Generalforsamlinga hausten 2008 (GF63) blei
i stor grad prega av dei mange globale krisene – matvarekrise, energikrise,
global oppvarming, og ikkje minst finanskrisa – som verdssamfunnet blei
råka av. I tillegg fekk presidentvalet i USA og – om enn i mindre
grad – sommarens krig i Georgia og Kosovo-spørsmålet på ulike vis
innverknad på forhandlingsprosessane og utfallet av generalforsamlinga.
FNs generalsekretær Ban Ki-moon blei sett på prøve
på alle desse områda. Mange medlemsland etterlyste sterkare leiarskap
og meinte at generalsekretæren burde ha reagert tidlegare, og på
eige initiativ teke fatt på dei utfordringane krisene førte til.
Bakgrunnen for dette er ei oppfatning om at FN, som einaste globale
organisasjon, burde ha spelt ei viktigare rolle.
President for Generalforsamlinga, tidlegare sandinistisk
utanriksminister i Nicaragua, Miguel D’Escoto Brockman, forsøkte
under slagordet "eit meir demokratisk FN" å styrkje rolla til Generalforsamlinga.
Initiativet fall i god jord hos det store fleirtalet av medlemslanda. Problemet
er at Generalforsamlinga manglar "verktøy" til faktisk å gjere noko,
bortsett frå å arrangere høgnivåmøte med avgrensa utfall. I tillegg
blei det i løpet av hausten klart at ein "aktivistisk" president
kan skape gnissingar og kompetansestrid med generalsekretæren. Denne utviklinga
blir oppfatta som lite fruktbar for organisasjonen.
I kjølvatnet av den internasjonale finanskrisa gjorde
FNs generalsekretær seg til talsmann for verdas fattige og tok til
orde for ein grøn økonomi. Men generalsekretæren kom seint på bana når
det gjaldt handteringa av krisa. Det gjorde at FN ikkje fekk noka
sentral rolle under G20-møtet i Washington, og at organisasjonen
ikkje er med i dei arbeidsgruppene som blei nedsette til å sjå nærmare
på handteringa av krisa. FN har heller ikkje klart å skape særleg
merksemd om det viktige arbeidet mot fattigdom, og mange medlemsland
har i løpet av hausten oppfordra organisasjonen til å ta på seg
ei meir aktiv rolle.
At generalsekretæren opptredde nølande, gav presidenten
for Generalforsamlinga større spelerom. Han utnemnde mellom anna
ein kommisjon som skal komme med tilrådingar om reform av det internasjonale
monetære og finansielle systemet.
FN-konferansen om finansiering for utvikling vedtok
i Doha i desember at det skal arrangerast ei FN-konferanse om finanskrisa,
den økonomiske krisa og korleis dei verkar inn på utvikling.
Saman med dei andre nordiske landa er Noreg
i dialog med FNs fond og program om korleis dei kan bidra til å
motverke dei konsekvensane finanskrisa kan få for dei fattigaste.
Sjølv om USA heldt fast ved sine tradisjonelle haldningar
under haustens Generalforsamling, medverka valet og utsiktene til
eit skifte i administrasjon til ein mindre spent atmosfære. Dessutan
skapte det forhåpningar om ein ny og meir konstruktiv amerikansk
FN-politikk. Ikkje minst gjeld det på klimaområdet.
Diskusjonane rundt resolusjonane om miljø og klima
under Generalforsamlinga bar preg av at det går føre seg forhandlingsprosessar
på andre arenaer. Det er utbreidd frykt for at ei semje om tekstar
i FN vil verke bindande på forhandlinga om ein ny internasjonal
klimaavtale i København. G77 vegrar seg mot ein tekst der det blir antyda
at også desse landa må ta ansvar når det gjeld å kutte i utsleppa
av klimagassar. Så langt har desse kunna skuve USA og andre store
forureinarar framfor seg. Derfor er det avgjerande kva som blir
den nye klimapolitikken til USA.
Klimaspørsmål og førebuingane til København-toppmøtet
er blant hovudprioriteringane til generalsekretæren i året som kjem.
Før Generalforsamlinga var det spekulert i korleis
forholdet til Russland og tendensane til ein ny kald krig ville
gjere seg gjeldande i FN. Utslaga blei mindre enn venta. Sjølv om
spenninga var der, var ikkje Russland dramatisk meir sjølvhevdande
i prosessane i Generalforsamlinga enn før.
Russarane kunne dessutan innkassere ein liten siger
når det gjaldt Kosovo-spørsmålet. Generalforsamlinga var splitta,
men bad likevel Den internasjonale domstolen i Haag om ein rådgivande
uttale om kor vidt Kosovos sjølvstendeerklæringa var lovleg. Stort
sett gjekk skiljelinja mellom dei som hadde anerkjent Kosovo som
sjølvstendig stat, og dei som ikkje hadde det. Noreg, saman med
blant andre Island, røysta for vedtaket. Haldninga blei grunngitt med
behovet for å bidra til stabilitet i regionen og omsynet til fredeleg
tvisteløysing.
Stillstanden i reformarbeidet som prega fjoråret, er
avløyst av forsiktig framdrift og optimisme. FN er godt i gang med
å gjennomføre anbefalingane til reformpanelet om å levere betre
gjennom ei samordning av bistandsverksemda på landnivå. Ein handlingsplan
for harmonisering av økonomiregelverk og administrative rutinar for
FN-systemet er i ferd med å bli sett i verk, og mellomstatlege forhandlingar
er i gang.
Ved valet av fem nye medlemmer til Tryggingsrådet
fekk Island berre 87 stemmer og tapte mot Tyrkia og Austerrike.
Det kan vere ein indikasjon på at desse vala er i ferd med å bli
meir ubereknelege, og dessutan at små land har fått mindre sjansar
til å bli valde.
I spørsmålet om reform av Tryggingsrådet er frontane
framleis steile, og det har ikkje vore råd å komme vidare med spørsmålet
i Generalforsamlinga. Trass i semje om å starte mellomstatlege forhandlingar
i plenum i første del av 2009 er det få som ventar ei løysing i
løpet av året.
Toppmøta om Afrika og tusenårsmåla sette sitt preg
på Generalforsamlinga i opningsveka. Gjennom høgt profilerte initiativ,
med statsministeren i spissen, styrkte Noreg si stilling som ein framtredande
helse- og klimanasjon. Den norske innsatsen for å styrkje helsetenestene
og få ned mødre- og barnedødstala fekk brei merksemd, likeins støtta
til FN-arbeidet mot avskoging og global oppvarming.
Med utspring i utanriksministerens initiativ
til Oslo-erklæringa om "Global helse og utanrikspolitikk" frå 2007
fekk Noreg gjennomslag for å setje temaet på saklista i FN. Dette
er første gongen eit slikt overgripande helsetema blir teke opp
til behandling i Generalforsamlinga.
Eit anna initiativ Noreg fekk gjennomslag for under
haustens Generalforsamling, var arbeidet med fattiges tilgang til
lov og rett. Noreg var pådrivar for kommisjonen som la fram sin
rapport om temaet i juni 2008. Vedtaket i Generalforsamlinga kan
på sikt styrkje FN i arbeidet med å gjere det mogeleg for fattige
å registrere eigen eigedom og skaffe kreditt, slik at dei på den
måten kan komme seg ut av fattigdommen. Resolusjonen blei forhandla
fram i allianse med sentrale utviklingsland.
Det er brei semje om at FN må styrkje kvinne-
og likestillingsarbeidet, og i 2009 skal forhandlingane om ny likestillingsarkitektur
ta til. Dette er eit viktig skritt i retning av eit meir relevant,
effektivt og resultatorientert FN. Noreg spelar ei sentral rolle
i desse prosessane gjennom eit tett nordisk samarbeid og strategiske
alliansar med utvalde utviklingsland.
Eit sterkt norsk engasjement i Doha-prosessen gav
god utteljing for norske prioriteringar i erklæringa om finansiering
for utvikling. Styrking av kvinners stilling som effektivt middel
til å auke ressursane til utvikling blei stadfest i slutterklæringa.
I Doha-erklæringa ble det òg påpeikt at tiltak
for å hindre skatteunndraging og ulovleg kapitalflyt er viktig i
kampen mot fattigdommen. På same måten som Monterrey-konsensen styrkte
erklæringa FNs rolle som den sentrale arenaen for å utvikle globale
mål og normer i utviklingspolitikken.
Medlemslanda er framleis ikkje samde om kvar og
korleis migrasjon skal behandlast i FN. Eit kompromiss om å arrangere
ein ny høgnivådialog i 2013, som sikrar at migrasjon og utvikling blir
debattert i FN-samanheng, må likevel reknast som eit skritt i rett
retning.
Ein sentral del av FN-reforma var opprettinga
av Fredsbyggingskommisjonen i 2006. Gjennom tungt norsk engasjement
i etableringsfasen har kommisjonen vist seg relevant både når det
gjeld å vurdere fredsbyggingsbehovet i enkeltland og strategisk
finansiering til ei rekkje land. Samtidig står ei rekkje utfordringar
uløyste, ikkje minst når det gjeld å sikre at FN-systemet, internasjonale
finansinstitusjonar og eksterne aktørar opptrer samordna, raskt
og strategisk i tilnærminga til fredsbyggingsarbeidet.
Under opninga av Generalforsamlinga leidde utanriksminister
Jonas Gahr Støre det første Trygve Lie-symposiet om grunnleggjande
fridommar. Symposiet skal vere eit årleg norsk innslag, og i år
var temaet "The State of Freedom of Expression: Access to Information
as a Driver of Social Development". Blant paneldeltakarane var utanriksministrane
i Indonesia, Sør-Afrika og Sverige.
For første gong blei det halde eit tverregionalt innlegg
i Generalforsamlinga om rettane til lesbiske, homofile, bifile og
transpersonar. I alt 66 land, deriblant seks afrikanske, samla seg
bak innlegget, som stadfesta at universalitet og ikkje-diskriminering
er prinsipp som gjeld alle grupper, også dei med utgangspunkt i
seksuell orientering. Noreg var med i kjernegruppa som fremja initiativet.
I samarbeid med Tanzania la Noreg fram ein resolusjon
om å setje den nye ILO-erklæringa "Social Justice for a Fair Globalisation"
på saklista i FN. Resolusjonen blei vedteken ved konsens og var
eit viktig prinsipielt gjennombrot for arbeidstakarrettar ("Decent
Work") i FN-systemet.
Noreg er pådrivar for å styrkje FNs humanitære rolle,
både gjennom aktivitet og solide bidrag. Dette kom klart fram under
årets høgnivåkonferanse om CERF (Central Emergency Response Fund),
der Noreg er fjerde største givar og åleine står for ca. 10 prosent
av fondet for 2009 (42 av drygt 400 mill. US-dollar).
Noreg har arbeidd aktivt og langt på veg fått gjennomslag
for ei betrakteleg styrking av FN-operasjonen i Afghanistan (UNAMA).
Budsjettet for 2009 vart dobla i høve til året før. Det inneber
115 nye internasjonale stillingar. Styrking av UNAMA-budsjettet
blei gitt prioritet i arbeidet i 5. komité for å støtte opp under
arbeidet til Kai Eide, som er spesialrepresentant for generalsekretæren
i Afghanistan.
I år òg var den norske delegasjonen aktivt med
i forhandlingane om havretts- og fiskerispørsmål. Når det gjeld
fiskerispørsmål, meiner Regjeringa det er god grunn til å vere nøgd
med resultata, særleg med omtalen av utkast av fisk.
Generelt kan det seiast at strategiske alliansar med
sentrale utviklingsland og eit tett nordisk samarbeid har gitt stor
utteljing når det gjeld å få gjennomslag for norske prioriteringar
i FN-samanheng.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg
og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund, Siv
Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Siri A. Meling og Erna Solberg,
fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot Valle, fra Kristelig Folkeparti,
Dagfinn Høybråten, fra Senterpartiet, Åslaug Haga, og fra Venstre,
Anne Margrethe Larsen, viser til komiteens tidligere understrekninger
av at Norges utenrikspolitiske interesser er tjent med forpliktende
internasjonalt samarbeid innenfor FN. FN er den viktigste arenaen
verdenssamfunnet har for å finne felles løsninger på de felles utfordringer
vi står overfor.
Komiteen har merket seg at Generalforsamlingen
høsten 2008 (GF63) i stor grad ble preget av krisene av globalt
omfang. Globale kriser som matvarekrise, energikrise, klimakrise
og finanskrise har på mange måter truffet samtidig, og har til dels
virket gjensidig forsterkende på hverandre. Komiteen ser
disse krisene som de største utfordringene for FNs generalsekretær Ban
Ki-moon, og det er etter komiteens mening viktig
at FN går inn i disse utfordringene av globalt omfang, og at FN
utviser det lederskap som mange ønsker at FN skal ha.
Komiteen registrerer at FNs generalsekretær gjorde
seg til talsmann for verdens fattige og tok til orde for en grønn
økonomi. Komiteen registrerer at FN til tross for
dette ikke fikk en sentral rolle under G20-møtet i Washington som
omhandlet håndteringen av finanskrisen, og mener noe av dette nok
kan skyldes at FN kom for sent med sine utspill, og som igjen hadde
som konsekvens at FN heller ikke har en rolle i de arbeidsgruppene
som ble nedsatt på G20-møtet.
Av diskusjonene under Generalforsamlingen finner komiteen grunn
til å merke seg noen utviklingstrekk. Komiteen noterer
at det foregår forhandlinger om klimareduserende tiltak flere steder
parallelt, og at det derfor er tendenser til politisk motstand i
ulike medlemsland mot at tekster vedtatt i FN skal virke bindende. Komiteen merker
seg at noe av denne motstanden skyldes frykt mot at det skal legge
bindinger på forhandlingene om en internasjonal klimaavtale i København. Komiteen merker seg
også at G77 vegrer seg mot tekster som tar opp det faktum at alle
land, inkludert de som forurenser mest, må ta et ansvar for å kutte
utslippene av klimagasser.
Komiteen har merket seg at Norge
har markert seg på områder som klima og helse, der mellom annet
de norske initiativene for å få ned dødstallene blant mødre og barn,
og for å hindre avskoging, fikk stor oppmerksomhet.
Komiteen har videre merket seg
at reformarbeidet i FN igjen er preget av forsiktig framdrift og
optimisme, og at FN er i gang med å gjennomføre rådene fra reformpanelet,
som i hovedsak handler om å levere bedre gjennom en samordning av
aktivitetene på landnivå.
Komiteen ønsker på dette punktet
å vise til at Kofi Annan la fram sitt første reforminitiativ i 1997.
Det har vært vanskelig å oppnå enighet om mange av forslagene, som
var utformet med tanke på å nå tusenårsmålene, men også å imøtekomme
økende kritikk mot FNs administrasjon.
Komiteen mener det er riktig
å reformere FN, og viser til at Norge har hatt et langvarig engasjement
for å reformere FN-systemet, noe som kommer til uttrykk gjennom
en egen stortingsmelding om FN-reformer (St.meld. nr. 43 (1996–1997))
og statsminister Stoltenbergs posisjon som leder av FNs reformpanel. Komiteen vil
igjen understreke at ett av hovedpoengene for Norge er at bedre
samordning mellom FN-institusjonene vil kunne frigjøre ressurser
til utviklingshjelp. Tilleggsargumenter for reform er at FN må endres
for å kunne tilpasses nye globale utfordringer, mellom annet klimatrusselen.
Komiteen støtter på dette grunnlag
et reformert og mer effektivt FN som vil gjøre det lettere å oppnå
resultater i avgjørende saker som internasjonal fred og sikkerhet,
nedrustning, klima, menneskerettigheter og fattigdomsbekjempelse.
Komiteen viser til Norges kandidatur
til FNs menneskerettighetsråd i 2009 er blitt støttet og at Norge
i skrivende stund er tatt opp som medlem i rådet. Komiteen viser
til komitémerknadene i Innst. S. nr. 271 (2007–2008), jf. St.meld.
nr. 20 (2007–2008), der komiteen skriver:
"Dersom Norge vinner plass i Rådet, mener komiteen
at medlemskapet må benyttes for å eksponere og påtale menneskerettighetsbrudd uansett
hvor de skjer."
Komiteen merker seg at Norges
krav overfor FNs kontinentalsokkelkommisjon har ført fram, og at
Norge i hovedsak har fått gjennomslag for de norske kravene som
var fremmet for FNs kontinentalsokkelkommisjon med tanke på kontinentalsokkelen
rundt Svalbard.
Komiteen har merket seg det arbeid
som foregår i FNs komiteer generelt, og de initiativ Norge tar spesielt.
Når det gjelder arbeidet i komiteene, vil komiteen fremheve
arbeidet i 4. komité og slutte seg til en politikk for fredsoperasjoner
med større samsvar mellom mandat og ressurser, og for bedre samarbeid
mellom bidrag fra ulike nasjoner og vil slutte opp om nulltoleranse
for seksuelle overgrep. Som en kommentar til arbeidet i 5. komité,
vil komiteen slutte seg til den pakken med tilleggsbudsjett
for 2009 som mellom annet styrker FN-operasjonene i Afghanistan
(UNAMA).
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
St.meld. nr. 32 (2008–2009) – om Noregs deltaking
i den 63. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)
og vidareførte sesjonar av den 62. generalforsamlinga i FN – vedlegges
protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 26. mai 2009
Olav Akselsen |
Anette Trettebergstuen |
leder |
ordfører |