Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Sammendrag

Akvakulturlova gir heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve. Akvakulturloven fastset ikkje ein absolutt storleik på løyvet. Det inneber at det er mogleg å auke storleiken på nye løyve utover det nivået vi har i dag. Lova er heller ikkje til hinder for å auke storleiken på gjeldande løyve, dvs. auke av MTB i det enkelte gjeldande løyvet. Det lova ikkje gir heimel til i dag, er å ta vederlag for å auke omfanget av eit gjeldande løyve.

Grunngjevinga for å ta vederlag er at når oppdrettaren blir tildelt eit løyve som kan seljast, og har ein verdi i andrehandsmarknaden, er det rimeleg at samfunnet (staten) får noko tilbake i form av vederlag. Dette har skjedd ved tildelingane av nye løyve i 2002, 2003, 2006 i Finnmark og i 2009. Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på gjeldande løyve som Regjeringa legg opp til i 2010. På denne bakgrunn foreslår departementet at akvakulturloven blir endra slik at det kan takast vederlag for auka produksjonskapasitet ved gjeldande løyve.

Lovforslaget vart sendt på alminneleg høyring 18. august 2009.

Dei fleste høyringsinstansane er positive til forslaget.

Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening "er kritisk til at havbruksnæringen i motsetning til andre næringer skal betale for vekst og utvikling. FHL ser imidlertid ingen prinsipiell forskjell på salg av nye konsesjoner og salg av økt MTB-volum". Dei uttalar vidare at:

"FHL deler derfor Regjeringens oppfatning om at det bør kunne kreves vederlag også for vekst i form av økning i MTB."

Norske Sjømatbedrifters Landsforening meiner at ein auke i MTB "må gis vederlagsfritt".

Fleire høyringsinstansar, mellom anna Troms fylkeskommune og Sør-Troms Regionråd, er ikkje negative til prinsippet om vederlag for auka MTB, men ønskjer at høvesvis deler eller heile vederlaget bør tilfalle aktuelle fylke eller kommunar.

Departementet vil presisere at spørsmålet om korleis vederlaget skal nyttast blir vurdert i samband med den enkelte tildelingsrunden og det aktuelle statsbudsjettet.

For oppdrettarane vil den økonomiske konsekvensen svare til vederlaget for utvidinga i MTB på det enkelte løyvet. For staten vil forslaget innebere høve til å ta vederlag for utviding av gjeldande løyve.