1.1 Innleiing

Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2011.

Det vises til forskrift 27. mai 2011 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer og satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2011 fastsett ved Kongeleg resolusjon same dagen.

Grunnbeløpet er auka med 4,73 pst., frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 4,73 pst.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 4,73 pst. og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 pst. som inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 pst. frå 1. mai 2011.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 4,73 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 4,21 pst. Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2011 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 7 230 mill. kroner.

1.2 Bakgrunn – nærare om reguleringa

Dei nye reglane for regulering

Frå 1. januar 2011 er det innført nye reglar for regulering av pensjonar i folketrygda, jf. folketrygdlova §§ 1-4, 19-14 og 20-18 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om beregning av lønnsveksten som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygden.

Alderspensjon under utbetaling (løpande pensjon) blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i reguleringsåret. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken.

Til grunn for reguleringa ligg venta lønnsauke i reguleringsåret, justert for eventuelle avvik mellom venta og faktisk lønnsauke siste år. Det skal også vurderast om det er særlege forhold som har påverka lønnsutviklinga for einskilde grupper, og om effekten av dette skal haldast utanfor ved fastsetjinga av lønnsauken. Talgrunnlaget skal drøftast med organisasjonane til pensjonistane, dei funksjonshemma og arbeidstakarane før grunnbeløpet og pensjonar blir regulerte.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.

Det blir lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,9 pst. i 2011. I trygdeoppgjeret 2010 blei det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,25 pst. Faktisk lønnsauke for 2010 er førebels anslått til 3,75 pst. i rapporten Grunnlaget for inntektsoppgjørene frå Det tekniske berekningsutvalet 5. april 2011. Det er eit avvik på 0,5 prosentpoeng frå 2010.

Reguleringa av grunnbeløpet, pensjonane og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2011

Når det er eit avvik frå fjoråret, skal det først takast omsyn til avviket og deretter til den venta prosentvise lønnsauken i inneverande år.

Det nye grunnbeløpet med verknad frå 1. mai 2011 skal fastsetjast slik at den prosentvise auka i det gjennomsnittlege grunnbeløpet frå 2010 til 2011 blir lik den samla årlege lønnsauken. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka med 4,42 pst. frå 2010 (74 721 kroner) til 2011 (78 024 kroner). Nytt grunnbeløp frå 1. mai 2011 er fastsett til 79 216 kroner. Den prosentvise auken i grunnbeløpet frå 75 641 kroner til 79 216 kroner frå 1. mai 2011 er 4,73 pst.

Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med lønnsauka og deretter fråtrekt 0,75 pst. Pensjonen blir først oppregulert med 4,73 pst. og frå denne summen blir det fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 3,94 prosent frå 1. mai 2011.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar frå 1. januar 2011 blei fastsett ved forskrift 8. juli 2010 nr. 1083. Desse satsane er auka frå 1. mai 2011 med lønnsauken på 4,73 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering for 67-åringar i reguleringsåret ved å multiplisere med forholdet 1,000/1,005. Dette inneber at satsane er auka med 4,21 pst.

Satsane er frå 1. mai 2011 sette til 125 338 kroner for låg sats, 145 822 kroner for ordinær sats, 157 639 kroner for høg sats og 236 471 kroner for særskilt sats.

1.3 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet og lønner dei seinare åra

Tabellen viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønnstakarar i perioden 2003–2010. Dei fleste pensjonistane har inntekter i tillegg til pensjonsinntekta. Utviklinga i desse inntektene er ikkje med her.

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

Endring 2003–2010

Endring per år

Grunnbeløp

3,9

3,3

3,5

5,4

5,5

4,2

3,8

33,5

4,2

Minstepensjon for einslege

3,9

3,3

3,5

5,4

11,3

7,9

5,4

48,2

5,8

Minstepensjon for ektepar/sambuande

6,1

4,9

4,0

5,4

11,9

8,2

5,5

55,8

6,5

Alderspensjon i gjennomsnitt1

5,4

4,8

4,8

6,5

7,6

6,1

5,6

48,6

5,8

Uførepensjon i gjennomsnitt

3,3

3,9

3,7

5,4

6,7

4,6

4,1

36,2

4,5

Lønnstakarar i alt

3,5

3,3

4,1

5,4

6,3

4,5

3,75

35,2

4,4

Industriarbeidarar i NHO- området

3,6

3,4

3,6

5,5

5,7

3,9

3,6

32,2

4,2

Statstilsette

3,7

3,4

4,5

5,1

6,7

4,4

4,5

37,0

4,6

Kommunetilsette

3,8

3,4

3,9

4,8

6,7

4,6

3,7

35,1

4,4

1 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen

Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet NOU 2010:4 og Arbeids- og velferdsdirektoratet

Pensjonane til den einskilde aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet med mindre det skjer endringar i regelverket.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 pst. til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

For ektepar og sambuarar med minstepensjon var auken sterkare i åra 2003–2006 og 2008–2010 både på grunn av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen for ektepar og sambuande blei trappa opp i åra 2003–2005. Grunnpensjonen auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Gjennomsnittleg pensjon har dei siste åra også auka med meir enn grunnbeløpet, og med meir enn auken i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og sambuarar skulle tilseie. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.

Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Det går her fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom dei nemnde aukane i åra 2008–2010.

1.4 Skattereglane for pensjonistar i 2011

Skattereglane for pensjonistar blei endra frå 1. januar 2011.

Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

Frå 2011 har AFP- og alderspensjonistar rett til eit særleg skattefrådrag som sikrar at pensjonistar med pensjon litt over minstepensjon ikkje betaler skatt av pensjonen. Skattefrådraget erstattar skatteavgrensingsregelen for desse gruppene. I 2011 utgjer skattefrådraget maksimalt 28 150 kroner og blir trappa ned mot høgare pensjonsinntekt enn 158 650 kroner. Frådraget blir trappa ned med ein sats på 15,3 pst. av pensjonsinntekt mellom 158 650 kroner og 242 000 kroner, og med ein sats på 6 pst. av pensjonsinntekt over 242 000 kroner. Frådraget er heilt utfasa ved ei pensjonsinntekt på om lag 498 600 kroner.

Særskilde reglar for uføre

Skattytarar som får førebels uførepensjon etter folketrygdlova § 12-16 eller uførepensjon av di arbeidsevna er varig nedsett med minst to tredelar, og som ikkje samstundes får arbeidsavklåringspengar frå folketrygda, skal i 2011 ha eit særfrådrag i inntekta på 2 667 kroner per månad (32 000 kroner for heile året). Er arbeidsevna nedsett med mindre enn to tredelar, skal skattytaren ha eit halvt særfrådrag.

Uførepensjonistar kan skattleggast etter ein særskild skatteavgrensingsregel som sikrar at dei med låg inntekt og formue ikkje skal betale skatt.

Skatteavgrensinga som følgje av skatteavgrensingsregelen blir trappa ned med inntekta ved at trygdeavgift og felles-, kommune- og fylkesskatt skal setjast til 55 pst. av den allminnelege inntekta som overstig dei skattefrie grensene. Fordelen vert trappa ned mot all inntekt, og ikkje berre mot pensjonsinntekt. Skatteavgrensingsregelen skal nyttast når denne regelen gir lågast skatt. Den særskilde skatteavgrensingsregelen blir ikkje nytta ved fastsetjing av toppskatt eller skatt på formue.

Skatteavgrensingsregelen gjeld òg for skattytarar som har overgangsstønad eller etterlatnepensjon.

Minstefrådraget for pensjonsinntekter

Når skatten skal reknast ut, blir lønnsinntekter og pensjonsinntekter reduserte med eit minstefrådrag. I 2011 utgjer minstefrådraget for pensjonsinntekter 26 pst. av inntekta, maksimalt 62 950 kroner. Til samanlikning er minstefrådraget for lønnsinntekter på 36 pst. av inntekta, maksimalt 75 150 kroner.

Trygdeavgift

Satsen for trygdeavgift på pensjonsinntekt o.a. i 2011 er 4,7 pst. Til samanlikning er trygdeavgift på lønnsinntekt 7,8 pst.

1.5 Pensjonar og ytingar frå folketrygda

Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Satsane for minste pensjonsnivå blir regulert i samsvar med lønnsauken og deretter justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar i regulerings-året. Grunnbeløpet og alderspensjon under opptening blir regulert i samsvar med lønnsauken. Uførepensjon, ytingar til gjenlevande, arbeidsavklaringspengar og overgangsstønad blir regulerte i tråd med endringar i grunnbeløpet.

Under kap. 2670 Alderspensjon er det for 2011 til saman løyvd 128 209 mill. kroner. Det blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 3 584 mill. kroner, fordelt med 1 245 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 2 088 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 1 mill. kroner på post 72 Ventetillegg og 250 mill. kroner på post 73 Særtillegg.

Under kap. 2655 Uførheit er det for 2011 til saman løyvd 56 004 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 731 mill. kroner, fordelt med 651 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 1 012 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon, 66 mill. kroner på post 72 Særtillegg og 2 mill. kroner på post 76 Yrkesskadetrygd.

Under kap. 2680 Ytingar til gjenlevande ektefellar er det for 2011 til saman løyvd 2 407 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 76 mill. kroner, fordelt med 40 mill. kroner på post 70 Grunnpensjon, 33 mill. kroner på post 71 Tilleggspensjon og 3 mill. kroner på post 72 Særtillegg.

Under kap. 2651 Ytingar under arbeidsavklaring post 70 Arbeidsavklaringspengar er det for 2011 løyvd 36 750 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 1 109 mill. kroner.

Under kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far post 70 Overgangsstønad er det for 2011 løyvd 2 680 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvingane med 81 mill. kroner.

1.6 Andre pensjonsordningar

Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

Tenestepensjonane i offentleg sektor er bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag.

Etter lov om Statens pensjonskasse skal alderspensjon under utbetaling regulerast ved at pensjonsgrunnlaget blir regulert årleg frå 1. mai i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst. Uførepensjon og enkje- og enkjemannspensjon blir regulerte i samsvar med lønnsauken fram til fylte 67 år. Frå fylte 67 år blir pensjonsgrunnlaget regulert i samsvar med lønnsauken og deretter fråtrekt 0,75 pst.

Under kapitla 611, 612, 615 og 616 er det for 2011 til saman løyvd 9 315,5 mill. kroner. Dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av reguleringa frå 1. mai 2011 vil utgjere om lag 542,5 mill. kroner.

Under kap. 611 Pensjonar av statskassa blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 0,5 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort framlegg om at departementet får fullmakt til å regulere pensjonane på same måten som pensjonar frå Statens pensjonskasse.

Under kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med 537 mill. kroner, fordelt med 531,1 mill. kroner på post 1 Driftsutgifter og 5,9 mill. kroner på post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse.

Under kap. 615 Yrkesskadeforsikring og kap. 616 Gruppelivsforsikring blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med respektive 1 mill. kroner under kap 615 og 4 mill. kroner under kap 616.

Avtalefesta pensjon i privat sektor

Under kap. 666 post 70 Tilskott er det for 2011 løyvd 1 650 mill. kroner til statstilskott. Det blir gjort framlegg om å auke statstilskottet med 52 mill. kroner.

Pensjonstrygda for sjømenn

Under kap. 664 Pensjonstrygda for sjømenn, post 70 Tilskott, er det for 2011 løyvd 395,3 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke tilskottet med 27 mill. kroner.

Krigspensjonering

Under kap. 660 post 70 Tilskott militære og post 71 Tilskott sivile, er det for 2011 løyvd respektive 165 mill. kroner og 405 mill. kroner. For 2011 blir det rekna med meirutgifter på 5 mill. kroner til krigspensjoneringa for militærpersonar og 12 mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 17 mill. kroner for 2011.

Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Personar over 67 år med liten eller ingen pensjon frå folketrygda er sikra ei samla inntekt på nivå med minste pensjonsnivå, jf. lov 29. april 2005 nr. 21 om lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg. Ytingane frå ordninga blir prøvde mot både inntekt og formue. Stønadsmottakaren må være busett i Noreg.

Under kap. 667 post 70 Tilskott er det for 2011 løyvd 380 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 667 post 70 Tilskott med 10 mill. kroner for 2011.