1.1 Hovedtrekk i finanspolitikken

1.1.1 Innleiing

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. For utgiftspostane går det òg fram overført løyving frå 2008 til 2009 og overført løyving frå 2009 til 2010. Kapitalrekneskapen syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og ei oppgåve over aksjar som staten eig.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførte tal. Det vert lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. I kapittel 1 vert det gjort greie for hovudelementa i budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i staten sine utgifter og skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtala. Kapittel 2 gjev ein nærare omtale av dei einskilde departementa sine område. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtala, medan det i kapittel 4 er gjort greie for staten sin balanse og finanspostar.

I tabellane i statsrekneskapen kan det som følgje av avrundingar vere avvik mellom sumtalet og summen av dei einskilde tala som inngår i summen. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for den saka tabellen omhandlar under eitt.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2009 er 1 051,9 mrd. kroner, medan utgiftene er 868,7 mrd. kroner. Lånetransaksjonar er då ikkje rekna med. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda er 279,8 mrd. kroner, fordelt med 304,5 mrd. kroner i inntekter og 24,7 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene frå petroleumsverksemda vart overførte til Statens pensjonsfond utland. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar er på 747,4 mrd. kroner, medan utgiftene er på 843,9 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 96,6 mrd. kroner.

Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2009 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 107,2 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens pensjonsfond utland i tråd med Stortinget sitt budsjettvedtak på kap. 5800. Statsrekneskapen for 2009 vert dermed gjort opp med eit overskot på 10,7 mrd. kroner. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med knapt 5,9 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med knapt 4,8 mrd. kroner samanlikna med anslaga i nysaldert budsjett 2009. Medrekna petroleumsverksemda auka inntektene med knapt 11,5 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med knapt 5,2 mrd. kroner.

Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet for 2009 er no rekna til 110,0 mrd. kroner. Dette er 18,0 mrd. kroner høgare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2009, der det strukturelle underskotet i 2009 vart rekna til 92,0 mrd. kroner.

Forutan netto kontantstraum frå petroleumsverksemda på 279,8 mrd. kroner og overføring frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet på 107,2 mrd. kroner, syner rekneskapen for Statens pensjonsfond 91,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte, fordelt med 86,5 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond utland og vel 4,7 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte frå Statens pensjonsfond Noreg. Det samla overskotet i Statens pensjonsfond vart 263,8 mrd. kroner i 2009. Av dette er overskotet i Statens pensjonsfond utland 259,1 mrd. kroner. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjort opp med eit overskot på 274,5 mrd. kroner i 2009.

Ved utgangen av 2009 var den bokførte verdien av Statens pensjonsfond utland 2 642,0 mrd. kroner. Det er 362,4 mrd. kroner meir enn ved utgangen av 2008. Forutan overskotet på 259,1 mrd. kroner syner Statens pensjonsfond utland ein auke på 103,3 mrd. kroner der netto kursvinst auka kapitalen i fondet med vel 105,4 mrd. kroner, medan kjøp av aksjar i Statoil ASA for 2,2 mrd. kroner reduserte kapitalen tilsvarande.

Frå utgangen av 2008 til utgangen av 2009 auka kapitalen i Statens pensjonsfond Noreg med 29,3 mrd. kroner, frå 87,8 mrd. kroner til 117,1 mrd. kroner. Endringa kjem av renteinntekter og utbyte på 4,7 mrd. kroner og 24,6 mrd. kroner i samla kursvinst på aksje- og renteplasseringane.

1.1.2 Budsjettpolitikken

Eit fleirtal i Stortinget slutta seg våren 2001 til retningsliner for den økonomiske politikken som inneber at petroleumsinntektene gradvis vert fasa inn i økonomien, om lag i takt med venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland. Budsjettpolitikken skal medverke til ei stabil utvikling i norsk økonomi. Intensjonen bak retningslinene er å syte for ein jamn auke i bruken av petroleumsinntektene til eit langsiktig forsvarleg nivå. Samstundes opnar dei for at handlefridomen som petroleumsinntektene gjev, kan brukast til å stimulere produksjon og sysselsetjing i periodar med høg og aukande arbeidsløyse. Motsett vil det vere naudsynt å halde attende i budsjettpolitikken i periodar med høg kapasitetsutnytting og presstendensar i økonomien. Bruken av petroleumsinntekter vert målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet. Ved utrekning av det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vert det mellom anna teke omsyn til at delar av statens inntekter og utgifter endrar seg med konjunkturane, og til endringar i rekneskapstilhøve.

1.1.3 Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet

Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2009 er bruken av petroleumsinntekter i 2009 no rekna til 110,0 mrd. kroner, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Dette er 18,0 mrd. kroner høgare enn anslaget i Nasjonalbudsjettet 2009, der det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart rekna til 92,0 mrd. kroner. Venta realavkastning av Statens pensjonsfond utland i 2009 er rekna til 91,2 mrd. kroner, eller 18,8 mrd. kroner lågare enn det strukturelle, oljekorrigerte underskotet. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet svarer til 6,0 prosent av trend-BNP for Fastlands-Noreg.

Endringane i statsbudsjettet som vart vedteken i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringar i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, innebar at talet for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet auka med 28,5 mrd. kroner til 120,5 mrd. kroner. Forslaga i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2009 auka det strukturelle, oljekorrigerte underskotet med ytterlegare 9,5 mrd. kroner til 129,9 mrd. kroner. Frå Revidert nasjonalbudsjett 2009 til nysaldert budsjett for 2009 vart det strukturelle, oljekorrigerte underskotet redusert med 5,5 mrd. kroner til 124,4 mrd. kroner, som følgje av ny informasjon om utgiftene på statsbudsjettet og utviklinga i skatteinntektene. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er no rekna til 110,0 mrd. kroner.

1.1.4 Hovudtala i statsrekneskapen

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart redusert med 232,7 mrd. kroner, frå 507,2 mrd. kroner i 2008 til 274,5 mrd. kroner i 2009. Utanom petroleumsverksemda auka inntektene med vel 2,4 mrd. kroner, medan utgiftene auka med 87,2 mrd. kroner. Samla sett inneber det at det oljekorrigerte underskotet auka med 84,8 mrd. kroner frå 2008 til 2009.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vart redusert med 136,1 mrd. kroner, frå 415,9 mrd. kroner i 2008 til 279,8 mrd. kroner i 2009, i hovudsak grunna lågare oljepris. Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond gjekk ned med 11,9 mrd. kroner, frå 103,1 mrd. kroner i 2008 til 91,3 mrd. kroner i 2009.

1.1.5 Det oljekorrigerte underskotet

Inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar for 2009 gjekk ned med 154,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 25,4 mrd. kroner i same periode. Sett bort frå petroleumsverksemda var inntektene 31,6 mrd. kroner lågare i nysaldert budsjett enn i saldert budsjett, medan utgiftene var 27,0 mrd. kroner høgare. Samla gav dette eit oljekorrigert underskot på 107,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett for 2009, noko som er 58,6 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett.

Auken i det oljekorrigerte underskotet frå saldert til nysaldert budsjett må sjåast i samanheng med ein vesentleg nedgang i skatte- og avgiftsinntektene på 21,0 mrd. kroner. Ein stor del av denne nedgangen kan førast tilbake til konjunktursituasjonen. Samstundes auka utgiftene med 27,0 mrd. kroner, i hovudsak som følgje av tiltak for å dempe effekten av den internasjonale finanskrisa.

Budsjettutviklinga gjennom 2009 fram til nysalderinga er omtala nærare i Prop. 1 S (2009–2010) Statsbudsjettet 2010, Meld. St. 1 (2009–2010) Nasjonalbudsjettet 2010, St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009, St.meld. nr. 2 (2008–2009) Revidert nasjonalbudsjett 2009, St.prp. nr. 37 (2008–2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid og Prop. 61 S (2009–2010) Ny saldering av statsbudsjettet 2009.

I statsrekneskapen for 2009 er det oljekorrigerte underskotet 96,6 mrd. kroner. Dette er 10,7 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga, jf. tabell 1.2 i meldinga. Sett bort frå petroleumsverksemda auka inntektene med 5,9 mrd. kroner, medan utgiftene gjekk ned med 4,8 mrd. kroner.

Tilbakeføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet slik det vart forventa då. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2009 gjort opp med eit overskot på 10,7 mrd. kroner. Endringa på 10,7 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Inntektene utanom petroleumsinntekter auka med 5,9 mrd. kroner, frå 741,5 mrd. kroner til 747,4 mrd. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter vart 3,0 mrd. kroner høgare, medan andre inntekter auka med til saman om lag 2,9 mrd. kroner.

  • Utgiftene utanom petroleumsverksemda gjekk ned med 4,8 mrd. kroner, frå 848,7 mrd. kroner til 843,9 mrd. kroner.

Medrekna i desse tala er auka inntekter og utgifter på 1,9 mrd. kroner frå standard refusjonar som ikkje vert budsjetterte med beløp på løyvingane i saldert budsjett. Dette er refusjonar frå mellom anna Arbeids- og velferdsetaten og folketrygda som heimlar meirutgifter for statlege verksemder sine utgifter til arbeidsmarknadstiltak, løn under fødsels- og adopsjonspermisjon, løn til lærlingar og løn under sjukdom. Mindreutgifter i 2009 knytt til at overføringane frå 2009 til 2010 vart høgare enn overføringane frå 2008 til 2009, er òg rekna med i dei reduserte utgiftene frå nysalderinga til rekneskapen.

Endringar i inntektene

Inntektene utan meirinntekter i form av standard refusjonar for sjukepengar o.a. vart samla sett 4,0 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn i nysaldert budsjett. Skatte- og avgiftsinntektene gjekk opp med om lag 3,0 mrd. kroner, medan andre inntekter auka med om lag 1,0 mrd. kroner. Av dette syner rekneskapen 0,7 mrd. kroner i reduserte inntekter frå renter, og andre inntekter ein netto auke på 1,7 mrd. kroner der meirinntekter på budsjettposter som det er knytt meirinntektsfullmakter til, utgjer om lag 1,4 mrd. kroner. Mellom anna vart inntektene til Politidirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Forsvaret og fylkesmannsembeta høgare enn budsjettert for 2009. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Ut over dette omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for mellom anna ei rekkje gebyr-, sals- og leigeinntekter. Samla sett auka inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsverksemda med 5,9 mrd. kroner frå nysaldert budsjett.

Endringar i utgiftene

Samla syner rekneskapen mindreutgifter på 4,8 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett.

Når ein ser bort frå auka utgifter som heng saman med standard refusjonar, syner rekneskapen knapt 6,7 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett. Med i denne netto endringa ligg meirutgifter på knappe 1,4 mrd. kroner som må sjåast i samanheng med departementa og forvaltninga si bruk av meirinntektsfullmakter. Vidare gjekk overføringane av unytta løyvingar frå 2009 til 2010 opp med om lag 4,9 mrd. kroner samanlikna med overføringane frå 2008 til 2009, jf. nærare omtale nedafor.

Utgiftene til fleire av dei regelstyrte ordningane i statsbudsjettet gjekk ned frå anslaga som låg til grunn for nysaldert budsjett til rekneskapen. Utgiftene til stønader under folketrygda vart 0,7 mrd. kroner lågare enn anslått i nysaldert budsjett, medan utgiftene til pensjonar under Statens pensjonskasse og utgiftene til bustønad kvar for seg vart 0,3 mrd. kroner lågare. Medan utgiftene til momskompensasjon til kommunane gjekk opp med 0,2 mrd. kroner, gjekk renteutgiftene samla ned med 0,6 mrd. kroner.

Sett bort frå dei utgiftsendringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen for 2009 som er forklarte ovafor, er det dermed ein netto utgiftsreduksjon på vel 1,4 mrd. kroner som fordeler seg på ei rekkje løyvingar. Utgiftene vart lågare enn forventa i nysaldert budsjett til mellom anna klima- og skogsatsinga på bistandsbudsjettet med 0,6 mrd. kroner, drifts- og investeringsutgiftene under Jernbaneverket og Statens vegvesen med til saman 1,3 mrd. kroner og kjøp av klimakvotar med til saman vel 0,6 mrd. kroner. Andre utgifter auka med om lag 1,1 mrd. kroner. Mindreutgiftene frå tala i nysaldert budsjett til rekneskapen bidreg til å forklare auken i overførte løyvingar frå 2009 til 2010 samanlikna med overføringane frå 2008 til 2009, jf. omtalen nedafor.

Overført, unytta løyving til 2010

Frå 2008 til 2009 vart det overført unytta løyvingar, utanom lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, på til saman 7,3 mrd. kroner, medan overførte løyvingar frå 2009 til 2010 er på 12,2 mrd. kroner. Det tilsvarar ein auke på om lag 4,9 mrd. kroner.

Ved Stortingets handsaming av St.prp. nr. 37 (2008–2009) med tiltak for arbeid vart utgiftene auka med til saman om lag 16,9 mrd. kroner, fordelt på ein rekkje poster i budsjettet. Desse postane syner eit samla mindreforbruk på om lag 4,3 mrd. kroner samanlikna med løyvingane i nysaldert budsjett. Dei unytta løyvingane vert i all hovudsak overførte til 2010, og inngår i dei samla overføringane på 12,2 mrd. kroner. På dei same postane vart det overført 1,6 mrd. kroner frå 2008 til 2009. Dermed forklarar desse postane 2,7 mrd. kroner av auken i overføringane. Dei største overførte beløpa gjeld investeringstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimar, arbeidsmarknadstiltak, utgifter til Statens vegvesen og Jernbaneverket, og Innovasjon Noreg. Ut over postar som fekk tilleggsløyvingar i samband med handsaminga av St.prp. nr. 37 (2008–2009) er det store overføringar knytt til postane for kjøp av klimakvotar, klima og skogsatsinga, og NAV-reforma. Nokre departement syner òg ein mindre auke i overføringane. Tabell 1.3 i vedlegg 1 i meldinga syner ei meir detaljert oversikt over endra overføring per departement.

1.1.6 Veksten i utgiftene på statsbudsjettet

Den underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet skal syne utviklinga i utgiftene på statsbudsjettet frå eit år til eit anna. Når den underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, vert det korrigert for utgifter til dagpengar, renter, petroleumsverksemda, og for einskilde rekneskapsmessige høve og ekstraordinære endringar. Ved utrekninga av den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert det òg korrigert for prisendringar, slik at talet gjev uttrykk for volumendringar knytt til driftsutgiftene, investeringane og overføringane på statsbudsjettet. Nærare omtale av korleis den reelle, underliggjande veksten i utgiftene vert rekna ut, kan ein finne i kapittel 3 i Nasjonalbudsjettet 2009.

I Nasjonalbudsjettet 2009 var anslaget for den reelle, underliggjande veksten i utgiftene på statsbudsjettet 3 1/4 prosent, medan det i nysaldert budsjett for 2009 vart lagt til grunn ein reell, underliggjande vekst i utgiftene på statsbudsjettet på 6 1/2 prosent. Med utgangspunkt i statsrekneskapen for 2009 er veksten rekna til vel 5 1/2 prosent, dvs. ei nedjustering med om lag eitt prosentpoeng sidan anslaget i nysaldert budsjett. Nedjusteringa av den reelle, underliggjande utgiftsveksten frå nysaldert budsjett er i hovudsak knytt til lågare utgifter enn tidlegare lagt til grunn.

1.1.7 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov

Tabell 1.3 i meldinga syner utviklinga i statsbudsjettet sitt finansieringsbehov. Samanlikna med rekneskapen for 2008 er lånebehovet auka med 150,7 mrd. kroner, frå 25,6 mrd. kroner i 2008 til 176,3 mrd. kroner i 2009. Endringane i utlån og aksjeteikning på 140,4 mrd. kroner er i hovudsak knytt til opprettinga av Statens obligasjonsfond og Statens finansfond som kvar fekk ein kapital på 50 mrd. kroner, og auka utlån i Innovasjon Noreg på 17,5 mrd. kroner. Endringane i gjeldsavdrag må sjåast i samanheng avdragsprofilen på statsgjelda.

Utgiftene til utlån vart om lag 0,4 mrd. kroner høgare enn forventa ved nysalderinga, medan tilbakebetalingane vart vel 0,9 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalseringa. Netto utlån vart dermed knapt 0,5 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Då rekneskapen syner eit overskot på 10,7 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 11,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

Avdrag på innanlandsk statsgjeld vart som i nysaldert budsjett. Brutto finansieringsbehov er dermed òg 11,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett.

I 2008 kjøpte staten aksjar for 17,1 mrd. kroner i Statoil ASA, medan det i 2009 er kjøpt aksjar for 2,2 mrd. kroner. Kjøpa vert dekka ved overføring frå Statens pensjonsfond utland. I nysaldert budsjett vart det budsjettert med utgifter til lån til Norpipe Oil AS med 25 mill. kroner. Det vart ikkje rekneskapsført utgifter til dette føremålet i 2009.

1.1.8 Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

Statsrekneskapen for 2009 syner at dei samla inntektene frå skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg utgjorde 684,7 mrd. kroner i 2009, ein auke med 4,3 mrd. kroner eller 0,6 prosent frå året før. Svakare økonomiske aktivitet og nedgang i sysselsetjinga samanlikna med det som vart lagt til grunn hausten 2008, har ført til at skatte- og avgiftsinntektene vart 18,0 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2009. Nedgangen må sjåast i samanheng med den internasjonale finanskrisa. Skatte- og avgiftsinntektene vart 3,0 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett for 2009, mellom anna på grunn av sterkare vekst i inntektene frå meirverdiavgifta mot slutten av året.

Av dei samla skatte- og avgiftsinntektene på 684,7 mrd. kroner i statsrekneskapen for 2009 utgjorde skatt på inntekt og formue 190,5 mrd. kroner og arveavgifta 2,4 mrd. kroner. Frå 2008 til 2009 gjekk desse inntektene ned med 1,0 prosent, frå 194,9 mrd. kroner til 192,9 mrd. kroner.

Trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift utgjorde 218,9 mrd. kroner i 2009, ein auke på 6,3 prosent frå året før.

Inntektene frå meirverdiavgifta gjekk ned med 2,9 prosent til 185,2 mrd. kroner i 2009.

Frå 2008 til 2009 gjekk andre særavgifter og tollinntekter ned med 1,3 prosent, frå 88,9 mrd. kroner til 87,8 mrd. kroner.

1.1.9 Utgifter og inntekter frå petroleumsverksemda – Statens pensjonsfond utland

Utgiftene til petroleumsverksemda skriv seg frå investeringar i staten si direkte deltaking i petroleumsverksemda (SDØE) og overføringar til Statens petroleumsforsikringsfond. Utgiftene til petroleumsverksemda vart i 2009 om lag 24,7 mrd. kroner, der 23,6 mrd. kroner var investeringar. Inntektene frå petroleumsverksemda omfattar skatt og avgift på utvinning, aksjeutbyte frå Statoil ASA og inntekter frå SDØE. Inntektene frå SDØE omfattar i hovudsak driftsresultat og kalkulatoriske avskrivingar og renter. Inntektene frå petroleumsverksemda vart 304,5 mrd. kroner i 2009. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, som er inntektene minus utgiftene frå petroleumsverksemda, vart dermed 279,8 mrd. kroner.

Endringar i verdien til Statens pensjonsfond utland kjem fram gjennom endringar i kontantstraumen, overføring av midlar til statsbudsjettet, netto finanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda, direkte avkastning av fondet og endra verdi av fondet sine eigedelar.

Skattar og avgifter frå petroleumsverksemda

Dei samla innbetalte skattane og avgiftene frå petroleumsverksemda og CO2-avgifta, vart 169,0 mrd. kroner i 2009.

Rekneskapstala for betalte direkte skattar vart 1,5 mrd. kroner høgare enn venta i nysalderingsproposisjonen, medan betalte avgifter frå petroleumsverksemda vart 268 mill. kroner lågare enn venta.

Andre inntekter frå petroleumsverksemda

Inntektene frå SDØE er i det alt vesentlege driftsinntekter med frådrag for driftsutgifter og investeringsutgifter. Nettoinntektene frå SDØE vart i nysalderingsproposisjonen rekna til 115,7 mrd. kroner, medan rekneskapen for 2009 er 120,1 mrd. kroner. Utbyte frå Statoil ASA vart i 2009 knapt 15,5 mrd. kroner, som er same nivå som lagt til grunn i nysalderingsproposisjonen.

Endringar frå saldert budsjett til nysaldert budsjett

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett gjekk inntektene frå petroleumsverksemda ned med 122,6 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda gjekk ned med 1,6 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda gjekk dermed ned med 121,0 mrd. kroner, frå 394,8 mrd. kroner til 273,8 mrd. kroner. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond utland auka med 21,2 mrd. kroner frå saldert budsjett til nysaldert budsjett. Anslaget for overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, som svarer til anslaget på det oljekorrigerte budsjettunderskotet, gjekk opp med knapt 58,6 mrd. kroner, frå 48,7 mrd. kroner i saldert budsjett til 107,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Samla sett innebar dette ein reduksjon av anslaget for overskotet i Statens pensjonsfond utland med 158,4 mrd. kroner.

Nærare om endringane frå nysaldert budsjett til rekneskapen

Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda vart om lag 6 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Nettoinntektene gjekk opp frå 273,8 mrd. kroner til 279,8 mrd. kroner, jf. tabell 1.2 i meldinga. Inntektene frå petroleumsskattar og CO2/NOx-avgift vart 1,3 mill. kroner høgare, inntektene frå statleg petroleumsverksemd og utbyte frå Statoil ASA auka med 4,3 mrd. kroner, medan investeringsutgiftene vart vel 0,4 mrd. kroner lågare.

Det er overført 107,2 mrd. kroner frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet, noko som inneber at netto overføring til Statens pensjonsfond utland for 2009 samla sett er 6 mrd. kroner høgare i rekneskapen enn det vart rekna med i nysalderinga. Netto kontantstraum med fråtrekk for overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart dermed 172,6 mrd. kroner i 2009.

Frå nysaldert budsjett gjekk renteinntektene og utbytet i Statens pensjonsfond utland ned frå 108,4 mrd. kroner til 91,3 mrd. kroner. Samla vart overskotet i Statens pensjonsfond utland dermed 259,1 mrd. kroner i 2009, noko som er 11,0 mrd. kroner lågare enn forventa i nysaldert budsjett.

Ut over overskotet syner fondet ein auke på 103,3 mrd. kroner, der netto kursvinst auka fondets kapital med vel 105,4 mrd, kroner, medan kjøp av aksjar i Statoil ASA reduserte kapitalen med 2,2 mrd. kroner. Auken på 105,4 mrd. kroner kjem av realiserte tap på 83,5 mrd. kroner, urealiserte vinstar på 606,6 mrd. kroner og 417,6 mrd. kroner i redusert verdi av fondet grunna styrka kronekurs.

Dette inneber at kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka frå 2 279,6 mrd. kroner ved utgangen av 2008, til 2 642,0 mrd. kroner ved utgangen av 2009.

Overføringa frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet over kap. 5800 vert rekneskapsført i samsvar med Stortinget sitt vedtak i nysaldert budsjett, medan overføringa til fondet over kap. 2800 er tilpassa netto kontantstraum frå petroleumsverksemda.

1.1.10 Utlån av statspapir med sikring i eller byte med obligasjonar med førerett

Stortinget gav 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett innafor ei samla ramme på 350 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 5 (2008–2009) og Innst. S. nr. 12 (2008–2009) Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar med førerett.

Det er i 2009 bokført 3,0 mrd. kroner i vederlag under ordninga (jf. kap. 5605 post 85) og 2,4 mrd. kroner i utgifter (bokført som del av kap. 1650 post 89). I kapitalrekneskapen per 31. desember 2009 er mottekne obligasjonar med førerett bokført på eigedelssida med til saman 240 mrd. kroner (kontogruppe 6250). Statskassevekslar knytt til ordninga er bokført på gjeldssida med 229 mrd. kroner (bokført som del av kontogruppe 8055). Kurs- og tryggingselement er bokført med 13,2 mrd. kroner (kontogruppe 77/78).