9. Virksomheten til Statens finansfond i 2010

9.1 Sammendrag

Statens finansfond (Finansfondet) vart oppretta 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lov om Statens finansfond vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart etablert med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 den 26. februar 2009.

Målet med Finansfondet er «å bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.

Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.

Finansfondet betalte ut det første innskotet 30. september 2009, og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på knapt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet, representerer om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerer 21 pst. av alle bankar i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosenteiningar. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

I brev 4. mars 2010 og 25. juni 2010 til departementet har Riksrevisjonen lagt til grunn at statsråden si rapportering til Riksrevisjonen om verksemda i Statens finansfond skal koma i tillegg til rapporteringa til Stortinget. Statsråden seier i brev 5. juli 2010 at han ikkje har ytterlegare merknader om verksemda i Statens finansfond utover det som går fram av Finansmarknadsmeldinga, men at form og innhald på den jamlege rapporteringa til Stortinget skal vurderast i ljos av merknaden frå Riksrevisjonen. I Dokument 3:2 (2010–2011) held Riksrevisjonen fast ved synet sitt på rapporteringa til Riksrevisjonen. I Innst. 246 S (2010–2011) seier Kontroll- og konstitusjonskomiteen at «[k]omiteen er tilfreds med at departementet vil vurdere form og innhold i den løpende rapporteringen til Stortinget i lys av Riksrevisjonens anmodning». Departementet tek på dette grunnlaget sikte på å vurdera forma og innhaldet på rapporteringa til Stortinget i omtala av verksemda i Statens finansfond i Finansmarknadsmeldinga 2011, som vil verta lagd fram våren 2012. Rapporteringa til Riksrevisjonen vert handsama for seg.

I 2009 var verksemda i Statens finansfond i hovudsak knytt til etablering og å vurdera søknader frå bankar som ønskte kapitalinnskot. I 2010 gjekk Finansfondet over i ein forvaltningsfase. Kor lenge verksemda i Finansfondet skal vidareførast avheng mellom anna av når kapitalinnskota vert betalte tilbake frå bankane.

Tre bankar valde å betala attende kapitalinnskota i 2010. Sparebank 1 SMN betalte attende innskotet på 1,25 mrd. kroner 22. mars og 22. april. Sparebanken Vest betalte attende innskotet på 960 mill. kroner 25. mai, og Sparebanken Sør betalte attende innskotet på 400 mill. kroner 17. desember. Ved årsskiftet 2010/2011 hadde såleis Finansfondet uteståande om lag 1,5 mrd. kroner fordelt på 25 bankar.

Det kan vera fleire grunnar til at ikkje fleire bankar har løyst inn innskota. Uroa på marknadene for innlån frå våren 2010 (mellom anna som følgje av gjeldsstoda for ein del europeiske land), kan vera eit viktig omstende. Rentene på fondet sine innskot er sett slik at dei dannar ei bru frå fråvær av marknad for innlån til bankane under finanskrisa, til ein normal marknad for innlån. Med ytterlegare normalisering av marknadene kjem truleg fleire bankar til å løysa inn innskota.

I 2010 vart det innbetalt renter for 2009 frå kapitalinnskota i bankane. Rentene for 2010 skal betalast seinast fem dagar etter at forstandarskapet har fastsett årsresultat for banken. Dei oppsamla renteinntektene frå kapitalinnskota i bankane var 212,1 mill. kroner i 2010.

Finansfondet hadde i 2010 eit driftsbudsjett på 10 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene var på 4,2 mill. kroner.

For å halda kostnadene nede har Finansfondet i 2010 avvikla fleire avtalar med utanforståande leverandørar av tenester. Driftskostnadene var difor vesentleg lågare i 2010 enn dei var i 2009, då organisasjonen vart bygd opp. Finansfondet har i 2010 hatt avtale om tilgang på eksterne juridiske rådgjevarar frå advokatfirmaet Wikborg Rein og eksterne finansielle rådgjevarar frå Pareto Securities. Desse to avtalane vart avvikla i januar 2011.

Det var knytt ei rad vilkår til kapitalinnskota i bankane, jf. omtale i Meld. St. 12 (2009–2010) Finansmarknadsmeldinga 2009. Finansfondet har i 2010 gjennomført kontrolltiltak for å sjå om bankane etterlever vilkåra. Oppfølging av utlånspolitikken, kredittstrategien og løns-, utbyte- og gåvepolitikken til bankane krev særskild rapportering til Finansfondet. Ved å etablera den særskilde rapporteringa har fondet lagt vekt både på omsynet til forsvarleg oppfølging av kapitalinnskota og på omsynet til bankane si rapporteringsbyrde. Omfanget av rapporteringa er avgrensa. I tillegg til å gjennomgå dei halvårlege rapportane frå bankane til fondet, går Finansfondet igjennom kvartalsrekneskapen til bankane. Etter gjennomgangen av tala for 3. kvartal 2010 såg fondet særskilt etter om mellom anna resultata kunne tyda på underskot, svak utlånsvekst osv., ettersom desse opplysningane kunne indikera stoda ved årsskiftet 2010/2011. Undersøkingane viste store variasjonar mellom bankane med omsyn til tap og utlånsutvikling. Bankane gav akseptable svar på årsakene til tapa og utlånsutviklinga. Finansfondet meiner at kapitalinnskota frå fondet framleis syter for at målet med innskota vert nådd, nemleg å styrkja bankane og sikra normal utlånsverksemd.

Ein viser til meldinga for omtale av styre og administrasjon.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen tar redegjørelsen til orientering.