I dokumentet vert dette framlegget fremja:
"Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte
lovendringar for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål
valfri for heile grunnopplæringa."
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren
og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn
og Åse Michaelsen, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen
Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Lena Jensen,
frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger
S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til representantforslaget.
Komiteen viser til Dokument nr.
8:29 (2007–2008) og Innst. S. nr. 119 (2007–2008) om eit tilsvarande
forslag, der fleirtalet meinte dette:
"Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå
Framstegspartiet og Høgre, viser til at obligatorisk undervisning
i sidemål har lange tradisjonar i norsk skole, og at endringar i
lovverket som gjer at sidemålsundervisninga i skolen blir valfri, vil
føre med seg ei monaleg endring av den norske språkpolitikken.
Fleirtalet
meiner sidemålet har ein naturleg plass så vel i grunnskolen som
i den vidaregåande skolen. Undervisninga i sidemål er ein viktig
del av skolen si formidling av den nasjonale kulturarven, og kjennskap
til og bruk av begge skriftformene er ei vinning for det norske
språket.
Fleirtalet viser til at det for ei rekkje
stillingar gjeld eit krav om å meistre båe målformer, mellom anna
innafor skoleverket og kommune-/statsadministrasjonen. Fleirtalet
har merka seg at det i framlegget vert vist til Norsk språkråd som
i ei høyringsfråsegn peika på at:
"Statsinstitusjonane
har vanskeleg for å etterleve mållova, og mange av dei grunngjev
dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg."
Fleirtalet
meiner i den samanhengen at det er behov for å sjå nærare på om
sidemålsopplæringa, og da særskilt nynorsk, bør styrkast. Fleirtalet ber
Regjeringa syte for at dei språkpolitiske målsettingane om jamstelling
av dei to målformene våre vert tekne i vare i utdanningssystemet."
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre viser til at Noreg har tre skriftspråk; samisk
og norsk, med språkvariantane bokmål og nynorsk. Bokmål er den dominerande
målforma i Noreg, og blir i dag nytta i skriving av 85–90 prosent
av alle nordmenn. Norskfaget i opplæringa har dei siste 10–15 åra vore
under ordskifte og endring. Vi lever i alt høgare grad i eit fleirkulturelt
samfunn, og i same periode har både nasjonale og internasjonale
studiar peika på behovet for å betre lese- og skriveopplæringa i
norsk skole. Ordskiftet om norskfaget har vore prega av den særnorske
situasjonen med to målformer og opplæring i eit sidemål i tillegg
til hovudmålet. Nynorsk har blitt særleg diskutert fordi ein har
sett situasjonen til denne målforma som problematisk.
Desse medlemene viser til at
det er identitet knytt til målform, og språkspørsmål vekkjer derfor
kjensler. Språk dreier seg om kultur, kulturelt mangfald og respekt
for kvar sin språkidentitet. Ei innføring av valfri skriftleg sidemålsopplæring
er sjølvsagt ikkje synonymt med fritak i opplæring i sidemålet.
Ein slik valfridom må etter desse medlemene si meining
kombinerast med styrka opplæring i norsk språkhistorie og litteratur
i sidemålet, samtidig som det skal frigjere tid til betre opplæring
i hovudmålet. Tida er overmoden for at vi konsentrerar tid og krefter på
at alle skal bli betre i hovudmålet, og derfor ønskjer desse
medlemene at den skriftlege delen av sidemålet skal gjerast
valfri. Det språkpolitiske slaget i tida framover vil i alle høve ikkje
stå mellom bokmål og nynorsk, men mellom norsk og den massive engelskspråklege påverknaden.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet meiner
det har liten nytteverknad å ha krav til undervisning og eksamen
i to nesten like språk. Desse medlemene viser til
at norske elevar har låg fagleg kompetanse i lesing, og meiner det
kan henge saman med kravet til undervisning og eksamen i to nesten
like skriftspråk.
Desse medlemene meiner, til skilnad
frå komitéfleirtalet, at det i praksis er særs få stillingar der
det er vert kravd å ha fullgod kompetanse i båe målformene. Desse
medlemene meiner målformene er så like at det er unaturleg
å krevje særskild kompetanse i båe målformene ved tilsetjing i offentlege
administrative stillingar.
Desse medlemene legg merke til
at alle parti jamt snakkar om kor viktig det er å prioritere auka
innsats for å sikre elevane sine basisdugleikar. Samstundes er fleirtalet
sjeldan viljug til å syne konkret handling. Desse medlemene har
registrert at fleire er komne til den sannkjenninga at sidemålskravet
har spela ut si rolle og bør skiftast ut med eit fokus på lesedugleikar.
Desse medlemene vil vise til
at Elevorganisasjonen i haust også kravde valfritt sidemål. Til VG
22. oktober 2008 seier leiaren av Elevorganisasjonen, Håvard Vederhus:
"Elevene må få velge selv om de ønsker å ha sidemål eller ikkje".
Språkprofessor Finn Erik Vinje gjev òg full støtte
til eit slikt syn, og seier mellom anna til NRK at han meiner den
skriftlege undervisninga i sidemål er overmogen for utskifting:
"Den har snart eksistert i 100 år og har utspilt
sin rolle. Det ligger noe nesten naturstridig i at man skal uttrykke
sine tanker, stemninger og meninger på to variantar av norsk skriftspråk,
som i tillegg er til forveksling like."
Desse medlemene meiner at dette
syner at det ikkje finst store faglege argument for å ha obligatorisk
undervisning i sidemål, men at ein tvert om kan ha mykje å hente
på å gjere ho valfri slik at dei som verkeleg ynskjer å lære sidemål,
får gjere det på ein skikkeleg måte.
Desse medlemene sannkjenner at
språkdebatten har ein tendens til å skape motsetnader, og er kjende
med at statsminister Wollert Konow gjekk av som statsminister i
1912, mellom anna på grunn av sitt syn på nynorsken. Men desse medlemene hadde
håpa at tilnærminga til språkdebatten hadde endra seg noko sidan
den gongen.
Desse medlemene vil presisere
at føremålet med forslaget ikkje er å øydelegge for ein av språkformene,
men gjere tilveret for elevane betre og enklare ved at dei får eitt
skriftspråk å halde seg til. Om det er bokmål eller nynorsk, vil vere
opp til den einskilde lærestaden og den einskilde eleven å definere.
Desse medlemene registrerer at
det frå einskilde hald vert gjeve uttrykk for ei redsle for at nynorsk
vil verte borte og at verdien som nynorsk har hatt for Noreg, ikkje
minst i litteraturen, vil verte svekka dersom forslaget frå Framstegspartiet
vert vedteke. Desse medlemene meiner denne redsla
er totalt ugrunna og meiner det vil vere viktig å gje elevar, same
kva målform dei har, god kjennskap til norsk litteratur og litteraturhistorie.
I eit slikt bilete vil nynorsk spele ei av to hovudroller.
Forslag frå Framstegspartiet og Høgre:
Stortinget ber Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar
for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfri for
heile grunnopplæringa, og tilby dette som valfag. Munnleg sidemålsundervisning,
dialektlære og litteratur- og kulturkunnskap held fram å vere ein
del av den obligatoriske norskundervisninga.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjere slikt
vedtak:
Dokument nr. 8:96 (2008–2009) – representantforslag
frå stortingsrepresentantane Anders Anundsen og Jon Jæger Gåsvatn
om å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfrie –
vert ikkje vedteke.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 28. mai 2009
Ine Marie Eriksen Søreide |
Dagrun Eriksen |
leiar |
ordførar |