I denne proposisjonen legg Barne-, likestillings- og
inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2011 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.
På grunn av nyetablering av incestsenter, lågare overskot
i incestsentra sine rekneskap i 2010 enn året før, og at nokre senter
har ein realauke i budsjettrammene sine i 2011, er det eit meirbehov for
tilskotsmidlar på 3,2 mill. kroner.
BLD føreslår å auke løyvinga med 3,2 mill. kroner.
Departementet har gitt Alternativ til vold (ATV) tilskot
til etablering av eit landsdekkjande behandlingstilbod til valdsutøvarar.
Stortinget blei i Prop. 120 S (2010–2011) og i Prop. 1 S (2011–2012)
orientert om at etablering av nye ATV-kontor er forsinka.
Det har vist seg vanskeleg å få etablert nye
kontor i samarbeid med kommunar. Som følgje av at det er oppretta
færre ATV-kontor enn opphavleg lagt til grunn, vil utgiftene i 2011
bli 5,5 mill. kroner lågare enn budsjettert.
Departementet har derfor bedt ATV gjere greie for
status i dette arbeidet. På grunnlag av utgreiinga må det vurderast
om det er realistisk at det blir oppretta fem nye kontor i 2012
slik det er lagt til grunn i 2012-budsjettet.
Noko av mindreforbruket er nytta til tiltak
19 i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, driftstilskot til
Norsk krisesenterforbund og tilskot til ein konferanse om valdtekt
(jf. omtale i Prop. 120 S (2010–2011)).
Av mindreforbruket vil det òg bli gitt tilskot
til haldningsprosjektet Sammen mot voldtekt i regi av Reform – ressurssenter
for menn. Prosjektet skal utvikle eit undervisningsopplegg og drive eit
haldningsskapande arbeid mot relasjonsvaldtekt.
Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3
mill. kroner.
Utgiftene til eksterne meklarar (utanom familievernet)
hittil i år tyder på eit mindrebehov på 0,95 mill. kroner.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 0,95 mill. kroner.
Utgiftene til kontantstøtte i 2011 er anslått
til 1 340 mill. kroner, 15 mill. kroner lågare enn løyvinga.
Mindrebehovet kjem av at færre mottek kontantstøtte
enn føresett i vedteke budsjett. Det vil seie at fleire nye eitt-
og toåringar har plass i barnehage enn tidlegare lagt til grunn.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 15 mill. kroner.
Utgiftene til barnetrygd i 2011 er anslått til 14 870
mill. kroner, 50 mill. kroner lågare enn løyvinga i vedteke budsjett
for 2011. Dette kjem av redusert anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd
inkludert utvida stønad til einslege forsørgjarar.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 50 mill. kroner.
Meirbehovet under posten er knytt til Likestillingsutvalet.
I tillegg føreslår BLD å flytte 0,25 mill. kroner frå kap. 846 post
79 knytt til utgiftene til nasjonal ekspert i Europarådet.
BLD føreslår til saman å auke løyvinga under kap.
846 post 21 med 1,03 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under
kap. 846 post 79.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 1,03 mill. kroner,
jf. tilsvarande auke under kap. 846 post 21.
Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter
til barnevernstiltak inkludert utgifter til bufellesskap for einslege,
mindreårige asylsøkjarar som blir busette i kommunane.
Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn
som blir busette og kor stor del av alle einslege, mindreårige asylsøkjarar
og flyktningar som treng tiltak frå barnevernet.
Grunna ein auke i talet på busette einslege,
mindreårige asylsøkjarar og høgare refusjonar per barn, er behovet
på posten høgare enn tidlegare føresett. Basert på venta utbetalingar
i 2011, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 242,6
mill. kroner.
Kapittel 855 postane 1, 22 og 60 må sjåast i
samanheng. Løyvinga blei redusert med 52 mill. kroner i RNB 2011
for å dekkje venta mindreinntekter på kap. 3855 post 60.
Ein føresetnad for å oppnå budsjettbalanse i 2011
var mellom anna at bruken av institusjonsplasseringar måtte reduserast
samstundes med at utgiftsnivået i institusjonane måtte haldast nede. Ein
har ikkje klart å oppfylle desse føresetnadene.
Samla løyving på postane er 5 141 mill. kroner og
prognosane tilseier utgifter på 5 251 mill. kroner. Meirbehovet
utgjer dermed 110 mill. kroner.
Departementet føreslår derfor å auke kap. 855 post
22 med 110 mill. kroner.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har
redusert nivået på investeringar for å redusere meirutgiftene på
kap. 855.
BLD føreslår å redusere posten med 35 mill.
kroner for å dekkje inn delar av meirutgiftane på kap. 855.
Kap. 858 post 22 skal dekkje utbetalingar til
pensjonskasser der tilsette i Bufetat var medlemmer før staten overtok
det fylkeskommunale barne- og familievernet. Reguleringspremien
blir berekna årleg ut frå endringane i lønns- og trygdeoppgjeret
og førre års avkastingar frå premiefond. Reguleringspremien varierer
følgjeleg kvart år.
BLD føreslår å auke kap. 858 post 22 med 15 mill.
kroner som følgje av meirutgifter til KLP og fylkeskommunale pensjonskassar.
Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2011
er anslått til 14 900 mill. kroner, 510 mill. kroner høgare enn
løyvinga i vedteke budsjett for 2011.
Meirbehovet kjem mellom anna av oppjusterte anslag
på utgifter knytt til auka fedrekvote til ti veker frå 1. juli 2010,
og høgare gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag. Det er òg venta
at delen mødrer med foreldrepengar vil vere høgare enn føresett.
BLD føreslår å auke løyvinga med 510 mill. kroner.
Det er venta ein høgare del mødrer med foreldrepengar
enn lagt til grunn i vedteke budsjett for 2011, jf. post 70. Dette
fører til færre utbetalingar av eingongsstønad.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 45 mill. kroner.
Ved utgangen av august var det utbetalt om lag 397
mill. kroner. Vanlegvis vil det meste av feriepengane vere utbetalte
per juni månad.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 13 mill. kroner.
Talet på adopsjonar ved utgangen av august månad
tyder på ein nedgang på om lag 10 pst. frå 2010.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.
Posten omfattar i all hovudsak refusjonar for
utlegg for kommunane i samband med institusjonsplasseringar. Ei
framskriving av venta inntekter ligg 8 mill. kroner lågare enn løyvinga.
BLD føreslår å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.
Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak
av asylsøkjarar og flyktningar, kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp
med heimel i statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance
Centre).
Ifølgje dei seinaste prognosane vil det i gjennomsnitt
vere 130 barn i omsorgssentra i 2011. Dette er 20 færre enn ein
venta ved revidert nasjonalbudsjett i år. BLD føreslår derfor å
redusere løyvinga på posten med 27,97 mill. kroner.