Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Formål og bakgrunn

1.1.1 Formål

1.1.1.1 Ny, strategisk språkpolitikk

Formålet med denne meldinga er å leggja grunnlaget for ein ny, strategisk språkpolitikk med eit heilskapleg perspektiv på språk og samfunn.

Meldinga legg opp til å definera ein språkpolitikk med klarare innhald og rammer enn i dag og å etablera språkpolitikk som eit sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring.

Det inneber ei klar presisering av at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å forma, tolka og fremja språkpolitiske mål. I tillegg må også dei andre departementa ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk.

Å gjera det tydeleg at Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar og eit samordningsansvar, er nødvendig for å sikra ein språkpolitikk med heilskap og samanheng.

For at dette skal kunna følgjast opp i praksis, er det nødvendig at Språkrådet – statens fagorgan i språkspørsmål – får ei meir sentral rolle å spela på det utøvande og operative nivået. Meldinga legg også opp til å gje Språkrådet eit utvida og dermed eit meir heilskapleg språkpolitisk ansvars- og arbeidsområde.

1.1.1.2 Kontekst og grunnlag

Meldinga må sjåast i samanheng med den nyleg framlagde meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer. Den språkopplæringspolitikken som der er skissert, og som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for, inngår som ein del av den heilskaplege språkpolitikken som elles blir skissert i meldinga her.

Som det er gjort greie for nedanfor, er det vilkåra og utfordringane for norsk språk som er gjennomgangstemaet, og som dermed utgjer tyngdepunktet av framstillinga i denne meldinga. Det er samstundes streka under at den nye språkpolitikken som denne meldinga skal leggja grunnlaget for, må omfatta den totale språksituasjonen i landet.

Det finst likevel inga utgreiing som gjev ein samla, oppdatert dokumentasjon og analyse av dagens språksituasjon, og heller ingen større delutgreiingar verken om norsk språk, om samisk eller om ulike minoritetsspråklege spørsmål. I arbeidet med meldinga har det difor vore nødvendig å gå gjennom eit stort kjeldetilfang og å konsultera ein omfattande bakgrunnslitteratur.

Det har i denne prosessen ikkje vore råd å gå like djupt inn i alle relevante spørsmål. Difor er det behov for å arbeida vidare med å samanstilla dokumentasjon og analyse om ulike sider ved den norske språksituasjonen. Dette gjeld for norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Det gjeld også situasjonen for samisk språk og ulike minoritetsspråklege spørsmål i brei meining. Når det gjeld samisk spesielt, viser vi til den nyleg framlagde meldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet om samepolitikken. Der er det mellom anna varsla at det skal utarbeidast ein eigen handlingsplan for samisk språk, jf. St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken.

Behovet for å skaffa fram vidare kunnskap og dokumentasjon om ulike sider av språksituasjonen vil elles bli vurdert som ledd i det komande språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.

1.1.1.3 Hovudinnhaldet i språkpolitikken
1.1.1.3.1 Det overordna perspektivet – å styrkja norsk språk

Det overordna målet for språkpolitikken må vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet i denne meldinga.

Med omgrepet samfunnsberande språk er meint eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn blir brukt til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet, samstundes som det også gjev gode leve- og utviklingsvilkår for alle dei språklege delkulturane som finst i samfunnet.

At språket er komplett eller fullverdig, betyr at det i tillegg har slik status at det kan brukast i alle samanhengar, og at det har utvikla eit spesialisert ordforråd som gjer at det er i levande bruk i alle delar av samfunnslivet, på alle språklege bruksområde og i alle språklege bruksfunksjonar.

I dette perspektivet er det ei særleg utfordring å sørgja for at språket held tritt med den raske kunnskapsutviklinga som skjer innanfor eit stadig meir spesialisert samfunn. At det heile tida blir utvikla ein oppdatert norsk terminologi som grunnlag for fagleg kommunikasjon, er på mange måtar ein føresetnad både for å vitalisera allmennspråket og for å effektivisera og demokratisera den alminnelege informasjons- og kunnskapsformidlinga i samfunnet.

Det overordna målet for språkpolitikken fordrar eit kontinuerleg arbeid over eit breitt felt med sikte på å styrkja og utvikla norsk språk som eit rikt og funksjonelt bruks- og kulturspråk og som uomstridt nasjonalspråk og hovudspråk i Noreg.

1.1.1.3.2 Det norskspråklege mangfalds- og jamstillingsperspektivet

Det overordna målet for språkpolitikken byggjer på den erkjenninga at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Desse er formelt likestilte, men har i røynda svært ulike rammevilkår.

Det er behov for eit meir heilhjarta og systematisk arbeid for å styrkja nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis. Dette er eit særskilt språkpolitisk mål og utgjer det andre gjennomgangstemaet i meldinga.

I den nye språkpolitikken vil det vera eit underforstått prinsipp at tiltak til styrking av norsk språk generelt også må omfatta tiltak for å fremja nynorsk språk spesielt, når dette er relevant.

1.1.1.3.3 Det mangespråklege og fleirspråklege perspektivet

Ein heilskapleg språkpolitikk må også ha som mål å verna og styrkja samisk språk og dermed det språklege grunnlaget for det samiske urfolket i Noreg.

Vidare må språkpolitikken leggja til rette for å verna og fremja språka til nasjonale minoritetar, slik at dei kan bevara og utvikla sin eigen språklege identitet.

Elles må norsk teiknspråk få høgare offisiell status, og arbeidet med å byggja ut dei språklege rettane for norske teiknspråkbrukarar må halda fram.

Språkpolitikken må dessutan ta omsyn til alle grupper av nordmenn med nyare innvandrarbakgrunn, i det heile alle dei som er to- eller fleirspråklege med eit anna morsmål enn norsk. Desse gruppene har gjort at Noreg i dag i endå større grad enn i tidlegare tider er eit mangespråkleg samfunn, og at ein større del av språkbrukarane no har fleirspråkleg bakgrunn og kompetanse.

Til saman representerer samisk språk, språka til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og alle dei nyare innvandrarspråka eit språkleg mangfald som i dag er med på å utfylla biletet av den totale språksituasjonen i landet. Dette språklege mangfaldet må utgjera eit tredje element i den nye språkpolitikken.

1.1.1.3.4 Det nordiske perspektivet

Samanlikna med mange andre nasjonar og skriftkulturar både i Europa og verda elles utgjer Noreg åleine eit heller lite språkområde.

Med eit slikt utgangspunkt blir det desto viktigare å utvida det språkpolitiske perspektivet til også å omfatta våre språklege grannar i Norden. Det at dei tre skandinaviske språka ligg så nær kvarandre at dei er gjensidig forståelege, inneber at vi i Noreg får direkte tilgang til eit mykje større språk- og kulturområde enn vårt eige norske. Den nordiske språkfellesskapen representerer såleis eit verdifullt supplement til norsk språkkultur.

At vi i Noreg gjer det vi kan for å halda ved like og utvikla den gjensidige språkforståinga i Norden, er ikkje berre med på å utvida den direkte språklege og kulturelle horisonten vår og stimulera all mellommenneskeleg kontakt internt i Norden. Dette gjer det også lettare på nordisk plan, ved å byggja vidare på eit allereie veletablert språksamarbeid, å møta dei språkpolitiske utfordringane som vi i stor grad deler med dei nordiske naboane våre.

Jamvel om det nordiske samkvemmet generelt og det nordiske språksamarbeidet spesielt har lang tradisjon, må det heile tida haldast ved like og fornyast. Difor må det nordiske perspektivet utgjera eit fjerde element i den nye språkpolitikken.

1.1.1.3.5 Det framandspråklege perspektivet

I ei verd der internasjonalt samkvem får stadig meir å seia, må det også stillast auka krav til den framandspråklege kompetansen hos nordmenn flest. Særleg er det behov for å heva kunnskapane og dugleiken i engelsk.

Dette står ikkje i motsetnad til behovet for å styrkja konkurranseevna til norsk språk i høve til engelsk på den heimlege arenaen.

Derimot er det viktig å streka under verdien av å søkja kunnskap og internasjonale kontaktar også gjennom andre framandspråk enn engelsk. Difor er det om å gjera at det på ulike nivå i det norske samfunnet finst eit breitt tilbod om framandspråkleg opplæring.

Dette framandspråklege perspektivet vil utgjera eit femte element innanfor ein heilskapleg språkpolitikk.

1.1.1.4 Ein politikk for å motverka domenetap
1.1.1.4.1 Det sektorovergripande perspektivet

Alle dei fem perspektiva som er nemnde ovanfor, høyrer med i ein heilskapleg språkpolitikk og er med på å gje innhald til eit slikt uttrykk.

Men også hovudmålet for den nye språkpolitikken – å sikra det norske språkets posisjon som komplett og samfunnsberande språk i Noreg – fordrar i seg sjølv ei heilskapleg tilnærming.

Ein slik politikk kan ikkje definerast og utformast åleine innanfor ei sektorpolitisk ramme. Den må i prinsippet handla om språk og språkbruk innanfor alle samfunnssektorar. Det er grunnen til at den nye språkpolitikken må ha ein klart uttalt sektorovergripande eller tverrgåande karakter.

1.1.1.4.2 Domenetapsperspektivet

Eit sentralt utviklingstrekk i mange land er ein aukande tendens til bruk av engelsk også i situasjonar der sjølve kommunikasjonen ikkje krev det. Engelsk har i dag vunne seg ein unik posisjon som vår tids internasjonale hjelpespråk. Det knyter seg difor så sterk prestisje til bruk av engelsk at både små og store nasjonalspråk verda over møter stadig sterkare tevling frå engelsk også på sin eigen språklege heimemarknad.

Når engelsk vinn stadig sterkare innpass til fortrengsel for norsk, står vi overfor faren for såkalla domenetap, dvs. at norsk språk blir trengt til sides og ikkje lenger er i bruk innanfor eit bestemt samfunnsområde. I den grad denne tilstanden smittar frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig norsk språk vera truga.

Eit hovudsynspunkt i ei rekkje land i dag er at ein framtidsretta språkpolitikk må byggja på den erkjenninga at nasjonalspråka våre vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje har ei medviten haldning til verdien av vårt eige språk og utviklar ein strategi for aktiv språkstyrking.

1.1.1.5 Språkpolitiske innfallsvinklar

Eit språkpolitisk heilskapsperspektiv tilseier elles at språkspørsmål blir behandla ut frå ulike innfallsvinklar.

1.1.1.5.1 Språkopplæring og andre språklege rettar

Eit naturleg utgangspunkt er å behandla språket som instrument for kvar enkelt språkbrukar. Dette reiser spørsmål om korleis menneske med ulike føresetnader kan tileigna seg språket og læra seg å meistra det best mogleg. Det handlar om språkkompetanse som nøkkel til suksess og framgang i samfunns- og yrkesliv, om språket som kulturell døropnar og om den identitetsskapande og danningsmessige funksjonen som språket har.

Det som er grunnleggjande i så måte, er den språkopplæring kvar enkelt språkbrukar får. Denne delen av språkpolitikken er behandla i ei eiga melding som Kunnskapsdepartementet har lagt fram om språkstimulering og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008). I meldinga her blir difor språkbrukarperspektivet berre behandla relativt kort, med vekt på temaet språklege rettar sett i utvida og overordna perspektiv.

1.1.1.5.2 Språkstyrking

Det følgjer av det som er sagt i innleiinga om det overordna perspektivet for den nye språkpolitikken, at den innfallsvinkelen som er grunnleggjande i meldinga her, er spørsmålet om kva status og posisjon språket har i samfunnet. Dette dreier seg om kor utbreitt språket er som morsmål og skriftleg bruksspråk, kva offisiell stilling det har, men først og fremst i kva grad det faktisk er i levande bruk på alle område av samfunnslivet.

I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkstyrking som samlenemning på den delen av språkpolitikken som rettar seg direkte mot å fremja språkets status og bruk.

1.1.1.5.3 Språkdyrking

Ein tredje innfallsvinkel er språket sjølv, kva tilstand språksystemet er i, kor godt språket er dokumentert, tilhøvet mellom talespråk og skriftspråk, mellom standardspråk og dialekt, korleis språket utviklar seg, språkleg variasjon, tilhøvet mellom tradisjon og fornying og i det heile korleis språket fungerer både som kulturuttrykk og som reiskap for effektiv kommunikasjon.

I denne meldinga nyttar vi uttrykket språkdyrking som samlenemning på den delen av språkpolitikken som har å gjera med slike spørsmål.

1.2 Samandrag

1.2.1 Mål for språkpolitikken

Som dei fleste andre nasjonalspråk er også norsk språk i ein pressa situasjon. Globalisering og internasjonalisering krev at det i stadig fleire samanhengar er nødvendig å kommunisera på engelsk, og det moderne mediesamfunnet gjer at vi i stadig sterkare grad blir eksponerte for engelskspråklege kulturimpulsar.

Norsk språk har ikkje lenger ein like sjølvsagt posisjon og status i det norske samfunnet som tidlegare. For alle folk er språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare på vårt eige språk.

Det overordna målet for språkpolitikken må difor vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet i denne meldinga.

Dei langsiktige konsekvensane av ei utvikling med statustap og minkande bruksområde for norsk språk er det vanskeleg å spå om. Eit hovudsynspunkt i mange land er likevel at det er nødvendig med ein framtidsretta språkpolitikk som byggjer på den erkjenninga at både språk og nasjon vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje har ei medviten haldning til verdien av dei eigne nasjonalspråka og utviklar ein strategi for aktiv språkstyrking.

Med bakgrunn i den situasjonen som er skissert ovanfor, er formålet med denne meldinga å leggja grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk med det overordna målet å sikra det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk.

Arbeidet for styrking av norsk språk må skje innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som også femner om den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det framandspråklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.

1.2.2 Hovudtiltaka i meldinga

1.2.2.1 Overordna tiltaksområde

Hovudgrepet i meldinga er framlegget om å etablera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring. Det inneber ei klargjering av at eitt departement, Kultur- og kyrkjedepartementet, skal ha eit overordna språkpolitisk ansvar, men at også andre departement tek språkpolitiske omsyn med i vurderinga ved utforming og gjennomføring av eigen sektorpolitikk.

I tråd med dette legg meldinga opp til å gje Språkrådet eit breiare ansvar som operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk, å gje Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av fagterminologi, dessutan at Språkrådet skal få eit utvida ansvar også for andre språk enn norsk, og i samband med dette eit eige fagråd for språklege mindretal, framandspråk og språkopplæring. Det blir foreslått at mandatet til Språkrådet skal forankrast i lov.

Meldinga formulerer nokre overordna språkpolitiske mål: at norsk skal vera hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, at norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk, at det skal leggjast til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål, at det offentlege skal leggja vinn på å føra eit korrekt og forståeleg språk, og at alle skal ha rett til språk, rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til å kunna læra seg framande språk.

Meldinga skisserer eit system for permanent språkpolitisk oppfølging: utvikling av språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsrutinar, utvikling av det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget, ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, og at den lovpålagde målbruksmeldinga skal utvidast til ei heilskapleg språkpolitisk rapporteringsmelding til Stortinget kvart fjerde år.

Meldinga legg opp til at det skal utarbeidast ei allmenn språklov som slår fast det norske språkets status som hovudspråk, og definerer den status og rolle som tilkjem også andre språk enn norsk. Meldinga anerkjenner norsk teiknspråk som eit fullverdig språk og foreslår at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal forankrast i den nemnde språklova.

Det blir lagt opp til å avklara verkeområdet for gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste etter same modellen som den nye offentleglova. Samstundes blir det varsla at gjeldande målbruksreglar skal gjennomgåast, og at det skal utgreiast om det bør vera eigne reglar for målbruk også i kommunane.

1.2.2.2 Tiltak på ulike område

Meldinga gjer greie for arbeidet med å førebu etablering og oppbygging av ein norsk språkbank, eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak som skal sikra at det blir utvikla språkteknologiske produkt tufta på norsk språk, og dermed hindra tap av bruksområde for norsk språk på teknologiavhengige område.

Tiltaket vil også fremja næringsutvikling og nye former for språkforsking, bidra til at det kan utviklast norskspråklege hjelpemiddel for personar med nedsette funksjonsevner, og vil også kunna føra til språkteknologiske løysingar som kan bidra til effektivisering av offentleg forvaltning. Arbeidet med å byggja opp språkbanken vil skje over fleire år.

Det blir elles foreslått å setja ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi, og eit vidare samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet for å sikra at viktig programvare til bruk i det offentlege skal finnast tilgjengeleg også i nynorskversjonar.

Som eit overordna språkpolitisk tiltak innanfor forsking og høgare utdanning vil Regjeringa fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidare utvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.

Den generelle hovudstrategien for å motverka domenetap for norsk språk innanfor delar av samfunnet som er sterkt prega av internasjonalisering, er elles å etablera slike språkdomene som parallellspråklege. Det inneber at norsk og engelsk må kunna brukast side om side, men slik at norsk blir verande det føretrekte språket. Norsk skal då brukast dersom det ikkje er nødvendig eller formålstenleg å bruka engelsk i staden. Dette må nyanserast etter dei behov som gjer seg gjeldande på kvart område. Målet er at dette skal sikra norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes leggja til rette for at vi kan delta for fullt i alle former for internasjonalt samkvem.

Det blir lagt opp til at Språkrådet skal intensivera rådgjevingsarbeidet sitt overfor arbeids- og næringslivet, og at det i samarbeid med partane i arbeidslivet skal arbeidast vidare med å utvikla næringslivets samfunnsansvar til også å omfatta omsynet til norsk språk.

Det blir reist spørsmål om det kan gjennomførast eit forskingsprogram om forholdet mellom språk og produktivitet, og det blir varsla ei utgreiing om teknologibasert språkbruk i arbeidslivet. Vidare blir det lagt opp til eit samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet for å få omsett fleire internasjonale standardar til norsk, og om Standard Norge si rolle i terminologiarbeidet.

Meldinga drøftar ulike språkdyrkingstiltak, mellom anna støtte til leksikalsk dokumentasjon av norsk språk, sikring, forvaltning og digitalisering av papirbaserte språksamlingar og innsamling av norske, samiske og kvenske stadnamn.

Eit spesielt tiltaksområde er arbeidet for eit betre og meir forståeleg offentleg språk, viktig også i eit velferds- og demokratiperspektiv. For staten blir det foreslått å etablera ein standard for språkleg kvalitet, eit system for språkleg internkontroll, eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar og eit vidare arbeid med språkleg kvalitet i lover og forskrifter.

Det blir foreslått som eit språkpolitisk prinsipp at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når det dreier seg om tiltak som involverer norsk språk, eit prosjekt for å fremja dei positive verdiane i den språkdelte norske kulturen, ein systematisk gjennomgang av kultur- og medieområdet for å vurdera sterkare synleggjering av nynorsk, sterkare profilering av nynorsk språk og kultur blant barn og unge, mellom anna i Den kulturelle skulesekken, kartlegging av nynorskbruk i kommunane.

Det blir lagt opp til at statlege organ skal ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde krav om bruk av nynorsk og bokmål, kombinert med ei opning for å kunna frita medarbeidarar med minoritetsspråkleg bakgrunn frå plikta til å bruka begge målformer. Regjeringa tek sikte på å oppretta eit fond, Vinjefondet, der avkastninga skal gå til å fremja nynorsk i media.

Når det gjeld tiltak for samisk språk, viser meldinga her til den nyleg framlagde samemeldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det overordna tiltaket som er varsla der, er at Regjeringa vil setja i gang arbeidet med ein handlingsplan for samisk språk.

Meldinga foreslår fleire ulike tiltak for revitalisering av kvensk språk og varslar ei nærare vurdering av kva som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.

På kultur- og medieområdet blir det foreslått fleire tiltak for å styrkja den nordiske språkfellesskapen.

Mange av dei innarbeidde og veletablerte støtte- og tiltaksordningane innanfor kultur- og mediesektoren har også klare språkpolitiske funksjonar. Meldinga drøftar korleis ei vidare utvikling av utvalde ordningar og tiltak kan bidra til å styrkja norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Mellom anna blir det lagt opp til ein meir systematisk strategi for å fremja lesing blant barn og unge.

1.3 Ny språkpolitikk – overordna mål og verkemiddel

1.3.1 Mål og prinsipp for ein ny språkpolitikk

1.3.1.1 Overordna språkpolitiske mål

Det overordna strategiske målet for den språkpolitikken som er skissert i denne meldinga, er å motverka domenetap for norsk språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk innanfor alle delar av norsk samfunnsliv.

Dette overordna målet må realiserast innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som tek omsyn til den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det framandspråklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.

Ved utforming og gjennomføring av all offentleg politikk i Noreg skal det i den grad det er relevant, takast omsyn til følgjande overordna språkpolitiske mål:

  • 1. Norsk skal vera hovudspråket og felles nasjonalspråk i Noreg

  • 2. Norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk

  • 3. Det skal leggjast spesielt til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål

  • 4. Det offentlege skal leggja vekt på å føra eit korrekt og forståeleg språk

  • 5. Alle skal ha rett til språk, å få utvikla og tileigna seg det norske språket, bokmål og nynorsk, å få utvikla og bruka sitt eige morsmål eller førstespråk, inkludert teiknspråk, sitt eige urfolksspråk eller nasjonale minoritetsspråk, og alle skal få høve til å læra seg framande språk.

Desse måla skal det takast omsyn til ved utforming og gjennomføring av all offentleg politikk. Dei vil bli nærare utdjupa og spesifiserte i det språkpolitiske oppfølgingsarbeidet.

1.3.1.2 Grunnlag for oppfølging av dei språkpolitiske måla

Særleg for å kunne forfølgja det overordna, strategiske målet å motverka domenetap for norsk språk og sikra det norske språket ein fullverdig status og bruk på alle samfunnsområde, legg denne meldinga opp til å få etablert språkpolitikk som eit sektorovergripande eller tverrgåande politikkområde med kulturpolitisk forankring.

Ein føresetnad for dette er at alle departement har eit språkpolitisk ansvar og tek språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk, men samstundes slik at det overordna språkpolitiske ansvaret er klart og eintydig plassert i Kultur- og kyrkjedepartementet, og at Språkrådet som fagorgan har ein operativ og strategisk samordnings- og pådrivarfunksjon.

1.3.1.3 Tre språkpolitiske innfallsvinklar

Det språkpolitiske hovudmålet om å styrkja norsk som samfunnsberande og fullverdig nasjonalspråk inneber at det må skapast positive haldningar til og leggjast praktisk til rette for bruk av norsk språk generelt og nynorsk spesielt i alle sektorar av norsk samfunnsliv og i alle aktuelle språkbruksfunksjonar.

Ein føresetnad for på denne måten å fremja det norske språkets status og bruk er at også sjølve språket blir dyrka og røkta, slik at det kan haldast i god hevd og danna grunnlag for god språkbruk og effektiv kommunikasjon.

1.3.2 Nærare om prinsippa for den nye språkpolitikken

1.3.2.1 Språkpolitikken skal vera sektorovergripande

Når det overordna målet for språkpolitikken har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, blir det også ekstra tydeleg at denne politikken ikkje kan reduserast til rein sektorpolitikk. Dei språkpolitiske måla handlar i stor grad om språk og språkbruk innanfor alle sektorar av samfunnet.

Svært mange samfunnsspørsmål vil dermed ha ei språkpolitisk side, og språkpolitikk blir dermed ein dimensjon som det må takast omsyn til i mange ulike samanhengar. Ein moderne språkpolitikk vil med andre ord vera ein typisk sektorovergripande politikk.

Alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna.

Alle departement skal ha eit ansvar for å fremja det norske språkets status og bruk innanfor sine respektive sektorar, å fremja nynorsk språkbruk spesielt, å fremja eit korrekt og velfungerande språk, å vareta språkbrukarane sine rettar osv.

Språkpolitiske mål og tiltak må i større grad enn i dag integrerast innanfor all politikkutforming der dette er relevant.

1.3.2.2 Språkpolitikken skal vera konsistent og einskapleg

Jamvel om språkpolitisk ansvar på denne måten vil vera vidt fordelt, kan vi ikkje ha ein språkpolitikk som sprikjer i ulike retningar. Vi skal ha ein einskapleg og konsistent språkpolitikk.

Dette krev at det overordna språkpolitiske ansvaret blir plassert klart og tydeleg i eitt departement, og at dette overordna ansvaret blir utøvd i nær dialog med eit underliggjande fagleg-administrativt organ som arbeider meir detaljert og konkret med språkpolitisk oppfølging.

Både det departementet som har det overordna språkpolitiske ansvaret, og det underliggjande fagorganet må innanfor staten ha ein språkpolitisk koordinerings- og pådrivarfunksjon overfor dei andre departementa og deira underliggjande organ.

Det departementet som på denne måten har hovudansvaret for språkpolitikken, må innanfor ramma av retningslinjer frå Stortinget og regjeringa utforma og tolka språkpolitiske mål og verkemiddel, medan det underliggjande organet tilsvarande har eit meir konkret og operativt fagleg-administrativt ansvar.

1.3.2.3 Språkpolitikken skal ha klar kulturpolitisk forankring

Jamvel om språkpolitisk innhald, ansvar og prosedyrar til no ikkje har vore klart og tydeleg definerte, er likevel forvaltning av ulike språkspørsmål tradisjonelt ein del av det kulturpolitiske ansvarsområdet og ligg difor etter gjeldande departementsinndeling i Kultur- og kyrkjedepartementet. Statens fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, er også administrativt underlagt Kultur- og kyrkjedepartementet.

Det at språkpolitisk ansvar i dag må vera mykje breiare enn før, gjev difor ikkje mindre grunn til å slå fast at all språkpolitikk må ha ei klar kulturpolitisk forankring. Det er dermed naturleg at det overordna språkpolitiske ansvaret følgjer det kulturpolitiske sektoransvaret. Etter gjeldande departementsinndeling inneber det at det overordna språkpolitiske ansvaret skal liggja i Kultur- og kyrkjedepartementet.

1.3.2.4 Språkpolitikk i kulturpolitikken

Innanfor ulike delsektorar av kultursektoren må ein leggja til rette for at relevante språkpolitiske mål og tiltak blir tekne omsyn til når den spesifikke sektorpolitikken skal utformast og gjennomførast.

I tillegg til å vareta eit eige språkpolitisk sektoransvar skal altså Kultur- og kyrkjedepartementet ha eit ansvar for å integrera språkpolitiske omsyn innanfor andre delar av kultursektoren, og ikkje minst ha eit overordna ansvar for å sjå til at slike omsyn også kjem med i vurderinga innanfor politikkområde som dei andre fagdepartementa har sektoransvaret for.

Det er grunn til å streka under at Kultur- og kyrkjedepartementet må ha eit særleg ansvar for å vareta og fremja dei spesifikt språkpolitiske omsyna også i dei tilfelle der dei viktigaste verkemidla høyrer inn under ansvarsområdet til andre departement. Det gjeld sjølvsagt også når det er tale om ulike minoritetsspråklege spørsmål. Også omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar høyrer med innanfor den språkpolitikken som Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha eit overordna ansvar for å fremja.

1.3.3 Eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime

1.3.3.1 Innleiing

For over tid å kunna følgja opp det språkpolitiske ansvaret som er skissert i meldinga, legg departementet opp til fastare prosedyrar og ordningar som i større grad vil setja språkpolitikken i system. Dette oppfølgingssystemet har fire hovudelement, og Språkrådet som fagorgan vil her vera det viktigaste instrumentet og den viktigaste aktøren.

1.3.3.2 Språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsordningar

Departementet vil vurdera korleis ein betre enn i dag kan sikra at Språkrådet i større grad blir drege inn i sektorpolitiske avgjerdsprosessar og i breiare politikkutforming med språkpolitisk relevans. Dette er dels eit informasjonsspørsmål, men det kan også vera aktuelt å vurdera om ein kan formalisera ulike former for språkpolitiske kontakt- og konsultasjonsprosedyrar.

Departementet vil også vurdera korleis føresetnader om språkpolitisk konsultasjon og medverknad frå Språkrådet og Kultur- og kyrkjedepartementet i relevante sektorpolitiske avgjerdsprosessar kan forankrast i det språkpolitiske lov- og regelverket.

1.3.3.3 Det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget

Når det overordna målet for språkpolitikken har å gjera med språkets status og bruk i samfunnet, og når Språkrådet i tråd med dette i større grad enn før skal involvera seg over eit breitt spekter av sektorspesifikke saksfelt, stiller det også nye krav til kompetanseprofil og arbeidsmåtar i Språkrådet sjølv. Det viktigaste formålet med den omdanninga institusjonen har gjennomgått, var nettopp å leggja til rette for meir utoverretta aktivitetar og eit breiare samfunnsengasjement.

1.3.3.4 Ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport – eit språkbarometer

Departementet vil drøfta nærare med Språkrådet på kva måte vi her i landet kan utvikla ein mal for ein årleg tilstandsrapport som gjer det mogleg å følgja utviklinga i det norske språkets status og bruk på ein meir systematisk måte. Føresetnaden i første omgang må vera at dette blir ein rapport på eit meir overordna nivå, som så eventuelt kan utviklast meir i detalj etter kvart.

I kjølvatnet av arbeidet med eit slikt språkbarometer vil departementet i samråd med Språkrådet vurdera om det også lèt seg gjera å utvikla meir nyanserte metodar for å måla effekten av språkpolitiske tiltak.

1.3.3.5 Ei fireårig stortingsmelding om språk og språkpolitikk

Departementet legg stor vekt på at det framleis skal vera fastsett i lov at det minst kvart fjerde år skal leggjast fram ei stortingsmelding som rapporterer om oppfølging av målbruksreglar og bruk av nynorsk i statleg og statstilknytt verksemd.

Departementet ønskjer likevel å utvida dette periodiske meldingssystemet til ein rapport som kan gje Stortinget grunnlag for eit breiare språkpolitisk ordskifte. Det betyr først og fremst at meldinga også må omfatta ei vurdering av situasjonen både for norsk språk generelt og nynorsk spesielt innanfor heile det norske språksamfunnet, altså ikkje berre for nynorsk i staten.

Departementet tek sikte på å innarbeida kravet om ei slik språkpolitisk melding til Stortinget kvart fjerde år i det språkpolitiske lovverket.

1.3.4 Språkpolitisk lovgjeving

1.3.4.1 Frå Norsk språkråd til Språkrådet

Departementet si vurdering er at det nye arrangementet med eit departementsstyrt forvaltningsorgan med basis i vedtekter fastsette av departementet kan bli for laust og sårbart til å driva eit kraftfullt, utoverretta og tverrgåande språkpolitisk pådrivar- og koordineringsarbeid.

Ei lov med forskrifter vil representera ein mykje fastare basis, gjera institusjonen meir robust og gje større autoritet og legitimitet til arbeidet.

Det er likevel eit behov for å sjå ei ny lov om Språkrådet i ein større samanheng. Dette vil vera med og avgjera om det skal lagast ei stutt lov som berre regulerer korleis institusjonen skal organiserast, og kva oppgåver han skal ha, eller om det kan vera aktuelt med ei meir omfattande lov.

1.3.4.2 Spørsmålet om ei allmenn språklov

Departementet meiner at det er behov for at det norske språkets posisjon og verdi blir langt sterkare markert og synleggjort i samfunnsdebatten enn det som er tilfellet i dag.

Departementet meiner at ei klar lovforankring vil vera med på å leggja grunnlaget for ei sterkare språkpolitisk bevisstgjering og ein meir offensiv språkpolitikk til beste for både norsk språk generelt og nynorsk spesielt.

Ei lovforankring vil kunna gje grunnlag for eit meir aktivt og effektivt språkstyrkingsarbeid og innebera ei legal sperre mot at norsk blir erstatta med engelsk i konkrete brukssituasjonar der dette ikkje er nødvendig for å kunna kommunisera på ein tenleg måte.

Ei lovforankring vil vera eit godt utgangspunkt for eit meir planfast og konkret språkstyrkingsarbeid over tid.

Eit viktig utgangspunkt er at ei lov kan verka normdannande og gje uttrykk for eit ideal å strekkja seg etter. Ei generell språklov vil framheva den grunnleggjande funksjonen norsk språk skal ha som eit felles språk for alle i Noreg, noko som likevel ikkje føreset at alle innbyggjarane heile tida berre bruker norsk.

Lovutforminga må også sjåast i samanheng med om det kan bli aktuelt å gå vidare med tanken om grunnlovfesting av omsynet til norsk språk eller av norsk språk og kultur.

Departementet tek sikte på å arbeida vidare med m.a. desse spørsmåla etter at språkmeldinga er behandla i Stortinget.

1.3.4.3 Verkeområdet for mållova
1.3.4.3.1 Offentleglova som mønster

Etter at Stortinget no har vedteke den nye lova om rett til innsyn i offentleg verksemd, har Kultur- og kyrkjedepartementet kome til at avgrensinga av verkeområdet for denne lova også vil vera eit tenleg utgangspunkt for å definera kva verksemder som bør omfattast av lovreglar om målbruk.

Det trengst ei nærare avklaring av korleis ein skal dra grensa mellom reint offentlege eller offentleg dominerte verksemder og verksemder med eit sterkt privat innslag eller ei sterkt uavhengig stilling. Dessutan er det rimeleg å ta omsyn til at det for visse verksemder kan vera ei større ulempe enn for andre å vera bundne av den type lovreglar som det er tale om, både etter offentleglova og mållova, og dette krev også ei nærare avgrensing.

Etter den nye offentleglova er den første avgrensinga basert på offentleg eigardel, eventuelt offentleg styrerepresentasjon, medan den andre avgrensinga er basert på om rettssubjektet driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.

Departementet vil byggja på desse to avgrensingane også når det gjeld ei nærare avgrensing av verkeområdet for mållova.

Det er også aktuelt å vurdera om mållova bør innehalda ein hovudregel om lova i utgangspunktet skal gjelda for institusjonar som får meir enn 50 prosent av inntektene sine frå staten. Departementet vil koma tilbake til desse spørsmåla etter at saka har vore på høyring.

1.3.5 Språkrådet – oppgåver og organisering

Oppsummert må det seiast at Språkrådet alt i dag har eit relativt vidt ansvarsfelt med mange ulike oppgåver, og at ein meir offensiv politikk for styrking av norsk språk dessutan vil krevja auka innsats på mange av desse felta. Dette er det nødvendig å ha i tankane når ein skal vurdera å gje Språkrådet eit utvida ansvar også for andre språk enn norsk.

I arbeidet med å følgja opp denne meldinga vil departementet prioritera framlegget om å tilleggja Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og spreiing av norsk terminologi.

Dinest kjem behovet for å leggja til rette for at Språkrådet kan følgja opp det generelle språkstyrkingsarbeidet og det sektorovergripande engasjementet som følgjer i kjølvatnet av dette.

I tredje omgang vil departementet prioritera arbeidet med å leggja til rette for eit utvida ansvar for Språkrådet i tråd med det som blir drøfta i meldinga.

1.3.5.1 Språkrådet – ansvar for andre språk i Noreg

Departementet meiner tida no er inne til å gå i gang med å førebu ei utviding av ansvarsområdet til Språkrådet, slik at institusjonen får eit definert språkpolitisk ansvar også for andre språk i Noreg enn norsk, jamvel om dette nødvendigvis må vera det største og fremste arbeidsområdet også i framtida.

Språkrådet sitt ansvar for spørsmål som gjeld kvensk, må avgrensast mot det ansvaret som etter føresetnaden skal liggja til det nye kvenske språkrådet som er under oppbygging.

Spørsmålet om kva rolle Språkrådet kan spela med tanke på å støtta opp under norsk romani og romanes, må drøftast nærare med relevante språkbrukarrepresentantar.

Det er i meldinga lagt til grunn at også spørsmål som gjeld norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar har ein språkpolitisk dimensjon, til liks med spørsmål som gjeld alle verbalspråk. Difor må også omsynet til norsk teiknspråk heretter bli ein integrert del av ein heilskapleg og overordna språkpolitikk, men det må arbeidast vidare med kva praktiske konsekvensar eit slikt prinsippstandpunkt bør få.

Det må elles vurderast nærare kva oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld alle dei nyare innvandrarspråka i landet.

Departementet vil setja ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe med mandat å leggja fram eit konkret forslag til korleis Språkrådet sitt ansvar for andre språk i Noreg enn norsk kan konkretiserast og avgrensast. Samansetjinga av gruppa vil mellom anna bli vurdert i samråd med Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Ei utviding av ansvarsområdet for Språkrådet til å gjelda andre språk enn norsk vil i prinsippet også kunna omfatta samisk. Det er likevel for tidleg å ta stilling til om Språkrådet skal ha ei nærare definert rolle også når det gjeld samisk språk, og det blir difor ikkje teke stilling til det i denne meldinga.

Dette spørsmålet må drøftast nærare med relevante instansar og avklarast i samsvar med gjeldande prosedyrar for konsultasjonar med Sametinget. Det vil difor inngå som ein del av det etterfølgjande oppfølgingsarbeidet.

1.3.6 Oppsummering av prioriterte, overordna tiltak

  • 1. Regjeringa vil etablera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring.

  • 2. Departementet foreslår fem overordna mål for den nye språkpolitikken.

  • 3. Departementet vil styrkja Språkrådet som operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk.

  • 4. Departementet vil saman med Språkrådet gjennomgå den nye organisasjons- og styringsmodellen for Språkrådet for å vurdera om det er behov for justeringar.

  • 5. Ansvarsområdet til Språkrådet vil bli utvida til å omfatta også andre språk enn norsk.

  • 6. Språkrådet får eit nytt, femte fagråd med ansvar for minoritetsspråk, språklege mindretal og framandspråk og med språkopplæring som hovudperspektiv.

  • 7. Departementet vil utarbeida eit framlegg til lovforankring av Språkrådet.

  • 8. Departementet vil setja i gang arbeidet med ei overordna språklov som skal slå fast den status og funksjon det norske språket må ha som hovudspråk i Noreg, og kva status og rolle andre språk enn norsk skal ha.

  • 9. Departementet vil etablera eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime, jf. dei påfølgjande punkta 10–13.

  • 10. Departementet vil etablera eit system for språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsordningar.

  • 11. Departementet vil styrkja det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget i Språkrådet slik at språkpolitiske tiltak blir godt forankra i dokumentasjon og analyse.

  • 12. Departementet vil gje Språkrådet i oppgåve å utarbeida ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, eit såkalla språkbarometer.

  • 13. Departementet vil gjera framlegg om å lovfesta at det skal leggjast fram ei periodisk stortingsmelding om språkpolitikk i kvar stortingsperiode.

  • 14. Departementet vil gjennomgå gjeldande målbruksreglar og greia ut behovet for eit oppdatert og tilpassa regelverk om bruk av bokmål og nynorsk i staten, og om det bør vera nærare målbruksreglar også for kommunesektoren.

  • 15. Departementet vil senda på høyring eit framlegg til avklaring av verkeområdet for den noverande mållova tufta på dei same avgrensingskriteria som i den nye offentleglova.

1.4 Språk og makt

1.4.1 Strategi for omfordeling av språkleg makt

1.4.1.1 Rett til å delta

Ein ny språkpolitikk må sikra språkleg og kulturelt mangfald saman med dei best moglege vilkåra for demokrati og deltaking for alle innbyggjarar.

Sett ut frå enkeltpersonar sin rett til demokratisk deltaking er det viktig at:

  • alle får høve til å bevara og utvikla morsmålet sitt, slik at dei kan delta som fullverdige medlemmer i den språkgruppa dei høyrer til,

  • alle får læra å skriva og snakka flytande norsk godt nok til å delta på like vilkår i samfunnet både når det gjeld utdanning, arbeid, politikk og kultur, og at

  • alle lærer seg så godt engelsk og eventuelt andre framande språk at dei kan delta i det globaliserte samfunnet.

1.4.1.2 Språkleg berekraft

For at norsk skal ha den nødvendige språklege berekrafta, må begge målformene og dermed den samla språkdelte norske kulturen bli ein kulturell allmenning, eit felleseige. Utan at variasjonane i norsk blir opplevde og aksepterte som eit felles eige, vil det vera vanskeleg å syta for at begge målformene har eit minimum av språkleg makt. Denne språkdelte norske kulturen må også opnast for dei nye innvandrarmiljøa.

Reell valfridom, mangfald og jamstilling bør vera berebjelkane i offentleg språkpolitikk. Dei politiske tiltaka må ta omsyn til at språkbrukarane er ulike, men likeverdige.

1.4.1.3 Ein reell tospråkspolitikk i eit kulturelt mangfald

I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte delar i ein språkdelt nasjonal felleskultur, og som uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap for Noreg som kulturnasjon å gje avkall på. Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Både praktisk og økonomisk må det leggjast til rette for at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin som eit levande bruksspråk så vel som eit likeverdig offisielt skriftspråk ved sida av bokmål.

Grunnlaget for ein demokratisk språkpolitikk i Noreg bør difor vere ei erkjenning av at Noreg er eit fleirkulturelt og mangespråkleg samfunn der dei to norske målformene utgjer det fellesspråket som norske statsborgarar i utgangspunktet må kunna godt, og som innbyggjarar skal kunna bruka i alle samanhengar. Nødvendige unntak eller tilpassingar må utformast slik at dei ikkje rokkar ved dette utgangspunktet.

1.4.1.4 Prinsippet nynorsk

Nynorsk høyrer i utgangspunktet alltid med der norsk språk blir tematisert eller brukt. I dei tilfella der nynorsk likevel ikkje er ein relevant faktor, må dette legitimerast aktivt og behova til nynorskbrukarane bli dekte. Det normale vil då vera at nynorsken blir rekna med. Dette er kalla prinsippet nynorsk.

I Noreg har nynorsk vore ein nødvendig føresetnad for at mange nok skal bry seg om den språklege sida av livet. Det gjer prinsippet nynorsk til ein nødvendig føresetnad i moderne kulturpolitikk.

1.4.1.5 Aktiv lovgjeving

Den svært skeive fordelinga av uformell språkleg makt kan endrast og regulerast gjennom ei aktiv lovgjeving på dei områda der lover og reglar er formålstenlege verkemiddel.

Mellom anna må verkeområdet for mållova avklarast. Det må følgjast opp meir aktivt at lova blir etterlevd, og nye verkemiddel må vurderast.

Anna relevant lovverk bør vurderast i lys av behovet for tydelege reglar og funksjonelle ordningar som styrkjer språklege rettar og fremjar bruken av norsk, både nynorsk og bokmål.

1.4.1.6 Målretta støtteordningar

Di sterkare redigert offentlegheita blir, og di større mediemakta over kvardagen blir, di viktigare er det at det språklege dominansforholdet i det norske mediesamfunnet blir endra.

Ein ny språkpolitikk må ta med seg vidare dei velprøvde verkemidla som pressestøtta og sterke allmennkringkastarar representerer. Det trengst økonomiske støttetiltak til språkprodusentar som er med og fremjar mindre brukte språk i ulike samanhengar, særleg på Internett. Dette inkluderer støtte til parallellutvikling av syntetisk tale på nynorsk og bokmål.

1.4.1.7 Lokale folkerøystingar

Lokale folkerøystingar er vortne ein viktig del av det norske demokratiet. Ein ny språkpolitikk vil føra vidare denne verdifulle tradisjonen og framheva dei samfunnsverdiane han representerer.

1.4.1.8 Minoritetar og mindretal

Møtet mellom norsk identitet og kulturarv og det nye kulturelle mangfaldet er ein svært verdifull del av den norske kvardagen. Den nye språkpolitikken må sikra gjensidig respekt mellom desse kulturtradisjonane.

Samstundes som vi held oppe og styrkjer det kulturelle mangfaldet i Noreg, er det nødvendig at flest mogleg innbyggjarar meistrar best mogleg det dominerande språket i samfunnet. Difor må også alle innvandrarar få læra norsk og læra det godt.

1.4.1.9 "Norsk når du kan, engelsk når du må"

Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Dei fleste lærer og uttrykkjer seg best på sitt eige morsmål.

Så langt denne delen av språkutviklinga kan styrast frå folkevalde organ, må ein ny språkpolitikk leggja til grunn eit prinsipp som litt forenkla kan uttrykkjast gjennom slagordet "norsk når du kan, engelsk når du må". Med dette er meint at engelsk kan brukast når det er nødvendig eller formålstenleg, men at norsk elles er det naturlege språkvalet. Dette er i samsvar med det som er slått fast i Soria Moria-erklæringa, at norsk må bli verande det føretrekte språket i alle delar av norsk samfunnsliv.

1.5 Språkstyrking – eit komplett og samfunnsberande språk

1.5.1 Generelt

Uavhengig av den faglege diskusjonen om sjølve livslagnaden for språket vårt kan vi konstatera at også norsk språk er i ein pressa situasjon. Det er utan vidare klart at dei utviklingstendensane som alt i dag kan observerast, er tilstrekkeleg illevarslande til å motivera ein langt meir offensiv og målretta politikk til styrking av norsk språk.

Også norsk språkpolitikk må ta utgangspunkt i den debatten som går føre seg om dei språklege konsekvensane av den engelskbaserte globaliseringsprosessen. Den dominerande stillinga for engelsk språk i dag utfordrar jamvel relativt veletablerte nasjonalspråk over store delar av verda.

Presset frå engelsk kan ta ulike former. Den forma for påverknad vi i dag er mest uroa over, er det som det no er vanleg å kalla domenetap. Dette er den mest vidtgåande påverknaden. Den inneber at ein heilt går over til å bruka engelsk som arbeidsspråk i visse samanhengar, altså eit totalt språkskifte frå norsk til engelsk innanfor det som blir kalla eit språkleg domene, dvs. eit avgrensa bruks- eller funksjonsområde for språket.

Når engelsk ei tid har dominert som bruksspråk innanfor eit domene, vil det føra til at det ikkje lenger blir produsert norske omgrep og norske termar. Då betyr det at vi ikkje lenger kan tenkja eller tala om dette aktivitetsområdet på vårt eige morsmål.

Det er målet om såkalla parallellspråksbruk som står fram som svaret på det som i dag kan sjå ut til å vera ei tiltakande utvikling i retning av domenetap for norsk språk.

Slik parallellspråksbruk er nytta her, inneber det ikkje ei prinsipiell sidestilling av norsk og engelsk, men at bruk av norsk også skal føretrekkjast.

Dette prinsippet, som vi kunne kalla parallellspråksbruk med preferanse for norsk, er også reflektert i den politiske plattforma for Regjeringa.

At norsk skal vera det føretrekte språket i Noreg, det naturlege språklege førstevalet, må vera eit grunnleggjande språkpolitisk prinsipp. Men det at norsk skal føretrekkjast, betyr på den andre sida ikkje at norsk alltid kan veljast. Engelsk eller eit anna framandspråk skal kunna nyttast i staden for norsk. Det kan skje i større eller mindre omfang avhengig av situasjonen og dei behov som er til stades på ulike område.

1.5.2 Terminologi og fagspråk

I tråd med prinsippet om parallellspråksbruk må det vera eit sentralt strategisk mål å leggja til rette for at det på alle område av samfunnslivet blir utvikla eit funksjonelt norsk fagspråk for framtida.

For at dette skal kunna skje, må det først og fremst utviklast norsk terminologi raskt og effektivt i takt med den faglege, teknologiske og økonomiske utviklinga i samfunnet.

For det andre må målet vera at denne terminologien skal stillast til rådvelde for alle aktuelle brukarar gjennom digitale terminologibasar som er allment tilgjengelege over Internett.

I ein politikk for styrking av norsk terminologi og fagspråk må full jamstilling mellom nynorsk og bokmål vera eit sjølvsagt prinsipp. Språkfagleg sett er det fullt mogleg å utvikla terminologi på nynorsk og bokmål under eitt og i nær samanheng, slik at ein unngår unødige avvik.

Samla sett er det i dag ein kritisk situasjon for norsk fagterminologi. Omsetjing av internasjonale standardar ligg sterkt på etterskot, og det organiserte terminologiarbeidet ligg nede. Den aktiviteten som går føre seg, er spreidd og ukoordinert, og den terminologiske produksjonen blir i liten grad gjort tilgjengeleg eksternt.

Det trengst nye initiativ og nye grep for å koma i gang med eit offensivt og framtidsretta terminologiarbeid.

Departementet meiner det mest naturlege er å gje Språkrådet funksjonen som eit overordna, nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Dette er i dag meir formålstenleg enn å byggja opp eit nytt organ frå grunnen av.

Etter gjeldande vedtekter kan departementet tilleggja Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor definerte saksfelt, om nødvendig med nærare reglar om saksførebuing og avgjerdprosedyre. Med utgangspunkt i denne føresegna vil departementet nærare konkretisera dei oppgåvene og fullmaktene Språkrådet skal ha på dette feltet.

Den rolla Språkrådet skal ha, er først og fremst å ta initiativ, leggja til rette, samordna og ikkje minst vera aktiv pådrivar for det forskings- og utviklingsarbeidet som skjer i desentraliserte institutt- og fagmiljø.

Føresetnaden for at Språkrådet skal bli eit operativt og slagkraftig samordningsorgan på terminologiområdet, er at institusjonen får tilført auka kompetanse og kapasitet gjennom nye stillingar i sekretariatet.

Departementet legg difor opp til å tilføra Språkrådet auka ressursar i samsvar med dette, slik at institusjonen også i praksis kan ta på seg rolla som eit nasjonalt fagspråk- og terminologisekretariat og vil koma tilbake til dette i budsjettsamanheng.

Det ligg på området terminologi og standardisering føre interessante framlegg, mellom anna om ei utvida rolle for Standard Norge i terminologiarbeidet. Ei viktig utfordring er det også å få til ein monaleg auke i kapasiteten for omsetjing av standardar til norsk.

Departementet tek sikte på å innleia eit nærare samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet om desse spørsmåla.

I første omgang vil departementet vurdera kva som kan gjerast for å leggja til rette for nødvendig oppdatering og tilgjengeleggjering av dei to terminologidatabasane som Standard Norge har bygd opp som ledd i tidlegare standardiseringsarbeid.

Ut over dette vil departementet gje Språkrådet i oppgåve å vurdera og prioritera andre aktuelle tiltak på terminologiområdet, mellom anna dei forslaga som er lagde fram i Norsk i hundre!

1.5.2.1 Oppsummering av prioriterte tiltak
  • 1. Departementet vil leggja funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi til Språkrådet.

  • 2. Departementet vil i samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet vurdera Standard Norge sin funksjon i nasjonalt terminologiarbeid.

  • 3. Departementet vil ta initiativ til eit samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet for å vurdera korleis ein kan leggja til rette for auka kapasitet i arbeidet med omsetjing av internasjonale standardar til norsk.

  • 4. Som eit eingongstiltak vil departementet bidra til at Standard Norge kan oppdatera og gjera tilgjengelege to terminologidatabasar som er bygde opp som ein sideverknad av standardiseringsarbeidet.

  • 5. Departementet vil gje Språkrådet i oppgåve, saman med andre aktørar som saka vedkjem, å vurdera andre aktuelle tiltak på terminologiområdet, mellom anna forslag som er lagde fram i Norsk i hundre!

1.5.3 Språkbruk innanfor høgare utdanning og forsking

1.5.3.1 Oppsummerande vurderingar

At engelsk blir brukt og må brukast i vid utstrekning innanfor forsking og høgare utdanning, er ein sjølvsagd ting. Problemet er ikkje at det blir brukt mykje engelsk, heller ikkje at det blir brukt meir engelsk enn før. Derimot kan det vera ein fare for at den dominerande stillinga som engelsk språk har fått i det internasjonale samfunnet, og den særlege prestisje- og symbolverdien som knyter seg til dette språket, kan føra til at engelsk blir brukt i større grad enn nødvendig, dvs. også i tilfelle norsk eller eit anna språk med fordel kunne vore nytta i staden. Dette kan også føra til at institusjonane undervurderer verdien av å søkja kunnskap og internasjonale kontaktar gjennom andre framandspråk enn engelsk. I tillegg er det ein fare for at engelsk blir brukt utan at det blir lagt stor nok vekt på å utvikla gode engelskkunnskapar og praktisk språkmeistring.

Først og fremst representerer det engelske språkets dominerande posisjon som internasjonalt vitskapsspråk ei utfordring for norsk fagspråk. Hovudperspektivet i denne meldinga inneber at det er arbeidet med å utvikla og halda levande eit fullverdig vitskapleg fagspråk på norsk som peiker seg ut som ei språkpolitisk hovudutfordring i åra framover. I dette perspektivet er forsking og høgare utdanning den strategisk viktigaste samfunnssektoren.

Dersom vi skal realisera det språkpolitiske hovudmålet om å sikra at norsk skal bestå som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, må difor arbeidet for å motverka domenetap for norsk språk i den akademiske verda stå i framgrunnen i den nasjonale språkpolitikken.

Arbeidet for å hindra norsk domenetap betyr ikkje at det berre er tale om å fremja mest mogleg bruk av norsk i alle samanhengar. Det er også svært viktig å utvikla den framandspråklege kompetansen, særleg i engelsk, og elles leggja til rette for språkstøtte i ulike former, slik at norske akademikarar blir best mogleg i stand til å delta både i den internasjonale kunnskapsutviklinga og den nasjonale kunnskapsformidlinga.

Difor synest det i dag å vera allment erkjent at nærare retningslinjer for språkbruken også innanfor forsking og høgare utdanning må byggja på prinsippet om parallellspråksbruk.

Det må strekast under at ein parallellspråkleg strategi ikkje inneber ei formell sidestilling av norsk og engelsk som akademisk bruksspråk. Jamvel om den konkrete bruksfordelinga vil måtta variera mellom anna etter kommunikasjonsform, formål og fagområde, vil det generelle utgangspunktet vera at nasjonalspråket norsk har forrang og skal føretrekkjast dersom det ikkje er bestemte grunnar til at engelsk eller eit anna framandspråk bør brukast i staden.

For å kunna utvikla ein tenleg parallellspråkleg praksis som sikrar både internasjonalisering og norsk fagspråk, legg Regjeringa til grunn at alle institusjonane utformar eigne individuelt tilpassa språkstrategiar med utgangspunkt i den språkpolitiske plattforma med tilrådde retningslinjer som styret i Universitets- og høgskolerådet no har gjort vedtak om.

I denne plattforma går det fram at Universitets- og høgskolerådet vil arbeida for større medvit når det gjeld val av både undervisnings- og publiseringsspråk.

Som eit overordna språkpolitisk verkemiddel innanfor forsking og høgare utdanning vil Regjeringa fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.

Ei lovfesting av at universitet og høgskular har ansvar for norsk fagspråk, vil leggja til rette for undervisnings på norsk og samstundes sikra utvikling av norsk terminologi i alle disiplinar.

I forarbeida til ein ny lovregel må det gjerast nærare greie for kva ansvaret for norsk fagspråk meir konkret skal innebera, og kva plikter dette vil leggja på universitets- og høgskuleinstitusjonane.

Eit viktig moment vil elles vera å streka under det ansvaret universitet og høgskular har for at det blir utvikla nye termar på norsk i takt med import av ny, ofte engelskspråkleg terminologi som skjer som ledd i den kontinuerlege kunnskapsutviklinga på dei internasjonale vitskapsarenaene.

I tråd med framlegg frå språkutvala i sektoren bør det også leggjast opp til at institusjonane stiller krav om at doktoravhandlingar som blir skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, skal ha eit fyldig samandrag på norsk, og motsett at avhandlingar på norsk skal ha eit fyldig samandrag på eit internasjonalt språk, som regel engelsk.

Språkpolitisk er det viktig å passa på at finansieringssystemet for universitet og høgskular ikkje får utilsikta verknader i retning av å oppmuntra til publisering på engelsk i større grad enn det som er naturleg ut frå faginterne normer og vitskaplege kommunikasjonsomsyn. Dei analysane som kan gjerast på bakgrunn av dei taloppgåvene som hittil ligg føre, tyder ikkje på at systemet til no har fremja publisering på engelsk til fortrengsel for norsk.

Kunnskapsdepartementet skal evaluera finansieringssystemet for universitet og høgskular. Dette vil vera ei brei evaluering som skal ta føre seg mange ulike aspekt, også ein analyse av kva språkpolitiske verknader ordninga eventuelt kan påvisast å ha. Evalueringa skal leggjast fram innan utgangen av 2009.

Både av omsyn til generell læringseffekt, innlæring av grunnleggjande fagterminologi og utvikling og bruk av norsk fagspråk er det viktig at det innanfor alle fag finst tilgang på norskspråkleg studielitteratur av god kvalitet. Som eit minimum bør det finnast norskspråklege innføringsbøker i alle fag.

Det er i hovudsak to verkemiddel som kan vera med på å stimulera tilgangen på norskspråkleg studielitteratur. Det eine er å halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet, det andre er å utvida ordninga med direkte statstilskot.

Fastprisordninga synest å fungera som eit stabiliserande element i ein sårbar bokmarknad. Dette er bakgrunnen for at Regjeringa vil halda fast ved det etablerte fastprissamarbeidet for produksjon av fag- og lærebøker til høgare utdanning.

Fastprissamarbeidet krev unntak frå det generelle forbodet mot slikt samarbeid i konkurranselova og er tufta på den noverande bransjeavtalen for bokomsetning som gjeld til 31. desember 2010. Ved kongeleg resolusjon er det no fastsett at også høvet til å samarbeida om faste prisar for lærebøker til universitet og høgskular og fagbøker til profesjonsmarknaden skal gjelda ut heile avtaleperioden.

1.5.3.2 Oppsummering av prioriterte tiltak
  • 1. Regjeringa vil fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

  • 2. Regjeringa legg til grunn at norsk skal vera hovudspråket ved norske universitet og høgskular, med unntak av Samisk høgskole, der samisk skal vera hovudspråket.

  • 3. Det blir lagt til grunn at universitet og høgskular utformar individuelt tilpassa språkstrategiar.

  • 4. Universitet og høgskular bør vurdera behovet for å organisera særskilde språktenester, mellom anna med tilbod om språkvask av manuskript på engelsk og andre internasjonale språk.

  • 5. I doktoravhandlingar som er skrivne på engelsk eller eit anna framandspråk, skal det stillast krav om eit fyldig samandrag på norsk, og tilsvarande skal det vera krav om samandrag på engelsk for avhandlingar på norsk.

  • 6. Som ledd i ei brei evaluering av finansieringssystemet for universitet og høgskular i regi av Kunnskapsdepartementet vil det også bli gjennomført ein analyse av kva for språkpolitiske verknader systemet eventuelt kan påvisast å ha.

  • 7. Regjeringa vil vidareføra fastprissamarbeidet for lærebøker og fagbøker til høgare utdanning ut den noverande avtaleperioden.

1.5.4 Nærings- og arbeidslivet

1.5.4.1 Oppsummerande vurdering

Det er i denne meldinga lagt til grunn at læring skjer best på morsmålet.

Dersom også evna til refleksjon, resonnement og kreativ tenking framleis er betre på morsmålet enn på engelsk, vil også produkta av denne aktiviteten kunna bli betre dersom arbeidet skjer på morsmålet. Dermed vil bedriftene få meir ut av arbeidskrafta si dersom arbeidstakarane så langt råd er, får høve til å bruka morsmålet.

At morsmålet i større grad bør brukast der det lèt seg gjera, inneber likevel ikkje at det blir overflødig å bruka engelsk i framtidig nærings- og arbeidsliv. Poenget må vera å finna ein optimal balanse mellom framandspråk og norsk.

Dette inneber også at norsk fagspråk må haldast ved like og utviklast der fagekspertane opererer, og det er mellom anna innanfor nærings- og arbeidslivet. Det er bruken av det norske fagspråket i arbeidslivet i vid meining som rettferdiggjer å nytta ressursar på vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk og norsk terminologi.

Når det gjeld situasjonen i næringslivet, legg departementet til grunn om den delen av næringslivet som arbeider internasjonalt, at det førebels ikkje er grunn til å tru at særleg mange selskap bruker engelsk i situasjonar der sjølve kommunikasjonen ikkje krev det.

Det biletet som teiknar seg, er at norsk framleis står sterkt, men at engelsk er på frammarsj som eit resultat av internasjonaliseringa. Difor er utan tvil næringslivet eit domene der norsk er særleg utsett, og det må setjast høgt på lista over prioriterte domene i språkpolitikken i åra som kjem.

Departementet legg til grunn at ein ny språkpolitikk må søkja å utvikla ei medviten haldning til språk og språkbruk i nærings- og arbeidslivet. Det å vera med på å halda det norske fagspråket i hevd må bli ein del av eit gjennomtenkt samfunnsansvar også innanfor næringslivet.

Det er mellom anna nødvendig at representantar for partane i arbeidslivet på varig basis blir trekte aktivt med i arbeidet i Språkrådet.

Departementet vil også for sin del som ledd i arbeidet med å følgja opp denne meldinga invitera partane i arbeidslivet til å delta i ein vidare prosess for å drøfta og konkretisera korleis vi i samarbeid kan utvikla ein aktiv språkpolitisk strategi for nærings- og arbeidslivet.

Departementet vil elles – i samråd med Språkrådet og partane i arbeidslivet – vurdera kva for arbeidsformer som vil vera mest formålstenlege i det vidare arbeidet. Konferansar og liknande arrangement vil kunna inngå i dette. Det avgjerande er at det kjem i gang ein vedvarande prosess, slik at det blir kontinuitet og systematikk i arbeidet.

Blant meir spesifikke tiltak i oppfølgingsarbeidet tek elles departementet sikte på å få gjennomført anten ei utgreiing eller eit forskingsoppdrag om kva ulike former for teknologibasert språkbruk i arbeidslivet har å seia som innfallsport for engelskspråkleg påverknad.

Det er også behov for å analysera korleis alle dei nye teknologibaserte kommunikasjonsformene verkar inn på arbeidsvilkår og krav til kompetanse hos arbeidstakarane.

1.5.4.2 Oppsummering av prioriterte tiltak
  • 1. Departementet vil invitera partane i arbeidslivet til ein vidare prosess for å utvikla ein språkpolitisk strategi for arbeids- og næringslivet.

  • 2. I samråd med partane vil departementet utvikla eit språkpolitisk samfunnsansvar i arbeids- og næringslivet etter modell av prinsippet om næringslivets miljøansvar og etiske ansvar.

  • 3. Språkrådet skal vidareutvikla det språkfaglege rådgjevingsarbeidet sitt overfor næringslivet, og representantar for næringslivet vil bli trekte direkte med i Språkrådet, mellom anna gjennom fagrådssystemet.

  • 4. Språkrådet skal vurdera å få gjennomført forskingsaktivitetar som kan kasta lys over tilhøvet mellom språk og produktivitet.

  • 5. Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing eller eit forskingsprosjekt om kva funksjon teknologibasert språkbruk i arbeidslivet har som innfallsport for engelskspråkleg påverknad og for arbeidsvilkåra for dei tilsette.

  • 6. Departementet vil vurdera lov eller anna regelverk for å sikra norskspråkleg produktinformasjon, helse-, miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon, og for å sikra at språkbarrierar ikkje skal svekkja grunnlaget for medråderett og demokrati i arbeidslivet.

  • 7. Departementet vil ta initiativ til ei kartlegging av dei skrivne og uskrivne krav til språkkunnskapar som gjeld i ulike delar av arbeidslivet, og vurdera om desse er godt nok tilpassa omsynet til helse, miljø og tryggleik og arbeidstakarane sine rettar.

1.5.5 Språk og teknologi

1.5.5.1 Innleiing

Språkpolitisk er det eit viktig mål å leggja til rette for eit rikt utval av norskspråkleg kvalitetsinnhald på Internett, slik at eit norsk publikum har eit tilbod på sitt eige språk som kan hevda seg i konkurransen med det kvantitativt dominerande engelskspråklege innhaldet. Ikkje minst er det på Internett nødvendig å leggja meir arbeid og ressursar i å sikra eit godt tilbod av relevant nynorsk stoff.

På den språkteknologiske marknaden går det føre seg ei rivande utvikling når det gjeld engelsk-baserte produkt og tenester. Dersom også norsk språk skal hevda stillinga si i det høgteknologiske framtidssamfunnet, må det difor byggjast opp ein språkteknologisk infrastruktur som kan skapa økonomisk grunnlag for utvikling av norskbaserte produkt og tenester.

1.5.5.2 Tilgang til norsk programvare i begge målformer

Det har i mange år vore eit krav at staten må bruka marknadsmakta si til å stilla krav om at programvare som det offentlege kjøper inn, skal liggja føre i både nynorsk- og bokmålsversjon. Eit slikt verkemiddel kunne også tenkjast brukt for å sikra norskspråkleg programvare uavhengig av målform og å krevja eit visst minimum av språkleg kvalitet i programvaren.

Departementet vil vurdera å styrkja eller byggja ut relevante føresegner i språklovgjevinga, til dømes slik at krav til målform i programvare til bruk i det offentlege kan forankrast i målbruksreglane. Departementet vil vurdera dette i samband med gjennomgangen av målbruksreglane.

Ved offentlege innkjøp er det elles slik at ein offentleg oppdragsgjevar som skal kjøpa inn programvare, kan presisera i kravspesifikasjonen at programvara skal liggja føre på både bokmål og nynorsk, til dømes slik at ein krev ordlister i begge målformer. Departementet vil oppmoda alle offentlege innkjøparar av programvare til å nytta det handlingsrommet dei på denne måten har til å stilla språklege krav til leverandøren.

Ei mogleg tolking av universell utforming av IKT er å krevja at grensesnitta overfor brukarane skal vera på norsk. Departementet vil i det vidare arbeidet vurdera korleis ein på sikt kan få innarbeidt standardar for tilhøvet mellom språk og tilgjengelegheit.

I spesielle tilfelle kan det også vera aktuelt å vurdera kva som eventuelt kan gjerast for å leggja betre til rette for omsetjing av fri programvare til nynorsk.

1.5.5.3 Revisjon av handlingsplanen for språk og IKT

Departementet vil ta initiativ til å få laga ein oppdatert plan for eit meir systematisk og samordna arbeid med språk og teknologi. For dette formålet vil det mellom anna bli sett ned eit permanent interdepartementalt utval til å koordinera dette saksfeltet. Føresetnaden er at dette utvalet skal arbeida i nær kontakt med det fagrådet i Språkrådet som har språk og teknologi som ein del av ansvars- og arbeidsområdet sitt.

1.5.5.4 Ein norsk språkbank

Bakgrunnen for arbeidet med ein norsk språkbank er dei teknologiske framtidsutsiktene som opnar seg, og dei språkpolitiske utfordringane som reiser seg gjennom moderne språkteknologi.

Dersom vi i Noreg skal få full nytte av alle slags språkteknologiske hjelperåder, må dei teknologiske løysingane tuftast på norskspråklege versjonar. Då kan språkteknologien vera med å styrkja det norske språket og den norske kulturen.

Utan norskspråklege versjonar vil mange av dei nye teknologisk avanserte løysingane bli mindre tilgjengelege for nordmenn enn for dei som har engelsk som morsmål.

Det er også ein fare for at produkt og tenester som vil koma i norsk språkdrakt, vil ha dårlegare språkleg kvalitet enn dei tilsvarande engelske utgåvene.

Men i stor grad må vi rekna med at nordmenn flest vil ta i bruk engelskbaserte produkt, og i den grad det skjer, er vi på god veg mot eit alvorleg domenetap for norsk språk. Sett i eit språkpolitisk perspektiv er det dette siste som er den mest alvorlege konsekvensen.

Sjølve ideen med ein norsk språkbank er å etablera ei felles nasjonal ressurssamling av elektronisk lagra språkmateriale til bruk i ulike språkteknologiske løysingar. I ei slik ressurssamling vil det vera behov for millionar av ord i form av tekst og tale. Det vil vera behov for tale på ulike dialektar og av menneske i ulike aldrar og av begge kjønn. Han må også innehalda leksikalsk materiale og elektroniske ordbøker. Ulike brukargrupper skal kunna henta ut og gjera seg nytte av det dei måtte trenga av digitalisert språkmateriale.

Ein språkbank utgjer grunnlaget for å kunna utvikla programvare og språkteknologiske produkt på norsk både for dagen i dag og for framtida.

I tillegg til dette vil ein norsk språkbank også utgjera sjølve hjørnesteinen i språkteknologisk forsking. Å få på plass ein norsk språkbank er dermed også føresetnaden for å kunna gjennomføra avansert forsking i norsk språk.

Noreg har som ambisjon å vera eit kunnskapssamfunn som utviklar og bruker avansert teknologi der vi kan. Vi ønskjer å vera verdsleiande og satsa på innovasjon og utvikling. Men det står meir på spel enn ein berekraftig kunnskapsindustri. Det gjeld også å slå vakt om den norske språk- og kulturarven.

Regjeringa har som mål i dei næraste åra å få bygd opp ein norsk språkbank. Dette er det største enkeltståande tiltaket som blir varsla i denne meldinga.

Departementet har bedt Språkrådet gå i gang med å førebu den formelle etableringa av språkbanken frå 1. januar 2009.

Språkbanken vil bli bygd opp over ein periode på fem–seks år, før han går inn i ein drifts- og vedlikehaldsfase.

Kultur- og kyrkjedepartementet vil i nært samarbeid med Kunnskapsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet avklara organisering og finansiering av språkbanken.

Konklusjonen i rapporten frå 2002 var at det ville kosta om lag 100 mill. kroner fordelt over fem år å få på plass det minimum av språkressursar som skal til for å få ein fullverdig norsk språkbank.

Sidan 2002 har teknologien gått framover, og det har skjedd ei viss internasjonal standardisering. Dette gjer at utgiftene til nyinnsamling og tilrettelegging truleg kan reduserast noko.

1.5.5.5 Oppsummering av prioriterte tiltak
  • 1. Departementet vil byggja opp ein norsk språkbank, og Språkrådet har oppdraget å leia arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av språkressursar.

  • 2. Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å revidera og oppdatera handlingsplanen for Norsk språk og IKT frå 2001.

  • 3. Departementet vil ta initiativ til å setja ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi.

  • 4. Departementet vil i samråd med Fornyings- og administrasjonsdepartementet leggja til rette for at viktig programvare til bruk i det offentlege i størst mogleg grad skal finnast tilgjengeleg i begge målformer.

  • 5. Departementet vil ta initiativ til å få utvikla nødvendige programmodular for parallellsøk mellom bokmål og nynorsk til bruk i interne arkiv- og saksbehandlingssystem og ved Internett-søk.

1.5.6 Kultur- og mediesektoren

1.5.6.1 Innleiing
1.5.6.1.1 Utgangspunktet

Eit breitt og differensiert kultur- og medietilbod tufta på norsk språk er grunnleggjande for å sikra stillinga og i siste instans sjølve overlevingsevna for det norske nasjonalspråket.

I tillegg er norske kultur- og medieinstitusjonar i høg grad med på å halda oppe og utvikla eit kulturelt medvit om det norske. Eit slikt medvit har mykje å seia både for nasjonen og for nasjonalspråket.

Det må likevel strekast under at i eit moderne multikulturelt og mangespråkleg samfunn vil innhaldet i omgrepet om det norske stadig vera i endring og utvikling under påverknad av impulsar utanfrå.

1.5.6.1.2 UNESCO-konvensjonen om kulturelt mangfald

Formålet med UNESCO-konvensjonen er å gje medlemsstatane reelt høve til å gjennomføra ein kulturpolitikk som kan fremja eit mangfald av kulturuttrykk. Konvensjonen legitimerer at statane har ein suveren rett til å treffa kultur- og mediepolitiske tiltak som dei ser formålstenlege for å verna og fremja kulturelt mangfald. Konvensjonen er gjort gjeldande frå 18. mars 2007.

Departementet legg til grunn at UNESCO-konvensjonen, som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet på sitt eige territorium, også vil danna eit godt grunnlag for språkpolitikken på kultur- og medieområdet.

1.5.6.2 Språkbruk i mediesektoren

I rapporten "Norsk i hundre!" er det vist til at det er vanleg med teksting av framandspråklege seriar i norsk fjernsyn. Rapporten drøftar spørsmålet om ein i staden burde gå over til dubbing, slik praksis er i fleire andre land, og peiker på at ei slik fornorsking av fjernsynsspråket kunne vera eit bidrag til å redusera det angloamerikanske språk- og kulturhegemoniet.

Rapporten viser samstundes til at dubbing ville vera eit radikalt brot med innarbeidd praksis, og at det har klare ulemper, også av språkleg art. Fordelen med teksting er mellom anna at ein kan høyra det originale framandspråket samstundes som ein kan samanlikna med skriven tekst på norsk, og dette kan ha positive verknader for framandspråkopplæringa.

Alt i alt meiner departementet at dei beste grunnar taler for at noverande praksis bør halda fram, og ser det difor ikkje som aktuelt å gjera forsøk med dubbing i staden for teksting.

Mellom anna av omsyn til høyrselshemma vil departementet vurdera om det er råd å utvida tekstetilbodet i fjernsyn til også i større grad å gjelda program med norsk tale.

1.5.6.3 Krav til allmennkringkastarane om bruk av norsk språk

Gjennom vedtekter og konsesjonsvilkår stiller staten krav om at NRK og TV2 i programverksemda si skal bidra til å styrkja norsk språk, identitet og kultur.

For NRK sin del er dessutan grunnleggjande krav og forventningar til institusjonen no forankra i eit overordna styringsdokument i form av ein allmennkringkastingsplakat kalla NRK-plakaten, jf. St.meld. nr. 6 (2007–2008 og Innst. S. nr. 169 (2007–2008).

I vedtektene for NRK er det elles fastsett at det skal vera daglege norskspråklege program for barn under 12 år og jamlege norskspråklege program for unge. Tilsvarande krav finst i konsesjonen for TV2.

Departementet meiner det er rimeleg at særleg NRK går i bresjen for å fremja norsk musikkultur, og NRK-vedtektene blir difor no endra slik at NRK blir pålagt å spela minimum 35 pst. norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk. Definisjonen av kva som er å rekna som norsk musikk, kan ikkje gjelda språk åleine, sidan ikkje all musikk inneheld tekst.

1.5.6.4 Generelt om språk, litteratur og bibliotek
1.5.6.4.1 Norskspråkleg kunst

Norskspråkleg kunst møter i dag skjerpa konkurranse frå nye medieprodukt og sterke internasjonale produsentar både innanfor litteratur, film og scenekunst. Det er først og framst i kraft av høg kvalitet at den norskspråklege kunsten likevel maktar å gjera seg gjeldande. Men nettopp fordi vi er eit lite språkområde, er det i særleg grad bruk for offentleg økonomisk støtte for å fremja ny litteratur, dramatikk og film, samarbeid mellom kunstartane og presentasjon av norskspråkleg kunst internasjonalt.

1.5.6.4.2 Kunsten som språkleg kontinuitetsberar og fornyande kraft

Det kunstnarlege språket utviklar seg alltid i nær kontakt med dei teknologiske endringane i tida. Dei tradisjonelle sjangrane og media spelar ei sentral rolle innanfor bokproduksjon, scenekunst, film og dei mange kombinasjonane av tekst og musikk. I åra som kjem, må det leggjast til rette for at det kunstnarlege språket får utvikla seg og ha ein kulturberande funksjon også i dei digitale media.

1.5.6.4.3 Litteratur- og bibliotekpolitikk i eit språkperspektiv

Som formidlar av språklege og litterære uttrykksformer har dei offentlege biblioteka ei nøkkelrolle. Difor er det her naturleg å koma noko inn på ein del sentrale litteraturpolitiske verkemiddel og ein del av dei tiltaka som har sin basis innanfor biblioteksystemet. Det må likevel strekast under at dette ikkje er ei litteratur- eller bibliotekmelding, og at meldinga ikkje gjev noka uttømmande behandling av slike spørsmål. Den varsla bibliotekmeldinga vil i større grad gjera greie for litteraturpolitiske utfordringar.

1.5.6.4.4 Hovudmål for litteratur- og bibliotekpolitikken

Hovudmålet for den statlege litteraturpolitikken er å leggja til rette for kvalitet og eit breitt og variert tilbod med omsyn til innhald og sjangrar, både av fag- og skjønnlitteratur, og bidra til leselyst i alle lag av folket. Vidare må litteraturen distribuerast slik at han når fram til publikum gjennom mange og vel eigna kanalar.

Biblioteka er viktige samfunnsinstitusjonar og fysiske arenaer for kunnskaps-, litteratur- og kulturformidling i lokalsamfunna, på skular og på universitet. Biblioteka gjev tilbod til mange ulike grupper med ulike behov og er viktige verkemiddel i gjennomføringa av ein nasjonal språkpolitikk.

Dei litteraturpolitiske verkemidla er i hovudsak retta inn mot å sikra tilgangen til bøker, styrkja produksjonen og distribusjonen, medan biblioteka og andre formidlingstiltak siktar mot å nå fram til lesarane.

1.5.6.5 Språkpolitisk relevante verkemiddel i litteraturpolitikken

Departementet vil arbeida for å styrkja og utvikla innkjøpsordningane for å sikra ein brei og variert produksjon av skjønnlitteratur for både barn, ungdom og vaksne. Departementet vil framleis verna om dei automatiske innkjøpsordningane for skjønnlitteratur og arbeida for å styrkja begge ordningane.

Departementet ser positivt på å styrkja innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur for barn, ungdom og vaksne. Det bør vera eit mål over ein periode på nokre år å auka talet på innkjøpte titlar til 100.

Departementet vil vurdera om det i tilknyting til innkjøpsordninga for ny norsk faglitteratur for barn og unge kan leggjast til rette for ei innkjøpsordning for originaltitlar på nynorsk for barn og unge.

Departementet vil vidareføra innkjøpsordninga for sakprosa som ei permanent ordning og utvida talet på titlar. Departementet vil studera evalueringa av ordninga før det blir konkludert med omfanget av ei slik utviding. Dette bør også sjåast i samanheng med behovet for andre verkemiddel, som til dømes stipend. Det vil også vera viktig å vurdera kva verkemiddel som kan vera med å fremja formidlinga av norsk sakprosa.

Departementet vil også styrkja innkjøpsordninga for tidsskrift og ymse publikasjonar, men viser til at ordninga vil bli evaluert i løpet av 2008. Resultatet av denne vurderinga vil vera avgjerande for korleis ordninga skal vidareførast. Departementet vil avventa evalueringa og vurdera saka i dei komande budsjettprosessane.

Departementet meiner det er viktig å medverka til at teikneseriar blir betre tilgjengelege for bibliotekbrukarane. Det må sikrast at det også blir produsert og distribuert gode teikneseriar på norsk språk. Departementet er positiv til framlegget om å oppretta ei innkjøpsordning for teikneseriar.

1.5.6.6 Bibliotek som språkpolitisk verkemiddel

Med utgangspunkt i bibliotekutgreiinga Bibliotekreform 2014 arbeider departementet no med ei eiga stortingsmelding om bibliotek. Meldinga vil behandla heile biblioteksektoren.

Meldinga vil gjera greie for dei ulike samfunnsfunksjonane biblioteka har, verkemiddelapparatet, utfordringane for det nasjonale biblioteknettverket, samspelet mellom bibliotektypane, det digitale Noregsbiblioteket og dei særlege bibliotektenestene. Biblioteket som møteplass og læringsarena, kunnskaps- og kulturformidlar og formidlar av leselyst til barn vil bli synleggjort og drøfta. Det vil bli lagt vekt på den grunnleggjande rolle og det ansvaret biblioteka har som forvaltar og formidlar av bøker og andre medium.

Hovudproblemstillinga er korleis ein kan styrkja og utvikla samspelet og samarbeidet i Noregsbiblioteket for å gje brukarane betre bibliotektenester og realisera det såkalla saumlause biblioteket. Eit sentralt mål vil vera å leggja grunnlaget for at Noregsbiblioteket kan utvikla seg som ein arena for kunnskap, læring, informasjon og formidlar av kultur og litteratur. I tillegg vil meldinga romma fleire delproblemstillingar som særleg kan knytast til primæroppgåver i dei ulike bibliotektypane.

Departementet arbeider også med ei stortingsmelding om digitalisering av kultur- og kunnskapskjeldene. Dei to meldingane skal utfylla kvarandre.

1.5.6.7 Andre problemstillingar på kultur- og medieområdet
1.5.6.7.1 Digitalisering av kultur- og kunnskapskjeldene

Departementet vil leggja fram ei stortingsmelding om digital tilgjengeleggjering av kultur- og kunnskapskjeldene i arkiv, bibliotek og museum.

Målet vil vera å leggja ein strategi som gjer at så mange som råd er, får lettast mogleg tilgang til kultur- og kunnskapskjeldene.

1.5.6.7.2 Dataspel

I St.meld. nr. 14 (2007–2008) Dataspill viser departementet til at det er eit sterkt behov for å sikra barn og unge tilgang til alternative dataspelprodukt med norsk språk og innhald. Marknaden er i dag dominert av importerte spel.

1.5.6.7.3 Film

Eit viktig mål for omlegginga av den norske filmpolitikken i 2001 var større publikumsoppslutning om norske filmar. Eit av verkemidla var å auka produksjonsvolumet og dermed oppnå høgare kvalitet. Kinostatistikken viser at målet om auka publikumsoppslutning er nådd. Det er likevel eit stykke att før ein har nådd målet om 25 pst. marknadsdel for norske filmar.

I 2007 la departementet fram St.meld. nr. 22 (2006–2007) Veiviseren. For det norske filmløftet for å følgja opp ønsket om både ei opptrapping av dei statlege tilskota til filmproduksjon og ein gjennomgang av dei statlege verkemidla for å sikra at desse blir nytta effektivt og målretta.

1.5.6.7.4 Presse

Departementet vil vidareføra pressestøtta og momsfritaket på aviser. Også i eit språkpolitisk perspektiv er det viktig at pressestøtte og momsfritak blir vidareført, slik at ikkje berre norskspråklege medium blir sikra, men også språkleg breidde og mangfald meir generelt.

1.5.6.8 Oppsummering av prioriterte tiltak
  • 1. UNESCO-konvensjonen som sikrar alle statar rett til å verna det kulturelle mangfaldet på sitt eige territorium, er det overordna utgangspunkt for språkpolitikken på kultur- og medieområdet.

  • 2. Departementet vil vidareføra pressestøtta og momsfritaket for aviser.

  • 3. Departementet vil arbeida med å utvikla tiltak for norske dataspel.

  • 4. Å styrkja norsk språk skal utgjera eit basiselement i norsk filmpolitikk i tråd med føresetnadene i St.meld. nr. 22 (2006–2007).

  • 5. Prioriterte språkpolitiske omsyn om styrking av norsk språk generelt og nynorsk spesielt skal tilleggjast stor vekt ved forvaltning og utforming av rammevilkåra for norske allmennkringkastingskanalar generelt og NRK spesielt.

  • 6. Departementet vil vurdera korleis ein kan vareta språklege omsyn innanfor medieverda, særleg i lys av dei nye teknologiske, økonomiske, og drifts- og marknadsmessige rammevilkåra for mediebransjen.

  • 7. Departementet vil utforma ein meir kraftfull og systematisk strategi for korleis aktørar innanfor kultursektoren kan vera med på å fremja lesing blant barn og unge.

  • 8. Innkjøpsordningane for litteratur utgjer eit fundament i arbeidet for å sikra og fornya norsk språk som eit rikt og levande kulturspråk, og departementet vil byggja ut og supplera eksisterande ordningar.

  • 9. Departementet vil leggja vekt på å fremja produksjon og formidling av eit mangfald av språklege uttrykksformer og skjønn- og faglitterære sjangrar som eit bidrag til å sikra at norsk språk generelt og nynorsk spesielt utviklar seg som eit allsidig kultur- og bruksspråk.

  • 10. Departementet vil leggja stor vekt på korleis biblioteka kan bidra til å fremja formidling av eit allsidig norskspråkleg tilbod av skjønn- og faglitteratur i begge målformer.

  • 11. Departementet vil vurdera korleis digitalisering og ulike former for digital formidling kan bidra til å styrkja sansen for god litteratur og kvalitetane og verdiane i norsk språk og dei to norske skriftkulturane.

  • 12. Departementet vil i samarbeid med Utanriksdepartementet fremja norsk språk og norskspråklege uttrykksformer i utlandet, mellom anna gjennom rammevilkåra for omsetjing av norsk litteratur og ordninga med norske sendelektorar ved utanlandske universitet.

  • 13. Departementet vil utvikla det fleirkulturelle perspektivet innanfor etablerte tiltaks- og tilskotsordningar på kultursektoren.

1.6 Språkdyrking – eit korrekt og velfungerande språk

1.6.1 Språkdyrking og språkpolitikk

1.6.1.1 Språkdyrking

Språkdyrking blir her brukt i ei tyding som er meint å omfatta all aktivitet som rettar seg direkte inn mot sjølve språket, det som med eit meir teknisk faguttrykk gjerne kan kallast for språkets korpus. Det dekkjer i vår samanheng alt frå ulike former for dokumentasjon av språket til normering og språkleg rådgjeving av alle slag, kort sagt alt det som direkte og indirekte kan støtta opp under målet om eit korrekt og velfungerande språk.

1.6.1.2 Språkdyrking i språkpolitikken

Språkdyrking må drivast på mange plan, og i stor grad dreier det seg her om eit spekter av faglege aktivitetar som i seg sjølv ikkje kan utformast og styrast gjennom språkpolitiske vedtak og tiltak.

Viktige aktørar er dei språkfaglege forskingsmiljøa ved universitet og høgskular og dei private bokforlaga som står som utgjevarar av ordbøker og annan språkfagleg litteratur. Også innanfor statens eige fagorgan i språkspørsmål, Språkrådet, vil dei fleste av dei aktivitetane som har med språkdyrking å gjera, i hovudsak vera baserte på eit språkfagleg grunnlag.

Overfor desse aktørane vil det frå sentralt statleg hald vera tale om ulike former for medverknad for å leggja til rette nødvendige rammevilkår, særleg av økonomisk og organisatorisk art, mest direkte overfor dei statlege institusjonane, men indirekte til dels også overfor relevante private aktørar.

Arbeidet for eit enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning må inngå som eit sentralt element i den nye språkpolitikken.

1.6.2 Nye språklege kommunikasjonsformer

1.6.2.1 Nettspråket

Det er vanskeleg å vita kva følgjer det alt i alt vil få for språkutviklinga at ulike nettmedium har teke over så mykje av den skriftspråklege kommunikasjonen i samfunnet.

Det lèt seg neppe gjera på same måten som før for tradisjonelle språkautoritetar i samfunnet å leggja premissane for korleis språket og språkbruken vil utvikla seg. Dette gjer mellom anna at tradisjonell språknormering og språkrøkt blir stilt på nye prøver.

Når det er snakk om nettmedium for personleg kommunikasjon innanfor ein slutta krins, slik som e-post og prategrupper, er det vanskeleg for det offentlege å gjera noko som direkte kan påverka den språklege kvaliteten. Det same gjeld også for blandingsformer mellom personlege og allment tilgjengelege kommunikasjonsmåtar som blogging.

I rapporten "Norsk i hundre!" er det likevel peikt på at lett tilgang til elektroniske ordbøker og andre språkressursar vil gjera sitt til å heva den språklege standarden på mange nettsider.

Strategigruppa meiner at når det er tale om allmenne nettmedium som nettaviser, informasjonsbankar og søkjetenester, bør ein kunna venta av dei som har redaksjonsansvaret, at dei også legg vekt på å sikra språkleg kvalitet i det dei publiserer. Dette er allmenne lesemedium, og ein bør kunna stilla dei same kvalitetskrav som for vanlege aviser, tidsskrift og bøker.

1.6.3 Språkleg dokumentasjon

1.6.3.1 Generelt om språksamlingar

Dokumentasjon av norsk språk er ei permanent, nasjonal oppgåve. Gode, oppdaterte samlingar er ein føresetnad for forskinga.

I meldinga vert evaluering av dei universitets- og høgskulebaserte samlingane omtalt. Likeså vert òg situasjonen som gjeld samlingar og digitalisering tatt opp.

Det går fram av meldinga at desse spørsmåla ligg i utgangspunktet utanfor det som er eit direkte sektoransvar for Kultur- og kyrkjedepartementet.

Som ledd i ein meir aktiv, sektorovergripande språkpolitikk vil departementet likevel ta opp desse spørsmåla med involverte aktørar med sikte på å få eit samla oversyn over situasjonen som grunnlag for ei overordna nasjonal løysing.

Det vil mellom anna vera naturleg å sjå spørsmålet om dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar i samanheng med den satsinga på digitalisering av dokumentasjons- og kulturarvsmateriale som elles går føre seg med basis i institusjonar innanfor arkiv-, bibliotek- og museumssektoren.

Regjeringa vil presentera ein strategi for digital bevaring og tilgjengeleggjering av slikt materiale i ei eiga stortingsmelding som etter planen skal leggjast fram hausten 2008. Strategien vil omfatta institusjonar både i kultursektoren og i universitets- og høgskulesektoren. Dokumentasjon av norsk språk og norske språksamlingar vil inngå som eitt av mange faglege tema i ein slik overordna strategi og vil kunna behandlast nærare som ledd i oppfølging av digitaliseringsmeldinga.

1.6.3.2 Spesielt om innsamling av stadnamn

I kulturmeldinga frå regjeringa Bondevik II heitte det at departementet ville ta initiativ til ei kartlegging av kva som er samla inn av gamle stadnamn her i landet, og vurdera behovet for eit meir systematisk innsamlingsarbeid. Det heitte også at departementet ville vurdera om det nye kompetansesenteret for norsk språk, dvs. Språkrådet, ville kunna ta på seg å koordinera desse oppgåvene.

Ettersom Språkrådet har vore inne i ein langvarig omdanningsprosess med fleire store utfordringar, har departementet ikkje funne grunnlag for å leggja endå ei oppgåve til denne institusjonen i denne fasen. Språkrådet har heller ikkje tilsette med namnefagleg kompetanse og erfaring med innsamling, arkivering og formidling av namn.

Dette inneber at det no hastar med å koma fram til ei løysing i spørsmålet om innsamling av stadnamn, og det hastar også med å få sentralt oversyn over materiale som er samla inn lokalt for å hindra at det skal gå tapt.

I første omgang kan det vera aktuelt å setja av midlar til eit prosjekt for å registrera og kvalitetsvurdera dei stadnamnsamlingane som finst rundt om i landet, både i ulike samlingar og arkiv og på private hender.

Departementet vil elles vurdera om det bør gjennomførast ei større utgreiing om den vidare innsamlingspolitikken og tilgrensande spørsmål. Det er i så fall aktuelt å sjå på om ei slik utgreiing bør femna vidare enn berre stadnamn. Heile situasjonen for dokumentasjon av norsk språk og for dei ulike språksamlingane som er behandla i førre avsnitt, vil kunna vera eit naturleg utgangspunkt for ei nærare avgrensing av mandatet for ei eventuell slik utgreiing.

1.6.3.3 Spesielt om Norsk Ordbok

Norsk Ordbok er på fleire måtar eit eksepsjonelt prosjekt i norsk samanheng. Den uvanleg store auken i det årlege statstilskotet dei seinare åra representerer ein sterk konsentrasjon av den statlege innsatsen. Alternativet til ei opptrapping av ressursinnsatsen slik det såg ut i 1999, var at verket ikkje ville vera fullført før om lag i 2060.

Med det noverande tilskotsnivået over kulturbudsjettet saman med medverknaden frå Universitetet i Oslo kan vi vera tilnærma sikre på at verket er i mål i 2014. Det inneber at allereie nolevande generasjonar kan dra full nytte av den kulturelle og vitskaplege verdien som verket representerer.

Departementet legg til grunn at prosjektet no er fullt ut finansiert så sant tilskotsnivået for 2008 blir vidareført fram til og med 2014.

Departementet vil følgja opp dette i budsjettsamanheng i dei åra som står att fram til og med 2014.

Departementet legg også til grunn at når Norsk Ordbok er fullført i 2014, vil vi ha fått ein etter måten fullnøyande leksikalsk dokumentasjon av den nynorske målforma og det nynorske skriftspråket som vil stå seg i lang tid framover.

Det er likevel grunn til å streka under at Norsk Ordbok ikkje kan karakteriserast som eit reint nynorskverk og langt mindre som eit prosjekt berre av interesse for nynorskfolket. Det at Norsk Ordbok i tillegg til det nynorske skriftmålet også dokumenterer norsk talemål i form av dialektord frå heile landet, gjer dette til ein særleg verdifull dokumentasjon av ein felles, nasjonal språkarv som direkte vedkjem ein mykje større del av norske språkbrukarar enn dei som nyttar nynorsk som skriftmål.

Det at Norsk Ordbok framstiller skriftspråket og talemålet som éi eining, gjer også dette til eit sjeldant verk i europeisk samanheng.

1.6.3.4 Nærare om dokumentasjonen av bokmål

Det er to ulike miljø som kvar for seg arbeider målretta med leksikografisk dokumentasjon på bokmålssida med sikte på å kunna utarbeida ein oppdatert vitskapleg ordboksbase. Begge ønskjer økonomisk støtte frå departementet, Akademiet gjennom auke i eksisterande tilskot, Institutt for lingvistiske og nordiske studium gjennom finansiell medverknad frå departementet i eit prosjekt som enno ikkje er i gang, men som er systematisk førebudd gjennom mange år.

Departementet finn det vanskeleg å danna seg eit fullstendig bilete av skilnadene mellom dei to prosjekta. Det er likevel klart at tyngdepunktet og vektlegginga er ulik på mange måtar. Det viktigaste synest å vera at berre det eine prosjektet vil gje ein fullgod dokumentasjon av den historiske og litterære språktradisjonen, medan berre det andre prosjektet tek sikte på ein fullgod dokumentasjon av ordtilfang, ordformer og ordbruksmåtar i alle former for moderne bokmål. I utgangspunktet ser det difor ut til at dette er to prosjekt som vil komplettera kvarandre, og at det eine ikkje kan erstatta det andre.

På den andre sida er det mykje som tyder på at prosjekta har fleire grenseflater, og at dei kan ha fagleg nytte av eit samarbeid. Ei fagleg samordning kan også leggja til rette for meir effektiv utnytting av knappe økonomiske ressursar. Departementet vonar difor at partane er innstilte på å koma saman for å avklara kva dei eventuelt kan samarbeida om, slik at forholdet mellom prosjekta kan bli nærare klarlagt. Departementet vil sjå med velvilje på eit tettare samarbeid dersom partane skulle koma fram til at dette er tenleg.

Prinsipielt ønskjer elles ikkje departementet å favorisera det eine prosjektet framfor det andre. Men prosjekta har ulike forhistorier og ulik framdriftsstatus. Departementet har alt i mange år vore økonomisk engasjert i arbeidet med vidareføring av Norsk Riksmålsordbok. Tidlegare tilsegner til dette prosjektet krev ei oppfølging som nødvendigvis må leggja føringar for komande prioriteringar.

Utgangspunktet vil difor vera at departementet i første omgang konsentrerer innsatsen på bokmålssida om det prosjektet som no har nemninga Det Norske Akademis store ordbok. Deretter bør det nemnde dokumentasjonsprosjektet for moderne bokmål koma inn med større tyngde. Departementet legg til grunn at eit slikt prosjekt i regi av Universitetet i Oslo vil ha stor nytte av kompetanse og ressursar som er bygde opp i samband med nynorskprosjektet Norsk Ordbok 2014.

På desse premissane har departementet for 2008 funne grunnlag for å auka tilskotet til Det Norske Akademis store ordbok med i alt 1,5 mill. kroner, nær på ei fordobling av det som låg inne i det opphavlege budsjettet for 2008. Målet er at prosjektet skal vera fullført i 2014, og det er viktig at rammevilkåra gjer det mogleg å gjennomføra arbeidet på ein fagleg tilfredsstillande måte. Departementet er difor innstilt på å vurdera tilskotsbehovet på nytt ved komande budsjettbehandlingar.

Departementet reknar elles med at prosjektet også bør kunna få inn substansielt med midlar gjennom private tilskot av ulike slag, og at eit klart signal om statleg medverknad bør kunna vera med på å utløysa slike bidrag.

1.6.4 Språknormering

1.6.4.1 Norsk normeringspolitikk 1997–2005

Stortinget har tidlegare slutta seg til prinsippet om sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål utan tilnærming, dessutan prinsippet om stabilitet, dvs. at vi bør ha mindre hyppige og mindre omfattande endringar i rettskrivinga enn det som tidlegare har vore vanleg her i landet. Desse to prinsippa bør framleis liggja til grunn og praktiserast mest mogleg konsekvent.

For bokmålet sitt vedkomande reknar departementet med – trass i at det framleis er etter måten stor valfridom på mange punkt i rettskrivinga – at den oppryddinga og forenklinga som vart godkjend i 2005 har vore tilstrekkeleg til at det så langt fram vi kan sjå, ikkje bør vera trong for større endringar. Dermed skulle det no vera lagt grunnlag for ein relativt stabil rettskrivingssituasjon i bokmål.

Utover desse overordna prinsippa ønskjer ikkje departementet å leggja meir detaljerte og spesifikke føringar på ein framtidig normeringspolitikk. Det er viktig at ein slik politikk framleis har ei breiast mogleg språkdemokratisk forankring, og mange av dei normeringsprinsippa som vart utvikla av Norsk språkråd, vil truleg vera eit godt grunnlag å byggja vidare på.

1.6.4.2 Grunnlaget for eit framtidig normeringsregime

Det går fram av meldinga at departementet tek sikte på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt system for nødvendig normvedlikehald og nynormering. Dette omfattar mellom anna å finna fram til ei tenleg arbeids- og ansvarsfordeling mellom Språkrådet og departementet. Arbeidet med å avklara desse spørsmåla vil skje i nær dialog med Språkrådet.

1.6.4.3 Fastsetjing og normering av namn

I rundskriv om språkfagleg konsultasjon ved namnelaging i staten har departementet fastsett følgjande rutinar:

  • 1. Fagdepartementa bør sjå til at Språkrådet blir konsultert på eit tidleg tidspunkt i alle saker som gjeld namn på tilknytte verksemder.

  • 2. Dersom det oppstår usemje om namneforma, er det naturleg at saka blir lagt fram for Kultur- og kyrkjedepartementet.

  • 3. Når det er formålstenleg, kan saka takast opp direkte med Kultur- og kyrkjedepartementet, som i så fall vil konsultera Språkrådet i nødvendig grad.

  • 4. I gjevne tilfelle kan det vera formålstenleg at den aktuelle verksemda konsulterer Språkrådet direkte, og fagdepartementa er difor bedne om å informera aktuelle verksemder om dei fastsette prosedyrane ovanfor.

Det er elles slått fast i rundskrivet at offentlege namn og særleg namn i staten bør vera føredøme med tydeleg meining og korrekt skrivemåte. Funksjon og namn bør ha ein klar samanheng, og skrivereglane bør følgjast.

Departementet vil følgja opp dei språkfaglege rutinane, i første omgang i samband med utforming av eit rundskriv med ajourført oversyn over statlege og statstilknytte institusjons- og verksemdsnamn.

Departementet vil også vurdera korleis den skisserte konsultasjonsordninga eventuelt kan formaliserast gjennom arbeidet med ny lovgjeving på språkområdet. Som eit minimum kan det vera aktuelt å ta inn noko i den planlagte lova om Språkrådet.

Departementet vil også vurdera om det bør fastsetjast meir formelle reglar og rutinar for namnelaging og utforming av namn i staten.

1.6.5 Språkrøkt

1.6.5.1 Språkleg kvalitet i lærebøker

Språkrådet ville gjera ein systematisk gjennomgang av eit utval lærebøker for å finna ut av korleis det står til med det språklege kvalitetsarbeidet.

Departementet ser initiativet frå Språkrådet som viktig og nødvendig. Når resultatet ligg føre, vil vi få eit betre grunnlag for å vurdera behovet for å framskaffa meir omfattande informasjon om lærebokspråket, og om kva tiltak som det eventuelt kan vera aktuelt å vurdera. Slike vurderingar vil skje i samråd med Kunnskapsdepartementet.

Departementet vil også ta initiativ overfor Kunnskapsdepartementet for meir systematisk å følgja opp det som vart signalisert i proposisjonen som gjekk forut for oppheving av godkjenningsordninga i 2000.

1.6.5.2 Språket i film og fjernsynsteksting spesielt og media generelt

Slik vilkåra har utvikla seg innanfor marknaden for særleg fjernsynsteksting, er det ingen tvil om at det er grunn til uro, og at noko bør gjerast for å påverka situasjonen. Det er grunn til å peika på at kvaliteten i tekstinga i dei kommersielle kanalane er slik at han er nøydd til å bryta ned respekten for godt språk og korrekt norsk.

Departementet vil ta initiativ til å skaffa til vegar meir kunnskap om kvaliteten på den tekstinga som går føre seg, og om korleis dette språket påverkar lese- og skrivepraksis særleg hos barn og unge.

Departementet vil også i samarbeid med Språkrådet vurdera kva andre tiltak som kan setjast i verk for å sikra nødvendig språkleg kvalitet i dette viktige tekstmaterialet.

1.6.6 Det offentlege språket

1.6.6.1 Generelt

Arbeidet med eit betre offentleg språk kan skjematisk delast i to, utan at det på nokon måte går klare grenser mellom dei. Det eine er å sjå til at språket er formelt korrekt, med omsyn til rettskriving, teiknsetjing og andre skrivereglar. Det andre er arbeidet med å betra sjølve språkføringa, slik at resultatet blir tekstar av høg kvalitet, og slik at lesarane slepp å streva unødig mykje for å skjøna kva som er meint.

Innanfor ramma av ein statleg språkpolitikk ligg det eit særleg ansvar for å sikra den språklege kvaliteten innanfor staten sjølv.

Innanfor staten kan det elles vera grunn til å skilja mellom språket i regjeringsapparatet på den eine sida og språket i typisk utoverretta informasjon i dei store publikumsretta etatane på den andre sida.

Men også dette er berre eit skjematisk skilje. Formålet er først og fremst å streka under at det må stillast særleg strenge krav til godt og korrekt språk innanfor det øvste statsapparatet, fordi dette lett vil framstå som førebilete for andre. Vi kan ikkje forlanga at underordna statlege organ skal ta språket på alvor dersom ikkje dei kontora som står høgast i hierarkiet, går føre med eit godt eksempel.

1.6.6.2 Etablering av ein standard for språkleg kvalitet

Det grunnleggjande må vera å få etablert ein standard for språkleg kvalitet i det offentlege.

Dette kan skje ved at det blir ein uttalt ambisjon for alle offentlege organ at dei stadig skal leggja vinn på å skriva eit godt og korrekt språk, og at offisielle rettskrivings- og skrivereglar skal følgjast, dessutan dei lovheimla målbruksreglane.

Formuleringar om dette skal heretter takast inn i alle mål- og tiltaksdokument av typen sørviserklæringar, verksemdsplanar og liknande.

Også i den nye statlege kommunikasjonspolitikken som det no blir arbeidt med å utforma i regi av Fornyings- og administrasjonsdepartementet, vil det bli innarbeidt ein ambisjon om at det offentlege skal leggja vinn på å nytta eit enkelt og forståeleg språk, og at språket skal vera i samsvar med gjeldande rettskrivings- og måljamstillingsreglar.

1.6.6.3 Etablering av eit system for språkleg internkontroll

For å følgja opp det overordna standardkravet vil føresetnadene heretter vera at alle statlege organ minst ein gong i året skal kontrollera den språklege standarden i viktige delar av den skriftlege informasjonen som organet produserer.

Her må ein særleg leggja vekt på å kontrollera at språket er formelt korrekt. Departementet vil be språktenesta i Språkrådet hjelpa til med å utvikla tenlege testprogram for slike formål.

Spesielt viktig vil det vera å få luka ut systematiske feil og manglar i alle slags dokument som er tilgjengelege og i bruk over tid. Difor må det etablerast eit system for språkleg kvalitetssikring og oppretting av språkfeil i den informasjonen som blir lagt ut på statlege nettsider. Slik informasjon blir som regel liggjande ute på ubestemd tid, og då er det viktig at feil blir retta når dei blir oppdaga.

Særleg for offisiell informasjon frå regjeringsapparatet er det behov for å få på plass eit system for språkleg kvalitetssikring og oppretting av tekstar som blir lagde ut på regjeringa sine informasjonssider på Internett. Dette vil bli følgt opp i samråd med den sentrale redaksjonen for denne nettstaden og informasjonseiningane rundt om i departementa.

Det er også behov for å gå gjennom dei meir eller mindre standardiserte språkmalane som blir nytta i ulike typar trykte dokument frå departementa, og vurdera omfanget av standardiserte tekstar på nynorsk og bokmål. Dette arbeidet vil skje i samarbeid med Statsministerens kontor.

Departementa må også internt ha betre rutinar for språkleg kvalitetssikring av andre typar tekstar, mellom anna stillingsutlysingar og kunngjeringar av ulike slag. Dette er behov som først og fremst gjer seg gjeldande på nynorsksida.

1.6.6.4 Etablering av eit nettverk av språkkontaktar og språkkonsulentar

Føresetnaden er at språktenesta i regi av Språkrådet skal vera ein sentral aktør i det språklege kvalitetsarbeidet i staten. Departementet vil i samråd med Språkrådet vurdera om språktenesta sjølv i større grad enn til no kan styra aktivitetane og prioriteringane sine. Språktenesta må mellom anna fungera som eit språkleg autoritativt organ som kan påpeika feil og gripa inn for at ting skal bli retta opp når det er nødvendig.

Eit viktig tiltak for å få system og stabilitet i språkarbeidet vil vera å byggja opp eit nettverk av språkkontaktar som språktenesta kan spela på, og som kan fungera som eit eksternt apparat for det språklege formidlings- og kvalitetsarbeidet i staten.

Somme departement og statsorgan elles har alt i dag tilsette som arbeider med interne språkspørsmål meir eller mindre på heiltid. Målet må vera å få utvida slike ordningar og sett det heile meir i system.

Departementet vil difor ta initiativ til at alle statsorgan peiker ut ein eller fleire språkkontaktar. Det vil vera opp til kvart enkelt organ sjølv kor mykje tid desse kontaktane skal setja av til språkarbeid. Føresetnaden må likevel vera at alle som eit minimum peiker ut ein person som eit kontaktpunkt.

I utgangspunktet treng ikkje systemet med språkkontaktar vera tufta på noko formelt pålegg. Departementet vil likevel vurdera om ei ordning med språkkontaktar kan og bør forankrast i eit meir formelt regelverk. Dette kan det vera naturleg å sjå i samband med spørsmålet om ny og revidert lovgjeving på språkområdet.

Også eksterne krefter og ressursar må trekkjast inn dersom ein skal få gjort noko som monnar. Departementet legg såleis til grunn at språktenesta vil vidareføra arbeidet med å utvikla eit system for sertifisering av språkkonsulentar.

Det er her tale om eksterne konsulentar som språktenesta kan innestå for den faglege kvaliteten på, og som dei kan tilrå brukt når statsorgan treng språkfagleg hjelp. Det vil særleg vera aktuelt når det er behov for hjelp til språkvask og til omsetjing frå bokmål til nynorsk.

1.6.6.5 Etablering av eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter

Eit spørsmål av særleg interesse er språket i lover og forskrifter.

Dette er eit spørsmål som det er naturleg å sjå i samanheng med det arbeidet Lovavdelinga i Justisdepartementet gjer for å fremja god lovteknikk og tenleg struktur i lov- og forskriftsverket.

Som oppfølging av den såkalla forskriftsdugnaden for nokre år sidan vart det i 2006 oppretta ei særskild forskriftseining knytt til Lovavdelinga. Denne eininga har eit særleg ansvar for å gje råd om utforming av forskrifter. Formålet er å fremja eit meir einskapleg, oppdatert og lettare tilgjengeleg regelverk av høg kvalitet.

Departementet vil i samråd med språktenesta, Lovavdelinga og Forskriftseininga drøfta kva som kan gjerast for å få ei meir systematisk tilrettelegging av den språklege kvaliteten i samband med endringar i lov- og forskriftsverket og utforming av nye lover og forskrifter.

Det vil bli lagt opp til at alle departement skal arbeida planmessig med utforming av lover og forskrifter på nynorsk. Målet må vera at minst 25 pst. av lovverket rekna i tekstmengd etter kvart skal vera på nynorsk.

Målforma i forskriftene bør som hovudregel følgja målforma i heimelslova. Auka bruk av nynorsk i lovverket vil dermed føra til betre måljamstilling også i forskriftsverket.

1.6.7 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1. Departementet vil leggja tilhøva til rette for nødvendig språkdyrking og språkrøkt for å sikra det kvalitative grunnlaget for norsk språk.

  • 2. I samråd med Språkrådet vil departementet vurdera tiltak for betre språkleg kvalitet i nettaviser og andre nye publikasjonsformer.

  • 3. Departementet vil drøfta den vidare forvaltninga av etablerte språksamlingar og vidare digitaliseringsbehov med involverte aktørar.

  • 4. Departementet vil ta initiativ til eit prosjekt for registrering og kvalitetssikring av eksisterande stadnamnsamlingar.

  • 5. Departementet vil gjennomgå den vidare innsamlingspolitikken for stadnamn spesielt og situasjonen for ulike språksamlingar generelt.

  • 6. Departementet tek sikte på å bidra til at prosjektet Norsk Ordbok 2014 kan fullførast i samsvar med dei bindande gjennomføringsplanane som ligg føre.

  • 7. Departementet oppmodar dei ansvarlege for dei to leksikalske dokumentasjonsprosjekta på bokmålssida til å avklara faglege grenseflater og eit mogleg samarbeid. Departementet vil leggja til rette for at Det Norske Akademis store ordbok kan fullførast på ein fagleg forsvarleg måte i 2014.

  • 8. I samråd med Språkrådet tek departementet sikte på innan utgangen av 2008 å få etablert eit nytt behandlings- og vedtakssystem for nødvendig normvedlikehald og nynormering.

  • 9. Departementet vil leggja til rette eit system for betre og meir systematisk informasjon om gjeldande rettskrivings- og skrivereglar i det offentlege.

  • 10. Departementet vil ta initiativ til å få endra ei misvisande føresegn i opplæringslova om rettsgrunnlaget for rettskrivinga.

  • 11. Departementet vil følgja opp godkjenningsordninga for ordlister og ordbøker til skulebruk i samråd med Språkrådet og Kunnskapsdepartementet.

  • 12. Departementet vil i samråd med Språkrådet følgja opp dei språkfaglege konsultasjonsrutinane ved namnelaging i staten.

  • 13. Departementet vil i samråd med Kunnskapsdepartementet i nødvendig grad følgja opp resultatet av den pågåande kvalitetsgjennomgangen av språket i lærebøker.

  • 14. Departementet vil vurdera korleis ein betre enn i dag kan sikra språkleg kvalitet i film- og fjernsynsteksting.

  • 15. Departementet vil ta initiativ til å etablera ein standard for språkleg kvalitet i staten.

  • 16. Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg internkontroll i staten.

  • 17. Departementet vil ta initiativ til å etablera eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar i staten.

  • 18. Departementet vil ta initiativ til å etablera eit system for språkleg kvalitet i lover og forskrifter.

1.7 Nynorsk – status og korpus

1.7.1 Nynorskens status og bruk

1.7.1.1 Grunnleggjande perspektiv

Arbeidet med å styrkja norsk språk handlar ikkje berre om å hindra domenetap til engelsk; like viktig er det å sikra grunnlaget for den nynorske skriftkulturen og for nynorsken sin posisjon i det norske språksamfunnet meir allment. Difor må språkstyrkingsarbeidet omfatta både norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Dette er no også slått klart fast i formålsparagrafen til Språkrådet, statens fagorgan i språkspørsmål.

Staten må ta eit ansvar for å leggja til rette for meir likeverdige vilkår, slik at begge målformene – også nynorsk – skal vera sikra vekst og utvikling.

Det er språkpolitisk nødvendig å stimulera bruken av nynorsk i samfunnet meir systematisk og aktivt enn det som har vore tilfellet til no.

For det første må det på ulike måtar sikrast at nynorsk ikkje blir oversedd, utegløymt og underrepresentert som ein konsekvens av bokmålsdominansen.

For det andre må vi halda fast ved og meir aktivt følgja opp eksisterande krav til bokmålsbrukarar om også å bidra til den nynorske tekstproduksjonen i samfunnet. Her må det offentlege og særleg staten gå føre med eit godt eksempel.

1.7.1.2 Nynorsk for minoritetsspråklege

Departementet finn det nødvendig å sjå nærare på praktiseringa av føresegna i lov om målbruk i offentleg teneste, mellom anna for å sikra at ho ikkje blir misbrukt til automatisk å stengja minoritetsspråklege søkjarar ute frå statlege stillingar berre fordi dei manglar karakter i sidemål frå vidaregåande skule.

Personar med minoritetsspråkleg bakgrunn representerer ein fleirspråkleg kompetanse som det er verdifullt å få inn i staten, og det er dessutan eit prioritert mål at den statlege arbeidsstyrken så langt råd er, skal spegla heile befolkninga.

Behovet for integrering og inkludering av den aukande innvandrarbefolkninga tilseier at staten i større grad opnar også for tilsetjing av personar utan norsk som morsmål.

Det er eit klart behov for meir systematisk oppfølging på dette området. Som grunnleggjande verkemiddel i dette oppfølgingsarbeidet legg departementet opp til at kvart statsorgan heretter skal ha ein oppdatert språkleg kompetanseplan.

1.7.1.3 Nynorsken si stilling innanfor utvalde språkdomene
1.7.1.3.1 Aviser og vekeblad

I følgjebrevet frå interimsstyret i Språkrådet ved oversending av Norsk i hundre! i mars 2006 vart det vist til at dei store riksavisene diskriminerer nynorsk når dei ikkje tillèt nynorskjournalistar å bruka målforma si. Departementet blir bedt om å vurdera om det kan setjast inn tiltak for å sikra at denne diskrimineringa tek slutt.

Avisene er i privat eige, og i motsetnad til det som er tilfellet for radio og fjernsyn i statleg eige eller med statleg konsesjon, er det ikkje tradisjon for å stilla formelle krav til avisene om å nytta begge målformer.

Etter departementet si vurdering er det positivt dersom aviser i større grad enn i dag slepper til nynorsk på redaksjonell plass.

1.7.1.3.2 Krav til nynorsk i NRK og TV2

I vedtektene for NRK er det fastsett at begge dei offisielle målformene skal nyttast, og at minst 25 pst. av verbalinnslaga skal vera på nynorsk.

Medietilsynet gav uttrykk for at NRK som statleg, lisensfinansiert allmennkringkastar har eit særskilt ansvar for å sjå til at krav til nynorsk blir tilfredsstillande etterlevd. Medietilsynets konklusjon er såleis at NRK ikkje innfridde kravet om bruk av nynorsk i kjerneverksemda si i 2006.

Av den nyleg framlagde rapporten for 2007 går det fram at situasjonen ikkje er vesentleg endra, og Medietilsynet rettar på nytt kritikk mot NRK for ikkje å innfri minimumskravet til nynorsk i programtilbodet. Det blir vist til at NRK har gjort greie for tiltak for å auka nynorskbruken, og Medietilsynet ventar at desse tiltaka no kjem til uttrykk også i det faktiske programtilbodet.

I allmennkringskastingsrapportane for 2006 og 2007 konstaterte Medietilsynet at begge målformer blir nytta i TV 2, og konklusjonen var at TV 2 innfridde konsesjonskravet.

1.7.2 Nynorske korpusspørsmål

1.7.2.1 Nynorsknorma

Det kan verka som eit ambisiøst mål å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer, slik styret i Språkrådet har vedteke.

Departementet erkjenner at spørsmålet om ein ny gjennomgang av nynorsknorma er ei vanskeleg sak, og at det ikkje er lett å ha ei skråsikker oppfatning av kva slags normsystem som alt i alt vil vera mest tenleg for nynorsken og nynorskbrukarane på kort og lang sikt.

Spørsmålet om endringar må nødvendigvis byggja på vurderingar og vedtak som er godt førebudde i Språkrådet. Samstundes er det grunn til å streka under at dette førearbeidet må ha best mogleg forankring blant språkbrukarane. Departementet oppfattar det slik at vedtaket i styret legg opp til ei slik brei forankring og ein prosess der ulike syn kan koma til orde.

Ein ny gjennomgang av nynorskrettskrivinga med sikte på endringar vil på nytt reisa fleire spørsmål, for det første om ein skal avskaffa det noverande skiljet mellom hovudformer og sideformer, kor stor valfridommen skal vera innanfor eit eventuelt nytt system utan slikt statusskilje, og endeleg kva former som skal takast ut av norma, og kva former som skal bli verande i den grad ein strammar inn.

Etter ei samla vurdering har departementet kome til at det likevel er så mykje som taler for ein ny gjennomgang at det ikkje vil vera rett å gå imot at dette arbeidet blir sett i gang slik styret har vedteke.

Departementet har heller ikkje merknader til at styret har gjort vedtak om ei klar retning og ein klar ambisjon for arbeidet. Det må likevel leggjast til grunn at nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar.

1.7.2.2 Ordtilfanget i nynorsk

Departementet er redd for at mykje diskusjon om nynorsk rettskriving og ordtilfang opp gjennom åra kan ha ført til at det i mange samanhengar skjer ei for mekanisk formalopplæring i nynorsk, utan at det blir gjeve nok akt på grunnleggjande krav til god nynorsk ordlegging og seiemåte. Dette er eit spørsmål som det kan vera grunn til å sjå nærare på som ledd i det vidare arbeidet med å skaffa fram meir kunnskap om nynorskopplæringa i skulen.

I språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet er det vist til at det er behov for sterkare forskingsinnsats med sikte på å få fram meir kunnskap om nynorskopplæringa. Det er også nemnt at Nynorsksenteret har sett i gang mange tiltak for å styrkja nynorskopplæringa, men at mykje framleis er ugjort. Kunnskapsdepartementet slår fast at det difor er viktig med intensivert innsats og eit breitt engasjement for å gjera nynorskopplæringa betre.

Nynorsksenteret vart etablert frå 1. januar 2005 og skal vera eit nasjonalt ressurssenter for nynorsk i grunnopplæringa. Senteret skal mellom anna utvikla metodar og arbeidsmåtar som kan vera med på å skapa språkkompetanse og motivera for arbeid med nynorsk. Gode røynsler skal systematiserast, prøvast ut og spreiast vidare til skuleverket.

Kunnskapsdepartementet har i språkopplæringsmeldinga varsla at departementet vil styrkja nynorsk i opplæringa gjennom ein tiltaksplan knytt til Nynorsksenteret. Kultur- og kyrkjedepartementet vil bidra med innspel til Kunnskapsdepartementet i arbeidet med denne tiltaksplanen.

At det er ulike vurderingar og til dels intern strid om spørsmål som gjeld ordtilfang og normsystem, er elles like mykje som noko anna eit uttrykk for livskraft og livsvilje innanfor nynorskverda. Departementet vil difor åtvara mot å bruka slik usemje som eit argument mot nynorsken. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at dei vedtaka som er gjorde oppigjennom, både når det gjeld normering og ordtilfang, representerer etter måten fornuftige kompromiss i vanskelege spørsmål.

1.7.3 Politikk for nynorsk

1.7.3.1 Det politiske grunnlaget
1.7.3.1.1 Soria Moria-erklæringa og Kulturløftet

I den politiske plattforma si har Regjeringa peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det å ha to norske skriftkulturar. Det er vist til at nynorsk og bokmål er formelt likestilte, men at nynorsk likevel reelt sett har vanskelegare vilkår. Konklusjonen er at det difor er særleg viktig å sikra grunnlaget for ei god utvikling for nynorsken.

Også i Kulturløftet, som dei tre noverande regjeringspartia vart samde om vinteren 2004, er det vist til at norsk språk er under konstant press, at nynorsk er særleg pressa, at det er viktig å sikra skuleelevar god opplæring i begge målformer, og at sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast.

1.7.3.2 Tiltaksområde
1.7.3.2.1 Prinsipielt utgangspunkt

I dei politiske premissane ligg det ei erkjenning av at tiltak som i nokon mon kan jamna ut dei ulike konkurransevilkåra mellom målformene, er nødvendige for å sikra ei god utvikling også for nynorsk som den minst brukte målforma.

Dette inneber mellom anna økonomisk støtte til institusjonar, organisasjonar og ordningar som har som ein uttrykt del av formålet sitt å byggja opp under nynorsk språk og kultur.

Økonomisk støtte til ein del særlege nynorsktiltak vil ikkje vera nok til å hindra ei utvikling der den minst brukte målforma kan koma til å bli meir og meir marginalisert.

Vel så viktig er det difor at det i den offentlege språkpolitikken blir bygd inn som eit prinsipp at nynorsk i utgangspunktet høyrer med der norsk språk blir tematisert eller brukt.

Prinsippet må forankrast som ein del av ein sektorovergripande språkpolitikk slik at ikkje vurderinga av nynorskperspektivet blir oversett og utegløymt. Eit slik prinsipp inneber at det normale vil vera at nynorsk alltid blir rekna med, og at det må grunngjevast særskilt når den nynorske sida av saka ikkje er relevant.

Departementet har innarbeidt dette prinsippet som ein del av dei språkpolitiske måla som Stortinget gjennom denne meldinga blir invitert til å slutta seg til.

1.7.3.2.2 Haldningsskapande arbeid

Eit bidrag til å byggja opp under den språklege sjølvkjensla hos nynorskbrukarane er å sikra at dei i større grad enn i dag får oppfylt dei språklege rettane sine.

Det som kanskje har mest å seia for den språklege sjølvkjensla hos dei som bruker nynorsk, er truleg den allmenne haldninga som språket deira blir møtt med av storsamfunnet. Det må difor leggjast vekt på å utforma politikken og tiltaka slik at det kan byggjast opp eit meir positivt omdømme for nynorsk språk og kultur – som ein innebygd del av den norske fellesskulturen. Det må leggjast til grunn at dette er eit nasjonalt fellesprosjekt, og at vi har eit ansvar for å motverka negative haldningar til nynorsk og ubevisst neglisjering av nynorskbrukarane sine rettkomne interesser.

Departementet vil på ulike måtar medverka til å fremja dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen og motverka negative haldningar til nynorsk.

I tillegg til dette vil departementet innanfor kulturpolitikken leggja særleg vekt på nynorsktiltak som spesielt rettar seg mot barn og unge, og søkja å styrkja desse i ulike samanhengar.

Departementet vil også leggja stor vekt på å gje eksisterande tiltak og ordningar ein profil som kan vera med på å styrkja den språklege identiteten hos barn og unge med nynorskbakgrunn, og for reint allment å gjera nynorsk språk og kultur meir synleg for barn og unge frå heile landet.

I denne samanhengen er ikkje minst Den kulturelle skulesekken eit aktuelt utgangspunkt for sterkare profilering av nynorsk språk og kultur blant barn og unge.

1.7.3.2.3 Større språkleg variasjon i kultur- og medieverda

I delar av den norske populærkulturen er det eit etter måten sterkt innslag både av dialektar og av nynorsk. Men innanfor store delar av kulturlivet elles er det ønskeleg at den nynorske målforma, og gjerne også dialektar, blir meir synleg enn det som er tilfellet i dag.

Det er i det seinare sett søkjelys på det problemet at nesten ingen utanlandske filmar for kino- eller DVD-marknaden blir teksta på nynorsk. Teksting av film er eit døme på ei mogleg domeneerobring for nynorsk.

I nær framtid vil kinofilmen bli digitalisert. Dette vil gjera det enkelt å teksta alle filmar på både bokmål og nynorsk.

Departementet vil elles gjera ein eigen gjennomgang av heile kultur- og mediesektoren for å vurdera kva som på ulike felt kan gjerast for å stimulera til at nynorsk målbruk skal bli meir synleg i det samla norskspråklege kultur- og medietilbodet i landet.

Når det spesielt gjeld medietilbodet, vil departementet ta opp det framlegget som vart lansert av dei noverande regjeringspartia i Kulturløftet frå 2004 om å etablera eit fond, kalla Vinjefondet – som kan forvaltast og brukast uavhengig av dei prioriteringane som blir gjort i dei årlege statsbudsjetta. I tråd med føresetnadene skal eit slikt fond ha som hovudformål å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd på nynorsk.

Departementet vil elles leggja vekt på den funksjonen som ordninga med statleg pressestøtte har ikkje berre som eit mediepolitisk, men også som språkpolitisk verkemiddel. Alle dei små nynorskavisene som nyt godt av pressestøtte, gjer at dette kanskje er den viktigaste enkeltståande støtteordninga for nynorsk skriftkultur i det heile, jamvel om dette i utgangspunktet ikkje er ein del av grunngjevinga for ordninga. Dette språkpolitiske perspektivet må i høg grad takast med i vurderinga ved framtidige vurderingar av pressestøtteordninga.

Innanfor ramma av dei midlane som til kvar tid står til rådvelde over det statlege kulturbudsjettet, vil departementet leggja vekt på å gje dei nynorske institusjonane gode rammevilkår.

1.7.3.2.4 Meir nynorsk på Internett

Det er særs om å gjera at det blir utvikla mykje meir allmenn, publikumstilpassa og tilgjengeleg informasjon på nynorsk på Internett.

Departementet legg til grunn at Det Norske Samlaget, eventuelt i samarbeid med andre aktørar, arbeider vidare med å produsera og leggja ut nynorsk kvalitetsinnhald på Internett. Departementet vil også vurdera å gje Det Norske Samlaget økonomisk grunnlag for å utvida denne aktiviteten.

I St.meld. nr. 7 (2005–2006) har departementet gjort greie for situasjonen og dei føresetnadene som gjeld for bruk av nynorsk i alt det stoffet som statlege organ legg ut på heimesidene sine på Internett.

Departementet konstaterer at det framleis manglar mykje på at nynorsk blir nytta i det omfanget og på den måten som følgjer av reglane i lova om målbruk i offentleg teneste. Det er difor nødvendig å intensivera innsatsen på dette området.

1.7.4 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1. Regjeringa legg opp til at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når spørsmål som vedkjem norsk språk, blir tematisert.

  • 2. Departementet vil fremja dei positive verdiane ved den språkdelte norske kulturen og motverka negative haldningar til nynorsk.

  • 3. Departementet vil identifisera og gjennomføra tiltak som kan vera med og synleggjera og fremja nynorsk språk og kultur.

  • 4. Departementet vil profilera nynorsk språk og kultur blant barn og unge, og vil byggja inn ein særskild nynorskprofil innanfor generelle tiltak og ordningar retta mot barn og unge, ikkje minst innanfor Den kulturelle skulesekken.

  • 5. Departementet vil i dei årlege statsbudsjetta leggja vinn på å gje dei særskilde nynorskinstitusjonane gode rammevilkår.

  • 6. I tråd med lovnaden frå Kulturløftet vil departementet oppretta eit eige fond, Vinjefondet, med hovudformål å styrkja nynorsk journalistikk og anna publisistisk verksemd.

  • 7. Departementet vil sikra det økonomiske grunnlaget for produksjon og publisering av nynorsk kvalitetsinnhald på Internett.

  • 8. Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass.

  • 9. Departementet vil intensivera innsatsen for at statsorgan oppfyller kvotekravet om minst 25 pst. nynorsk, også i alle statlege heimesider på Internett.

  • 10. Alle organ som kjem inn under mållova, skal halda seg med ein oppdatert språkleg kompetanseplan som sikrar fullgod nynorskkompetanse, og som også kan gje opning for å frita enkeltmedarbeidarar med minoritetsbakgrunn frå plikta til å nytta begge målformer.

  • 11. Departementet vil i samråd med Språkrådet bidra til tiltaksplanen for nynorsk i opplæringa som er varsla i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

  • 12. Departementet vil gje Språkrådet klarsignal til å setja i gang arbeidet med å førebu ein revisjon av rettskrivingssystemet i nynorsk.

  • 13. Departementet vil vurdera korleis spørsmål som gjeld ordtilfanget i nynorsk, bør handterast innanfor ramma av eit nytt behandlings- og vedtakssystem for nynormering og normvedlikehald.

  • 14. Departementet vil i samråd med Kommunal- og regionaldepartementet kartleggja nynorskbruken i kommunesektoren.

1.8 Det mangespråklege Noreg

1.8.1 Innleiing

Med uttrykket "det mangespråklege Noreg" vil departementet i denne meldinga streka under at ein ny norsk språkpolitikk må ta omsyn til at det her i landet blir brukt mange andre språk enn norsk.

Framstillinga konsentrerer seg om dei språka som har eit meir tradisjonelt fotfeste i landet her, og som også har ein meir formalisert status i det norske samfunnet. For det første gjeld dette samisk, dinest dei tre språka til nasjonale minoritetar, dessutan det norske teiknspråket.

Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å byggja opp eit oversyn over nordiske eller europeiske fagmiljø som kan gje nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språket deira.

Det er i dag eit uttalt mål for den politikken Regjeringa fører overfor nasjonale minoritetar, at personar som tilhøyrer desse gruppene, skal kunna uttrykkja, halda oppe og vidareutvikla sin identitet, sitt språk og sin kultur. Regjeringa vil også sjå til at personar som høyrer til nasjonale minoritetar, får høve til effektiv deltaking i saker som vedkjem dei.

1.8.2 Samisk

Samisk språk er ein av berebjelkane i samisk kultur og er svært viktig for å halda oppe det samiske samfunnet. Språket er kulturberar og meiningsberar og er difor eit kjernepunkt i arbeidet med å vidareføra samiske verdiar og samisk samfunnsforståing.

Samisk språk er framleis i ei utsett stilling.

Regjeringa vil leggja til rette for ein sterkare innsats for samisk språk.

Det må bli lettare å få opplæring i samisk for alle aldersgrupper.

For at samisk språk skal vera eit levande språk, er det også heilt avgjerande at det finst eit godt barnehage- og skuletilbod. Vi viser her til nærare omtale i språkopplæringsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet og i meldinga om samepolitikken frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

I enkelte nordsamiske område, spesielt i Indre Finnmark, står det samiske språket sterkare. I andre nordsamiske område, som sjøsamiske bygder, blir det lagt ned mykje arbeid for å styrkja det samiske språket. Også innanfor forvaltningsområdet for samisk språk er det mange utfordringar i arbeidet med å styrkja samisk både som kommunikasjonsspråk og forvaltningsspråk.

Dei små samiske språka, austsamisk, lulesamisk og sørsamisk, er i ein kritisk situasjon og treng snarlege tiltak.

Dei enkelte tiltaka for samisk språk er utforma innanfor ulike sektorar og er i liten grad vortne sett i samanheng. For at det samiske språket skal få ei trygg framtid i Noreg, er det nødvendig å sjå innsatsen for samisk språk i samanheng.

Ei meir heilskapleg tilnærming til samisk språk vil kunna avdekkja veike punkt. Det er mellom anna nødvendig å sjå nærare på i kva grad ulike tiltak har nådd fram til dei målgruppene dei har vore retta mot. Det er i denne samanhengen behov for å skaffa fram meir kunnskap og dokumentasjon om stillinga for samisk språk i det samiske samfunnet.

Regjeringa vil arbeida for å leggja grunnlaget for ein ny samisk språkpolitikk med eit strategisk og heilskapleg perspektiv på samisk språk og samfunn.

Eit sentralt utgangspunkt for det vidare arbeidet med en slik samisk språkpolitikk vil vera å arbeida fram ein handlingsplan for samisk språk. Regjeringa vil raskt setja i gang arbeidet med ein slik plan. Handlingsplanen vil bli utvikla i samarbeid med Sametinget, samiske miljø og aktuelle departement.

Regjeringa vil følgja opp evalueringa av språkreglane i samelova i samarbeid med Sametinget. Den evalueringsrapporten som ligg føre, vil vera eit viktig grunnlag for arbeidet med ein handlingsplan for samisk språk.

1.8.3 Kvensk

Departementet legg til grunn at kvensk er eit svært utsett språk, men at det blant kvenane sjølve finst så mange språkberarar og ressurspersonar og så stort medvit om verdien av å sikra språket og kulturen at grunnlaget for nødvendig revitalisering er til stades.

Gjennom godkjenninga av kvensk som eige språk er det slått fast at det skal leggjast til rette for å utvikla eit eige kvensk skriftspråk, til skilnad frå riksfinsk.

Departementet legg samstundes til grunn at ein aktiv statleg medverknad er ein nødvendig føresetnad for at arbeidet skal føra fram.

Skal kvensk sikrast som eit levande språk på lengre sikt, må det setjast inn adekvate tiltak. Systematisk styrking av kvensk språk må inngå som ein integrert del av ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

I tillegg til samordningsarbeid overfor dei andre aktuelle departementa vil Kultur- og kyrkjedepartementet innanfor eige sektoransvar i første omgang prioritera to konkrete tiltak. For det første vil departementet ved vurdering av rammevilkåra til Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få fortgang i arbeidet med å standardisera kvensk språk. For det andre vil departementet vurdera kva som kan gjerast for å leggja til rette for innsamling og registrering av kvenske stadnamn.

Utover dette vil departementet innanfor eige ansvarsfelt vurdera kva som kan gjerast i samarbeid med NRK for å få til eit monaleg betre radiotilbod på kvensk enn det som er tilfellet i dag.

Departementet vil også drøfta med dei ansvarlege kva som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa Ruijan Kaiku.

Det langsiktige målet for arbeidet med å styrkja kvensk språk må elles vera at ein etter kvart kan skapa grunnlag for å gje kvensk vern på det høgaste og mest forpliktande nivået i den europeiske minoritetsspråkpakta. Føresetnaden er at det skjer ei utvikling der kvensk språk får ei stadig sterkare stilling. Då vil det kunna vera grunnlag for vern på høgaste nivå utan at ei slik formell statusheving i seg sjølv vil innebera nye plikter for norske styresmakter.

1.8.4 Romani og romanes

1.8.4.1 Oppsummerande vurdering

Innanfor ramma av denne meldinga har det ikkje vore råd å koma langt nok i arbeidet med å analysera grunnlaget for ein framtidig språkpolitisk strategi for romani og romanes.

Departementet vil difor i dialog med språkbrukarane ta initiativet til ein dialog med sikte på å utforma tiltak for å sikra vern og utvikling av desse språka, mellom anna med utgangspunkt i merknadene frå Europarådet.

1.8.5 Norsk teiknspråk

1.8.5.1 Språkbrukarar i ei særstilling

Gradvis har det vakse fram større innsikt i at teiknspråk er eit fullverdig språk på linje med andre språk. Teiknspråk må ikkje sjåast på som ein kommunikasjonsmetode for menneske med nedsette funksjonsevner, men som eitt av fleire språk som blir nytta i eit mangespråkleg samfunn.

I denne meldinga – som skal leggja grunnlaget for ein heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk – er det naturleg nok dette språkpolitiske perspektivet på teiknspråk som står i framgrunnen.

Med utgangspunktet i eit slikt perspektiv må vi slå fast at teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Det norske teiknspråket er også eit genuint norsk språk, ein del av den norske kulturarven og ikkje minst ein del av det språklege mangfaldet i landet som vi alle har ei særleg plikt til å ta vare på.

1.8.5.2 Offisiell status for teiknspråk

Utgangspunktet er at norsk teiknspråk frå før kan seiast å ha ei form for offisiell status, primært gjennom føresegnene i opplæringslova. Departementet ser likevel eit klart behov for å gje språket høgare offisiell status. Ein slik status må byggja på eit meir generelt språkpolitisk grunnlag.

Departementet finn ikkje at det vil vera formålstenleg å ta som utgangspunkt at det bør utarbeidast ei eiga lov om teiknspråk, og i alle fall ikkje ei lov som meir i detalj skal regulera kva rettar teiknspråkbrukarar har eller skal ha i ulike samanhengar. Dette bør regulerast i særlovgjevinga. Desse rettane bør også sjåast i samanheng med rettar for menneske med andre kommunikasjonshandikapp.

Departementet vil likevel gå inn for ei løysing som inneber at norsk teiknspråk får høgare offisiell status gjennom ei generell lovforankring. Det kan best skje ved at norsk teiknspråk blir omfatta av ei allmenn språklov.

Grunngjevinga for ei allmenn språklov er først og fremst behovet for å gje eit sterkare fundament for arbeidet med styrking av norsk språk.

Men departementet legg til grunn at ei slik lov også bør innehalda tilpassa og oppdaterte føresegner om samisk, gamle og nye minoritetsspråk og om norsk teiknspråk. Målet vil vera å koma fram til ei lov som gjev eit samla uttrykk for den norske språksituasjonen, og som nærare definerer kva status og rolle også andre språk enn norsk skal ha innanfor denne totaliteten.

For norsk teiknspråk vil ei slik løysing i seg sjølv innebera ei klar statusheving gjennom overordna lovforankring, og dessutan ei tydeleg markering av at omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar for framtida skal inngå som ein integrert del av ein samla språkpolitikk i Noreg.

Departementet tek også sikte på at Språkrådet, som statens fagorgan i språkspørsmål, skal få eit utvida ansvar for andre språk enn norsk, og at dette også skal omfatta norsk teiknspråk.

Departementet vil arbeida vidare med spørsmålet om utforming av ei norsk språklov.

1.8.5.3 Anna arbeid for norsk teiknspråk

Regjeringa vil ta initiativ til å få utgreidd vidare kva rettar teiknspråkbrukarar skal ha, og kva plikter offentlege styresmakter og andre instansar skal ha overfor teiknspråkbrukarane og utviklinga av teiknspråket og teiknspråkkulturen.

Utgreiinga må også vurdera i kva grad og på kva måte dette treng forankring i lovverket.

Noko av det som må vurderast, er kva plikter som kan følgja av ratifikasjon av FN-konvensjonen om rettar for menneske med nedsett funksjonsevne.

Stortinget har nyleg vedteke ny diskriminerings- og tilgjengelegheitslov for menneske med nedsett funksjonsevne, jf. Ot.prp. nr. 44 (2007–2008) og Innst. O. nr. 68 (2007–2008). Mellom anna vil kravet i lova om universell utforming kunna føra til betre tilhøve også for teiknspråkbrukarar. Som nemnt i proposisjonen vil Regjeringa arbeida vidare med å greia ut spørsmålet om rettskrav på tilgang til informasjon, varer og tenester.

Kyrkje- og kulturdepartementet skal greia ut om det bør innførast generelle krav til teksting og teiknspråktolking for digitale medium på fjernsynsområdet.

1.8.6 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1. Kultur- og kyrkjedepartementet har eit overordna språkpolitisk ansvar også overfor samisk, språka til nasjonale minoritetar, norsk teiknspråk og elles andre minoritetsspråklege grupper i Noreg.

  • 2. Regjeringa vil følgja opp merknader og tilrådingar frå ekspertkomiteen og ministerkomiteen i Europarådet om korleis Noreg etterlever konvensjonen om regions- og minoritetsspråk.

  • 3. Regjeringa vil setja i gang eit arbeid med sikte på å utvikla ein handlingsplan for samisk språk.

  • 4. Regjeringa vil følgja opp rapporten frå 2007 om evaluering av språkreglane i samelova i samarbeid med Sametinget, også som eit viktig grunnlag for handlingsplanen for samisk språk.

  • 5. Regjeringa legg til grunn at det er viktig å skipa tospråklege samfunn der dette lèt seg gjera, og er positiv til ei ytterlegare utviding av forvaltningsområdet for samisk språk.

  • 6. Departementet vil halda fram arbeidet med å verna og styrkja kvensk språk.

  • 7. Departementet vil vurdera å invitera representantar frå kvenene, alle dei aktuelle departementa og representantar for relevante fagmiljø til ein større konferanse om revitalisering av kvensk språk.

  • 8. Departementet vil drøfta med dei ansvarlege kva som skal til for å vidareutvikla og styrkja den kvenske avisa Ruijan Kaiku.

  • 9. Departementet vil leggja til rette for å intensivera arbeidet med innsamling og registrering av samiske og kvenske stadnamn.

  • 10. Departementet vil ved vurdering av rammevilkåra til Kvensk institutt leggja vekt på behovet for å få fortgang i arbeidet med å standardisera kvensk språk.

  • 11. Relevante departement vil vurdera kva som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.

  • 12. Departementet tek sikte på å forankra det overordna ansvaret det offentlege har for norsk teiknspråk, i den generelle språklova som er nærare drøfta i kapittel 3 i denne meldinga.

  • 13. Det vil bli vurdert å oppretta ei stilling som teiknspråkkonsulent i sekretariatet i Språkrådet.

  • 14. Departementet vil også i internasjonal samanheng arbeida for å gje teiknspråk ei sterkare stilling.

  • 15. Regjeringa vil vurdera situasjonen for teiknspråkbrukarane med omsyn til praktisk tilrettelegging for bruk av teiknspråk på ulike samfunnsområde og dei formelle rettar og plikter som er knytte til dette.

  • 16. Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å byggja opp ei oversikt over nordiske eller europeiske fagmiljø som kan gje nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn informasjon om språket deira.

  • 17. Departementet vil vurdera kva konkrete oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld dei nyare innvandrarspråka i Noreg.

1.9 Nordisk språkfellesskap og språksamarbeid

1.9.1 Oppfølging av den nordiske språkdeklarasjonen

1.9.1.1 Generelt om oppfølgingsarbeidet

I Nordisk ministerråds strategi for utdannings- og forskingsområdet 2008–2010 er det lagt til grunn at Ministerrådet skal arbeida for å oppfylla måla i den nordiske språkdeklarasjonen. For å nå desse måla må ein styrkja nabospråkundervisninga, undervisninga i skandinaviske språk og i framandspråk. Ein skal prioritera språkteknologi fordi dei enkelte nasjonale forskingsmiljøa er små, og fordi det er nødvendig med ein felles nordisk innsats for å styrkja den språkteknologiske utviklinga.

Departementet vil følgja opp den nordiske språkdeklarasjonen både gjennom samarbeidet i Nordisk ministerråd og gjennom prioriteringar og satsingar i utdannings- og forskingspolitikken og i kulturpolitikken. Nasjonalt vil arbeidet med å følgja opp deklarasjonen inngå som ledd i den nye og heilskaplege språkpolitikken som denne meldinga legg grunnlaget for. Ved koordinert innsats på nasjonalt plan i dei nordiske landa og ei vidare utvikling av det nordiske språksamarbeidet kan Norden styrkja sin posisjon som ein språkleg føregangsregion i verda.

1.9.1.2 Oppsummerande vurdering

Nasjonal oppfølging av nabospråkundervising blir grundigare omtalt i stortingsmeldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkopplæring. I meldinga blir det gjort framlegg om å kartleggja status for undervisning i og om nabospråk i grunnopplæringa og allmennlærarutdanninga.

På nasjonalt plan vil departementet informera og oppfordra aktørar på kulturområdet til å delta aktivt i det nordiske samarbeidet. Nettverksarbeid og samarbeidsprosjekt på tvers av dei nordiske landa vil gje verdifull fagleg inspirasjon og styrkja samanhengen mellom det nordiske samarbeidet og utviklinga av nasjonal kultur- og språkpolitikk.

Departementet vil vurdera å etablera eit fleirårig formidlingsprogram i folkebiblioteka og gjennom dette mellom anna leggja til rette for auka formidling av nabolandslitteratur både for barn og vaksne. Formidlingsprogrammet vil bli nærare omtalt i den komande bibliotekmeldinga.

Departementet ønskjer å oppmuntra til at Den kulturelle skulesekken også kan vera open for formidling av kunst og kultur på nordiske nabospråk.

Departementet vil arbeida for å styrkja norsk film- og tv-produksjon og formidlinga av denne i Norden. Det vil vera viktig å leggja tilhøva til rette for fleire nordiske samproduksjonar for film og tv.

Departementet meiner at det er behov for å utvikla fleire dataspel med eit norsk og nordisk innhald. Dette er viktig for å skapa gode alternativ til dei mange dataspela som kjem på engelsk språk. Både den nasjonale og den nordiske støtteordninga for dataspel gjev betre høve til å utvikla spel med norsk og nordisk innhald. Departementet vil arbeida for å vidareføra begge ordningane. For å auka tilgangen til norske dataspel vil Regjeringa også vurdera ei utlåns- og innkjøpsordning gjennom folkebiblioteka.

Frå eit kulturpolitisk og språkpolitisk synspunkt vil det vera positivt om nabolandsfjernsyn kan vera ein del av tilbodet i det norske digitale bakkenettet.

Departementet vil oppretta ein norsk språkbank. Språkbanken vil også få i oppgåve å leggja tilhøva til rette for eit utvida nordisk samarbeid om språkressursar.

1.9.2 Oppsummering av prioriterte tiltak

  • 1. Departementet vil oppmoda og stimulera aktørar på heile kulturområdet til å delta aktivt i nordisk samarbeid og nordiske samarbeidsprosjekt.

  • 2. Departementet vil vurdera å etablera eit fleirårig formidlingsprogram i folkebiblioteka som skal leggja til rette for formidling av nabolandslitteratur for barn og vaksne.

  • 3. Departementet vil leggja til rette for at Den kulturelle skulesekken formidlar kunst og kultur også på nordiske nabospråk.

  • 4. Departementet vil leggja til rette for å styrkja formidlinga av norske film- og tv-produksjonar i Norden og for fleire nordiske samproduksjonar for film og fjernsyn.

  • 5. Departementet vil leggja til rette for at aktuelle støtteordningar for dataspel også kan bidra til å utvikla og formidla dataspel på andre nordiske språk enn norsk.

  • 6. Departementet vil halda fram arbeidet for å finna løysingar som kan bidra til betre gjensidig tilgang på nabolandsfjernsyn i Norden.

  • 7. Som ledd i arbeidet med å byggja opp ein norsk språkbank vil det bli lagt til rette for eit utvida nordisk samarbeid om språkressursar.

  • 8. Regjeringa vil aktivt bidra til å fremja og følgja opp mål og tiltak i den nordiske språkdeklarasjonen, mellom anna alle tiltak som kan styrkja den nordiske språkfellesskapen.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Knut Werner Hansen, Britt Hildeng og Espen Johnsen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Magnhild Eia, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til meldinga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at det er brei politisk semje med tanke på det grunnleggjande omsynet til å styrkje norsk språk. Fleirtalet meiner det er viktig å etablere ein heilskapleg og sektorovergripande språkpolitikk. Fleirtalet meiner meldinga utgjer eit godt grunnlagsdokument for utarbeidinga av ein slik politikk.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner dette gjeld hovudsakleg på analyseområdet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er naudsynt å tydeleggjere at Kultur- og kyrkjedepartementet skal ha det overordna språkpolitiske ansvaret i Noreg, og legg i likheit med departementet til grunn at alle fagdepartementa tar eit språkpolitisk ansvar, slik dei på liknande vis t.d. har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna. Fleirtalet merkar seg i denne samanhengen at departementet legg opp til at Språkrådet skal få eit breiare ansvar og ei meir sentral rolle i språkpolitikken, jf. m.a. kapittel 2.2.2 i innstillinga. Fleirtalet er positivt til dette og legg til grunn at Språkrådet ikkje blir den einaste aktøren i språkpolitikken.

Fleirtalet stør at det overordna målet for språkpolitikken skal vere å sikra det norske språket, bokmål og nynorsk, sin posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Fleirtalet merkar seg vidare at meldinga legg vekt på det norskspråklege mangfalds- og jamstillingsperspektivet; det mangespråklege og fleirspråklege perspektivet; det nordiske perspektivet; samt det framandspråklege perspektivet som delar av ein heilskapleg språkpolitikk. Fleirtalet stør dei overordna prinsippa som meldinga legg til grunn for språkpolitikken i Noreg.

Fleirtalet viser til at meldinga som ligg føre, må sjåast i samanheng med den nyleg handsama meldinga frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring, St.meld. nr. 23 (2008–2009), og viser til dei respektive partia sine merknadar i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, viser til at rammevilkåra og utsiktene for norsk språk i ei stadig meir globalisert verd er sjølve gjennomgangstemaet i meldinga. Meldinga drøftar dei utfordringane det norske nasjonalspråket møter på grunn av den dominerande stillinga engelsk har fått som internasjonalt fellesspråk i den globale konkurransen. Dette er eit hovudperspektiv som kjem tydeleg til uttrykk i meldinga. Ho bør difor representere eit godt utgangspunkt for ein språkpolitikk med brei oppslutning, ein politikk som kan leggja grunnlaget for ei god utvikling for norsk språk totalt sett.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner ein slik politikk for norsk språk sjølvsagt må omfatta begge dei norske målformene. Då kan vi ikkje lukke auga for at nynorsk som eit mindre brukt språk har særlege vanskar å stri med. Fleirtalet vil difor streke under det departementet seier på s. 196 i meldinga om behovet for ei viss utjamning av konkurransevilkåra mellom bokmål og nynorsk. Det er dei som eventuelt går imot ein slik ansvarleg politikk, som held liv i ein gammal språkstrid som ein i dag burde få slutt på.

Komiteens medlem fra Høyre mener det viktigste språkpolitiske tema som bør holdes frem i forbindelse med stortingsmeldingen "Mål og meining – ein heilskapleg norsk språkpolitikk", er norsk språks rammebetingelser og utviklingsmuligheter i et samfunn som stadig mer omfattes av globaliseringens virkninger. I denne debatten er norsk språks stilling i forhold til engelsk det sentrale spørsmålet, ikke den tradisjonelle debatten om de to norske språkformers forhold til hverandre. Dette medlem mener meldingen i større grad kunne tydeliggjort dette. Dette medlem mener dette også er en del av bakgrunnen for den manglende offentlige debatt som har vært. For å nå de målsettinger meldingen skisserer er det av stor betydning at vi i vårt land har en levende debatt og interesse for språk i befolkningen. Da er det viktig at alle grupper har et rimelig godt utgangspunkt for deltagelse. Som følge av en mangeårig politikk der kun den ene norske språkformen, nynorsk, har vært tilgodesett med hensyn til støtteordninger, ser vi at de miljøene som har sitt utspring i riksmåls‑/bokmålsmiljøene er små og har få ressurser til rådighet for å drive sin virksomhet. Det vil være i alles interesse at også disse blir gitt rimelig økonomisk rom for sin virksomhet. De rammer for en helhetlig politikk meldingen ellers skisserer, burde være et godt utgangspunkt for at den norske språkstriden kan bilegges, og at vi i fremtiden heller søker å holde oppmerksomheten på hvordan vi kan bidra til en god språkutvikling totalt sett.

Komiteen merker seg at Regjeringen, med språkmeldingen, ønsker å legge grunnlaget for en ny, strategisk språkpolitikk. Meldingen definerer en språkpolitikk med klarere innhold og rammer enn i dag og søker å etablere språkpolitikk som et sektorovergripende politikkområde med kulturpolitisk forankring. Komiteen ser meldingen i sammenheng med den nylig behandlede St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer (om språkopplæringen i skolen).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre konstaterer at meldingen i stor grad er beskrivende, og at alle tiltak som foreslås, er forutsatt gjennomført innenfor gjeldende budsjettrammer.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener språket kanskje er den viktigste delen av vår felles kulturarv og bør bevares som en levende ressurs. Språkkampen er i stor grad historie, og i dag er det en voksende enighet om at enkeltmennesker selv skal få velge sin språkform. Sentrale kulturinstitusjoner som riksdekkende medier og bibliotek er til for folk, ikke omvendt, og bør derfor velge språk som treffer flest.

Disse medlemmer er overbevist om at den beste strategi for et sterkt og levende norsk språk er den daglige, frivillige bruken av språket. Ekte språkglede og -kunnskap kan ikke skapes ved kvotering og offentlige pålegg.

I tidligere saker Stortinget har behandlet om språkpolitikk, har disse medlemmer tatt til orde for en politikk fundamentert på valgfrihet for enkeltmennesket, fravær av kvoter og pålegg, samt at offentlig eide medier skal sende på en målform som treffer flest mulig. Dette syn ligger fast.

Disse medlemmer mener målet for en nasjonal språkpolitikk må være å bevare og utvikle den eksisterende skriftspråktradisjonen og å utvikle nordmenns skriftlige og muntlige kompetanse i norsk. Språket er en bærebjelke i vår kultur og portalen til vår felles kulturarv. Samtidig er det norske språket limet i samfunnet i kraft av at det er gjennom språket det aller meste av vår kommunikasjon foregår.

Disse medlemmers øvrige merknader vil fremgå i de øvrige kapitler.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om avvikling av forfordelingen av en målform på bekostning av en annen."

"Stortinget ber Regjeringen stille i bero de innskjerpinger som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov."

"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa."

"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap – men også andre foretak slik som helseforetak – skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven."

"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske språklige forutsetninger, og at den faktiske anvendelse av målform i den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring."

Disse medlemmer vil for øvrig vise til innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om Språk bygger broer, Innst. S. nr. 10 (2008–2009) der komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at nynorsk og bokmål skal være to sidestilte norske målformer. I denne heter det:

"Disse medlemmer har merket seg at læreplanen i norsk har fjernet begrepene "hovedmål" og "sidemål" i kompetansemålene og at det skal undervises parallelt i begge målformene. Disse medlemmer er skeptisk til en slik utvikling. Disse medlemmer viser til at norsk grunnskole er preget av stadig større grad av reduserte norskkunnskaper. Disse medlemmer mener den tvungne sidemålsopplæringen bidrar til å redusere elevenes motivasjon i norskfaget og å forstyrre elevenes språkoppfatning. Disse medlemmer vil derfor fjerne den skriftlige sidemålsundervisningen, og i stedet tilby faget som valgfag. Disse medlemmer mener at muntlig sidemål bør inngå som en naturlig del av den ordinære norskundervisningen, men uten at kunnskap i sidemål skal måles med prøver eller eksamen. Disse medlemmer vil også vise til de språkforståelsesproblemene mange minoritetsspråklige får som må forholde seg til to norske språk samtidig."

I behandlingen av ovennevnte innstilling fremmet Fremskrittspartiet og Høyre forslag om å avskaffe obligatorisk skriftlig sidemålsopplæring og tilby dette som valgfag. Muntlig sidemålsundervisning, dialektlære og litteratur- og kulturkunnskap forblir en del av den obligatoriske norskundervisningen.

Fleirtalet i komiteen, alle unntateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil streke under kor viktig språk er for den einskilde sin identitet, jf. omtale under kap. 2.1 i innstillinga, og viser til at alt tyder på at språkbruk i tida som kjem vil bere preg av at dei fleste nyttar stadig fleire språk. I ei stadig meir globalisert verd er fleirspråklegheit regelen snarare enn unnataket. Det har til dømes aldri vore fleire som lærer seg norsk som andrespråk enn kva det er no. Dei fleste undersøkingar tyder òg på at det er ein fordel for den einskilde sitt språkmedvit å lære seg fleire språk. Det synest som om læring av fleire språk aukar den generelle språkkompetansen, også med hensyn til "eige" språk. Fleirtalet meiner dette er viktige perspektiv å ta med seg, særleg i høve til korleis ein kan bidra til ei god utvikling for norsk språk i ei globalisert verd.

2.1 Makt, identitet, språklege rettar og interesser

Komiteen merkar seg den breie omtalen i meldinga av tilhøvet mellom språk og makt, språk og identitet, samt dei individuelle og kollektive språklege rettane som finst.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine innledende merknader.

2.1.1 Språk, makt og identitet

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkjer seg analysen i meldinga om språk og makt, både i eit noverande og i eit historisk perspektiv. Det er, etter fleirtalet si meining, særleg naudsynt å merkje seg den sentrale bodskapen frå den siste maktutgreiinga, der det mellom anna blir slått fast at språket er ein sentral del av kulturen, og at det dermed formidlar og avspeglar dominansforholdet i samfunnet. Maktutgreiinga viser mellom anna at dette kjem til uttrykk i fleire språklege relasjonar, t.d. i at norsken dominerer over samisk, at bokmålet dominerer over nynorsken, og at engelsken i dag langt på veg dominerer over norsken. I eit slikt perspektiv er det klart at språkspørsmål er særleg politisk relevant, og at det er ei oppgåve for offentlege styresmakter å legge til rette for ein heilskapleg språkpolitikk.

Fleirtalet merkar seg omtalen av tilhøvet mellom språk og identitet og vil streke under kor viktig språk er for identiteten til den einskilde. I denne samanhengen vil fleirtalet særleg trekkje fram verdien av dialektane i norsk talemålskultur. Det same gjeld sjølvsagt for skriftspråket.

Fleirtalet meiner det er naudsynt med ekstra merksemd retta mot det offentlege maktspråket. Fleirtalet deler den oppfatninga som går fram i meldinga om at uklart språk i offentleg forvaltning både er eit velferds- og demokratiproblem. Det ser heller ikkje ut til å vere samfunnsøkonomisk rekningssvarande. Fleirtalet legg til grunn at dette er eit av områda som skal følgjast nøye opp i tida som kjem.

Fleirtalet merkar seg at fleire moment er løfta fram i meldinga som ein del av ein strategi for omfordeling av språkleg makt. Fleirtalet stør at reell valfridom, mangfald og jamstilling bør vere berebjelkane i den offentlege språkpolitikken, og at dei politiske tiltaka som skal fremjast må ta omsyn til at språkbrukarane er ulike, men likeverdige.

2.1.2 Språklege rettar og interesser

Komiteen vil streke under at alle har rett til språk, og at ingen må diskriminerast på grunn av språket. I den samanhengen er det klart at det finst ei rekkje språklege rettar for både individ og grupper. Særleg er dette relevant med tanke på språkopplæringa i skule- og utdanningssamanheng, m.a. med tanke på krav til språkmeistring, lesekompetanse, sosiale skilnader i språkmeistring, norskmeistring for fleirspråklege, samt utfordringar knytt til opplæring i framandspråk.

Komiteen viser i denne samanhengen til dei respektive partia sine merknadar i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).

Komiteen er særs nøgd med at meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra i lovverket.

Komiteen vil streke under kor viktig det er at alle barn får tidleg og god språkstimulering, og at alle barn har god språkdugleik når dei tar til på skulen. Barnehagar er særs viktige i denne samanhengen. Komiteen viser til at kommunane har eit viktig ansvar med tanke på å drive førebyggjande arbeid med språk for barn og unge. Komiteen vil presisere at barnehagen er eit frivillig tilbod. Komiteen vil i denne samanhengen peike på at dersom kommunane òg skal nå dei barna som ikkje går i barnehage, må dei ha eit system som gjer at ein oppdagar barn som har behov for særskilt språkstimulering og som legg til rette for gode og lett tilgjengelege tilbod.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at forebyggende arbeid med språk først og fremst er et kommunalt ansvar, og at helsestasjonene helt siden 1970-tallet har hatt som oppgave å følge med på barnas språkutvikling. Flertallet viser til at kommunenes arbeid med dette varierer både med hensyn til kvalitet og kvantitet. Flertallet har imidlertid merket seg at flere departement har bidratt til å styrke kommunenes arbeid med dette, noe som synes å ha gitt resultater. Flertallet har i den forbindelse merket seg Rambøls undersøkelse fra 2008 (Rambøll Management 2008 referert i St.meld. nr. 23 s. 21) som sier at 76 prosent av kommunene har språkkartlegging på helsestasjonene. Dersom kartlegging gir grunn til bekymring, skjer rutinemessig rapportering bl.a. til PPT og barnehage.

Flertallet viser til at det er utviklet et kartleggingsmateriell – SATS (screening av toåringers språk) og Språk 4 (kartlegging av fireåringers språk) som helsestasjonene kan ta i bruk i språkvurderingen. Dette språkkartleggingsverktøyet er nå under utprøving ved fireårskontrollen i flere kommuner. Flertallet viser til at disse erfaringene blir lagt til grunn for å stimulere kommunene til ytterligere innsats, og vil i den forbindelse peke på at tiltak for å utvikle og prøve ut observasjons- og kartleggingsmateriell til utredning av minoritetsspråklige barn inngår i Strategiplanen Likeverdig opplæring i praksis! Strategi for bedre læring og større deltakelse av språklige minoriteter i barnehage, skole og utdanning (2007–2009).

Flertallet understreker at barnehagene er en viktig arena for språkstimulering og vil i den forbindelse peke på at språkmiljø og språkstimulering er trukket frem som ett av fire prioriterte områder for kompetanseutvikling i barnehagesektoren 2007–2010.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til betydningen av at barn i førskolealder med særlige språkvansker og barn med annet morsmål gis tilbud om tiltak som kan forebygge lærevansker knyttet til dårlige språkferdigheter, og viser til disse partienes støtte til forslag om at det innen 2009 innføres kartlegging av språkferdigheter på helsestasjonens fireårskontroll som et grunnlag for viderehenvisning og vurdering av iverksettelse av tilpassede tiltak (Dokument nr. 8:103 (2005–2006)). Opphold i barnehage med god språkstimulering og pedagogisk oppfølging er i mange tilfeller et egnet tiltak for å styrke språkutviklingen. Likevel skal man ta hensyn til at barnehage er et frivillig tilbud. Disse medlemmer vil derfor understreke at det må foreligge tiltak også utenfor barnehagen for dem som ikke velger dette som omsorgsform. Mangfold og kvalitet må sikres. Retten til å få hjelp til barn med særskilte språkutfordringer må ikke begrenses av at man velger andre omsorgsformer enn barnehage.

Disse medlemmer er bekymret over at det ennå ikke foreligger et tilbud om språkkartlegging for alle, og fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen iverksette nødvendige tiltak slik at det snarest etableres et tilbud om språkkartlegging ved fireårskontrollen ved alle landets helsestasjoner, og tilbud om oppfølging og tiltak der det påvises avvikende språkutvikling."

2.2 Overordna tiltak

2.2.1 Språklov

Komiteen viser til at det i dag finst tre lovverk som primært handlar om språk og språkbruk i Noreg: Mållova, kapittel III i samelova og stadnamnlova. Komiteen merkar seg diskusjonen om innføring av ei allmenn språklov og diskusjonen knytt til om denne skal lov- eller grunnlovfestast. Komiteen meiner det er behov for ei klar lovforankring for språk i Noreg, og ser fram til resultatet av departementet sitt arbeid med ei overordna språklov.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg at det i meldingen vises til at det i dag finnes tre lover som primært omhandler språk og språkbruk (målloven, kapittel III i sameloven og stedsnavnsloven). Det foreslås å innføre en allmenn språklov, og det drøftes grunnlovsfesting.

Disse medlemmer har lenge støttet retten til valg av målform, men er imot enhver form for tvang og lovregulering som har til hensikt å påtvinge den enkelte å anvende en målform som ikke er frivillig. Språk og målform bør være resultatet av en naturlig prosess hvor individ, kultur og samfunn inngår. Enhver må kunne velge sitt hovedmål, men også respektere den andre målformens likeverd og berettigelse.

Disse medlemmer mener friheten til å velge språkform selv bør styrkes på alle plan, i skolen, i mediene, i fristilte offentlige bedrifter og i offentlig tjeneste. Den redaksjonelle frihet i mediene i valg av målform må ikke krenkes eller innskrenkes ved bruk av økonomiske sanksjoner fra det offentlige.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre vil i denne samanhengen leggje til at dei fleste landa i Europa som det er naturleg å samanlikna Noreg med, har lovreglar som skal sikra at minoritetsspråk eller mindre brukte språk skal kunna brukast i praksis. Siktemålet med reguleringa er å oppnå reell likestilling for desse språka. Dei fleste vesteuropeiske landa har òg ratifisert Den europeiske pakta for regions- og minoritetsspråk. Desse medlemene er opptekne av at mindre brukte språk i Noreg også skal ha lovvern i samsvar med etablerte europeiske standardar, slik det mellom anna kjem til uttrykk i Den europeiske språkpakta.

2.2.2 Språkrådet

Komiteen viser til at Norsk språkråd vart omdanna til den noverande institusjonen Språkrådet gjennom Ot.prp. nr. 83 (2003–2004) og Innst. O. nr. 6 (2004–2005). Den nye institusjonen vart oppretta som ein vanleg direktoratsliknande statsinstitusjon utan heimel i lov. Formål, rammer mv. vert regulert av vedtekter fastsett av departementet. Komiteen merkar seg at departementet vil utarbeide eit framlegg til lovforankring av Språkrådet. Komiteen meiner det vil være formålstenleg å sjå dette arbeidet i samanheng med arbeidet med ei overordna språklov, jf. pkt. 2.2.1.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at departementet ved fleire høve på 1990-talet har tillagt nye oppgåver til Språkrådet i form av meir spesielle funksjonar. Fleirtalet merkar seg òg at meldinga tar til orde for at Språkrådet skal få enda fleire og utvida oppgåver, og at departementet grunngjev dette med at "ein meir offensiv politikk for styrking av norsk språk vil krevje auka innsats på mange av felta" som Språkrådet har ansvaret for. Språkrådet skal såleis vere "eit operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk".

I denne samanhengen merkar fleirtalet seg at departementet tek til orde for at ansvarsområdet til Språkrådet skal bli utvida til å omfatte andre språk enn norsk, samt at Språkrådet skal få eit nytt, femte fagråd med ansvar for minoritetsspråk, språklege mindretal og framandspråk og med språkopplæring som hovudperspektiv.

Fleirtalet stør dette og legg til grunn at ei omorganisering av rådet skjer i nær kontakt med rådet sjølv.

Fleirtalet er positiv til dette og er einig i at ein meir offensiv og heilskapleg språkpolitikk gjer det nødvendig å ha eit sterkt og kompetent fagorgan som kan formulera og fremja språkpolitiske omsyn og på den måten vareta ein språkpolitisk koordinerings- og pådrivarfunksjon. Dette føreset samstundes at Språkrådet handlar innanfor overordna språkpolitiske rammer, og elles legg vekt på å opparbeide seg brei legitimitet ved å samarbeide med og henta impulsar frå både private og offentlege aktørar innanfor ulike samfunnssektorar. På den måten vil det også bli mange andre aktørar i språkpolitikken.

Særleg vil fleirtalet leggje vekt på den viktige språkpolitiske rolla som universitet og høgskular har, både innan forsking og utdanning.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre legg vidare til grunn at Språkrådet ikkje blir den einaste aktøren i språkpolitikken.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg at meldingen legger opp til en moderat økning i Språkrådets virksomhetsområde. Det foreslås å legge også minoritetsspråk til ansvarslisten, også en omorganisering.

Disse medlemmer er i utgangspunktet kritisk til utvidelser av offentlig virksomhet. Samtidig er det viktig at språket som historie og kulturbærer forvaltes på en hensiktsmessig måte. Språk er en av de viktigste bærebjelkene i den norske kulturen, og Språkrådet er det eneste offentlige organ som har til hovedhensikt å styrke det norske språks stilling.

Disse medlemmer mener en utvidelse av Språkrådets virksomhetsområde ut over det norske språk vil trekke fokus vekk fra den nasjonale oppgaven og forvaltningen av språket som bærebjelke i norsk kultur. Derfor bør andre språk forvaltes av andre organ og ikke finansieres over offentlige budsjett.

Disse medlemmer mener for øvrig at det bør være selvsagt at enhver omorganisering av Språkrådet skal ha som mål høyere effektivitet, større gjennomslagskraft og lavere kostnader.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til departementes forslag til språkpolitisk oppfølgingsregime og legger til grunn at også Språkrådets virksomhet vil bli vurdert i disse sammenhengene.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner omorganiseringa og utvidinga av Språkrådet sine oppgåver må evaluerast etter ei tid, m.a. ut frå omsynet til maktkonsentrasjon og -spreiing.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa om å stadfeste at omorganiseringa og utvidinga av Språkrådet sine oppgåver skal evaluerast."

2.2.3 Språkpolitisk oppfølgingsregime

Komiteen merkar seg at departementet tek til orde for å etablere eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, er einig i at fastare prosedyrar og ordningar i større grad vil kunne setje språkpolitikken i system. Fleirtalet merkar seg at departementet skisserar fire hovudelement i systemet, og at Språkrådet som fagorgan er tenkt som ein viktig aktør.

Fleirtalet stør at det skal utarbeidast ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport – eit språkbarometer – og at denne kan danna ein del av grunnlaget for dei periodevise språkmeldingane til Stortinget.

Komiteen vil særleg streka under at det er naudsynt å styrkje det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget, ikkje berre i Språkrådet, men òg i departement og andre einingar, for å sikre at språkpolitiske tiltak blir godt forankra i dokumentasjon og analyse.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener utarbeidelsen av en årlig språkpolitisk tilstandsrapport vil være et godt bidrag til en levende språkdebatt i vårt land. Disse medlemmer støtter derfor meldingen på dette punkt. Disse medlemmer mener imidlertid det i lys av dette ikke kan være hensiktmessig også å fortsette med periodevise språkmeldinger til Stortinget. Den enkelte regjering, og partiene på Stortinget, vil uansett arbeide med språkpolitikken og løfte denne frem der det er konkrete behov for det.

2.3 Tiltak på ulike område

2.3.1 Terminologi og fagspråk

Komiteen meiner det er viktig å styrkje utviklinga av norsk terminologi og fagspråk og ser på dette som ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal vere eit fullverdig, samfunnsberande språk. Det er på det reine at Noreg har sakka akterut på desse områda og at det er naudsynt å styrkje norsk fagterminologi – både på bokmål og nynorsk – ut ifrå ei rekkje grunngjevingar, m.a. det faglege argumentet, folkeopplysningsargumentet, demokratiargumentet, identitetsargumentet, konkurranseargumentet mv.

Komiteen merkar seg at departementet vil leggja funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av terminologi til Språkrådet, og meiner dette er naturleg ut frå intensjonen om at Språkrådet skal få eit breiare ansvar og ei meir sentral rolle i språkpolitikken.

Komiteen er einig i at det er viktig å følgje opp fleire av tiltaka frå "Norsk i hundre!", og at ein vurderer Standard Norge sin funksjon i det nasjonale terminologiarbeidet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil i denne samanhengen streke under at på område der det ikkje finst terminologi på norsk – det vil seie nynorsk og bokmål – så bør slik terminologi utviklast, og staten bør stø produksjon og utgjeving av ordbøker, også digitale, jf. pkt. 2.4.1.

Komiteen vil peke på det nære slektskapet som er mellom de skandinaviske språkene. Komiteen mener det er viktig å søke å bygge broer mellom disse språkene. Komiteen mener det er viktig at man i arbeidet med terminologi best mulig finner felles, eller beslektede, former de skandinaviske språkene imellom. Komiteen mener dette betinger et sterkere initiativ når det gjelder nordisk samarbeid på terminologiområdet.

2.3.2 Språkbruk i forsking og høgare utdanning

Komiteen vil streke under at ein medviten språkpolitikk innanfor utdannings- og forskingssektoren er særs avgjerande når det gjeld å styrkje norsk språk. Komiteen vil peike på at mykje av undervisninga og forskinga skjer på andre språk enn norsk, og då i særleg grad engelsk, men vil samstundes streke under kor viktig det er med ei heilskapleg tilnærming til korleis ein kan motvirke eit domenetap for norsk språk. Komiteen legg til grunn at prinsippet om parallellspråkbruk framleis vil vere førande, men vil streke under at dette ikkje inneber ei formell likestilling av norsk og engelsk som akademisk bruksspråk, men at norsk framleis skal vere hovudspråket innanfor akademia – med unntak for Samisk høgskole, der samisk skal vere hovudspråket.

Komiteen har merka seg at fleire av dei relevante institusjonane innanfor sektoren, samt Universitets- og høgskolerådet, har utarbeidd eigne språkpolitiske dokument, og vil gjerne rose desse initiativa som gjev eit godt grunnlag for den vidare styrkinga av norsk språk på den einskilde institusjonen.

Komiteen merkar seg at departementet tek til orde for å lovfeste universitet og høgskolar sitt ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Komiteen viser til omtalen i meldinga og vil streke under at det i så tilfelle er avgjerande å styrke institusjonane sin økonomi. Komiteen ser fram til at finansieringssystemet for institusjonane blir evaluert, og at man i den samanhengen vil sjå på korleis dette kan vere med på å bidra til ei styrking av norsk språk.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil særleg streke under at ein i tillegg til å fremje den smale, vitskaplege publiseringa, må leggje gode rammevilkår for vitskapleg formidling og samfunnskontakt, ikkje minst publisering av norske fag- og lærebøker.

Fleirtalet meiner det er naudsynt at utdanningsinstitusjonane gis høve til å opprette språksentra som kan utføre språkvask og oversettingar for både tilsette og studentar.

Fleirtalet vil òg streke under kor viktig det er å sikre tilgang på norskspråkleg studie- og forskingslitteratur og merkar seg at departementet løftar fram både fastprissamarbeid og direkte statstilskot som to hovudverkemiddel i denne samanhengen.

Fleirtalet vil peike på at sistnemnte tilskot er redusert dei siste åra samstundes som produksjonen av slik litteratur, ikkje minst på nynorsk, syner tilbakegang.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre vil streke under at dette tilskotet er avgjerande dersom ein ynskjer eit levande norsk fagspråk og lærebøker på norsk.

2.3.3 Språkbruk i nærings- og arbeidslivet

Komiteen registrerer at bruken av engelsk aukar i nærings- og arbeidslivet, og ser på dette både som ein styrke og ei utfordring. Komiteen meiner det er viktig å sikre at ein framleis har norskspråkleg produktinformasjon, helse-, miljø- og tryggleiksdokumentasjon og avtaledokumentasjon.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at det er naudsynt at næringslivet også er medvite sitt språkpolitiske samfunnsansvar, og meiner det er særs positivt at departementet vil invitere partane i arbeidslivet til ein vidare prosess for å utvikle ein språkpolitisk strategi for arbeids- og næringslivet.

Fleirtalet anser at dersom en språkpolitisk strategi for arbeidslivet skal kunne virke etter intensjonen i denne meldinga, må en gjennom drøftinger med arbeidslivets parter finne frem til egnede virkemidler.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre ser det som viktig at departementet lanserer stimuleringstiltak for nærings- og arbeidslivet i denne samanhengen.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner vidare at der norske selskap ser det som naudsynt å ha styredokument på andre språk enn norsk, så bør selskapa legge til rette for at styremedlemer som ikkje i tilstrekkeleg grad beherskar slike andre språk, får ein reell muligheit til å delta i styrearbeidet.

Desse medlemene vil òg peike på at meldinga slår fast at uformelle maktmekanismar mange stader gjer at bokmål blir føretrekt i arbeidslivet. Desse medlemene meiner det må på plass meir forskingsbasert kunnskap om bruk av og haldningar til nynorsk og bokmål i arbeidslivet, og konsekvensane av dette.

Desse medlemene meiner at det er naudsynt å påleggje aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald i Noreg, å leggje fram årsmeldingane sine på norsk.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å fremje ei sak om at aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald i Noreg, skal påleggjast å leggje fram årsmeldingane sine på norsk."

2.3.4 Språk og teknologi

Komiteen viser til at IKT i stor grad pregar kvardagen vår og er ein stadig meir sentral del av liva våre. Også i ein språksamanheng er teknologi relevant, m.a. med omsyn til dataprogram, Internett-innhald mv. Komiteen merkar seg oppsummeringa i meldinga av tidlegare ambisjonar og tiltak, og meiner det er naudsynt å revidere og oppdatere Handlingsplanen for norsk språk og IKT frå 2001.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, stør også planane om å setja ned eit interdepartementalt utval for språk og teknologi. Fleirtalet meiner det bør vere eit krav at programvare som vert brukt i det offentlege, skal finnast tilgjengeleg i begge målformer til same tid og til same pris.

Fleirtalet merkar seg at det største enkelttiltaket i meldinga er forslaget om å byggja opp ein norsk språkbank, og at Språkrådet har fått oppdraget å leia arbeidet med å førebu organiseringa og den vidare oppbygginga av språkressursar. Fleirtalet merkar seg at kostnaden knytt til oppbygginga av ein språkbank blei estimert til om lag 100 mill. kroner fordelt over fem år i ein rapport frå 2001.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naudsynt at utviklinga av ein språkbank byggjer vidare på – og skjer parallelt med – dei ulike initiativa i det private næringslivet knytt til utviklinga av slike tenester. Målet må vere at det offentlege skal spele på lag med næringslivet, og på den måten skape ein best mulig og mest ressurseffektiv språkbank.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at meldingen beskriver hvordan teknologi i stadig større grad påvirker livene våre. Utstrakt bruk av IKT medfører spesielle utfordringer og store muligheter for språkutvikling og bruk. Regjeringen foreslår å pålegge at programvare som skal brukes av det offentlige, skal finnes på begge målformer samtidig. Disse medlemmer ser dette som et lite hensiktsmessig krav.

Disse medlemmer har dog merket seg at man samtidig har fokus på bruk av teknologi på nye og innovative måter. For eksempel vil en norsk språkbank kunne brukes i eksisterende programmer, men også for å utvikle nye og spennende tjenester, slik som talegjenkjenning for bruk av de som ikke kan eller har anledning til å benytte tradisjonelle IKT-verktøy. Disse medlemmer ser imidlertid liten grunn til å hevde at en norsk språkbank bør eller må bygges opp av det offentlige, eller for offentlige midler. Da det norske språkområdet både er av en god størrelse, befolkningen tunge brukere av IKT og landet har høy BNP, vil det være attraktivt for private aktører å investere i en slik språkbank. Det offentliges ansvar bør begrense seg til å legge til rette for arbeidet, og motvirke konkurransevridning.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner at staten bør nytte sin posisjon som stor innkjøpar ved å stille krav i innkjøpssituasjonar, som t.d. ved innkjøp av datamaskinar, om at maskinane blir levert med installerte program valfritt på bokmål eller nynorsk. Desse medlemene meiner dessutan at staten bør vurdere å stille krav til språktenester både på bokmål og nynorsk t.d. i avtale med bankar når det i banktenestene inngår publikumsretta tenester som t.d. nettbank. Også med omsyn til andre liknande tenester og innkjøp bør det så langt det er mogleg stillast krav til språk i anbod og avtalar.

2.3.5 Språkbruk i kultur- og mediesektoren

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er viktig å sikre eit godt norskspråkleg tilbod i kultur- og mediesektoren. Dei offentlege støtteordningane – innkjøps-, produksjons- og tilskotsordningane – må ta omsyn til dette, og allmennkringkastarane må framleis ha krav om ein viss del norskspråkleg innhald. Fleirtalet meiner dessutan at det vil vere føremålstenleg å utvida tekstetilbodet i fjernsynet, m.a. med omsyn til dei som er hørselshemma. Fleirtalet vil også streke under kor viktige biblioteka er i høve til en heilskapleg språkpolitikk.

Fleirtalet merkar seg elles at meldinga omtalar ei rekkje tiltak knytt til språkbruk i kultur- og mediesektoren.

Fleirtalet vil i denne samanhengen vise til at Det Norske Teatret har vore og fortsatt er ein av dei viktigaste aktørane når det gjeld å endre språklege haldningar og fordommar knytt til nynorsk og dialektbruk. Den kompetansen teatret har på dette området bør, etter fleirtalet si meining, på ein betre måte utnyttast pedagogisk i eit møte mellom teatret, språket og skulane, der elevar kan lære å kjenne ulike språklege nivå både gjennom tekst og framføring.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Venstre, merkar seg formuleringa i meldinga om at departementet "ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass".

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre mener det er en naturlig konsekvens av prinsippet om full ytringsfrihet at redaktørene i det enkelte medium fastlegger mediets språklige profil. Disse medlemmer mener således at krav til målform ikke kan kobles til støtteordningen for avisene.

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti meiner det er uheldig at enkelte norske aviser nektar journalistane sine å skrive nynorsk. Denne medlemen peiker på at ordninga med momsfritak for aviser, og pressestøtta, nettopp har til føremål å sikre ytringsfridom og mediemangfald. Denne medlemen meiner dei nasjonale mediehusa bør tillate papir- og nettjournalistane sine å skrive nynorsk, i tillegg til å arbeide for ein generelt høgare nynorskandel. Dette handlar både om ytringsfridom i det norske språksamfunnet, og om språkleg og kulturelt mangfald.

Denne medlemen fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa vurdere tiltak for auka bruk av nynorsk i dei riksdekkjande papir- og nettavisene."

Medlemen i komiteen frå Venstre viser til den seinare tidas debatt knytt til spørsmålet om statleg støtte til aviser gjennom momsfritak og målbruk i redaksjonane. Denne medlemen merkar seg at eventuelle språklege krav knytt til pressestøttetiltak vil kunne innebere ei krenking av den redaksjonelle fridomen. Denne medlemen meiner denne problemstillinga bør utredast ytterlegare, og at det er naturleg å vurdere dette i samband med ein heilskapleg debatt vedrørande pressestøtta si framtidige innretning.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, vil særleg trekkje fram kor viktig både skjønnlitteratur og sakprosa er i samband med ein aktiv og heilskapleg språkpolitikk. I meldinga stilles det krav til at bokbransjen skal ta kulturpolitiske omsyn i verksemda si. Men Noreg er eit lite språkområde, og vil difor ikkje kunne ha ein stor nok bokmarknad til at marknaden åleine kan oppretthalde ein mangfaldig litteratur. Fleirtalet vil derfor streke under kor viktig det er at staten stimulerer bransjen og forfattarane til å ta kulturpolitiske omsyn, til dømes gjennom de språkpolitiske relevante verkemidlane som allereie eksisterer.

Biblioteka er også særs viktige som språkpolitisk verkemiddel, og fleirtalet ser fram til den varsla stortingsmeldinga om bibliotek. Biblioteka har ein nøkkelrolle i å formidle litteratur og samstundes vere eit opplevingssenter og samlingspunkt for kunnskap og informasjon.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre registrerer at den noverande regjeringa så langt i denne perioden ikkje har prioritert ei biblioteksatsing i sine forslag til budsjett, men utsett dette i påvente av bibliotekmeldinga.

Medlemen i komiteen frå Venstre viser til at Venstre i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2009 foreslo ei auke på 80 mill. kroner til litteratur- og språkfeltet. Denne satsinga innebar mellom anna ei utviding av innkjøpsordninga for litteratur til å gjelde alle skolebibliotek, ei styrking av dei fleirkulturelle bibliotektilboda og kompetanseutvikling for dei tilsette i biblioteka. I sum er det naudsynt med ei kraftig opprusting av biblioteksektoren, og denne medlemen legg til grunn at den kommande bibliotekmeldinga vil innebere ein konkret finansiell opptrappingsplan for sektoren.

2.4 Styrking og dyrking av språk

2.4.1 Språkutvikling, dokumentasjon og offentleg språk

Komiteen vil streke under at språk ikkje er ein statisk storleik, men at språket heile tida er i endring. Språkendringar – i tale og skrift – skjer rett nok ofte som generasjonssprang, men det er svært viktig at ein sikrar språkleg dokumentasjon og setter inn tiltak som på ulike vis kan styrkje språket. Komiteen vil streke under at språk frå alle tider og i alle variantar er ein viktig del av vår kulturarv og må bevarast for ettertida.

Komiteen vil særleg trekkje fram stadnamn som ein del av vår kulturarv, og peike på kor viktig det er at ein sikrar ein balanse mellom kulturminnevernet og grunneigar sine interesser.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkar seg at ein har som mål at språkdyrking i språkpolitikken – dvs. alt det som direkte og indirekte støttar opp under målet om eit korrekt og velfungerande språk – skal drivast på fleire plan og vil streke under at det er det offentlege som har hovudansvaret i denne samanhengen.

Fleirtalet vil særleg trekkje fram omgrepet "klarspråk" og kor viktig det er at ein arbeidar for eit enklare og meir forståeleg språk i offentleg forvaltning, jf. omtale under kapittel 2.1.1. Både etablering av ein standard for språkleg kvalitet, etablering av språkleg internkontroll og etablering av eit nettverk av språkkontaktar og språkkonsulentar i offentleg forvaltning kan vere nyttig i denne samanhengen.

Det er også viktig at ein frå det offentlege bidreg til å utvikle og vedlikehalde korpusar, digitale basar og ordbokprosjekt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg at meldingen beskriver hvor tungt og omstendelig språk i offentlig bruk er. Det er med en viss ironi at disse medlemmer merker seg at deler av språkmeldingen også er plaget av dette – og at man ikke makter å være klarere i språket. Disse medlemmer vil gi varm støtte til at det tas til orde for at offentlig språk må bli enklere og mer forståelig og korrekt. Uten et godt språk i offentlig sektor vil enkeltborgere ha vanskeligheter med å ta fullverdig del i samfunnet og demokratiet.

Disse medlemmer mener enhver diskusjon om målform og kvotering av slike i offentlig bruk er avsporinger. Det kan ikke være slik at målsettinger om en viss prosentandel av "svakeste" målform skal benyttes i offentlig tjeneste, da dette virker rigid, begrensende og byråkratisk. Det synes klart at dette påfører det offentlige et unødvendig og byråkratisk forsinkende ledd – som reduserer effektiviteten og evnen til å oppfylle målsettingene til de respektive etater. I lys av behovet for modernisering og effektivisering av det offentlige bør slike bestemmelser fjernes.

Enhver nordmann har evnen til å forstå begge målformer. Dette er språkets kjerne: kommunikasjon. En levende språkkultur vokser ikke frem gjennom tvang, kontroll og reguleringer.

Disse medlemmer vil presisere at man er varme tilhengere av nynorsk – men man tror dagens politikk gjør nynorsken en bjørnetjeneste.

2.4.2 Språknormering og språkrøkt

Komiteen viser til drøftinga av norsk normeringspolitikk – dei tradisjonelle rettskrivingsspørsmåla – og språkrøkt i meldinga. Komiteen merkar seg departementet sitt ønske om at dei overordna prinsippa om sjølvstendig normering av nynorsk og bokmål utan tilnærming, samt stabilitet, skal leggjast til grunn for den framtidige normeringspolitikken. Komiteen merkjer seg óg Språkrådets rolle i arbeidet med både normering og språkrøkt.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker seg med stor glede at meldingen fastslår at tilnærmingspolitikken (at bokmål og nynorsk skal normeres på en slik måte at de over tid nærmer seg hverandre) ikke lenger er aktuell. Disse medlemmer konstaterer at tilnærmingspolitikken er "død og begravet". Dette er en riktig beslutning av hensyn til målformenes identitet, til tradisjon og kontinuitet i kulturlivet, til målformenes lærbarhet og til den tekniske utvikling med stavekontroller, oversettelsesprogrammer og talegjenkjenning. Dessuten er ikke tilnærmingstanken død fordi om den ikke lenger er myndighetenes politikk.

Disse medlemmer mener normeringen ikke bør være "ledende". Nye former trenger tid før de bør innføres, og da gjerne normeres som valgfrie sideformer. Lite brukte former bør tas ut etter moden overveielse, eller gis en mindre fremtredende plass.

Disse medlemmer mener språknormering i størst mulig grad bør være verdinøytral og ikke la seg bruke i politisk hensikt. Normeringen bør preges av ro og stabilitet, mer enn mote og verdibaserte vurderinger.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner at sjølv om tilnærmingspolitikken no ikkje lenger er aktuell, så må ikkje dette ha som konsekvens at "folkelege" former ikkje vil kunne bli brukt i tillegg til dei meir konservative formene i språket, også i bokmålet.

2.4.3 Dokumentasjon av riksmål/bokmål

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til det omfattende arbeidet som gjøres i forbindelse med revideringen av Det Norske Akademis store ordbok. Disse medlemmer vil undersreke betydningen av at dette prosjektet kan gjennomføres på en faglig tilfredsstillende måte. Disse medlemmer vil påpeke at dette er den sentrale ordboken for majoritetsspråket i vårt land, og at prosjektet har vært drevet frem med meget beskjedne midler. Disse medlemmer mener dette ordbokprosjektet må gjennomføres på en god måte og at eventuelle ytterligere arbeider med hensyn til dokumentasjon av riksmål/bokmål bør skje med utgangspunkt i dette verket.

2.5 Nynorsk

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, deler oppfatninga i meldinga om at nynorsk er formelt likestilt, men reelt diskriminert, og meiner det er avgjerande å sikre grunnlaget for nynorsk skriftkultur og nynorsken sin posisjon i det norske språksamfunnet meir allment. Fleirtalet viser til at det er brei politisk semje om at det er naudsamt med ei aktiv støtte for nynorsken.

Fleirtalet merkjer seg dei prioriterte tiltaka som er presenterte i meldinga.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener språkvern i Norge er tosidig. Det ene er den positive diskrimineringen som foregår på vegne av nynorsk. Det andre er vern mot uønsket utenlandsk innflytelse, lik den man legger opp til i andre land. Disse medlemmer mener faren for innflytelse fra engelsk er betydelig overdrevet. Derfor er behovet for vern av norsk språk mot uønsket fremmed innflytelse og mot domenetap knapt nødvendig.

Disse medlemmer mener holdningsarbeid og stimulering blant unge både i og utenfor skolen er viktig, både på kort og lang sikt, likeledes stimuleringstiltak for bruk av god norsk i næringslivet og akademia. I arbeidet for norskhet bør man prøve å holde begrepene språksystem og ordforråd fra hverandre. Innlån av enkeltord nytter det lite å kjempe mot, samtidig som det kan være en nyttig berikelse.

Disse medlemmer merker seg at når det gjelder stillingen til nynorsk og en rekke minoritetsspråk, skisserer meldingen en rekke offentlige støttetiltak. Det har i mange år blitt drevet en bevisst forfordelingspolitikk på vegne av nynorsk, blant annet med kvotering og tilskudd til Mållaget og nynorsk ordbok.

Det er problematisk at arbeidet for å sikre nynorsk nå skjer ved hjelp av lovgiving for språkbruk i offentlig tjeneste, med utfyllende forskrifter, instrukser, regler og påbud etter denne lovgivingens ånd og bokstav samt med økonomiske midler.

Disse medlemmer konstaterer at forfordelingen av nynorsk i hovedsak har gått utover bokmål, noe som er urimelig. Derfor bør tilskudd til de to målformene bli fordelt mer rettferdig (enten ved likt tilskudd, eller ved tilskudd basert på antall med den målformen som hovedmål). Som en del av dette bør tilskudd til arbeidet med Det Norske Akademis store ordbok prioriteres høyere enn det gjøres i dag.

Komiteens medlem fra Høyre mener det må være et mål at de to norske språkformene gjensidig opplever hverandres nærvær som en berikelse og ikke som en trussel eller et irritasjonsmoment. Ikke minst er dette av stor betydning når det gjelder vår faktiske evne til å drive en god språkpolitikk relatert til problemstillingen "norsk i en internasjonalisert hverdag". Dette medlem mener dette tilsier at bruk av tvang ikke er et hensiktsmessig utgangspunkt. Dette medlem mener det er mer hensiktsmessig å bruke positive virkemidler som gode tilskuddsordninger og språkstimulerende tiltak, for å sikre den kritiske masse av nynorskbruk som må til for å videreføre denne språkformen.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at det er behov for meir forskingsbasert kunnskap om språk og språkbruk i norsk samanheng. Til dømes strekar meldinga under at målbyte frå nynorsk til bokmål ikkje er grundig analyserte.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, meiner det trengst ein grundig analyse av årsakene til målbyte frå nynorsk til bokmål.

Dette fleirtalet meiner at ein òg treng ressursar til forsking på dette området.

Nynorsk blant barn og unge

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, peikar på at sjølv om bokmål og nynorsk formelt er likeverdige målformer og skal vere jamstilte, har nynorsk reelt vanskelegare kår. Fleirtalet meiner det offentlege har eit særskilt ansvar for å leggje til rette for at nynorsk kan utvikle seg på ein god måte, og at det er særleg viktig å leggje til rette for at barn og unge får høyre og nytte begge målformene.

Praktisk og økonomisk må det leggjast til rette for at nynorsk kan styrkje posisjonen sin, som eit levande bruksspråk òg hos nye generasjonar. Aktiv bruk av nynorsk i det offentlege rom er svært viktig for utvikling av eigen identitet og sjølvtillit til det språket mange snakkar. Fleirtalet viser til at bokmålsbarn får mykje gratis fordi dei møter sitt eige språk mange stader, noko som ikkje er tilfellet for barn som snakker nynorsk. Fleirtalet meiner det er viktig at nynorskbarn får møte sitt eige språk fleire stader enn i skulebøkene, som til dømes i barne- og ungdomsbøker, og i lettare underhaldningsstoff som teikneseriar og annan populærkultur. For utvikling av identitet og sjølvtillit er det viktig at barn og unge får erfare at språket deira er i aktiv bruk.

Fleirtalet vil streke under det ansvaret NRK har for å styrkje det norske språket, og at begge dei offisielle målformene skal nyttast. Særleg viktig er det at barn får høyre begge målformer, òg i program som er retta inn mot barn og unge. Norske barn får i det TV-tilbodet vi har i dag, ikkje eit realistisk bilete av korleis deira jamaldrande snakkar.

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre viser her til følgjande merknad frå Kristeleg Folkeparti og Venstre i samband med handsaminga av St.prp. nr. 30 (2006–2007), jf. Innst. S. nr. 24 (2007–2008):

"Medlemene i komiteen frå Kristelig Folkeparti og Venstre viser til at minst 25 pst. av verbalinnslaga til NRK skal vere på nynorsk. Desse medlemene meiner at dette òg må gjelde barne- og ungdomsprogram. NRK skal medverke til å styrke norsk språk, identitet og kultur. Difor er det viktig at barn får høyre begge målformer, òg i program som er retta inn mot barn og unge. I dag blir det sendt svært lite nynorsk i barne- og ungdomsprogram på NRK. Desse medlemene meiner at innsatsen med å få meir nynorsk i program retta mot barn og unge i NRK må aukast."

2.6 Språkfellesskap

2.6.1 Urfolks- og minoritetsspråk

Komiteen vil streke under kor viktig det er at staten gjennom ein heilskapleg språkpolitikk ikkje berre skal styrkja hovudspråket, men også verna og fremja dei andre språka som Noreg har et særleg ansvar for, m.a. i høve til internasjonale konvensjonar. Desse må følgjast opp. Dei språka det gjeld for Noregs vedkommande, er urfolksspråket samisk og dei tre språka knytte til nasjonale minoritetar, kvensk, romani og romanes. Komiteen merkar seg at skogfinnane og jødane ikkje lenger kan seiast å ha "eit særskilt språk i aktiv bruk".

Når det gjelder samisk, kvensk, romani, andre minoritetsspråk og fremmedspråk, så mener komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet at det er en soleklar rett for alle å kunne bruke sitt eget språk i de sammenhenger og steder hvor det er naturlig å bruke det. Enhver motstand mot at folk i private sammenhenger får bruke det språk de ønsker, også hvor den private sammenheng er innenfor det offentlige rom (for eksempel ved å utgi en avis i Norge på et annet språk enn norsk), er en krenkelse av fundamentale rettigheter. Derfor bør det praktiseres en stor toleranse overfor folks bruk av språk.

Samtidig er det, etter disse medlemmers syn, viktig å presisere at andre språk enn det offisielle norske ikke kan forvente spesielle rammebetingelser, offentlig drahjelp eller offentlige subsidier.

Samisk

Komiteen har merka seg at situasjonen for samiske språk er gjort nærare greie for i St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, konstaterer at samiske språk framleis er i ei utsett stilling og vil streke under at levande samiske språk er ein sentral føresetnad for den samiske kulturen. Fleirtalet meiner det er særs viktig at Handlingsplanen for samiske språk vert følgt opp med tilfredsstillande ressursar.

Kvensk

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, viser også til at kvensk er eit svært utsett språk og legg til grunn at departementet vil halde fram med ei systematisk styrking av språket. Fleirtalet merkjer seg at departementet vil prioritera å betre rammevilkåra for Kvensk institutt for å få fortgang i arbeidet med å standardisere kvensk språk, samt leggje til rette for innsamling og registrering av kvenske stadnamn. Det er viktig at det blir gjort tydeleg at det er departementet som har det overordna ansvaret for kvensk språk og kultur. Fleirtalet er også opptatt av at NRK betrar sitt radiotilbod på kvensk, og at man på eigna måte styrkjar skriftlige publikasjonar på kvensk.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naudsynt med ein eigen handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle nivå, og legg til grunn at departementet vil setje i gang med eit slikt arbeid.

På denne bakgrunnen fremjar desse medlemene følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein eigen handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle nivå."

Romani og romanes

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, merkar seg at departementet vil gå i dialog med brukarane av romani og romanes med sikte på å utarbeide tiltak for å sikra vern og utvikling av desse språka, og legg til grunn at Stortinget vil bli orientert på eigna måte.

Teiknspråk

Komiteen er særs nøgd med at meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra i lovverket.

Komiteen viser til at når man er avhengig av teiknspråk, er det vesentleg vanskelegare å få tilstrekkeleg informasjon frå samfunnet rundt seg på eit like godt nivå som det andre får. Både for deltaking i samfunnet og demokratiet er det viktig at det vert stimulert til bruk av teiknspråk for dei som er avhengig av dette.

Komiteen meiner at ein bør styrkje støttefunksjonane i dei relevante departementa, direktorat og i Språkrådet, og har m.a. merka seg at det vil bli vurdert å opprette ei stilling som konsulent i teiknspråk i sekretariatet i Språkrådet. Komiteen stør dette.

Komiteen viser til at departementet vil greie ut om det bør innførast generelle krav til teksting og teiknspråktolking for digitale medium på fjernsynsområdet, og vil peike på at NRK har eit særskilt ansvar for å ivareta teiknspråk som minoritetsspråk.

Etter komiteen si meining bør offentleg informasjon via web, TV og andre informasjonskanalar leggje vekt på universell utforming – m.a. bruk av teiknspråk – og i noen tilfelle bør offentleg støtte vere avhengig av at slik utforming er på plass. Det same gjeld relevante offentleg støtta medium.

Komiteen vil i denne samanhengen streke under kor viktig det er å sikre døve sine interesser i samfunnet, og at det særleg er viktig når det gjeld språk og kommunikasjon. Komiteen vil òg streke under at det er viktig at døve har moglegheit til å gjennomføre sine verv som folkevalde. Det er derfor særs viktig at tilrettelegginga med tolketeneste fungerer godt. Komiteen meiner det er ei grunnleggjande oppgåve for samfunnet å sikre døve sine demokratiske rettar, mellom anna ved å sikre at døve kan ha verv som folkevalde.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre er kjent med tilfelle der døve ikkje har fått muligheit til å utøve sine verv som folkevalde på grunn av manglande tilrettelegging i tilknyting til tolketenester, jf. Dokument nr. 15:118 (2008–2009). Etter desse medlemene si meining er det ei grunnleggjande oppgåve for samfunnet å sikre døve sine demokratiske rettar, mellom anna ved å sikre at døve kan ha verv som folkevalde.

Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)

Komiteen meiner det er grunn til å sette søkjelyset på andre måtar å kommunisere på enn teiknspråk for dei som har språklege funksjonshemningar som kan vere medfødde eller som har tilkome gjennom sjukdom eller skade. For nærare 500 born og unge under 20 år er korkje tale- eller teiknspråk ei aktuell kommunikasjonsform. Ein halv prosent av Noregs befolkning manglar talespråk grunna medfødt eller tidleg erverva skade, som for eksempel slagpasientar eller ofre for trafikkulykker. Mange med sjukdomen cerebral parese, muskelsjukdomar, autisme og andre utviklingsmessige vanskar, har korkje tale eller motorikk til å meistre tale- eller teiknspråk, men har ofte normal språkforståing og same behov – om ikkje større behov enn andre – for å kunne kommunisere. For mange av desse er alternativ eller supplerande kommunikasjon (ASK) det einaste alternativet.

Komiteen viser til at ny teknologi og fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid gjer det mogleg å gje desse menneska verktøy til å kommunisere, ein grunnleggjande dugleik som igjen gjev høve til deltaking i samfunnet, sjølvrealisering, sjølvstende og livskvalitet. For å kunne gje eit heilskapleg og likeverdig tilbod til denne gruppa, er det no behov for å samle kompetanse rundt det å stille diagnosar, utvikling av pedagogiske og tekniske hjelpemiddel og program, samt skolering av støtteapparat rundt den enkelte. Det er behov for meir utviklingsarbeid og større utveksling av røynsler og kompetanse med andre land som er komne mykje lenger enn Noreg i arbeidet med denne gruppa. Komiteen vil difor streke under tydinga av at språkpolitikken omfattar meir enn tale- og teiknspråk.

Komiteen viser til at kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Innst. S. nr. 10 (2008–2009) om Språk bygger broer omtalar denne gruppa spesielt i opplæringssamanheng. Komiteen merker seg at Regjeringa har varsla at dei vil kome attende med tiltak for menneske som treng utvikling i talespråk, teiknspråk, alternativ kommunikasjon, supplerande kommunikasjon, eller ein kombinasjon av desse i samband med tiltaka som er omtala i meldingas kapittel 10.5.4.2.

Komiteen viser til dei respektive partia sine merknadar vedrørande ASK i Innst. S. nr. 10 (2008–2009).

2.6.2 Dialektbruk

Komiteen viser til at eit viktig element i det norsk-språklege mangfaldet er dialektane våre, som har høg status og som er svært nærverande i det offentlege rommet. Saman med våre to norske skriftspråk gir dei ein språkleg grunnkompetanse som er god å ha i ei stadig meir globalisert verd. Derfor er også nordmenn dei skandinavane som skjønar grannelandsspråka best. Vi finn den same allmenne aksepten av dialektar i andre land med fleire nasjonalspråk.

2.6.3 Det mangespråklege og fleirspråklege Noreg

Komiteen viser til at Noreg er eit mangespråkleg og fleirspråkleg samfunn. Det er naudsynt at norsk språkpolitikk tek omsyn til alle grupper av nordmenn med nyare innvandrarbakgrunn, og komiteen er nøgd med at meldinga strekar under at språkpolitikken skal ta omsyn til alle dei som er to- eller fleirspråklege med eit anna morsmål enn norsk.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner det er viktig at nordmenn med minoritetsspråkleg bakgrunn kan få informasjon om språket deira, og fleirtalet meiner det er viktig at ein ser på kva for oppgåver Språkrådet kan vareta når det gjeld dei nyare innvandrarspråka i Noreg.

2.6.4 Det nordiske språkfellesskap

Komiteen viser til at Noreg i eit historisk perspektiv har ein lang tradisjon for kulturelt og språkleg fellesskap med våre granneland i Norden. Dette er også nedfelt i deklarasjonen om nordisk språkpolitikk som vart vedteken av Nordisk Råd hausten 2006. Komiteen merkar seg korleis ein har følgt opp denne deklarasjonen og dei prioriterte tiltaka på området i meldinga.

Komiteen vil i denne samanhengen streke under at det språklege mangfaldet i Noreg ikkje er spesielt i ein europeisk samanheng. I fleire land er det offisielt stadfesta at språk som er meir like kvarandre enn bokmål og nynorsk, er eigne språk.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, mener det nordiske språkfellesskapet, basert på de skandinaviske språk, representerer en stor verdi i arbeidet med å opprettholde norsk som språk i alle domener i fremtiden. Flertallet vil peke på at anslagsvis 25 millioner mennesker snakker et skandinavisk språk, og at dette samlet sett gir betydelig større bærekraft enn det hvert av de nordiske landene alene kan mobilisere. Slik bærekraft ligger i hvilket økonomisk marked man representerer, i hvilken grad man makter å ha en stor hjemmeproduksjon av alle former for språklige uttrykk, og i hvilken grad språket evner å fornye seg selv og opparbeide egne uttrykk på nye områder. Flertallet mener derfor at skandinavisk språksamarbeid må være en sentral del av den norske språkstrategien. Målsettingene for et bedret samarbeid må dreie seg om større faktisk forståelse på tvers av de skandinaviske språk, bedre kunnskap og en bevisst tilnærming med hensyn til normeringsarbeidet. Dette betyr bedret samarbeid mellom faglige miljøer, styrking av skandinaviske språk i skolen og bruk av skandinaviske språk på flest mulig felles arenaer. Flertallet vil her særlig peke på medieområdet, der publikum har de beste mulighetene for å venne seg til å lytte til andre skandinaviske språk. Utviklingen på medieområdet går også i retning av flere og mer spesialiserte kanaler for radio og TV. Ved denne oppdelingen av markedet vil det økede antall brukere som et nordisk marked ville tilsi, være en betydelig styrke. I tillegg kommer at terskelen for brukerne språklig sett ville bli lavere fordi mer spesialiserte interesser vil bli motiverende for bruken. En styrket satsing på dette feltet fordrer målrettet innsats.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at en tilpasning av forskjellige støtteordninger på kulturområdet er nødvendig. Film er her særlig aktuelt. I et mediesamarbeid mellom Frankrike og Tyskland har det lyktes å etablere en egen TV-kanal med særlig kulturprofil, "Artes". Disse medlemmer mener det er interessant om det også i skandinavisk/nordisk sammenheng ville være mulig å etablere noe tilsvarende.

Disse medlemmer fremmer således følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede spørsmålet om etableringen av en felles nordisk/skandinavisk TV-kanal på kulturområdet."

2.7 Økonomiske og administrative konsekvensar

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, merkjer seg at meldinga inneheld meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt og vil streke under at departementet må setja av tilstrekkelege administrative og økonomiske ressursar til effektiv oppfølging. Fleirtalet viser til at det er lagt inn over 10 mill. kroner til strategiske oppfølgingstiltak alt i budsjettet for 2009, og føreset at departementet vil prioritere vidare oppfølging av språkmeldinga også i komande budsjett.

Medlemene i komiteen frå Fremskrittspartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre merkar seg at meldinga inneheld meir enn 100 prioriterte tiltakspunkt, men at det ikkje er knytt nokre forpliktande økonomiske rammer til desse. Desse medlemene merkjer seg at departementet strekar under at det er ein føresetnad at "alle tiltak som er varsla i denne meldinga, skal kunne dekkjast innanfor dei til kvar tid gjeldande budsjettrammene".

Medlemene i komiteen frå Kristeleg Folkeparti og Venstre meiner det er naudsynt med ei prioritering og tidfesting av tiltaka i meldinga, og fremjar på denne bakgrunnen følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein prioritert handlingsplan for gjennomføring av tiltaka som er presenterte i St.meld. nr. 35 (2007–2008) snarast, og seinast i høve med Revidert nasjonalbudsjett for 2009."

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Fremskrittspartiet:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om avvikling av forfordelingen av en målform på bekostning av en annen.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen stille i bero de innskjerpinger som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov.

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa.

Forslag 4

Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap – men også andre foretak slik som helseforetak – skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven.

Forslag 5

Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske språklige forutsetninger, og at den faktiske anvendelse av målform i den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring.

Forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre:

Forslag 6

Stortinget ber Regjeringen iverksette nødvendige tiltak slik at det snarest etableres et tilbud om språkkartlegging ved fireårskontrollen ved alle landets helsestasjoner, og tilbud om oppfølging og tiltak der det påvises avvikende språkutvikling.

Forslag fra Høyre, Kristeleg Folkeparti og Venstre:

Forslag 7

Stortinget ber Regjeringen utrede spørsmålet om etableringen av en felles nordisk/skandinavisk TV-kanal på kulturområdet.

Forslag 8

Stortinget ber Regjeringa om å stadfeste at omorganiseringa og utvidinga av Språkrådet sine oppgåver skal evaluerast.

Forslag 9

Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein eigen handlingsplan for vitalisering av kvensk språk på alle nivå.

Forslag fra Kristelig Folkeparti og Venstre:

Forslag 10

Stortinget ber Regjeringa om å utarbeide ein prioritert handlingsplan for gjennomføring av tiltaka som er presenterte i St.meld. nr. 35 (2007–2008) snarast, og seinast i høve med Revidert nasjonalbudsjett for 2009.

Forslag 11

Stortinget ber Regjeringa om å fremje ei sak om at aksjeselskap som har vedtektsfesta tilhald i Noreg, skal påleggjast å leggje fram årsmeldingane sine på norsk.

Forslag fra Kristelig Folkeparti:

Forslag 12

Stortinget ber Regjeringa vurdere tiltak for auka bruk av nynorsk i dei riksdekkjande papir- og nettavisene.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til meldinga og til merknadene, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 35 (2007–2008) – Om mål og meining – ein heilskapleg norsk språkpolitikk – vert å leggje ved protokollen.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 25. mars 2009

May-Helen Molvær Grimstad

Trine Skei Grande

leiar

ordførar