Departementet vil gjere ei endring av praksis
for tidfesting ved realisasjon av aksjar som er registrerte i Verdipapirsentralen
(VPS). Endringa vil gi større likebehandling av aksjetransaksjonar, og
verke forenklande for skattytarane og skatteetaten.
Utgangspunktet for tidfesting av gevinst og
tap ved overdraging av aksjar og andre formuesobjekt er realisasjonsprinsippet.
Tidfesting ved sal av aksjar og andre formuesobjekt er regulert
i skatteloven § 14-2 første ledd andre punktum. Etter denne føresegna
skal «Fordeler som innvinnes ved overføring fra andre, tas til inntekt når
skattyteren får en ubetinget rett til ytelsen». Ved sal av fysiske
gjenstandar vil seljer normalt oppnå ein «ubetinget rett til ytelsen»
frå kjøpar når han har prestert si eiga yting.
Overføring av aksjar reiser spesielle problemstilingar
i denne samanhengen. Dei ulike eigarrettane blir overførte frå seljer
til kjøpar til ulik tid, noko som reiser spørsmål om når ytinga
skal reknast for å vere prestert. Utgangspunktet er at vesentlege
eigarfunksjonar, som retten til utbytte og retten til nye aksjar
ved auke av aksjekapitalen, blir overført allereie ved avtaleinngåinga. Når
heile transaksjonen ses i samanheng, synest dei fleste eigarfunksjonane
å bli overført ved avtaleinngåinga, sjølv om betalinga ikkje skjer samstundes.
Etter departementet si vurdering må tidspunktet for avtaleinngåinga
(handelsdato) vere utgangspunktet for tidfesting av gevinst og tap
ved aksjetransaksjonar. Dette tidspunktet må og vere utgangspunktet
for når kjøparen skal reknast som eigar av aksjane etter reglane
om skjerming i aksjonærmodellen og formueskatt.
Frå dette utgangspunktet om handelsdato har
det vore praktisert eit unnatak. For VPS-registrerte aksjar som
blir overførte ved såkalla handelstransaksjonar, har Finansdepartementet
uttalt at den etterfølgjande oppgjersdatoen (betalingsdatoen) skal
leggjast til grunn for tidfestinga. Det visast til departementets
fråsegn av 2. mai 2003. Ved handelstransaksjonar følgjer betalingsoppgjeret
eit fast mønster, der oppgjersdato normalt er tre dagar etter handelsdato.
VPS-registrerte aksjar er meint for omsetning, og det er blant anna
knytta legitimasjons – og rettsvernsverknader til oppgjersdatoen.
Omsynet til slike verknader, samanhaldt med likningstekniske omsyn,
gjorde at departementet uttalte at gevinstar og tap ved handelstransaksjonar
skulle tidfestast på oppgjersdatoen. Det blei lagt stor vekt på
tekniske omsyn knytta til dataoverføring mellom VPS og aksjonærregisteret.
Men erfaring viser at ulik tidfesting av aksjetransaksjonar
er vanskeleg både for skattytarane og skatteetaten. Gjeldande praksis
gir økt risiko for feil ved likninga.
Etter departementet si vurdering er det behov
for forenklingar på dette området. Det er nå blitt teknisk mogeleg
å nytte handelsdato for VPS-registrerte aksjar ved handelstransaksjonar.
Når det ikkje lenger er tekniske omsyn som talar for å nytte oppgjersdato
ved slike transaksjonar, bør handelsdato leggast til grunn også
her.
Departementet foreslår derfor ei omlegging av praksis
slik at gevinst og tap ved realisasjon av aksjar alltid blir tidfesta
på handelsdato. Tilsvarande skal handelsdato vere avgjørande for når
ein kjøpar skal reknast som eigar av aksjane etter reglane om skjerming
og formuesskatt.
Ei endring av praksis vil ikkje ha noko vesentleg å
seie for den enkelte aksjonær, utover at det blir enklare å ta stilling
til kven som skal skattleggjast ved overdraging av aksjar ved eit
årsskifte, med handelsdato og oppgjersdato i to forskjellige år.
For skatteetaten vil det vere enkelte administrative
kostnader knytta til sjølve omlegginga av praksis. Kostnadene vil
bli dekka innanfor skatteetatens noverande økonomiske rammer.
Omlegginga bør få verknad frå og med inneverande
inntektsår. For aksjar med handelsdato i 2010 og oppgjersdato i
2011, bør 1. januar 2011 bli registrert som ervervsdato.
Finansdepartementet vil instruere skatteetaten om
å gjennomføre denne omlegginga.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.