1. Samandrag

1.1 Innleiing

Justis- og politidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2009. Endringsforslaga på nokre av dei regelbundne postane er m.a. baserte på rekneskapstal per 31. august 2009. Departementet understrekar at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Som følgje av forsinka etablering av Utmarksdomstolen for Finnmark er det mogleg å frigjere midlar under kap. 410 post 1 til finansiering av Statsbygg sitt arbeid med planar for landsvern for eigedomane som blir nytta av domstolane over kap. 400 post 1. På denne bakgrunn vert det foreslått å omdisponere 1,1 mill. kroner frå kap. 410 post 1 til kap. 400 post 1.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer faste og variable lønsutgifter samt lønsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar og andre ordinære driftsutgifter.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 1 med 1,1 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 4,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430 post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Ettersom inntekter frå husleige, sal og tilskot i 2009 er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 6,8 mill. kroner.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2009 er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 0,4 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 11,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 430 post 1

Posten omfattar utgifter arbeidsdrifta har til materiale, vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta mot hjelpemiddel brukt i arbeidsdrifta samt vedlikehald og drift av maskinparken. Arbeidspengar til dei innsette inngår også i løyvinga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 2. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 21 med 5,1 mill. kroner.

Meirutgiftene i samband med arbeidsdrifta under kap. 430 post 21 er venta å bli lågare enn meirinntekta under kap. 3430 post 2. Det vert derfor foreslått å omdisponere 4,2 mill. kroner frå kap. 430 post 21 til kap. 430 post 1.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 21 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 2. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 2 med 5,1 mill. kroner.

Post 3 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekkjer m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Inntektene frå sal og tilskot som vert ført under posten er venta å bli 6,8 mill. kroner høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 3 med 6,8 mill. kroner.

Post 4 Tilskot

Løyvinga dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 4 med 0,4 mill. kroner.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1

Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).

Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gje reduserte utgifter på til saman 8,6 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 8,6 mill. kroner.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 50 mill. kroner.

Konsekvensar av EUs avgjerd om Schengen informasjonssystem (SIS II)

EU har vedteke å gje høgare prioritet til prosjektet, og medlemslanda har forplikta seg til å utvikle/sluttføre sine nasjonale Schengen informasjonssystem. Medlemslanda skal også gjennomføre ulike testaktivitetar i samarbeid med EU-kommisjonen mot det sentrale SIS II.

EU-avgjerda har vesentlege konsekvensar for det norske SIS II-prosjektet. Aktivitetsnivået må aukast andre halvår 2009 for å kunne møte dei internasjonale pliktene opp mot EU. Auka aktivitet medfører i hovudsak behov for å ta inn fleire eksterne konsulentar med spisskompetanse i prosjektet, og kostnadene stig vesentleg som følgje av dette. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 10 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 51,4 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Posten dekkjer sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 23 med 10 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til EUs yttergrensefond

Det er no klart at Noreg sitt tilskot til EUs yttergrensefond for 2009 ikkje vil bli krevd inn før i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 73 med 47 mill. kroner i 2009.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Gebyr – pass og våpen

Posten dekkjer inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar. Posten dekkjer også gebyr for Oslo politidistrikt.

Det vert vist til omtale under kap. 440 post 1 om redusert passproduksjon.

Post 3 Salsinntekter

På posten vert det rekneskapsført inntekter frå innbytte og sal av utskifta køyretøy m.m.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å løyve 50 mill. kroner under kap. 3440 post 3.

Post 6 Gebyr – utlendingssaker

Posten dekkjer gebyr i samband med statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busettings- og utdanningsløyver.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 6 med 10,9 mill. kroner.

Post 7 Gebyr – Sivile gjeremål

Posten skal dekkje gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 7 med 85 mill. kroner.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 1 Driftsutgifter

Posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter i Oslo politidistrikt.

Som følgje av mindre aktivitet knytta til politioppdrag som gjev refusjonar, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 5 mill. kroner.

Vidare vert det på bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslått å auke løyvinga under kap. 441 post 1 med 1,5 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 3,5 mill. kroner.

Kap. 3441 Oslo politidistrikt

Post 2 Refusjonar

Posten gjeld i hovudsak refusjonar av utgifter for politioppdrag som einingane i politidistriktet har utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskilt heimel.

Inntektsmålet for posten ligg noko høgt, og hittil i år er det rekneskapsført lite på posten i høve til tidlegare år. Dette har samanheng med politikonflikten som fann stad i første halvår 2009, der polititilsette tok på seg færre privatbetalte oppdrag. Aktiviteten vil truleg ta seg opp dei siste månadene av året. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3441 post 2 med 5 mill. kroner.

Post 5 Personalbarnehage

Posten omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3441 post 5 med 1,5 mill. kroner.

Kap. 3451 Samfunnssikkerhet og beredskap

Post 1 Gebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå avgifter til dekning av utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd.

Avgiftsinnbetalingane er venta å bli lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3451 post 1 med 3,9 mill. kroner.

Kap. 3462 Tinglysing

Post 1 Gebyrinntekter, burettsregister

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå registreringar av rettar i burettsdelar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3462 post 1 med 6 mill. kroner.

Post 2 Gebyrinntekter, fast eigedom

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå tinglysing i fast eigedom ved Statens kartverk.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3462 post 2 med 20 mill. kroner.

Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as

Post 85 Utbytte

Gjeldande løyving under posten i 2009 er 8,7 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2009 vart det vedteke eit utbytte på 10,728 mill. kroner for rekneskapsåret 2008. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630 post 85 med 2,028 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 0,5 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal gå til å dekkje utgifter til advokat i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 70 med 30 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 1 Tilkjende saksomkostningar m.m.

Saksomkostningar tilkjent staten i benefiserte saker blir førte under posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3470 post 1 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving

Etter straffeprosesslova har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreisning etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkomande blir frifunne, forfølginga mot vedkomande blir innstilt, eller vedkomande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471 post 72 med 4 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 472 post 70 med 21 mill. kroner.

Kap. 475 Bubehandling

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 475. post 1 med 10 mill. kroner.