Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Dette dokument

  • Innst. 442 S (2010–2011)
  • Kildedok: Prop. 127 S (2010–2011)
  • Dato: 14.06.2011
  • Utgiver: utenriks- og forsvarskomiteen
  • Sidetall: 3

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjersler for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2011.

1.2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på resultatet av løneoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i løneoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjersler til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 2,73 prosent frå 1. juli 2011.

Meirutgiftene for 2011 er utrekna til 11,904 mill. kroner.

1.3 Bakgrunn

Gjennom mange år er dei økonomiske ytingane til soldatane regulert med basis i løneoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har dei seinare åra, i tråd med synet til Stortinget, lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Løneoppgjeret for tilsette i staten i løneramme 02, lønstrinn 19 gav eit kronetillegg på 7 000 på A-tabellen. Dette utgjer ei regulering på 2,73 prosent.

1.4 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i løneoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det óg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 2,73 prosent med verknad frå 1. juli 2011.

1.5 Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2011:

Tenestetillegg frå kr 150,00

til kr 154,00 pr. dag

Tenestetillegg HV-innsatsstyrke frå kr 808,00

til kr 830,00 pr. dag

Operativt (§13-oppdrag) tillegg frå kr 1 154,00

til kr 1 185,50 pr. dag

Korporalstillegg frå kr 19,00

til kr 19,50 pr. dag

Kompensasjonstillegg frå kr. 295,00

til kr 303,00 pr. dag

Ektefelletillegg frå kr 4 029,00

til kr 4 140,00 pr. månad1)

Barnetillegg, fyrste barn frå kr 4 581,00

til kr 4 707,00 pr. månad1)

Barnetillegg, øvrige barn frå kr 1 887,00

til kr 1 938,00 pr. månad1)

Dimisjonsgodtgjersle 12 månader teneste frå kr. 28 835

til kr 29 638,001)

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 56,00

til kr 57,50 pr. dag

1) Summen er avrunda av omsyn til dagsatsar på heil tiøre.

1.6 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene av forslaget er utrekna til 11,904 mill. kroner for 2011 etter følgjande fordeling:

Auke av tenestetillegg og korporalstillegg

6,379 mill. kroner

Auke av tenestetillegg HV-innsatsstyrke og Operativt tillegg (§ 13 oppdrag)

0,348 mill. kroner

Auke av kompensasjonstillegg

0,431 mill. kroner

Auke av forsørgjartillegg

0,222 mill. kroner

Auke av dimisjonsgodtgjersle

4,360 mill. kroner

Auke av utdanningsbonus dagsats

0,164 mill. kroner

1.7 Verknad for siviltenesta

Regulativendringar for militære vernepliktige mannskap utløyser tilsvarande endringar for dei sivile vernepliktige. Dette følgjer av militærnekterlova § 18. Meirkostnadane for siviltenesteforvaltninga for andre halvåret 2011 er utrekna til 330 000 kroner. Verknad for heile året blir 445 555 kroner.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre Myrli, Tore Nordtun og Willy Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen, Morten Høglund, Mazyar Keshvari, Peter N. Myhre og Karin S. Woldseth, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, støtter proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Høyre ber departementet vurdere å likestille utdanningsbonus og dimisjonsgodtgjørelse økonomisk.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2011 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, blir auka med

330 000

frå kr 40 890 000 til kr 41 220 000

1719

Felles utgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, blir auka med

18 000

frå kr 229 483 000 til kr 229 501 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, blir auka med

505 000

frå kr 2 592 246 000 til kr 2 592 751 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under FST

1

Driftsutgifter, blir auka med

518 000

frå kr 1 913 817 000 til kr 1 914 335 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 977 000

frå kr 5 288 514 000 til kr 5 294 491 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 689 000

frå kr 3 282 481 000 til kr 3 284 170 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 490 000

frå kr 3 968 358 000 til kr 3 969 848 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, blir auka med

1 050 000

frå kr 1 048 559 000 til kr 1 049 609 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, blir auka med

261 000

frå kr 2 377 209 000 til kr 2 377 470 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, blir auka med

388 000

frå kr 977 565 000 til kr 977 953 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, blir auka med

8 000

frå kr 239 877 000 til kr 239 885 000

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 14. juni 2011

Ine M. Eriksen Søreide

leder og ordfører