Innstilling fra forsvarskomiteen om endringar i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap"

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2009.

1.2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på ei tilråding til lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio Stat. Det er òg teke omsyn til at låglønsgruppa i lønsramme 01, i samband med justeringsoppgjeret pr. 1. juli 2008, fekk ei særskilt justering frå lønstrinn 16 til lønstrinn 18, då lønsramme 01 vart fjerna og erstatta med lønsramme 02. Det er naturleg og rimelig at denne særskilte justeringa for låglønsgruppa, som er basis for soldatreguleringane, óg får verknad for regulering av soldatanes primærgodtgjerdsler. Forsvarsdepartementet foreslår difor at denne justeringa kjem i tillegg til justeringa på lønstrinn 18 på A-tabellen, og at samla justering får verknad frå 1. juli 2009.

Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette, blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 3,8 pst. frå 1. juli 2009.

Meirutgiftene for 2009 er utrekna til 15,919 mill. kroner.

1.3 Bakgrunn

I mange år har dei økonomiske ytingane til soldatane blitt regulert med basis i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til forsvarskomiteen, lagt lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft til grunn for reguleringa.

I samband med justeringsoppgjeret i staten pr. 1. juli 2008, blei lønsramme 01, som har vært basis for soldatreguleringane, fjerna og erstatta med lønsramme 02, der lågaste lønstrinn er 18. Låglønsgruppa fekk dermed eit opprykk frå lønstrinn 16 til lønstrinn 18. Då denne justeringa, som medfører ei regulering på 2,8 pst., ikkje kom med i fjorårets soldatproposisjon, vil Forsvarsdepartementet tilrå at den kjem i tillegg til justeringa i lønstrinn 18 på A-tabellen ved årets regulering.

Det tilrådde lønsoppgjeret for statstilsette i lønsramme 02, alternativ 1, tenesteansiennitet 0, gav som resultat ei auke med om lag 1,0 pst. med verknad frå 1. mai 2009. I tillegg kjem reguleringa på 2,8 pst. frå justeringsoppgjet pr. 1. juli 2008. Dette utgjer til saman ei regulering avrunda til 3,8 pst.

1.4 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i lønsoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det også i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på 3,8 pst. med verknad frå 1. juli 2009.

1.5 Regulering av satsane

Forslaget medfører følgjende regulering av satsane frå 1. juli 2009:

Tenestetillegg frå kr 140,00

til kr 145,00 pr. dag

Tenestetillegg, HV- innsatsstyrke frå kr 751

til kr 780,00 pr. dag

Operativt (§ 13-oppdrag) tillegg frå kr 1 073

til kr 1 114,00 pr. dag

Korporalstillegg frå kr 17,70

til kr 18,40 pr. dag

Kompensasjonstillegg frå kr 275,00

til kr 285,00 pr. dag

Ektefelletillegg frå kr 3 750,00

til kr 3 891,00 pr. månad

Barnetillegg, første barn frå kr 4 260,00

til kr 4 422,00 pr. månad

Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 755,00

til kr 1 821,00 pr. månad

Dimisjonsgodtgjersle, 12 månader teneste frå kr 26 850

til kr 27 870

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 52,00 pr. dag

til kr 54,00 pr. dag.

1.6 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene som følgje av forslaget er utrekna til 15,919 mill. kroner for 2009 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

8,392 mill. kroner

Auke av tenestetillegg for HV-innsatsstyrke og operativt tillegg (§ 13-oppdrag)

0,309 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,125 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0,434 mill. kroner

Auke av dimsjonsgodtgjersle

6,441 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus

0,218 mill. kroner

1.7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringane får same verknad for dei sivile vernepliktige som for militære vernepliktige mannskap. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2009 er utrekna til 768 000 kroner. Heilårseffekten er utrekna til 1,135 mill. kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Jan Fredrik Vogt, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, slutter seg til proposisjonen uten merknader.

3. Komiteens tilråding

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I statsbudsjettet for 2009 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, blir auka med

768 000

frå kr 77 046 000 til kr 77 814 000

1719

1

Fellesutgifter og tilskudd til foretak under Forsvarsdepartementet

Driftsutgifter, blir auka med

35 000

frå kr 387 521 000 til kr 387 556 000

1720

Felles ledelse og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

99 000

frå kr 1 917 920 000 til kr 1 918 019 000

1725

Fellesinstitusjoner og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, blir auka med

602 000

frå kr 2 393 548 000 til kr 2 394 150 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

7 555 000

frå kr 4 275 893 000 til kr 4 283 448 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 986 000

frå kr 3 093 100 000 til kr 3 095 086 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 501 000

frå kr 3 711 208 000 til kr 3 712 709 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 455 000

frå kr 1 009 790 000 til kr 1 011 245 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 128 000

frå kr 2 938 011 000 til kr 2 940 139 000

1790

Kystvakten

1

Driftsutgifter, blir auka med

549 000

frå kr 889 104 000 til kr 889 653 000

1792

Norske styrker i utlandet

1

Driftsutgifter, blir auka med

3 000

frå kr 1 042 542 000 til kr 1 042 545 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, blir auka med

6 000

Frå kr 273 709 000 til kr 273 715 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 15. juni 2009

Jan Petersen

Per Roar Bredvold

leder

ordfører