Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om samtykke til ratifikasjon av Den internasjonale kaffiavtalen av 28. september 2007

Dette dokument

  • Innst. 371 S (2009–2010)
  • Kildedok: Prop. 143 S (2009–2010)
  • Dato: 16.06.2010
  • Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Sammendrag

Den internasjonale kaffiavtalen av 28. september 2007 har som føremål å styrkje den internasjonale kaffisektoren og hjelpe til ei berekraftig utviding av sektoren i eit marknadsbasert klima, til beste for alle som deltar i sektoren. Noreg sine økonomiske plikter ifølgje avtalen vil vere avgrensa til eit årleg tilskot til Kaffiorganisasjonen sitt administrasjonsbudsjett. Tilskotet utgjorde i 2009 kr 156 215. I og med at gjennomføring av avtalen krev løyvingsvedtak, er Stortingets samtykke til ratifikasjon naudsynt i medhald av § 26 andre ledd i Grunnlova.

Noreg er tilslutta Den internasjonale kaffiavtalen av 2001. Avtalen er den sjette i rekka. Det har vore internasjonale kaffiavtalar i kraft samanhengande sidan 1963, og Noreg har vore tilslutta alle. Den internasjonale kaffiavtalen 2001 skulle opphøyrt 30. september 2007, men er ved Det internasjonale kaffirådets resolusjon 443 av 23. september 2009 forlenga til 30. september 2010.

28. september 2007 vart medlemsstatane i Den internasjonale kaffiorganisasjonen samde om ein ny avtale. Denne vil tre i kraft når tilstrekkeleg mange medlemer har ratifisert avtalen. Den nye avtalen vil gjelde i ti år, med høve for Den internasjonale kaffiorganisasjonen til å forlengje den med ytterlegare åtte år.

Etter artikkel 40 var avtalen opphavleg open for underteikning i London til og med 31. august 2008 og for ratifikasjon innan 30. september 2008. Fristen for underteikning og ratifikasjon er ved Det internasjonale kaffirådets resolusjonar nr. 441 og 442 av 23. september 2009 forlenga til 25. september 2010. Vedtak om å underteikne vart gitt ved kgl.resolusjon av 21. mai 2010, og Noreg underteikna avtalen 2. juni 2010.

Organisasjonen sine administrasjonsutgifter skal dekkjast av årlege tilskot frå medlemene etter artikkel 19. Desse tilskota blir rekna ut på grunnlag av medlemene sitt røystetal i Rådet, jf. artikkel 20.

Medlemene forpliktar seg til å arbeide for å fjerne hindringar for handel med, og forbruk av, kaffi, jf. artikkel 24, og å rapportere om sine tiltak til Rådet, som kan gi tilrådingar for fjerning av slike hinder. Vidare skal medlemene leggje til rette for salsfremjande tiltak og marknadsutvikling etter artikkel 25, og ein eigen komité skal arbeide med dette etter mandat nedsett av Rådet.

Tilslutnad til Den internasjonale kaffiavtalen 2007 vil sikre Noreg deltaking i Den internasjonale kaffiorganisasjonen. Organisasjonen sitt arbeid vil gjennom ovannemnde tiltak for marknadsinformasjon, kvalitetsforbetring, finansiering i kaffisektoren og utviklingsprosjekt, kunne hjelpe til berekraftig utvikling og mindre fattigdom mellom småskalaprodusentar, samt betre innsyn og balanse i marknaden. Norsk tilslutnad vil vere ei vidareføring av etablert norsk politikk på råvareområdet. Avtalen er i stor mon ei vidareføring av 2001-avtalen, men med lengre verketid og noko høgare årleg økonomisk bidrag.

Noreg sitt tilskot i 2009 var utrekna etter 12 røyster, og utgjorde kr 156 215. Dette tilsvarte 16 608 britiske pund. Etter 2007-avtalen vil Noreg ha 14 røyster. Beløpet vil auke om lag proporsjonalt med talet på røyster. For 2010 er det sett av kr 192 000 (Prop. 1 S (2009–2010), kap. 116 post 70).

Tilslutnad til avtalen gjer det ikkje turvande med endringar i lover eller forskrifter.

Spørsmålet om norsk tilslutnad til avtalen er førelagt Finansdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, og Nærings- og handelsdepartementet, som ikkje hadde merknader. Norsk kaffibransje, representert ved Norsk Kaffeinformasjon, er konsultert, og har tilrådd at Noreg sluttar seg til avtalen.

Kaffiavtalen 2007 i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

Avtalen er open for underteikning fram til 25. september 2010.

Komiteens merknader og tilråding

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Kjell Arvid Svendsen, har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i ratifikasjon av Kaffiavtalen av 28. september 2007.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 16. juni 2010

Ine M. Eriksen Søreide

leder og ordfører