til kr 161 266 000 | |
841 | | Samlivsbrudd og
konfliktløsning | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter,
meklingsgodtgjerelse, overslagsløyving,vert redusert med | 4 300 000 |
| | frå kr 14 216 000
til kr 9 916 000 | |
| 22 | Opplæring, forsking,
utvikling mv., vert auka med | 545 000 |
| | frå kr 5 860 000
til kr 6 405 000 | |
844 | | Kontantstøtte | |
| 70 | Tilskot, overslagsløyving,vert
auka med | 15 000 000 |
| | frå kr 1 670 000 000
til kr 1 685 000 000 | |
845 | | Barnetrygd | |
| 70 | Tilskot, vert auka med | 50 000 000 |
| | frå kr 14 480 000 000
til kr 14 530 000 000 | |
846 | | Forskings- og
utredningsverksemd | |
| 79 | Tilskot til internasjonalt
arbeid, kan overførast,vert
auka med | 1 600 000 |
| | frå kr 4 370 000
til kr 5 970 000 | |
852 | | Adopsjonsstøtte | |
| 70 | Tilskot til foreldre
som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving,vert redusert med | 13 044 000 |
| | frå kr 26 456 000
til kr 13 412 000 | |
854 | | Tiltak i barne-
og ungdomsvernet | |
| 1 | Driftsutgifter
- Fylkesnemndene for sosiale saker, vert redusert med
| 3 500 000 |
| | frå kr 109 711 000
til kr 106 211 000 | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 830 post 21,vert auka med | 5 900 000 |
| | frå kr 37 683 000 til kr 43 583 000 | |
| 64 | Tilskot ved busetjing
av einslege mindreårige asylsøkarar og flyktningar,
overslagsløyving,vert
redusert med | 18 236 000 |
| | frå kr 112 608 000
til kr 94 372 000 | |
| 65 | Refusjon av kommunale
utgifter til tiltak i barnevernet knytt til einslege
mindreårige asylsøkarar og flyktningar, overslagsløyving,vert auka med | 35 081 000 |
| | frå kr 176 619 000
til kr 211 700 000 | |
| 71 | Utvikling og opplysningsarbeid
mv., kan nyttast under post 50,vert redusert med | 5 900 000 |
| | frå kr 62 701 000
til kr 56 801 000 | |
855 | | Statleg forvalting
av barnevernet | |
| 1 | Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60,vert auka med | 41 800 000 |
| | frå kr 2 812 788 000
til kr 2 854 588 000 | |
| 21 | Spesielle driftsutgifter, vert redusert med | 7 800 000 |
| | frå kr 57 708 000
til kr 49 908 000 | |
| 22 | Kjøp av private
barneverntenester, kan nyttast under post 1,vert auka med | 54 200 000 |
| | frå kr 1 381 655 000
til kr 1 435 855 000 | |
| 45 | Større utstyrsanskaffingar
og vedlikehald, kan overførast,vert redusert med | 30 500 000 |
| | frå kr 60 795 000
til kr 30 295 000 | |
858 | | Barne-, ungdoms-
og familiedirektoratet | |
| 22 | Reguleringspremie
til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar,
vert auka med | 9 400 000 |
| | frå kr 20 300 000
til kr 29 700 000 | |
2530 | | Foreldrepengar | |
| 70 | Foreldrepengar
ved fødsel, overslagsløyving,vert auka med | 441 000 000 |
| | frå kr 11 044 000 000
til kr 11 485 000 000 | |
| 71 | Engongsstønad
ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving,vert auka med | 10 000 000 |
| | frå kr 380 000 000
til kr 390 000 000 | |
| 72 | Feriepengar av
foreldrepengar, overslagsløyving,vert auka med | 5 000 000 |
| | frå kr 310 000 000
til kr 315 000 000 | |
| 73 | Foreldrepengar
ved adopsjon, overslagsløyving,vert redusert med | 31 000 000 |
| | frå kr 116 000 000
til kr 85 000 000 | |
Inntekter |
3854 | | Tiltak i barne-
og ungdomsvernet | |
| 4 | Refusjon av ODA-godkjende
utgifter, vert auka med | 1 161 000 |
| | frå kr 13 743 000
til kr 14 904 000 | |
3855 | | Statleg forvaltning
av barnevernet | |
| 1 | Diverse inntekter, vert redusert med | 17 800 000 |
| | frå kr 38 860 000
til kr 21 060 000 | |
| 3 | Refusjon for einslege
mindreårige asylsøkarar og flyktningar,
vert auka med | 18 200 000 |
| | frå kr 60 145 000 til kr 78 345 000 | |
| 60 | Kommunale eigenandelar, vert redusert med | 32 800 000 |
| | frå kr 800 167 000 til kr 767 367 000 | |
Jeg viser til følgende spørsmål fra familie-
og kulturkomiteen av 24. november.
"Under kapittel 841 post 21 begrunnes kutt til eksterne
meglere delvis med at familievernet tar en noe større del av meglingene
enn forutsatt. Departementet foreslår kutt på denne posten, men
det foreslås ingen tilsvarende økning i familievernet, på tross
av økte oppgaver og klare meldinger om merbehov. Hvorfor foreslås
ikke en økning til familievernet i 2008?"
Mekling etter ekteskapsloven og barneloven er én
av familievernets lovpålagte oppgaver og en viktig del av tjenestens
ordinære virksomhet. Familievernet får ikke øremerkede midler til denne
oppgaven. Økning eller reduksjon i antall meklinger i familievernet
fører dermed ikke til en automatisk endring av bevilgningene til tjenesten.
En del av meklingene (om lag 34 prosent i 2007) foretas
av eksterne meklere, for eksempel advokater, prester og psykologer.
Disse får utbetalt salær fra kap. 841 post 21. Barne-, ungdoms-
og familieetaten foretar utbetalingen.
Forslaget om reduksjon av bevilgningen på kap. 841
post 21 er begrunnet med to forhold; det er en nedgang i tallet
på meklingstimer totalt og familievernet tar en noe større andel
av meklingene. Forslaget om å redusere bevilgningen er basert på
opplysninger fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 8. desember 2008
May-Helen Molvær Grimstad |
leder og ordfører |