1. Sammendrag

Arbeidsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt inntektene under folketrygda for 2010.

Det fremjas forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 92,8 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 4 223,2 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 150,0 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert auka med i overkant av 4 466,0 mill. kroner.

Det gjeras framlegg om å redusere løyvinga for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 69,4 mill. kroner.