Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen,
Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og
Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki
Holmås, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti,
Geir Jørgen Bekkevold, viser til Prop. 136 L (2010–2011)
Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg.
Komiteen viser til at vass- og
avløpsanlegga i Noreg mange stader er av svært dårleg forfatning.
Enkelte stader er alderen på røyranlegga meir enn 100 år. Komiteen vil
også minne om at fornyingstakta på vass- og avløpsrøyr er på om lag
0,7 pst. og 0,5 pst. Noko som betyr at det med dagens tempo vil
gå nærare 200 år før ein får skifta ut alle vass- og avløpsrøyr. Komiteen vil også
understreke at det enorme vedlikehaldsetterslepet gir uheldige miljømessige
konsekvensar som truleg vil auke i åra som kjem. Kanskje så mykje
som 30 pst. av vatnet som renn gjennom vassanlegga lek ut før det
kjem fram. Også avløpsanlegga lek mange stader og risikoen for at
avløp kan trekke inn og blande seg med drikkevatnet er tilstades.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner at denne situasjonen
er uakseptabel og uhaldbar.
Komiteen merkar seg
at Prop. 136 L (2010–2011) Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg,
legg opp til eit reint kommunalt eigarskap, med nokre få unntak
for næringsanlegg og private partslag. Komiteen meiner
at omsynet til samfunnstryggleiken og omsynet til framtidig tryggleik
i vassforsyning og avløpshandtering er avgjerande.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
viser til at omsynet til offentlig tryggleik og folkehelsa er omsyn som
omfattas av unntaksbestemming i EØS-avtalen.
Fleirtalet viser til at det ikkje
ligg avgrensingar på kommunanes moglegheit til å nytta private leveransar
i drifta av anlegget, men at eigarskapet til anlegget skal vera
kommunalt. Etter fleirtalet si meining vil ikkje
det administrative meirarbeidet for kommunane vera av vesentleg
omfang.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti konstaterer at forslaget i
liten grad viser korleis leverings- og driftstryggleiken av vatn
og avløp, kvalitet på tenestene og beredskap skal ivaretakast. Forslaget
legg derimot avgrensingar på kommunane sin fridom, og dermed svekker lokaldemokratiet
sine moglegheiter til sjølv å velje gode lokale løysingar og eventuelle
samarbeid med private aktørar. I tillegg vil lova truleg medføre
eit auka byråkrati for å handsame eventuelle søknader om unnatak
frå lova.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser
til at det i all hovudsak er kommunane som tek hand om vass- og
avløpstenestene i dag, sjølv om det ikkje er ei lovpålagd oppgåve.
Vass- og avløpssektoren er også eit naturlig monopol.
Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at vass- og avløpsanlegga
i Noreg stort sett er eigde og drifta av kommunane, dette til tross
for at lovverket pr. i dag ikkje stiller krav til offentleg eigarskap.
Desse medlemene peiker på at
det altså ikkje er private aktørar som er skuldne i den uakseptable
standarden som vass- og avløpsanlegga i dag har. Desse medlemene vil
også understreke at dette lovforslaget openbart er ei svekking av
den lokale sjølvråderetten, og desse medlemene kan
ikkje sjå at ei innsnevring av moglegheita for samarbeid med private
aktørar kan føra noko godt med seg. Desse medlemene fryktar
at dette lovforslaget, dersom det blir vedteke, tvert imot vil kunne
forsterke dei vedlikehaldsutfordringane denne infrastrukturen har.
Desse medlemene vil på bakgrunn
av dette stemme mot heile lovforslaget.
Komiteen viser også
til Dokument nr. 8:91 (2006–2007) og merknadene i Innst. S. nr.
181 (2007–2008) som vektlegg punkt i NOU 2006:6 om behov for ein
gjennomgang av eksisterande lovverk om tryggleik, ansvarsforhold,
kvalitet og kriseberedskap.
Fleirtalet i komiteen, medlemene
frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
meiner det er viktig at kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg
no lovfestas, i tråd med fleirtalet sin merknad i
Innst. S. nr. 181 (2007–2008) om at lovfesting av offentleg eigarskap
skal tas som ei eiga sak. Fleirtalet ber om at behovet
for ei meir heilskapleg vass- og avløpslovgiving vert vurdert i
samband med regjeringas arbeid med ei stortingsmelding om tilpassing
til klimaendringane.
Fleirtalet viser til sitt forslag
til lovvedtak.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti vil vidare vise til at det
over lengre tid, frå ulikt hald og gjennom fleire høyringar, vert
etterlyst ei heilskapleg sektorlov og at regjeringa gjennom Innst.
S. nr. 181 (2007–2008) vart beden om å vurdere dette. Dei faglege
vurderingane som kom fram i NOU 2006:6 gav også slike føringar, utan
at dette synest å vere særskild vurdert.
Desse medlemene meiner at det
er behov for ei slik heilskapleg sektorlov som tydelig regulerer
ansvarsforhold og rammene mellom tenestetilbydarane og abonnentane.
Desse medlemene fremmer følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa kome attende til
Stortinget med ei heilskapleg norsk vass- og avløpslov.»