Innstilling frå justiskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2009 under Justis- og politidepartementet

Innhold

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Justis- og politidepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2009. Endringsforslaga på nokre av dei regelbundne postane er m.a. baserte på rekneskapstal per 31. august 2009. Departementet understrekar at tala for forbruk på dei regelbundne postane berre er prognosar, og at dei endelege rekneskapstala kan avvike ein del frå desse prognosane.

1.2 Forslag om endringar

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Som følgje av forsinka etablering av Utmarksdomstolen for Finnmark er det mogleg å frigjere midlar under kap. 410 post 1 til finansiering av Statsbygg sitt arbeid med planar for landsvern for eigedomane som blir nytta av domstolane over kap. 400 post 1. På denne bakgrunn vert det foreslått å omdisponere 1,1 mill. kroner frå kap. 410 post 1 til kap. 400 post 1.

Kap. 410 Tingrettane og lagmannsrettane

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer faste og variable lønsutgifter samt lønsutgifter til tilkalla og ekstraordinære dommarar og andre ordinære driftsutgifter.

Det vert foreslått å redusere løyvinga under kap. 410 post 1 med 1,1 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Det vert foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 4,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430 post 21.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Ettersom inntekter frå husleige, sal og tilskot i 2009 er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 6,8 mill. kroner.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Som følgje av at tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid i 2009 er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 0,4 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 med 11,4 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 430 post 1

Posten omfattar utgifter arbeidsdrifta har til materiale, vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr, kursing av tilsette retta mot hjelpemiddel brukt i arbeidsdrifta samt vedlikehald og drift av maskinparken. Arbeidspengar til dei innsette inngår også i løyvinga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 2. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga for 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 21 med 5,1 mill. kroner.

Meirutgiftene i samband med arbeidsdrifta under kap. 430 post 21 er venta å bli lågare enn meirinntekta under kap. 3430 post 2. Det vert derfor foreslått å omdisponere 4,2 mill. kroner frå kap. 430 post 21 til kap. 430 post 1.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 21 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå sal av arbeidsdrifta sin produksjon.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 2. Inntektene som vert ført under posten er venta å bli høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 2 med 5,1 mill. kroner.

Post 3 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekkjer m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Inntektene frå sal og tilskot som vert ført under posten er venta å bli 6,8 mill. kroner høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. Det vert derfor foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 3 med 6,8 mill. kroner.

Post 4 Tilskot

Løyvinga dekkjer tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. Ettersom tilskot frå Utanriksdepartementet til internasjonalt fengselssamarbeid er høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009 vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3430 post 4 med 0,4 mill. kroner.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1

Løyvinga dekkjer alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskolen).

Det er venta ein nedgang i talet på produserte pass. Dette vil gje reduserte utgifter på til saman 8,6 mill. kroner. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 1 med 8,6 mill. kroner.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 50 mill. kroner.

Konsekvensar av EUs avgjerd om Schengen informasjonssystem (SIS II)

EU har vedteke å gje høgare prioritet til prosjektet, og medlemslanda har forplikta seg til å utvikle/sluttføre sine nasjonale Schengen informasjonssystem. Medlemslanda skal også gjennomføre ulike testaktivitetar i samarbeid med EU-kommisjonen mot det sentrale SIS II.

EU-avgjerda har vesentlege konsekvensar for det norske SIS II-prosjektet. Aktivitetsnivået må aukast andre halvår 2009 for å kunne møte dei internasjonale pliktene opp mot EU. Auka aktivitet medfører i hovudsak behov for å ta inn fleire eksterne konsulentar med spisskompetanse i prosjektet, og kostnadene stig vesentleg som følgje av dette. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 10 mill. kroner.

Oppsummering

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 51,4 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Posten dekkjer sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla.

På bakgrunn av rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 23 med 10 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til EUs yttergrensefond

Det er no klart at Noreg sitt tilskot til EUs yttergrensefond for 2009 ikkje vil bli krevd inn før i 2010. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 440 post 73 med 47 mill. kroner i 2009.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Gebyr – pass og våpen

Posten dekkjer inntekter frå behandlingsgebyr for pass og våpenløyvingar. Posten dekkjer også gebyr for Oslo politidistrikt.

Det vert vist til omtale under kap. 440 post 1 om redusert passproduksjon.

Post 3 Salsinntekter

På posten vert det rekneskapsført inntekter frå innbytte og sal av utskifta køyretøy m.m.

Med bakgrunn i kravet om realistisk budsjettering vert det foreslått å løyve 50 mill. kroner under kap. 3440 post 3.

Post 6 Gebyr – utlendingssaker

Posten dekkjer gebyr i samband med statsborgarskap, familieinnvandring og arbeids-, busettings- og utdanningsløyver.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 6 med 10,9 mill. kroner.

Post 7 Gebyr – Sivile gjeremål

Posten skal dekkje gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretningar og forliksrådsbehandling.

På bakgrunn av erfaringstal, rekneskapstal hittil i år og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 7 med 85 mill. kroner.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 1 Driftsutgifter

Posten dekkjer alle ordinære driftsutgifter i Oslo politidistrikt.

Som følgje av mindre aktivitet knytta til politioppdrag som gjev refusjonar, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 5 mill. kroner.

Vidare vert det på bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling foreslått å auke løyvinga under kap. 441 post 1 med 1,5 mill. kroner.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 441 post 1 med 3,5 mill. kroner.

Kap. 3441 Oslo politidistrikt

Post 2 Refusjonar

Posten gjeld i hovudsak refusjonar av utgifter for politioppdrag som einingane i politidistriktet har utført for organisasjonar, lag, entreprenørar og offentlege etatar i samsvar med særskilt heimel.

Inntektsmålet for posten ligg noko høgt, og hittil i år er det rekneskapsført lite på posten i høve til tidlegare år. Dette har samanheng med politikonflikten som fann stad i første halvår 2009, der polititilsette tok på seg færre privatbetalte oppdrag. Aktiviteten vil truleg ta seg opp dei siste månadene av året. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3441 post 2 med 5 mill. kroner.

Post 5 Personalbarnehage

Posten omfattar foreldreinnbetaling og statstilskot til personalbarnehage.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3441 post 5 med 1,5 mill. kroner.

Kap. 3451 Samfunnssikkerhet og beredskap

Post 1 Gebyr

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå avgifter til dekning av utgifter for tilsyn retta mot risikofylt verksemd.

Avgiftsinnbetalingane er venta å bli lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2009. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3451 post 1 med 3,9 mill. kroner.

Kap. 3462 Tinglysing

Post 1 Gebyrinntekter, burettsregister

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå registreringar av rettar i burettsdelar.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3462 post 1 med 6 mill. kroner.

Post 2 Gebyrinntekter, fast eigedom

Løyvinga på posten dekkjer inntekter frå tinglysing i fast eigedom ved Statens kartverk.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3462 post 2 med 20 mill. kroner.

Kap. 5630 Aksjar i Norsk Eigedomsinformasjon as

Post 85 Utbytte

Gjeldande løyving under posten i 2009 er 8,7 mill. kroner. På generalforsamlinga til Norsk Eigedomsinformasjon as våren 2009 vart det vedteke eit utbytte på 10,728 mill. kroner for rekneskapsåret 2008. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 5630 post 85 med 2,028 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 0,5 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal gå til å dekkje utgifter til advokat i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 70 med 30 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 1 Tilkjende saksomkostningar m.m.

Saksomkostningar tilkjent staten i benefiserte saker blir førte under posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3470 post 1 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 72 Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving

Etter straffeprosesslova har ein sikta rett til erstatning for økonomisk tap og til oppreisning etter faste satsar for krenking eller anna skade av ikkje-økonomisk art dersom vedkomande blir frifunne, forfølginga mot vedkomande blir innstilt, eller vedkomande har vore pågripen eller fengsla i strid med sentrale menneskerettskonvensjonar. Løyvinga på posten er regelstyrt.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 471 post 72 med 4 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagebehandlinga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 472 post 70 med 21 mill. kroner.

Kap. 475 Bubehandling

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekkjer dei regelstyrte utgiftene til staten i samband med behandlinga av saker om tvangsoppløysing av aksjeselskap og saker om konkurs etter konkurslova § 73.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 475. post 1 med 10 mill. kroner.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, Sigvald Oppebøen Hansen, Stine Renate Håheim, Thor Lillehovde og Tove-Lise Torve, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Morten Ørsal Johansen, leiaren Per Sandberg og Tor Sigbjørn Utsogn, frå Høgre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, frå Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og frå Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til at inntektene fra arbeidsdriften i kriminalomsorgen ligger an til å bli høyere enn forventet, og at merinntektene trolig vil overstige merkostnadene. Komiteen vil understreke at den anser det som positivt at arbeidsdriften genererer inntekter, og vil oppfordre kriminalomsorgen til å vektlegge dette også i det videre arbeidet med arbeidsdriften og de som jobber der.

Komiteen merker seg at det fremmes forslag om å øke bevilgningen til politiet med 50 mill. kroner, begrunnet i at det tidligere fremlagte budsjettet ikke inneholder realistiske anslag for inntekter fra salg og innbytte av kjøretøy og lignende som skiftes ut. Komiteen ser positivt på at tilsvarende oppjustering er foreslått i statsbudsjettet for 2010.

Komiteen merker seg at økt aktivitetsnivå i SIS II-prosjektet også medfører økte kostnader, særlig til eksterne konsulenter med særlig spisskompetanse. Komiteen ser det som gunstig at det i justissektoren generelt, og i dette prosjektet spesielt, blir benyttet spisskompetanse der det vil tilføre verdifull erfaring og kunnskap.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2009 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

400

Justisdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 100 000

frå kr 261 146 000 til kr 262 246 000

410

Tingrettane og lagmannsrettane

1

Driftsutgifter, vert redusert med

1 100 000

frå kr 1 443 581 000 til kr 1 442 481 000

430

Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

11 400 000

1

Driftsutgifter, vert auka med

frå kr 2 954 555 000 til kr 2 965 955 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttes under kap. 430 post 1, vert auka med

900 000

frå kr 62 228 000 til kr 63 128 000

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1, vert auka med

51 400 000

frå kr 8 339 532 000 til kr 8 390 932 000

23

Sideutgifter i samband med sivile gjeremål, vert auka med

10 000 000

frå kr 42 038 000 til kr 52 038 000

73

Tilskot til EUs yttergrensefond, vart redusert med

47 000 000

frå kr 47 000 000 til kr 0

441

Oslo politidistrikt

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440 post 1, vert redusert med

3 500 000

frå kr 1 700 028 000 til kr 1 696 528 000

470

Fri rettshjelp

1

Driftsutgifter, vert auka med

500 000

frå kr 4 399 000 til kr 4 899 000

70

Fri sakførsel, vert redusert med

30 000 000

frå kr 436 884 000 til kr 406 884 000

471

Staten sitt erstatningsansvar

72

Erstatning etter straffeforfølging, overslagsløyving, vert redusert med

4 000 000

frå kr 17 767 000 til kr 13 767 000

472

Valdsoffererstatning og rådgivning til offer for kriminalitet

70

Erstatning til offer for vald, overslagsløyving, vert redusert med

21 000 000

frå kr 166 127 000 til kr 145 127 000

475

Bubehandling

1

Driftsutgifter, vert auka med

10 000 000

frå kr 47 999 000 til kr 57 999 000

Kap.

Post

Formål

Kroner

Inntekter

3430

Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

2

Inntekter frå arbeidsdrifta, vert auka med

5 100 000

frå kr 56 169 000 til kr 61 269 000

3

Andre inntekter, vert auka med

6 800 000

frå kr 8 210 000 til kr 15 010 000

4

Tilskot, vert auka med

400 000

frå kr 1 574 000 til kr 1 974 000

3440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1

Gebyr - pass og våpen, vert redusert med

40 000 000

frå kr 281 600 000 til kr 241 600 000

3

(NY) Salsinntekter, vert løyvd med

50 000 000

6

Gebyr – utlendingssaker, vert redusert med

10 900 000

frå kr 95 535 000 til kr 84 635 000

7

Gebyr – sivile gjeremål, vert auka med

85 000 000

frå kr 465 021 000 til kr 550 021 000

3441

Oslo politidistrikt

2

Refusjonar, vert redusert med

5 000 000

frå kr 23 535 000 til kr 18 535 000

5

Personalbarnehage, vert auka med

1 500 000

frå kr 2 756 000 til kr 4 256 000

3451

Samfunnssikkerhet og beredskap

1

Gebyr, vert redusert med

3 900 000

frå kr 114 816 000 til kr 110 916 000

3462

Tinglysing

1

Gebyrinntekter, burettsregister, vert redusert med

6 000 000

frå kr 54 000 000 til kr 48 000 000

2

Gebyrinntekter, fast eigedom, vert auka med

20 000 000

frå kr 865 000 000 til kr 885 000 000

3470

Fri rettshjelp

1

Tilkjende saksomkostningar m.m., vert redusert med

2 000 000

frå kr 3 132 000 til kr 1 132 000

5630

Aksjer i Norsk Eiendomsinformasjon as

85

Utbytte, vert auka med

2 028 000

frå kr 8 700 000 til kr 10 728 000

Oslo, i justiskomiteen, den 26. november 2009

Per Sandberg

André Oktay Dahl

leder

ordfører