Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2)

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 334 (2008–2009)
  • Kildedok: St.prp. nr. 87 (2008–2009)
  • Dato: 10.06.2009
  • Utgiver: kirke-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Departementet ber i proposisjonen om Stortinget sitt samtykke til å auke kostnadsramma for nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2).

Stortinget vedtok våren 2005 løyving til byggjestart for eit nybygg for informatikkmiljøa ved Universitetet i Oslo (IFI2), jf. St.prp. nr. 65 og Innst. S. nr. 240 (2004–2005). Nybygget, som er venta ferdig i 3. kvartal 2010, vil samle informatikkmiljøet og betre datatryggleiken, arbeidstilhøva og produktiviteten på eit viktig område. Som følgje av prisutviklinga i byggjemarknaden vart kostnadsramma til prosjektet auka til 1 080 mill. kroner, jf. St.prp. nr. 90 (2006–2007) og Innst. S. nr. 17 (2007–2008). Det vart òg gjennomført fleire innsparingstiltak i prosjektet.

Departementet viser til at prosjektet no har ei kostnads- og styringsramme på 1 206 mill. kroner og 1 159,6 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009. Den økonomiske situasjonen for prosjektet er i dag krevjande. Departementet gjer i proposisjonen greie for departementet sin gjennomgang av prosjektet og vurderingane i samband med framlegget om ny kostnads- og styringsramme.

I St.prp. nr. 67 (2008–2009) om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet for 2009 er det gjort framlegg om å auke løyvinga til IF12 med 52,7 mill. kroner. Det vil ikkje vere naudsynt å auke løyvinga til prosjektet i 2009 ut over dette framlegget. Auka kostnadsramme vil føre til at løyvingane til prosjektet først vil auke i 2010.

Departementet gjer etter dette framlegg om å utvide kostnadsramma for IF12i til 1 357,5 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009. Styringsramma vil verte sett til 1 310,4 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse Michaelsen, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, har ikkje merknader til saka.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for nytt informatikkbygg ved Universitetet i Oslo (IFI2) vert auka med 151,5 mill. kroner til 1 357,5 mill. kroner i prisnivå pr. juli 2009.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 10. juni 2009

Ine Marie Eriksen Søreide

Anders Anundsen

leder

ordfører