1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2011.

1.2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på resultatet av løneoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i løneoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 2,73 prosent frå 1. juli 2011.

Meirutgiftene for 2011 er utrekna til 11,904 mill. kroner.

1.3 Bakgrunn

Gjennom mange år er dei økonomiske ytingane til soldatane regulert med basis i løneoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Løneoppgjeret for tilsette i staten i løneramme 02, lønstrinn 19 gav eit kronetillegg på 7 000 på A-tabellen. Dette utgjer ei regulering på 2,73 prosent.

1.4 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i løneoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det óg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 2,73 prosent med verknad frå 1. juli 2011.

1.5 Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2011:

Tenestetillegg frå kr 150,00

til kr 154,00 pr. dag

Tenestetillegg HV-innsatsstyrke frå kr 808,00

til kr 830,00 pr. dag

Operativt (§13-oppdrag) tillegg frå kr 1 154,00

til kr 1 185,50 pr. dag

Korporalstillegg frå kr 19,00

til kr 19,50 pr. dag

Kompensasjonstillegg frå kr. 295,00

til kr 303,00 pr. dag

Ektefelletillegg frå kr 4 029,00

til kr 4 140,00 pr. månad1)

Barnetillegg, fyrste barn frå kr 4 581,00

til kr 4 707,00 pr. månad1)

Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 887,00

til kr 1 938,00 pr. månad1)

Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr. 28 835

til kr 29 638,001)

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 56,00

til kr 57,50 pr. dag

1) Summen er avrunda av omsyn til dagsatsar på heil tiøre.

1.6 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene av forslaget er utrekna til 11,904 mill. kroner for 2011 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

6,379 mill. kroner

Auke av tenestetillegg HV-innsatsstyrke og Operativt tillegg (§ 13 oppdrag)

0,348 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,431 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0,222 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle

4,360 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus dagsats

0,164 mill. kroner

1.7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2011 er utrekna til 330 000 kroner. Verknad for heile året blir 445 555 kroner.