7. Virksomheten til Folketrygdfondet i 2009

7.1 Sammendrag

Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har i oppgåve å forvalte Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna investeringsrammer og retningsliner som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 10 (2009–2010) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009. Statens pensjonsfond består i tillegg til SPN av Statens pensjonsfond utland (SPU), som Noregs Bank forvaltar på vegner av Finansdepartementet. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 8.2 i denne meldinga.

Etter § 9 i forskrift om forvaltninga av SPN av 7. november 2007 nr. 1228 skal Folketrygdfondet utarbeide ein årsrapport og halvårsrapport om forvaltninga av SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet for 2009 følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 10 (2009–2010).

I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet utpeika ein ekstern revisor for Folketrygdfondet til å revidere rekneskapen for Folketrygdfondet inkludert forvaltninga av SPN. Det er òg inngått ein avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfeste at forvaltninga av SPN samsvarar med forskrift og retningsliner som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgje opp og føre tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.

Departementet har i ei eiga forskrift fastsett nærare reglar om føring av rekneskapen for Folketrygdfondet inkludert SPN, jf. forskrift 10. november 2008 nr. 1264 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet inkludert SPN. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjente årsrekneskapen og årsmeldinga 14. april 2010.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.