Komiteens merknader

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, Marianne Marthinsen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Eirin Kristin Sund, frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, viser til at INON (inngrepsfrie naturområde i Noreg) gir ein statusoversikt og ein oversikt over utviklinga av inngrepsfrie naturområde.

Komiteen meiner at det er viktig å ta omsyn til dei ulike miljøverdiane som t.d. område for naturmangfald, friluftsområde m.m., når utbyggingsplanar blir vurdert. Dette er eit omsyn som må balanserast i høve til andre omsyn – som t.d. skogsvegar som er naudsynt for eit aktivt skogbruk eller omsyn til anna næringsverksemd.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, meiner det er bra at det no er eit samarbeid mellom Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet for å utgreie og vurdere korleis ein best kan balansere desse ulike omsyna.

Fleirtalet viser til at det i brev frå miljøvernministeren datert 15. mars 2010, som er lagt ved, mellom anna står:

«Jeg vil på egnet måte komme tilbake til Stortinget med en sak om inngrepsfrie naturomåder.»

Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ser derfor fram til at ein snart får ei sak om inngrepsfrie naturområde, og foreslår at Dokument 8:37 S blir lagt ved protokollen.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Oskar Jarle Grimstad, Henning Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, medlemene frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, og medlemen frå Kristeleg Folkeparti, meiner at spørsmål om privat eigedomsrett og lokalt sjølvstyre er svært viktige prinsipp i norsk politikk, og som har stor viktigheit for dei som blir råka. Spørsmålet rundt begrepet «inngrepsfrie naturområde» (INON) reiser viktige problemstillingar i denne debatten. Det bør difor få ei brei handsaming i Stortinget.

Desse medlemene har merka seg at mange kommunar opplever innvendingar mot arealplanar utelukkande med henvising til at området er INON. Desse medlemene reiser spørsmål ved om dette er rettsleg haldbart.

Desse medlemene viser til brev frå statsråd Erik Solheim, datert 15. mars 2020. Statsråden viser her til ei rekkje politiske dokument frå ulike regjeringar, som viser til begrepet inngrepsfrie naturområde og omtalar verdien av desse. Felles for mykje av omtalen av «inngrepsfrie naturområde» er ikkje som eit mål i seg sjølv, men som ein indikator. INON har etter desse medlemene si meining ikkje vore politisk handsama som eit politisk mål i seg sjølv. Brevet frå statsråden visar at «inngrepsfrie naturområde» likevel har spela ei stor rolle i mange lokale arealsaker.

Desse medlemene meiner at det er viktig å ta vare på verdiar knytt til dei inngrepsfrie områda. Desse medlemene peikar imidlertid på at begrepet «inngrepsfrie naturområde» inneheld upresise definisjonar og er ufullstendig. Desse medlemene peikar mellom anna på at med den definisjonen «inngrepsfrie naturområde» har, så vil ein liten skogsbilveg redusere inngrepsfrie naturområde, medan eit hyttefelt ikkje gjer det.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Høgre peikar på at i sum utgjer alle inngrepsfrie område om lag 45 prosent av landarealet i Noreg, eller det dobbelte av produktivt skogareal.

For å bevare alle inngrepsfrie område som inngrepsfrie, må ein også sørgje for å unngå inngrep i eit belte med ein kilometers bredde rundt dei inngrepsfrie områda. Det er konsekvensen av definisjonen av inngrepsfrie områder. Til saman berører dei inngrepsfrie områda derfor 70 prosent av Noreg sitt landareal. Det å ta vare på inngrepsfrie naturområder handlar derfor om mykje meir enn å ta vare på siste rest av urørt natur.

Desse medlemene viser til ein sak i Nationen 21. november 2009, der ein veg vest for Femunden blir vurdert til å ha bygd ned natur på austsida. Etter det som blir opplyst, ser ein nesten ikkje vegen frå fjellet eller frå sjøen, og den gav det veglause folket på Femundshytta bilveg i 1999. Den 10 kilometer lange vegen er rundt 5 meter brei frå grøft til grøft, og byggjer dermed ned 0,05 kvadratmeter natur, men den er registrert å ha medført at 72 kvadratkilometer, eller 1 440 gongar så mykje natur, er «bortfald». Vegen skal etter dette vere det femte største naturinngrepet i nyare tid. I 1822 var området rundt Femundshytta snaut og nedrøykt. På 100 år hadde smeltehytta og dei 200 menneska som dreiv den, brent opp all skogen i området for å utvinne kopar. Men på inngrepsfrie naturområde sitt kart (INON) er området rundt Femundshytta «villmarksprega» i år 1900. Desse medlemene meiner at denne saken er ein god illustrasjon på behovet for at «inngrepsfrie naturområde» blir gjenstand for debatt i folkevalgte organ.

Desse medlemene meinar at den upresise definisjonen av «inngrepsfrie naturområde» ikkje er eit så stort problem dersom «inngrepsfrie naturområde» berre skal brukast som en indikator. Dersom «inngrepsfrie naturområde» skal brukast som eit kriterium som skal tilleggjast avgjerande vekt ved forvaltningsavgjerder, blir dette annleis. For mange bygder har «inngrepsfrie naturområde» på mange måtar utvikla seg til ein effektiv flaksehals i høve til arealplanlegginga og den lokale utviklinga.

Desse medlemene har merka seg at leiaren for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, 1. desember 2009 inviterte til debatt om Oslo-dominansen i Noreg. Ho lanserte ein MOTMAKT-kampanje, og meinte at nettopp MOTMAKT-begrepet er eit eigna perspektiv for ein debatt om desse spørsmåla i Stortinget. Desse medlemene har vidare merka seg at Arbeidarpartiets Torstein Rudihagen, som er saksordførar for denne innstillinga, i Nationen 23. mars meinte at vi burde få ei brei saksutreiing av heile komplekset rundt «inngrepsfrie naturområder». Desse medlemene er einige med Rudihagen i dette, og ser fram til ei slik saksutreiing.

Desse medlemene meiner på denne bakgrunn at det er behov for ein heilskapleg gjennomgang av begrepet «inngrepsfrie naturområde».

Desse medlemene meiner at ein slik gjennomgang må resultere i at begrepet «inngrepsfrie naturområde» vert avvikla som kriterium i arealforvaltninga, herunder grunnlag for innsigingar mot kommunale arealplanar, og eventuelt berre vert nytta som ein statistisk indikator ved gjennomgang av miljøtilstanden.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til Kristelig Folkepartis politiske program for perioden 2009–2013, hvor det står at Kristelig Folkeparti vil klargjøre begrepsbruken omkring inngrepsfrie naturområder, INON. Dette medlem mener det er behov for en gjennomgang av definisjon og status for begrepet inngrepsfrie naturområder, og støtter Høyres forslag. Dette medlem vil samtidig understreke at Kristelig Folkeparti ikke ønsker noen generell utvanning av INON-begrepet.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti tek opp forslaget i Dokument 8:37 S (2009–2010).