Følgende forslag fremmes i dokumentet:
«Stortinget ber regjeringen fremme en sak for Stortinget,
som både drøfter og fremmer forslag til konklusjoner, knyttet til
blant annet hvordan inngrepsfrie naturområder – INON – bør defineres
i Norge basert på norsk natur og kulturhistorie, hvilke tekniske
tiltak som skal definere INON, hvilke kategorier INON bør ha, hvilken vekt
INON med eventuelle kategorier skal ha i forhold til andre samfunnshensyn
og på hvilken måte forvaltningen skal tillegge INON relevans og
vekt ved avgjørelse av enkeltsaker.»
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, Marianne Marthinsen, Torstein
Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Eirin Kristin Sund, frå Sosialistisk
Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, frå Senterpartiet, leiaren
Erling Sande, og frå Kristeleg Folkeparti, Line Henriette Hjemdal,
viser til at INON (inngrepsfrie naturområde i Noreg) gir ein statusoversikt
og ein oversikt over utviklinga av inngrepsfrie naturområde.
Komiteen meiner at
det er viktig å ta omsyn til dei ulike miljøverdiane som t.d. område
for naturmangfald, friluftsområde m.m., når utbyggingsplanar blir
vurdert. Dette er eit omsyn som må balanserast i høve til andre
omsyn – som t.d. skogsvegar som er naudsynt for eit aktivt skogbruk
eller omsyn til anna næringsverksemd.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og
Kristeleg Folkeparti, meiner det er bra at det no er eit samarbeid
mellom Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet
for å utgreie og vurdere korleis ein best kan balansere desse ulike
omsyna.
Fleirtalet viser til at det i
brev frå miljøvernministeren datert 15. mars 2010, som er lagt ved, mellom
anna står:
«Jeg vil på egnet måte komme tilbake til Stortinget
med en sak om inngrepsfrie naturomåder.»
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ser derfor fram
til at ein snart får ei sak om inngrepsfrie naturområde, og foreslår
at Dokument 8:37 S blir lagt ved protokollen.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Oskar Jarle Grimstad, Henning Skumsvoll og Ketil Solvik-Olsen, medlemene
frå Høgre, Nikolai Astrup, Bjørn Lødemel og Siri A. Meling, og medlemen
frå Kristeleg Folkeparti, meiner at spørsmål om privat eigedomsrett
og lokalt sjølvstyre er svært viktige prinsipp i norsk politikk,
og som har stor viktigheit for dei som blir råka. Spørsmålet rundt
begrepet «inngrepsfrie naturområde» (INON) reiser viktige problemstillingar
i denne debatten. Det bør difor få ei brei handsaming i Stortinget.
Desse medlemene har merka seg
at mange kommunar opplever innvendingar mot arealplanar utelukkande
med henvising til at området er INON. Desse medlemene reiser
spørsmål ved om dette er rettsleg haldbart.
Desse medlemene viser til brev
frå statsråd Erik Solheim, datert 15. mars 2020. Statsråden viser
her til ei rekkje politiske dokument frå ulike regjeringar, som
viser til begrepet inngrepsfrie naturområde og omtalar verdien av
desse. Felles for mykje av omtalen av «inngrepsfrie naturområde»
er ikkje som eit mål i seg sjølv, men som ein indikator. INON har
etter desse medlemene si meining ikkje vore politisk handsama
som eit politisk mål i seg sjølv. Brevet frå statsråden visar at
«inngrepsfrie naturområde» likevel har spela ei stor rolle i mange lokale
arealsaker.
Desse medlemene meiner at det
er viktig å ta vare på verdiar knytt til dei inngrepsfrie områda. Desse
medlemene peikar imidlertid på at begrepet «inngrepsfrie
naturområde» inneheld upresise definisjonar og er ufullstendig. Desse medlemene peikar
mellom anna på at med den definisjonen «inngrepsfrie naturområde»
har, så vil ein liten skogsbilveg redusere inngrepsfrie naturområde,
medan eit hyttefelt ikkje gjer det.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre peikar på at i sum utgjer alle inngrepsfrie område
om lag 45 prosent av landarealet i Noreg, eller det dobbelte av
produktivt skogareal.
For å bevare alle inngrepsfrie område som inngrepsfrie,
må ein også sørgje for å unngå inngrep i eit belte med ein kilometers
bredde rundt dei inngrepsfrie områda. Det er konsekvensen av definisjonen
av inngrepsfrie områder. Til saman berører dei inngrepsfrie områda
derfor 70 prosent av Noreg sitt landareal. Det å ta vare på inngrepsfrie
naturområder handlar derfor om mykje meir enn å ta vare på siste
rest av urørt natur.
Desse medlemene viser til ein
sak i Nationen 21. november 2009, der ein veg vest for Femunden
blir vurdert til å ha bygd ned natur på austsida. Etter det som
blir opplyst, ser ein nesten ikkje vegen frå fjellet eller frå sjøen,
og den gav det veglause folket på Femundshytta bilveg i 1999. Den
10 kilometer lange vegen er rundt 5 meter brei frå grøft til grøft,
og byggjer dermed ned 0,05 kvadratmeter natur, men den er registrert
å ha medført at 72 kvadratkilometer, eller 1 440 gongar så mykje
natur, er «bortfald». Vegen skal etter dette vere det femte største
naturinngrepet i nyare tid. I 1822 var området rundt Femundshytta
snaut og nedrøykt. På 100 år hadde smeltehytta og dei 200 menneska
som dreiv den, brent opp all skogen i området for å utvinne kopar.
Men på inngrepsfrie naturområde sitt kart (INON) er området rundt
Femundshytta «villmarksprega» i år 1900. Desse medlemene meiner
at denne saken er ein god illustrasjon på behovet for at «inngrepsfrie
naturområde» blir gjenstand for debatt i folkevalgte organ.
Desse medlemene meinar at den
upresise definisjonen av «inngrepsfrie naturområde» ikkje er eit
så stort problem dersom «inngrepsfrie naturområde» berre skal brukast
som en indikator. Dersom «inngrepsfrie naturområde» skal brukast
som eit kriterium som skal tilleggjast avgjerande vekt ved forvaltningsavgjerder, blir
dette annleis. For mange bygder har «inngrepsfrie naturområde» på
mange måtar utvikla seg til ein effektiv flaksehals i høve til arealplanlegginga
og den lokale utviklinga.
Desse medlemene har merka seg
at leiaren for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, 1. desember 2009
inviterte til debatt om Oslo-dominansen i Noreg. Ho lanserte ein
MOTMAKT-kampanje, og meinte at nettopp MOTMAKT-begrepet er eit eigna
perspektiv for ein debatt om desse spørsmåla i Stortinget. Desse medlemene har
vidare merka seg at Arbeidarpartiets Torstein Rudihagen, som er
saksordførar for denne innstillinga, i Nationen 23. mars meinte
at vi burde få ei brei saksutreiing av heile komplekset rundt «inngrepsfrie
naturområder». Desse medlemene er einige med Rudihagen
i dette, og ser fram til ei slik saksutreiing.
Desse medlemene meiner på denne
bakgrunn at det er behov for ein heilskapleg gjennomgang av begrepet
«inngrepsfrie naturområde».
Desse medlemene meiner at ein
slik gjennomgang må resultere i at begrepet «inngrepsfrie naturområde»
vert avvikla som kriterium i arealforvaltninga, herunder grunnlag
for innsigingar mot kommunale arealplanar, og eventuelt berre vert
nytta som ein statistisk indikator ved gjennomgang av miljøtilstanden.
Komiteens medlem fra Kristelig
Folkeparti viser til Kristelig Folkepartis politiske program
for perioden 2009–2013, hvor det står at Kristelig Folkeparti vil
klargjøre begrepsbruken omkring inngrepsfrie naturområder, INON. Dette
medlem mener det er behov for en gjennomgang av definisjon
og status for begrepet inngrepsfrie naturområder, og støtter Høyres
forslag. Dette medlem vil samtidig understreke at
Kristelig Folkeparti ikke ønsker noen generell utvanning av INON-begrepet.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti tek opp forslaget i Dokument
8:37 S (2009–2010).
Forslag frå Framstegspartiet, Høgre og
Kristeleg Folkeparti:
Stortinget ber regjeringen fremme en sak for Stortinget,
som både drøfter og fremmer forslag til konklusjoner, knyttet til
blant annet hvordan inngrepsfrie naturområder – INON – bør defineres
i Norge basert på norsk natur og kulturhistorie, hvilke tekniske
tiltak som skal definere INON, hvilke kategorier INON bør ha, hvilken vekt
INON med eventuelle kategorier skal ha i forhold til andre samfunnshensyn
og på hvilken måte forvaltningen skal tillegge INON relevans og
vekt ved avgjørelse av enkeltsaker.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
Dokument 8:37 S (2009–2010) – representantforslag
fra stortingsrepresentantene Gunnar Gundersen, Anders B. Werp, Frank
Bakke Jensen, Svein Harberg, Lars Myraune og Torbjørn Røe Isaksen
om inngrepsfrie naturområder – vedlegges protokollen.
Jeg viser til oversendelse fra Energi- og miljøkomiteen
av 18. desember 2009 vedrørende Representantforslag 37 S (2009-2010)
om inngrepsfrie naturområder.
Inngrepsfrie naturområder representerer verdier som
må tas med i betraktningen når det planlegges utbygging og andre
inngrep i nye områder. Det er vanskelig å reversere tyngre tekniske
inngrep, og tap av inngrepsfri natur er permanent i de fleste tilfellene.
Jeg viser nedenfor til en rekke politiske dokumenter som understøtter
verdien av inngrepsfrie naturområder, og som er lagt fram av ulike
regjeringer.
Aktuelle lovverk som benyttes i behandlingen
av ulike typer utbyggingssaker hjemler på ulik måte at det tas hensyn
til ulike typer miljøverdier, eksempelvis viktige områder for naturmangfold, viktige
friluftslivsområder og inngrepsfrie naturområder. De mest aktuelle
er bl.a. plan- og bygningsloven, skogbruksloven, vannressursloven
og vassdragsreguleringsloven. Det er således bl.a. disse ulike lovene
med tilhørende forskrifter som gir det juridiske grunnlaget for
hvordan ulike miljøverdier og andre hensyn håndteres og balanseres
i den konkrete saksbehandlingen i enkeltsaker. Det innebærer at
ivaretakelse av inngrepsfri natur er et hensyn som kan være en selvstendig
grunn for å nekte inngrep.
De konkrete miljøkvalitetene skal generelt dokumenteres
og vurderes som ledd i saksbehandlingen, slik at man har et godt
beslutningsgrunnlag i den enkelte utbyggingssak. Det vises også
til reglene i naturmangfoldloven Kap. II Alminnelige bestemmelser
om bærekraftig bruk, som kommer til anvendelse for alle tiltak som
berører natur.
Jeg mener følgelig det er et juridisk grunnlag
i lovverket for muligheten til å ta vare på inngrepsfrie naturområder.
Behovet for å bevare gjenværende inngrepsfrie naturområder
er uttrykt i en rekke stortingsmeldinger. Jeg vil her gjerne vise
til konkrete eksempler på dette.
I St. meld nr 29
(1996-97) Regional planlegging og arealpolitikk legges
det stor vekt på at den enkelte sektor og kommune så langt som mulig
må unngå ytterligere inngrep store sammenhengende naturområder som
er tilnærmet uberørt av tekniske inngrep. Tilsvarende framgår av
St. meld nr 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk
for en bærekraftig utvikling at man vil arbeide for å sikre
større sammenhengende urørte naturområder.
St.meld. nr. 17 (1998-99) Verdiskaping
og miljø – muligheter i skogsektoren tar opp konflikter mellom
skogsveibygging og miljøinteresser, blant annet forholdet til inngrepsfrie
områder og villmarkspregede områder. Man peker på at store sammenhengende
skogområder uten særlig grad av tekniske inngrep i første rekke
er en ressurs som uforstyrret natur i seg selv. Her vektlegges blant
annet at de villmarksopplevelsene man kan få ved å besøke slike
områder er det vanskelig å finne ellers i Europa, og Norge har derfor
et særlig ansvar for å ta vare på de resterende områdene av slik
karakter.
I St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv er temaet inngrepsfrie naturområder
viet bred omtale. Den største utfordringen er å opprettholde et størst
mulig omfang av inngrepsfrie areal. Det pekes på at Plan- og bygningsloven
og særlovene er de viktigste virkemidlene for å regulere bruken
av areal slik at det så langt som mulig blir tatt hensyn til slik
natur. Meldingen foreslo flere konkrete tiltak for å styrke grunnlaget
for å ta vare på gjenværende inngrepsfrie naturområder, blant annet
å utarbeide rikspolitiske retningslinjer for store sammenhengende naturområder
og å se nærmere på plan- og bygningsloven for å styrke hensynet
til friluftslivsinteressene. Videre ble det blant annet foreslått
å si nei til nye store vannkraftprosjekt som griper inn i urørt
natur, og å sikre at vindkraftutbygging og master for mobil telekommunikasjon
så langt som mulig ikke medfører reduksjon av inngrepsfrie områder.
Også St.meld. nr. 8 (1999-2000) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og St.meld.
nr. 24 (2000-2001) Regjeringens miljøvernpolitikk
og rikets miljøtilstand omtaler utfordringen med tap av inngrepsfrie naturområder.
I sistnevnte melding understrekes at for å bevare mest mulig av
gjenværende inngrepsfrie områder må den enkelte sektor og kommune
så langt som mulig unngå ytterligere inngrep i slike områder.
St.meld. nr. 42 (2000-2001) Biologisk mangfold omtaler at gjenværende
skogområder uten tekniske inngrep har stor opplevelsesverdi og verdi
i friluftslivssammenheng, men kan også være viktige for biologisk
mangfold. Både økonomisk og annen virkemiddelbruk bør sikre at miljøkvalitetene
på slike arealer opprettholdes.
I St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand vises
det blant annet til at i forbindelse med jordbruksoppgjøret for
2001 ble det avklart at det ikke skal gis statstilskudd til skogsveier
som fører til reduksjon av gjenværende villmarkspregede områder.
St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand fastslår
at "INON skal fortsatt være et viktig verktøy for å sikre inngrepsfrie
områder som er av betydning for blant annet friluftsliv og biologisk
mangfold."
I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand foreslås
å endre regelverket for bygging av skogsveger slik at hensynet til
inngrepsfrie naturområder blir ivaretatt i tråd med Soria Moria-erklæringen.
Det henvises til at Soria Moria erklæringen fokuser på at stadig
færre områder er uberørt av tekniske inngrep, og at vi må gi sterkere
beskyttelse til slike områder.
Forøvrig vises til at i budsjettproposisjonen
for Miljøverndepartementet har det i flere år vært et eget arbeidsmål
å sikre at gjenværende naturområder med urørt preg blir tatt vare
på.
Eksemplene er ikke en uttømmende opplisting, men
viser at det er en bred politisk forankring bak målsettingen om
å sikre gjenværende inngrepsfrie naturområder i størst mulig grad.
Inngrepsfrie naturområder (INON) ble etablert som
en indikator på utviklingen over tid for arealbruken og status for
natur uten tyngre tekniske inngrep i Norge. Direktoratet for naturforvaltning
startet arbeidet med å kartlegge inngrepsfrie naturområder i 1994,
og kartleggingen gir en oversikt over status og utvikling av inngrepsfrie
områder fra 1988 og frem til 2008. Som indikator er det utviklingen
over tid som er viktig. Inngrepsfrie naturområder (INON) er definert
som områder som ligger en kilometer eller mer i luftlinje fra tyngre
tekniske inngrep. Inngrepsfrie naturområder er inndelt i soner basert
på avstand til nærmeste inngrep:
Inngrepsfri sone
2: Områder 1-3 kilometer fra tyngre tekniske inngrep.
Inngrepsfri sone 1: Områder 3-5 kilometer
fra tyngre tekniske inngrep.
Villmarkspregede områder: Områder mer enn
5 kilometer fra tyngre tekniske inngrep.
Tiltak og anlegg som defineres som tyngre tekniske
inngrep omfatter blant annet offentlige veier og jernbanelinjer,
traktor-, landbruks-, anleggs- og seterveier, kraftlinjer, massive
tårn og vindturbiner, større steintipper, steinbrudd og massetak,
større skitrekk, hoppbakker og alpinbakker, reguleringsmagasiner
og regulerte elver og bekker, samt kanaler, forbygninger, flomverk og
rørgater i dagen.
Hensyn til inngrepsfri natur inngår blant annet
i saksbehandlingen for små vannkraftverk, vindkraftverk og andre
typer utbygginger. Det legges særlig vekt på å bevare:
Villmarkspregede
områder.
Sammenhengende inngrepsfrie områder fra fjord/lavland
til fjell.
Inngrepsfrie områder i kommuner og regioner (uavhengig
av sone) med lite resterende inngrepsfri natur.
Inngrepsfrie områder i kombinasjon med
andre viktige miljøkvaliteter, for eksempel knyttet til biologisk
mangfold og friluftsliv.
Det er flere eksempler på hvordan hensynet til inngrepsfrie
naturområder er brukt i forvaltningen. I "Retningslinjer for små
vannkraftverk" (Olje- og energidepartementet 2007) og "Retningslinjer
for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg" (Miljøvern-departementet/Olje-
og energidepartementet 2007) er forholdet til inngrepsfrie naturområder
(INON) i saksbehandlingen for henholdsvis små vannkraftverk og vindkraftanlegg
beskrevet.
Det er ikke nødvendigvis slik at et planlagt
tiltak som vil redusere inngrepsfrie naturområder innebærer at tiltaket
nektes. I "Retningslinjer for små vannkraftverk" (Olje- og energidepartementet
2007) framgår eksempelvis at reduksjon av INON vil være en indikasjon
på konflikt, men at det vil være viktig å vurdere graden av konflikt for
hvert enkelt tilfelle.
Også i forbindelse med planlegging av større vannkraftutbygginger
og kraftlinjer som kan medføre tap av areal med inngrepsfri natur
inngår dette forholdet i vurderingene av miljøkonsekvenser.
I henhold til gjeldende lovverk skal behovet
for skogsveier eller andre løsninger for å drive skogbruk veies
opp mot hensynet til inngrepsfrie naturområder, jf ovenfor. I "Forskrift
om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket" framgår at
det ikke skal gis tilskudd til bygging av permanente veier som fører
til reduksjon av "villmarkspregede områder", dvs. områder som ligger
5 km eller mer i horisontal avstand fra eksisterende tekniske inngrep.
I Levende Skog standardens kravpunkt om skogsveger framgår blant
annet følgende: "I større sammenhengende skogarealer som har spesielle
verdier for miljøvern og friluftsliv i kraft av lite omfang av tekniske
inngrep, skal nye veganlegg søkes unngått".
Når det gjelder skogsveibygging pågår et samarbeid
mellom Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet
om forholdet mellom skogsveibygging og ivaretakelse av inngrepsfrie
naturområder. De to departementene har bedt Direktoratet for naturforvaltning
og Statens landbruksforvaltning innen 1.4.2010 vurdere hvordan skogbrukets
behov for veibygging og behovet for ivaretakelse av inngrepsfrie naturområder
skal kunne balanseres slik at begge hensyn ivaretas best mulig,
deriblant vurdere endringer i regelverket for skogsveibygging samt
hvordan databasen over inngrepsfrie naturområder bør brukes i saksbehandling
knyttet til skogsveier. Direktoratene er også bedt om i samarbeid
å forbedre datakvaliteten for skogsveier i denne databasen.
I oppdragsbrevet til Direktoratet for naturforvaltning
og Statens landbruksforvaltning er det også vist til at næringsorganisasjoner
i skogbruket og miljøorganisasjoner har et engasjement på området,
og direktoratene er derfor bedt om å sørge for at disse får gitt
innspill til arbeidet.
Dette samarbeidet mellom de to departementene er
omtalt i St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene
– landbruket en del av løsningen. Meldingen ble behandlet
av Stortinget i desember 2009.
Stortinget har, som jeg har vist til her, med
jevne mellomrom fått presentert status for inngrepsfrie naturområder
i Norge, både gjennom stortingsmeldinger og i de årlige budsjettforslag.
Jeg vil på en egnet måte komme tilbake til Stortinget med en sak
om inngrepsfrie naturområder.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 29. april 2010
Erling Sande |
Torsten Rudihagen |
leder |
ordfører |