1. Sammendrag

1.1 Innleiing

1.1.1 Bakgrunn

Tilgang til kultur og høve til å uttrykkje seg krea-tivt er viktig i eit demokratisk samfunn og legg grunnlag for ytringsfridom og likeverd. Deltaking i kulturlivet har positive verknader både for den einskilde og for samfunnet. Kunst og kultur gir opplevingar og meining i kvardagen, og legg grunnlag for utvikling og læring. Ved sida av arbeidsliv og skule er kulturlivet blant dei arenaene som bidreg mest til utvikling av skaparevne og kompetanse.

Det er eit overordna mål for regjeringa å jamne ut økonomisk og sosial ulikskap og arbeide for eit inkluderande samfunn der alle kan delta. Eit sterkt og dynamisk kulturliv som manifesterer seg i eit mangfald av kulturuttrykk er ein sentral del av eit inkluderande samfunn. God kunst og kultur set dagsorden, bidreg til meiningsdanninga i samfunnet og kan gi ei stemme til menneske som elles ikkje blir høyrt. Slik kan kunsten bidra til endring og inkludering i samfunnet.

Deltaking i kulturaktivitetar er ein måte å høyre til samfunnet på. I det moderne samfunnet er personleg og sosial identitet sterkt knytt til deltaking i kulturaktivitetar. Som følgje av at kulturtilbod og kulturaktivitet har vorte ein meir sentral del av samfunnet og at fleire deltek, kan konsekvensane av utanforskap opplevast sterkare enn tidlegare. For menneske som står i fare for å falle utanfor på grunn av arbeidsløyse, sjukdom eller anna, kan deltaking i kulturlivet bidra til at ein ikkje opplever seg totalt ekskludert og vere med på å gi meining i kvardagen, betre sjølvkjensle og høgare livskvalitet. Kunsten og kulturen må difor vere open og inkluderande.

Det er framleis mange som ikkje har eit forhold til viktige arenaer for læring, kreativitet, oppleving, samvære og identitetsskaping. Dette er ei utfordring. Det er særleg alvorleg når barn og unge fell utanfor det fritidstilbodet og dei fellesskapsarenaene som kulturlivet tilbyr.

Det offentleg finansierte kulturlivet høyrer fellesskapen til. Gjennom Kulturløftet I og II har regjeringa sikra ein historisk auke til kultur på om lag 4 mrd. kroner. Dette økonomiske løftet har gitt kultursektoren langt betre rammevilkår og dermed også betre moglegheiter for å leggje til rette for inkludering og deltaking. Difor er det grunn til å spørje om det økonomiske løftet Kulturløftet har gitt, blir nytta på ein slik måte at alle som ønskjer det får tilgang til kulturopplevingar. Har alle reelt høve til å delta og setje sitt preg på kulturlivet? Har kulturlivet fått nye aktørar og brukarar? Har vi fått fram nye stemmer i kunsten? Speglar kultursektoren mangfaldet i folket?

Fleire stortingsmeldingar dei siste åra har teke opp samfunnsrolla til kultursektoren og oppgåver knytte til inkludering. Denne meldinga gir ei oppdatert oversikt over arbeidet med inkludering på kulturfeltet og foreslår strategiar og tiltak i det vidare arbeidet med å sikre breiast mogleg bruk av kulturtilbod og deltaking i kulturlivet. Meldinga vil vere sentral i Kulturdepartementets arbeid med årlege budsjett, i styringsdialog med underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar, og i utforming av kulturpolitiske verkemiddel.

1.1.2 Visjon og mål for meldinga

Ein inkluderande kultursektor er ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikle sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk, kulturell eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne.

Inkludering handlar om å byggje ned barrierar som hindrar kulturbruk og skape like moglegheiter for alle individ og grupper. Formelle rettar og moglegheiter fører ikkje alltid til at folk oppsøkjer kulturtilbod eller opplever å ha reell tilgang til deltaking. Meldinga legg difor til grunn at kultursektoren i større grad enn tidlegare skal gå aktivt ut for å trekkje med nye deltakarar og nå personar og grupper som i dag står utanfor kulturlivet. Fleire må få reelt høve til å delta, å vere skapande og å prege større delar av kunst- og kulturlivet. Dette gjeld både publikum og utøvarar.

I dag er mangfaldet i Noreg meir synleg enn før, mellom anna på grunn av globalisering og innvandring. Ved inngangen til 2011 hadde 12,2 pst. av innbyggjarane i Noreg innvandrarbakgrunn. Denne endringa i samansetninga av befolkninga fører med seg perspektiv og ressursar som kjem i tillegg til det kulturelle mangfaldet som til alle tider har prega landet vårt. Som forvaltarar av kulturarven, og av kulturen no og i framtida, må kulturfeltet bidra til at samfunnet kontinuerleg undersøkjer, utvidar og diskuterer kva det norske er. Dette er ei vidareføring av nasjonsbygginga, og blir skapt av dei menneska som lever i Noreg no.

Kulturlivet skal opplevast som ope og relevant for alle grupper. Det skal vere prega av gjensidig respekt og interesse for ulike menneske og kulturelle tradisjonar. Kulturlivet bør oppsøkje og sleppe til nye stemmer og det mangfaldet av historier, uttrykk og ressursar som finst i samfunnet vårt.

Det er i denne samanhengen grunn til å streke under at kunsten alltid skal vere uavhengig. Dette er eit ufråvikeleg krav. Kunsten skal vere dynamisk, utfordrande og ubunden, og målet om kvalitet skal leggjast til grunn.

I norsk kulturpolitikk søkjer vi ikkje å jamne ut ulikskapar eller interessemotsetnader. Tvert imot vil meir inkludering skape større kunstnarleg mangfald. Ein kultursektor som speglar samtida og mangfaldet og nyttar alle dei ressursane som er tilgjengelege, dannar grunnlag for eit rikare kunst- og kulturliv.

Samarbeid mellom departement vil vere viktig for å nå målet om at flest mogleg skal få tilgang til eit rikt og mangfaldig kulturtilbod.

1.1.3 Oppsummering av strategiar og tiltak

Gjennomgangen i denne meldinga vil vise at det allereie i dag blir jobba mykje og godt med inkluderingsspørsmål på kultursektoren. For å kome vidare i dette arbeidet er det likevel nødvendig med ei meir systematisk satsing og meir systematisk kunnskap om gode metodar og arbeidsmåtar.

Det sentrale tiltaket i meldinga knyter seg til ein styrka styringsdialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og aktørar. Desse vil vere sentrale i regjeringas visjon om å nå enkeltpersonar og grupper som i dag nyttar seg lite av det kulturtilbodet som finst. I tillegg vil regjeringa setje i gang og vidareføre fleire meir spesifikke tiltak med sikte på å setje fart i utviklinga.

Arbeidet med inkludering og mangfald i kulturlivet blir ordna i fire satsingsområde i meldinga. Det må likevel understrekast at det ikkje er tette skott mellom områda; dei grip inn i kvarandre, føreset kvarandre og bidreg til gjensidig utvikling.

Satsingsområde 1: Inkludering og nye stemmer i kultursektoren

Kulturinstitusjonar, det frie kunstfeltet og frivillige kunst- og kulturorganisasjonar har stort potensial i å tilby møtestader og fellesskapsarenaer som kan bidra til inkludering. I kraft av sine roller, sine kjerneoppgåver og sin kapasitet skal kulturinstitusjonane vere sentrale drivkrefter på sine område. Inkluderingsarbeid skal vere ein integrert og synleg del av strategi- og programarbeid, personalpolitikk og publikumsarbeid i alle kulturverksemder som får statleg støtte.

Institusjonane lyt orientere seg i samtida og samfunnet, kjenne faktiske og potensielle målgrupper og vurdere korleis dei kan nå fleire. Departementet legg til grunn at desse oppgåvene i hovudsak skal løysast innanfor verksemdene sine ordinære budsjettrammer.

Kulturdepartementet vil i styringsdialogen med tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder leggje stor vekt på systematisk oppfølging av institusjonane sitt arbeid med inkludering og mangfald.

I tillegg vil regjeringa:

  • stimulere til kunstnarleg utvikling og kulturell brubygging gjennom støtte til samarbeidsprosjekt mellom institusjonar og frivillig sektor/frie grupper

  • etablere ei aspirantordning i kulturinstitusjonar

  • bidra til mangfald i statleg oppnemnde styre og utval

  • opprette eit nettverk for personar med minoritetsbakgrunn i styrande posisjonar

  • etablere ei ordning med elevbesøk i kunst- og kulturinstitusjonar

  • etablere ei innkjøpsordning for film i biblioteka

  • utvikle program for publikumsutvikling i ulike delar av norsk kulturliv

  • auke talet på skodespelarar med innvandrarbakgrunn

  • at Statens utstillingsstipend skal fordelast av regionale kunstnarsenter

  • leggje til rette for ein meir mangfaldig norsk dansekultur

  • auke støtta til teiknspråkteater

  • auke medverknad og tilgang til visuell kunst gjennom tilskotsordningar for kunst i offentlege rom

  • etablere nettverk for medverknad i museum.

Satsingsområde 2: Sikre tilgang ved å byggje ned fysiske og økonomiske barrierar

Regjeringa har ein visjon om at samfunnet skal vere universelt utforma innan 2025. Å leggje universell utforming til grunn for samfunnsutviklinga gir betre og meir likestilte omgjevnader for personar med nedsett funksjonsevne. Det må arbeidast systematisk med universell utforming og tilrettelegging av kulturtilbod for å minimere barrierar for kulturbruk.

Regjeringa vil:

  • leggje vekt på universell utforming og tilrettelegging i styringsdialogen med institusjonar på kulturfeltet

  • støtte Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) si publisering av aviser i lydformat

  • støtte teiknspråktolking av teater

  • gi Norsk filminstitutt i oppgåve å utgreie ei ordning for synstolking av norsk film

  • i samråd med SSB vurdere om funksjonsevne kan takast inn som variabel i kulturbruksundersøkingar.

Statlege løyvingar til kulturfeltet bidreg til å halde prisane på kulturtilbod nede. Likevel utgjer prisnivået heilt reelle barrierar for ein del menneske. Regjeringa vil bidra til å sikre tilgang til kulturtilbod til barn og unge i familiar med låg inntekt.

Regjeringa vil:

  • bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge

  • etablere eit program for kultur under tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn (storbyordninga).

Satsingsområde 3: Oppsøkjande kultur-formidling og formidlingsordningar

Gjennom justering av eksisterande, og ved å etab-lere nye formidlingsordningar, vil regjeringa leggje til rette for at kulturtilbodet i større grad når fleire ved å treffe publikum utanfor institusjonane, som til dømes i distrikta og på arenaer der folk ferdast til dagleg. Det skal også arbeidast for å utnytte dei moglegheitene for spreiing og formidling av kulturuttrykk som digital teknologi gir.

Regjeringa vil:

  • etablere ei ordning for kulturformidling på arbeidsplassen: Den kulturelle nistepakka

  • setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet

  • styrkje tilskotsordningane for arrangørar og musikarar for å få meir musikk ut på fleire arenaer

  • stille krav til at verksemder og institusjonar på kulturfeltet nyttar nye digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire

  • understreke overfor fylkeskommunane at det skal takast omsyn til elevar med nedsett funksjonsevne/særskilte behov i utforminga av tilbodet i Den kulturelle skulesekken.

Satsingsområde 4: Inkludering gjennom samarbeid med og deltaking i frivillig kultursektor

Regjeringa støttar aktivt opp om frivillig sektor og utviklinga av eit levande sivilsamfunn gjennom eit nært samarbeid med frivillige organisasjonar, og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Regjeringa legg vekt på ei styrking av rammevilkåra for frivillig sektor, som kjem heile frivillig sektor til gode. Ei rekkje tiltak som er viktige for frivillig kultursektor er allereie sett i verk og vil bli følgde opp vidare. Det vil bli lagt til rette for auka samarbeid og kulturell brubygging mellom profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonar og frivillig sektor. I tillegg skal det rettast auka merksemd mot deltaking og representasjon frå grupper som fell utanfor det tradisjonelle organisasjonssamfunnet, og mot betydninga av møteplassar og brubyggjarar for inkludering og integrering i frivillig kultursektor.

Regjeringa vil:

  • støtte samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor for å inkludere grupper som i mindre grad deltek i kultur- og organisasjonslivet

  • støtte opp under initiativ som bidreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonane og ulike typar etniske og fleirkulturelle organisasjonar

  • utvikle eit pilotprosjekt i samarbeid med frivillig sektor der målsetjinga er å finne fram til eigna tiltak for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar

  • auka merksemd om samarbeid mellom knutepunktinstitusjonar og frivillig sektor for å fremje mangfald, inkludering og deltaking

  • bidra til auka merksemd om kva som fungerer og korleis ein kan byggje vidare på dei gode erfaringane i deler av frivillig kultursektor, til dømes i musikkorganisasjonane

  • vidareutvikle frivilligsentralane som møteplass og arena for samhandling lokalt mellom enkeltpersonar, foreiningar/lag og det offentlege.

1.1.4 Samandrag

Kapittel 1 i meldinga omtalar føremålet med meldinga og oppsummerer sentrale tiltak under fire satsingsområde. Meldinga avgrensar seg til desse delane av kultursektoren: Profesjonelle kulturinstitusjonar med offentleg støtte, fri kunstnarleg verksemd utanfor institusjonane og frivillig kultursektor. Ein inkluderande kultursektor blir definert som ein sektor der alle har like moglegheiter til deltaking og til å utvikle sine skapande ressursar, uavhengig av faktorar som sosioøkonomisk, kulturell eller religiøs bakgrunn eller funksjonsevne. Inkludering handlar om å byggje ned barrierar som hindrar kulturbruk, sleppe til ulike røyster og å skape like moglegheiter for alle individ og grupper.

Kapittel 2 i meldinga omhandlar ulike strategiar for å nå politiske mål om demokratisering av kultur i eit historisk og internasjonalt perspektiv. Framveksten av den nye kulturpolitikken i Noreg blir sett i samanheng med utviklinga i Europa, med vekt på Frankrike og Storbritannia.

Kapittel 3 i meldinga tek for seg mønster i bruk og deltaking innanfor tre felt på kultursektoren; bruk av offentlege kulturtilbod, mediebruk og deltaking i frivillig kulturliv. Merksemda blir retta mot samanhengen med variablar som utdanningsnivå, inntektsnivå, innvandrarbakgrunn og funksjonsevne. Deretter blir det sett søkjelys på barrierar for kulturbruk, og årsaker til at folk vel eller ikkje vel å delta i kulturtilbod.

Kapittel 4 i meldinga skisserer rammeverket for norsk kulturpolitikk i dag, med vekt på allmenne utjamningselement, ansvars- og oppgåvefordeling, økonomisk støtte, geografisk fordeling av kulturtilbod, utforming av lovverk og styringssignal frå departementet.

Kapittel 5 i meldinga gir eit oversyn over kulturpolitiske oppgåver og mål knytte til inkludering og mangfald innan museum, arkiv, bibliotek, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst, film og media. Deretter presenterer departementet satsingar og tiltak for inkludering og nye stemmer i kultursektoren. Det sentrale tiltaket knyter seg til ein styrka styrings-dialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og -aktørar. Desse vil vere sentrale i regjeringas visjon om å nå enkeltpersonar og grupper som i dag nyttar seg lite av det kulturtilbodet som finst. I tillegg vil regjeringa setje i gang og vidareføre fleire meir spesifikke tiltak med sikte på å setje fart i utviklinga.

Kapittel 6 i meldinga omhandlar arbeidet med universell utforming og tilrettelegging i kultursektoren. Kapitlet gir eit oversyn over fysiske og økonomiske faktorar som utgjer barrierar for deltaking i nokre kulturtilbod. I tillegg til å leggje vekt på universell utforming og tilrettelegging i styringsdialogen med institusjonar på kulturfeltet, vil regjeringa støtte ulike tiltak som bidreg til betre tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, som publisering av aviser i lydformat, synstolking av norsk film og teiknspråktolking av teater. Regjeringa vil også bidra til å sikre tilgang til kulturtilbod for barn og unge i familiar med lav inntekt.

Kapittel 7 i meldinga omhandlar oppsøkjande kulturformidling og formidlingsordningar. For å nå målet om størst mogleg deltaking i kulturlivet vil regjeringa at det faste tilbodet i institusjonane i større grad skal supplerast med oppsøkjande verksemd, turnéverksemd, særskilte formidlingsordningar og nye formidlingsmåtar, til dømes ved hjelp av digital formidling. Regjeringa vil mellom anna etablere ei ordning for kulturformidling på arbeidsplassen; Den kulturelle nistepakka. Regjeringa vil òg setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet og styrkje tilskotsordningane for arrangørar og musikarar for å få meir musikk ut på fleire arenaer.

I kapittel 8 i meldinga blir det presentert nokre døme på mangfalds- og inkluderingsarbeid i frivillig sektor, med særleg vekt på dei tradisjonelle organisasjonane og samarbeid med det offentlege. Deretter presenterer departementet satsingar og tiltak for vidare arbeid innan tre hovudområde: partnarskap og brubygging mellom profesjonelle og frivillige i kultursektoren, auka deltaking og representasjon frå underrepresenterte grupper, og kontakt og samarbeid mellom tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonar og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

Kapittel 9 i meldinga synleggjer gjennom ulike døme korleis kultur kan vere av betyding innan ulike samfunnsområde og illustrerer korleis andre departement nyttar kunst og kultur aktivt for å søkje å nå mål innan sine område. I kapittel 10 gjer departementet greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaga i denne meldinga.

1.2 Mønster i kulturbruk og deltaking

1.2.1 Oppsummering

Kapittel 3 i meldinga har vist at det er vedvarande og stabile skilje i kulturbruk og deltaking i frivillig kulturliv. Hovudinntrykket av utviklinga frå 1991 til 2008 er at hovudmønstera i kulturbruk består. Kulturbruk og deltaking i frivillig kulturliv har framleis klar samanheng med utdanningsnivå, arbeid og inntekt. Analysen av SSBs kulturstatistikk gir alt i alt lite grunn til å seie at endringane i bruk av dei kulturtilboda som er omfatta av desse undersøkingane, har vore så store at dei i seg sjølv vitnar om ei klar demokratisering av kulturen i løpet av perioden 1991–2008.

Desse tendensane, saman med indikasjonane på at nokon fell systematisk utanfor dei fleste tilboda, viser at det er behov for ein auka innsats på dette feltet.

Vidare har vi sett at bruk og ikkje-bruk kan forståast med utgangspunkt i ulike, men ofte relaterte, perspektiv. Barrierar for kulturbruk kan knytast til personlege, sosiale, eksterne og institusjonelle faktorar. Nedbygging av barrierar og aktivt arbeid for å trekkje med fleire blir ei hovudoppgåve for kultursektoren dei neste åra. Dei samansette årsakene til bruk og ikkje-bruk viser også behovet for å tenke breitt i inkluderingsarbeid. Utfordringane kan vere forskjellige for ulike felt/institusjonar, og i ulike deler av landet. Institusjonar og andre aktørar må difor kjenne sine lokalsamfunn og sitt faktiske og potensielle publikum. Dei må også spørje seg kva grunnane kan vere til at forskjellige grupper ikkje oppsøkjer tilbodet deira.

1.3 Allmenne utjamningselement i kulturpolitikken

1.3.1 Innleiing

Målet om demokratisering av kulturtilbodet har vore ein sentral del av norsk kulturpolitikk i fleire tiår. I kapittel 4 i meldinga teiknar departementet eit bilete av rammeverket for norsk kulturpolitikk i dag. Gjennomgangen vil ta for seg allmenne utjamningselement i kulturpolitikken med vekt på ansvars- og oppgåvefordeling, finansiering, geografisk fordeling av kulturtilbod, utforming av lovverk og styringssignal frå departementet.

1.3.2 Løyvingar til kulturen

Statlege løyvingar til kultur

Den allmenne innretninga for Kulturløftet har i stor grad vore å vidareføre både det kulturfaglege grunnlaget og dei innarbeidde verkemidla og tiltaka i den eksisterande kulturpolitikken. Regjeringa har valt å auke innsatsen på alle kulturområda, både fordi opptrappinga har vore så stor at det er gitt rom for ei slik brei satsing, og for å vise at alle delar av kulturlivet er ein del av Kulturløftet. Dette inneber at alle kunstformer og sjangrar er inkluderte. Det betyr også at både det profesjonelle og det breie frivillige kulturlivet har fått eit løft. Ikkje minst har regjeringa vore oppteken av ei god regional fordeling av midlane frå Kulturløftet, og institusjonar og tiltak over heile landet har difor fått styrkt drifta. Det er òg gitt investeringstilskot til nasjonale kulturbygg over heile landet.

1.3.3 Føringar og krav for tildeling av tilskot over kulturbudsjettet

Dei statlege verksemdene under Kulturdepartementet får årleg eit tildelingsbrev, der departementet fastset dei økonomiske rammene og dei kulturpolitiske måla for verksemda. Institusjonar og organisasjonar som mottek statstilskot får årleg eit tilskotsbrev.

Kulturdepartementet har gjennom åra stilt ei rekkje krav som tek sikte på å fremje tilgjenge og inkludering, både til sine underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar. Dette omfattar departementets eigne krav og prioriteringar, som tiltak for barn og unge, tiltak som fremjar kulturelt mangfald og krav til universell utforming, krav knytte til lover og føresegner, krav med utgangspunkt i særlege satsingar som handlingsplanar og liknande, og dei siste åra også såkalla fellesføringar.

Fagdepartementet sine eigne krav

Regjeringa sitt mål er at kunst- og kulturtilbodet skal vere tilgjengeleg for alle. Krava som særleg er knytte til inkludering gjeld først og fremst kvalitet og breidde i kunst- og kulturtilboda, tilbod og aktivitetar særskilt retta mot barn og unge og krav om strategiar for kulturelt mangfald.

Barn og unge har i mange tiår vore ei viktig målgruppe, mellom anna fordi ein legg til grunn at bruk av tilboda og deltaking i aktivitetar er avhengig av at brukarane etablerer bruks- og aktivitetsmønster i ung alder.

Det er også eit mål at kulturpolitikken skal spegle det kulturelle mangfaldet i Noreg, både den nyare innvandringa, dei nasjonale minoritetane og den samiske kulturen.

Departementet legg til grunn at det blir utarbeidd langsiktige strategiar for mangfald i institusjonane og at mangfaldsdimensjonen bør forankrast gjennom personalprofil, programprofil og publikumsarbeid. Alle statlege verksemder under Kulturdepartementet, også dei som ikkje arbeider med kunst- og kulturproduksjon, blir pålagde å utarbeide mål og tiltak for å auke rekrutteringa av personar med innvandrar- og minoritetsbakgrunn.

Departementet stiller også som krav at institusjonar med statleg støtte skal arbeide aktivt for å utvikle publikumsgrunnlaget sitt og motverke barrierar som kan hindre auka deltaking.

Handlingsplanar og liknande

Regjeringa har sett seg som mål at Noreg skal vere universelt utforma innan 2025. Regjeringa sin handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet 2009–2013 viser korleis regjeringa vil leggje grunnlaget for å oppnå denne ambisjonen. Alle departement er omfatta av handlingsplanen. Andre døme på handlingsplanar der Kulturdepartementet på ulike måtar har medverka er handlingsplan for inkludering og integrering, handlingsplan mot fattigdom, og handlingsplan for likestilling.

1.3.4 Særlege ordningar og målgrupperetta tiltak

Hovudinnretninga på dei kulturpolitiske tiltaka har vore å leggje til rette for aktivitetar og tilbod som skal vere opne og tilgjengelege for alle. I mindre grad har verkemiddel og tiltak teke utgangspunkt i bestemte målgrupper. Det finst likevel ein del unnatak som kan reknast for å vere målgrupperetta tiltak.

Barn og unge har i fleire tiår vore ei særleg målgruppe i kulturpolitikken, mellom anna fordi ein legg til grunn at bruk av tilboda og deltaking i aktivitetar er avhengig av at brukarane etablerer eit bruks- og aktivitetsmønster i ung alder.

På Kulturdepartementets budsjett finst det elles fleire tilskotsmottakarar og ordningar som rettar seg mot dei som fell utanfor det generelle tilbodet på grunn av nedsett funksjonsevne. Blinde, svaksynte og personar med anna lesehemming får bibliotektenester gjennom Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek. I tillegg finst andre tiltak for å betre bibliotek-, litteratur- og informasjonstenester til menneske med nedsett funksjonsevne eller som av ulike grunnar ikkje kan nytte det ordinære kulturtilbodet.

Den kulturelle spaserstokken har eldre som målgruppe, og ordninga er utforma etter modell av Den kulturelle skulesekken. Gjennom bibliotektenester i fengsel og kulturaktivitetar i kriminalomsorga blir det gitt kulturtilbod til innsette i fengsel.

Mangfaldsperspektivet skal integrerast i det vanlege kulturlivet, og kulturlivets institusjonar og organisasjonar skal spegle at vi har eit fleirkulturelt samfunn.

Det samiske urfolket

Arbeidet med samiske og samiskrelaterte spørsmål skjer i dag innanfor rammene av regjeringas målsetjing om ein heilskapleg samepolitikk, der samane sjølve, gjennom Sametinget, samiske institusjonar og organisasjonar, er medspelarar og premissleverandørar. Konsultasjonsprosedyrane mellom Sametinget og statlege styresmakter er etablerte for å sikre Sametinget reell innverknad på område som er viktige for samisk kultur og språk.

Styrking av samisk kultur er ein viktig del av arbeidet med å styrkje kulturelt mangfald.

I tråd med regjeringas mål om at samane skal ha vesentleg grad av sjølvråderett i spørsmål som vedkjem dei sjølve, har styresmaktene ansvar for at rammene er til stades slik at samiske kulturtiltak kan utviklast på ein best mogleg måte. Det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp dette ansvaret har vore å gi Sametinget mynde over statleg finansierte kulturtiltak.

Nasjonale minoritetar

Nasjonale minoritetar er etniske, religiøse og/eller språklege minoritetar med langvarig tilknyting til landet dei bur i. Jødar, kvenar, rom/sigøynarar, romanifolket/taterar og skogfinnar blir rekna som nasjonale minoritetar i Noreg.

Regjeringa vil bidra til at personar som tilhøyrer ein nasjonal minoritet kan få høve til effektiv deltaking i saker som vedkjem dei sjølve, og regjeringa legg vinn på god og tett dialog med dei nasjonale minoritetane om prioriteringar og utforming av tiltak.

1.3.5 Systematisk satsing på inkludering og mangfald

Ein rapport utarbeidd for EU i 2004 peikte på at arbeidet med inkludering av personar som er særleg utsette for å falle utanfor, til dømes fattige og personar med minoritetsbakgrunn, kan bli hindra av politiske og strukturelle forhold.

Kriterium for å lukkast i inkluderingsarbeid er at det på nasjonalt nivå blir erkjent at tilgang til kultur og deltaking i kulturtilbod kan redusere ekskludering på samfunnsnivå. Det er også nødvendig at kultur og utvikling av menneskelege ressursar er ein dimensjon på fleire politikkområde. Rapporten understrekar behov for langvarige tiltak og løyvingar som er med på å gjere kultur tilgjengeleg for alle.

Regjeringas vidare arbeid med inkludering og mangfald i kultursektoren er i samsvar med desse prinsippa. Kulturens betyding i eit breiare samfunnsperspektiv er ein premiss og regjeringa skal arbeide systematisk og langsiktig med inkludering.

Regjeringa vil leggje vekt på å utvikle dei universelle tiltaka og fellesløysingane, og leggje til rette for at dei blir tilgjengelege og relevante for flest mogleg.

Regjeringa ser likevel at det allmenne tilbodet i dag ikkje er like lett tilgjengeleg for alle grupper, til dømes for personar med innvandrarbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og personar i familiar med låg inntekt. Difor vil regjeringa på nokre område bidra til meir systematisk vektlegging og utvikling av verkemiddel som gjer det formelle tilgjenget til ein realitet, også for dei som i dag deltek i mindre grad.

1.3.6 Tiltak: kunnskapsbehov og forsking – Kulturdepartementets FoU-utval

Kulturdepartementet er som sektoransvarlig for kulturpolitikken også ansvarleg for forsking og utvikling (FoU) på departementets ansvarsområde. Departementet er i ferd med å utarbeide ein FoU-strategi som skal omfatte heile departementets verkeområde. Eit av dei viktigaste siktemåla med strategien er å leggje til rette for at utforminga av kulturpolitikken i størst mogleg grad skal baserast på kunnskap om kulturlivet og om korleis ulike kulturpolitiske ordningar og tiltak verkar. Som ledd i dette arbeidet har Kulturdepartementet oppnemnt eit utval som skal gi råd om korleis departementet kan handtere ansvaret for FoU som grunnlag for politikkutforming og forvalting på ein god måte. Mandatet peikar på at endringar knytt til mellom anna demografiske tilhøve har påverknad på norsk kulturliv, og at det finst eit stort behov for handlingsrettleiande kunnskap. Utvalet skal levere ein skriftleg rapport til Kulturdepartementet innan utgangen av april 2012.

1.4 Inkludering og nye stemmer i kultursektoren

1.4.1 Innleiing

I kapittel 5 i meldinga blir det gitt eit oversyn over kulturpolitiske oppgåver og mål knytt til inkludering og mangfald innan museum, arkiv, bibliotek, litteratur, musikk, scenekunst, visuell kunst, film og media. Felles for departementets mål til sine tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder, er kravet om å nå ut til eit breitt publikum med eit godt og va-riert tilbod, og at verksemdene skal spegle mangfaldet i samfunnet.

1.4.2 Satsingar og tiltak

For å nå målet om meir inkludering og fleire stemmer i kulturlivet lyt kulturinstitusjonane vere sentrale drivkrefter på sine område. Ein styrka styringsdialog med offentleg finansierte kulturinstitusjonar og aktørar er difor eit sentralt tiltak i det vidare arbeidet med inkludering på kulturfeltet. Ei brei satsing på inkludering i institusjonanes ordinære verksemd vil bli supplert med målretta tiltak for å gi ekstra løft på særskilte område.

Tiltak: tettare styringsdialog om inkludering og mangfald

Inkludering og mangfald har vore element i Kulturdepartementets styringssignal og styringsdialog med underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar i fleire år. Organisasjonar og verksemder som får tilskot frå departementet blir i dei årlege tilskots-/tildelingsbreva bedne om å arbeide langsiktig og strategisk for å ivareta kulturelt mangfald i verksemda. Institusjonane blir også årleg bedne om å rapportere på strategi, planar og aktivitetar knytte til kulturelt mangfald.

Departementet ønskjer at underliggjande verksemder og tilskotsmottakarar skal prioritere arbeid med mangfald og inkludering i åra som kjem. Inkludering og mangfald skal vere ein integrert del av ordinær programmering, organisasjonsutvikling og rekruttering og publikumsarbeid. Departementet legg til grunn at arbeidet i hovudsak skal skje innan ordinære budsjettrammer og at institusjonane sjølve skapar rom for å utvikle nye måtar å arbeide på. Mangfalds- og inkluderingsarbeid skal inngå i institusjonanes langsiktige strategiar.

Kulturdepartementet vil leggje stor vekt på systematisk oppfølging av institusjonanes arbeid med inkludering og mangfald. Oppfølginga vil bli inkludert i den ordinære styringsdialogen med tilskotsmottakarar og underliggjande verksemder.

Med bakgrunn i stortingsmeldingar som er lagde fram dei siste åra, har departementet byrja arbeidet med å gjennomgå og utforme mål- og resultatkrav i samsvar med målet om auka satsing på inkluderings- og mangfaldsarbeid på kultursektoren.

Som oppfølging av St.meld. nr. 32 (2007–2008) Bak kulissene har departementet i samråd med Norsk teater- og orkesterforening utforma eit utvida mål- og rapporteringssystem som også omfattar mangfald og inkludering på scenekunstområdet. Systemet er gjort gjeldande frå 2010. Departementet vil med det første gjennomgå mål og indikatorar på dei andre områda på kunst- og kulturfeltet tilsvarande og leggje til rette for meir systematisk rapportering om korleis kravet om strategisk arbeid med publikumsutvikling og større mangfald i personalprofil og programprofil blir følgt opp. Vurdering og formulering av nye mål- og resultatkrav vil bli gjort i samråd med aktuelle institusjonar.

Erfaring frå evaluering av knutepunktinstitusjonar vil også tene som delgrunnlag for gjennomføring av evaluering av institusjonar. I 2012 vil det bli gjennomført ei ny evaluering av scenekunstinstitusjonar.

Gjennom styringsdialogen vil departementet få auka innsikt i korleis institusjonane konkretiserer og forstår si inkluderingsoppgåve, korleis oppgåvene blir løyst og kva for utfordringar institusjonane står overfor. På dette tidspunktet finst ikkje alle svar på korleis ein lukkast med godt inkluderingsarbeid, og institusjonane må mellom anna skape rom til å utforske nye måtar å jobbe på. Styringsdialogen er eit verktøy i ei slik utvikling, og skal ha rom både for drøfting og for å utfordre kvarandre.

Tiltak: mangfald i styringsorgana

Ei av erfaringane frå Mosaikk-programmet var at ein ikkje oppnår eit kulturliv prega av kulturelt mangfald så lenge berre etniske nordmenn sit i sentrale posisjonar. Dersom institusjonane skal bli gode når det gjeld mangfald og inkludering av nye publikumsgrupper eller utøvarar, er det difor viktig at minoritetar er representerte i styringsorgan. I det minste bør det i styre og leiing finnast kompetanse om inkludering og mangfald og/eller dei gruppene verksemda ønskjer å nå. Styra er viktige i institusjonanes strategitenking og økonomistyring og det er sentralt at dei har mangfalds- og inkluderingsdimensjonen med seg i sitt arbeid. Når leiing og styre viser veg, vil dette også påverke arbeid og orientering i resten av organisasjonen. I dag har fleire nasjonale institusjonar styremedlemmer med kompetanse innan kulturelt mangfald og/eller innvandrarbakgrunn. Samstundes peikar Ressursgruppa for større mangfald på at det er få leiarar i kunst- og kultursektoren med innvandrarbakgrunn.

I sitt innspel til denne meldinga tilrår Statens råd for likestilling av funksjonshemmede at mangfaldet i folket bør vere representert i både tilsetjingspolitikk, kunstnarleg utøving, kulturuttrykk og aktørar. Dei peikar på at det å ha tilsette med funksjonsnedsetjingar i både administrasjon og som utøvarar, vil ha ei sterk signaleffekt overfor ulike brukargrupper og anna publikum. Å leggje vinn på mangfald i rekruttering og repertoar vil difor vere ein sentral strategi dersom ein ønskjer likestilling og inkludering i kultursektoren, skriv rådet.

Kulturdepartementet legg til grunn at kunnskap om inkludering og mangfald skal sikrast ved oppnemning av styremedlemmer til kulturverksemdene. Det er grunnleggjande at styre er breitt samansette med både kunstnarleg, juridisk, økonomisk og politisk kompetanse. I tillegg bør det finnast kompetanse på mangfaldsarbeid og om dei gruppene ein ønskjer å nå ut til. Styresamansetjinga bør spegle det demografiske mangfaldet i samfunnet og verksemdas geografiske nedslagsfelt.

Departementet vil i tillegg leggje vekt på at utval, ressursgrupper og referansegrupper som departementet peikar ut, skal ha medlemmer med kompetanse innan mangfald og inkludering.

Departementet har overført statens ansvar for oppnemning av styreleiarar og styremedlemmer til region-/og landsdelsinstitusjonar og knutepunktinstitusjonar til fylkeskommunane. Kulturdepartementet oppmodar på eit generelt grunnlag om at medlemmer med inkluderings- og mangfaldskompetanse blir oppnemnde til styre for offentleg finansierte kulturinstitusjonar og organisasjonar på det frivillige kulturfeltet.

Tiltak: opprette eit nettverk for personar med minoritetsbakgrunn i styrande posisjonar

Frå 2008 gjennomførte Norsk teater- og orkesterforening, på oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet, eit program for kvinner i leiande stillingar i kultursektoren.

På bakgrunn av dei positive erfaringane som er hausta frå programmet vil Kulturdepartementet vurdere om liknande program skal setjast i gang for personar med innvandrarbakgrunn.

Tiltak: aspirantordning i kunstinstitusjonar

For at kulturinstitusjonane skal spegle mangfaldet i befolkninga, er det viktig at dei tilsette ved institusjonane også speglar dette mangfaldet. I mange tilfelle er det vanskeleg å finne kandidatar til stillingar i kulturinstitusjonane med variert kulturell og sosial bakgrunn, og som samstundes har dei nødvendige kvalifikasjonane. Det er difor behov for å vidareut-vikle tiltak og strategiar for å styrkje rekruttering av utradisjonell kompetanse som kan fremje nye impulsar og stimulere til nytenking og utvikling i alle delar av kultursektoren.

Regjeringa gjer framlegg om å etablere ei aspirantordning i kunstinstitusjonar som kan gi unge talent høve til å utvikle og kultivere talenta sine, lære korleis institusjonane arbeider og få tilgang til viktige kontaktar og nettverk. Målet er å sikre ei breiare sosial rekruttering til kunst- og kulturrelaterte yrke. Ein legg opp til samfinansiering med institusjonar som tek imot aspirantar.

Målgruppa for aspirantordninga er nyutdanna kunstnarar, kulturarbeidarar med kunstfagleg grunnutdanning eller personar med tilsvarande kompetanse. Blant kunstnarar og kulturarbeidarar med elles like kvalifikasjonar bør personar med minoritetsbakgrunn prioriterast. Kontakt med kunst- og kulturfeltet viser at det er stort behov for arrangør- og produsentkompetanse. Det blir difor tilrådd at ordninga også kan omfatte hospitering innanfor administrasjon, produsent- og arrangørverksemd. Aspirantperioden vil normalt vere eit år.

Ordninga vil bli etablert med eit avgrensa tal aspirantar og med gradvis utvikling på bakgrunn av erfaring. Kulturdepartementet gjer framlegg om at ordninga blir lagd til Norsk kulturråd. Ordninga vil bli evaluert etter tre år.

Tiltak: samarbeid og partnarskap

Utvalet for større mangfald i kultursektoren peikar på at erfaringar frå Mangfaldsåret og erfaringar frå institusjonar, det frie- og frivillige feltet viser at det i ein avgrensa, men tilstrekkeleg lang tidsperiode, må setjast inn ekstra kraft for å få fart og retning i det praktiske arbeidet med kulturelt mangfald i og utanfor institusjonane.

Departementet vil stimulere til langsiktig og forpliktande samarbeid mellom kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarlege verksemder og mangfaldsaktørar om konkrete kunstproduksjonar og formidlingstiltak. Målet er å styrkje det kulturelle mangfaldet i og utanfor institusjonane.

Tilskot til dette føremålet kan løyvast frå Norsk kulturfond. Det er ein føresetnad at dei institusjonane/organisasjonane som har fast tilskot, stiller seg positive til å inngå i denne typen samarbeid.

Tiltak: publikumsutvikling

Departementet vil vidareføre tilskotet til Norsk publikumsutvikling. Ei viktig oppgåve for Norsk publikumsutvikling vil vere å medverke til å utvikle arbeidet med publikumsundersøkingar i kunst- og kultursektoren i eit omfang og av ein kvalitet som kan setje institusjonane betre i stand til å vurdere føremålstenlege tiltak for å nå fram til dei delane av befolkninga som nyttar kulturtilbod i liten grad.

Kulturdepartementet vil initiere eit 3-årig forsøks- og utviklingsprosjekt for å inkludere nye publikumsgrupper i kulturinstitusjonane. Prosjektet vil bli utvikla og gjennomført i samarbeid med 6 til 8 utvalde institusjonar, Norsk teater- og orkesterforening, Norsk publikumsutvikling og Norsk kulturråd.

Tiltak: elevbesøk i institusjonane

I arbeidet med denne meldinga har det kome innspel frå fleire aktørar om at kombinasjonen av tilrettelagde kulturtilbod på skulens arena og gratisprinsippet i skulen gjer at skulane reiser sjeldnare til institusjonane enn før. Det blir òg hevda at det er vanskelegare å få barn og unge til å møte opp på framsyningar på kveldstid.

Fordi mange skular ligg spreidd, er den vanlegaste formidlingsforma at kunstnarane kjem til skulen og møter elevane der. Produksjonane krev som regel lite rigging, lite utstyr, og dei er på alle måtar turnévennlege. Ein konsekvens av dette er at dei store institusjonane, som dei store teatra, kunstmusea og kulturhusa, sjeldnare er med i Den kulturelle skulesekken.

Departementet ser at det tilbodet som dei frie scenekunstgruppene gir gjennom Den kulturelle skulesekken er svært viktig for å sikre alle barn og unge eit scenekunsttilbod. Med omsyn både til institusjonane og elevane, vil det likevel vere positivt å kunne oppleve ei framsyning i institusjonen saman med skulen. For elevane vil det vere positivt å oppleve kunsten der han blir produsert, i profesjonelle omgjevnader.

Departementet vil setje i verk eit treårig forsøk med kunstformidling til skuleelevar i institusjonane sine eigne lokale. Målet med forsøket er å leggje til rette for at skulebarn i løpet av skulegangen får oppleve teaterbesøk og å prøve ut modellar for slike tiltak. Forsøket vil bli utvikla i samarbeid med utvalde institusjonar og Norsk teater- og orkesterforening som får øyremerkte tilskot til dekking av ekstraordinære kostnader.

Tiltaket kjem i tillegg til formidling til skulane gjennom Den kulturelle skulesekken.

Tiltak: større mangfald innan dans i Noreg

I Noreg er det i ferd med å etablere seg profesjonell dansekunst som byggjer på prinsipp og bruk av materiale frå folkeleg tradisjonsdans. Sjølv om folkeleg tradisjonsdans rundt om i verda er forskjellig, finst det likevel ein del grunnleggjande fellestrekk i mange av desse formene. Dette skil tradisjonsdansen frå det meste av den vestlege kunstdansen. Desse trekka kan gi grunnlag for arbeidsstrategiar som kan binde saman opplæring i heilt ulike former for tradisjonsdans. Det er behov for tiltak for å gi alternative former for dans, gamle som nye, med røter i det norske eller med røter i andre tradisjonar, ein plass i ein meir mangfaldig norsk dansekultur. Det bør vidare rettast auka merksemd mot dans som aktivitet utanfor den profesjonelle dansen.

Rådet for folkemusikk og folkedans bør sjå det som ei oppgåve å inkludere dans frå andre kulturar i si verksemd. Kulturdepartementet vil i samråd med Rådet for folkemusikk og folkedans vurdere tiltak for å stimulere dette arbeidet.

Tiltak: auke talet på skodespelarar med innvandrarbakgrunn

Det Norske Teatret har teke initiativ til opprettinga av Det Multi Norske. Satsinga skal omfatte eit breitt tilbod til barn og unge med minoritetsbakgrunn og ei mellombels skodespelarutdanning på bachelornivå for studentar med minoritetsbakgrunn.

Det er planlagt at rekruttering til studieplassane skal sikrast mellom anna gjennom aktivitetar ved Det Norske Teatret for ulike aldersgrupper, der unge med ulik kulturell bakgrunn kan utvikle sine skapande ressursar og kunstuttrykk. Teatret sine erfaringar frå andre utviklingsprosjekt retta mot barn og unge, som Den unge scenen (DUS) og Den mangfaldige scenen, er ei viktig plattform for den nye satsinga. Kulturdepartementet er einig i at det er ønskjeleg å leggje særskilt til rette for rekruttering av skodespelarar med innvandrarbakgrunn og vil bidra til å nå dette målet.

Tiltak: styrkje teiknspråkteater

Teater Manu er eit turnéteater som har framsyningar i dei største byene der majoriteten av teatrets døve publikum bur. Teater Manu har som mål å styrkje og utvikle teiknspråk som scenespråk, auke interessa for teiknspråkteater og synleggjere dei døve sin kultur. Teater Manu leverer scenekunst av høg kvalitet og teatret speler ei viktig rolle som brubyggjar mellom teikn- og talespråklege.

Regjeringa vil ta omsyn til behovet for å styrkje den kunstnarlege kvaliteten ved teatret for å nå ut til eit breiare publikum.

Tiltak: auke medverknad og tilgang til visuell kunst gjennom tilskotsordningar for kunst i offentlege rom

Eit av satsingsområda i Kulturløftet er kunst produsert og formidla i det offentlege rom. Politikken for kunst i offentleg rom er allereie godt etablert i Noreg gjennom statsinstitusjonen Kunst i offentlig rom (KORO). Gjennom tilskotsordninga for kunst i kommunale og fylkeskommunale bygg (KOM) er hovudgruppa av bygg der kunstprosjekt blir utvikla barne- og ungdomsskular og vidaregåande skular, men også kulturbygg, rådhus, helse- og omsorgsbygg, barnehagar og idrettshallar har kunst integrert i sine bygg. Kunstprosjekt gjennom tilskotsordninga for offentlege uterom (URO) medverkar også til at ulike publikumsgrupper på stader som ligg utanfor dei vanlige sentra for kunstproduksjon, og der det ikkje finst eit offentleg bygg med integrert kunst, kan oppleve samtidskunst.

Kunst formidla i det offentlege rommet utgjer i dag den største samlinga utanfor musea, og sikrar at kunst blir gjort tilgjengeleg for publikum og brukarar i byar og distrikt over heile landet. På enkelte stader i landet er kunstverk i det offentlege rommet den einaste kunsten som er allment tilgjengeleg.

Departementet meiner at det innanfor KORO sine ordningar er gode høve til å nå ut til enda fleire publikumsgrupper og at ordningane, i større grad enn i dag, vil kunne medverke til å inkludere kunstnarar med fleirkulturell bakgrunn i det visuelle kunstfeltet i Noreg. Difor ser departementet det som positivt at KORO i sine strategiar seier at dei vil leggje til rette for mangfaldsaspektet i val av kunstnarar og i tilrettelegginga av konkurransar, og at talet på minoritetar som deltek som konsulentar i KORO sine prosjekt, skal aukast.

Tiltak: etablere ei innkjøpsordning for film i biblioteka

I samband med statsbudsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til etablering av ei innkjøps- og utlånsordning for norsk film i biblioteka. Å kunne låne norske filmar på biblioteket, slik ein kan med bøker, musikk og spel, vil gjere norske filmar enno meir tilgjengelege for alle. Dette gjeld særleg tilgang til kortfilmar og dokumentarfilmar som normalt ikkje blir sett opp på kino. Dette vil føre til meir demokratisk tilgang til norsk film. Ei utviding av tilbodet i biblioteka kan bidra til å gjere biblioteket attraktivt for fleire. Film blir i stadig større grad distribuert digitalt, og ei innkjøpsordning vil ta høgde for dette.

Tiltak: nettverk for medverknad

Norsk kulturråd har nyleg utarbeidd ein rapport om utvikling av dei faglege museumsnettverka. I oppfølginga av rapporten vil Norsk kulturråd gjere ei vurdering av dagens nettverk og om det er behov for etablering av nye. I denne vurderinga vil Norsk kulturråd ta omsyn til tema som inkludering og medverknad.

Regjeringa oppmodar Norsk kulturråd, i samråd med aktørar på museums- og arkivfeltet, om å vurdere oppretting av eit fagleg nettverk for medverknad som metode i inkluderingsarbeid.

Tiltak: regionalisering av forvalting av Statens utstillingsstipend

Regjeringa arbeider aktivt for å sikre ei god regio-nal fordeling av kulturmidlane. Som ei oppfølging av dette foreslår regjeringa at forvaltinga av midlane som er sett av til Statens utstillingsstipend, blir flytta til landets 15 kunstnarsenter, inkludert Samisk kunstnarsenter, og at fordelinga blir koordinert av Foreningen kunstnersentrene i Norge. Avsetjinga for 2012 er 3,8 mill. kroner.

1.5 Sikre tilgang ved å byggje ned fysiske og økonomiske barrierar

1.5.1 Innleiing

Det finst som nemnt fleire og samansette årsaker til at folk ikkje nyttar kulturtilbod. Fysisk tilgjenge og pris kan vere blant barrierane som hindrar folk i å bruke kulturlivet aktivt. Regjeringa vil bidra til å betre tilgangen til kulturtilbod for menneske og grupper som opplever vesentlege fysiske og økonomiske barrierar.

1.5.2 Satsingar og tiltak

Universell utforming gir berekraft, både økonomisk og sosialt. Eit tilgjengeleg samfunn gjer det mogleg for fleire å klare seg sjølve og vere aktive samfunnsborgarar, utan ekstra tilrettelegging og assistanse. Dette aspektet får auka betyding i åra som kjem når ein stadig større del av befolkninga blir eldre.

Dersom så mange som 25 pst. av befolkninga har ei funksjonsnedsetting, seier det seg sjølv at å la vere å leggje til rette for flest mogleg, kan bety utestenging av ein betydeleg del av publikums- og inntektsgrunnlaget til institusjonane. Universell utforming handlar såleis om berekraft også for institusjonane.

I eit innspel til departementet peikar Statens råd for likestilling av funksjonshemma på det grunnleggjande utgangspunktet at befolkninga er mangfaldig, og at ein må ta høgde for dette i all verksemd. Inkludering av personar med nedsett funksjonsevne blir gjort best ved at heilskapen blir utforma slik at han passar for alle.

Tiltak: universell utforming og tilgjenge som tema i styringsdialog

Kulturdepartementet vil at det i dei komande åra skal arbeidast systematisk med universell utforming og tilgjenge på kultursektoren. Diskriminerings- og tilgjengelova, plan- og bygningslova, kulturlova og Handlingsplanen Norge universelt utformet 2025 og relevante stortingsmeldingar ligg til grunn.

I styringsdialogen med underliggjande verksemder og tilskotsinstitusjonar vil departementet streke under tilgang og universell utforming som strategiar i verksemdenes inkluderingsarbeid. I rapporteringar frå institusjonane vil departementet be om at det blir gjort greie for korleis verksemdene arbeider med tilgjenge og universell utforming.

Tiltak: betre kunnskap om kulturbruk og funksjonsevne

Vi har i dag berre avgrensa kunnskap om kulturbruk blant personar med nedsett funksjonsevne. Kulturdepartementet vil i samråd med SSB vurdere korleis spørsmål om nedsett funksjonsevne kan innarbeidast i komande kulturbruksundersøkingar. Jamlege målingar vil gi grunnlag for å vurdere effekt av tiltak innan universell utforming og auka søkjelys på tilgjenge.

Tiltak: fleire aviser i lydformat

Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) tilbyr i dag Aftenposten i lydversjon. For å gi eit meir dekkjande tilbod ønskjer NLB å tilby fleire aviser. Fleire aviser er villige til å sende filer vederlagsfritt til NLB for publisering på lyd.

Kulturdepartementet tek sikte på å auke løyvinga til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for å leggje til rette for fleire utgivingar.

Tiltak: synstolking av norsk film

Digital teknologi kan gjere det billigare å leggje inn synstolking på norske filmar, både for visning på kino og dvd. Departementet vil be Norsk filminstitutt greie ut kva slags teknologiske, økonomiske og juridiske føresetnader som knyter seg til synstolking av norske filmar.

Tiltak: styrkje teiknspråktolking av teater

Regjeringa vil auke avsetjinga til teiknspråktolking av teater slik at fleire produksjonar kan tolkast.

Tiltak: bidra til ei prøveordning for opplevingskort for barn og unge

Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å innføre eit opplevingskort som gir barn og unge frå familiar med låg inntekt høve til å delta på aktivitetar og kulturopplevingar saman med andre barn og unge i lokalsamfunnet. Kortet er eit verkemiddel for å sikre at barn i familiar med særleg låg inntekt ikkje skal falle utanfor viktige arenaer for sosialisering og oppleving, og gir tilgang til ei rekkje aktivitetar saman med ein venn, eit familiemedlem eller andre.

Regjeringa ønskjer at ordninga skal vere eit nasjonalt pilotprosjekt og vil støtte opplevingskortet i Møre og Romsdal over ein forsøksperiode på to år. Ein legg til grunn at ordninga blir evaluert med tanke på kunnskapsoverføring til andre fylke i landet.

Tiltak: etablere eit program for kultur under tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Regjeringa vil etablere eit program for kultur under Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementets ordning Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, også kalla storbyordninga. Føremålet er å bidra til at fleire utsette barn og unge får høve til å delta i kultur- og fritidsaktivitetar.

Tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er eit verkemiddel for å betre oppvekst og levekår i større bysamfunn. Ordninga omfattar i 2011 23 bykommunar og 7 prioriterte bydelar i Oslo. Løyvinga blir nytta til tiltak og prosjekt som rettar seg mot barn og unge i alderen 12 til 25 år som har spesielle behov, og mot utsette ungdomsgrupper og ungdomsmiljø. Bykommunane/bydelane kan mellom anna søkje om tilskot til tiltak som bidreg til deltaking og medverknad for barn, ungdom og ungdomsgrupper som i liten grad nyttar seg av dei eksisterande kultur- og fritidstilboda, og tiltak som fremjar deltaking og likeverdige moglegheiter for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Regjeringa vil bidra til at kulturtilbod av høg kvalitet i større grad blir ein del av aktivitetane som blir tilbydd gjennom ordninga. I tillegg er det ønskjeleg å bidra til å styrkje arbeidet med å utvikle alternative meistringsstrategiar innanfor kulturområdet for barn og unge som står i fare for å falle utanfor. Alternative meistringsarenaer kan vere teater, media, litteratur/bibliotek, spel/sosiale media, musikk, design, forming og handverk.

1.6 Oppsøkjande kulturformidling og formidlingsordningar

1.6.1 Innleiing

For å nå målet om størst mogleg deltaking i kulturlivet vil regjeringa at det faste tilbodet i institusjonane i større grad skal supplerast med oppsøkjande verksemd, turnéverksemd, særskilte formidlingsordningar og nye formidlingsmåtar, til dømes ved hjelp av digitale verktøy.

Formidling på nye/eksterne arenaer inneber at ein ofte møter publikum ein ikkje treff på eigen arena. Dette kan vere med på å byggje ned barrierar og bidra til at publikum oppsøkjer institusjonen eller anna kulturtilbod på eiga hand. Kulturformidling i skulen når alle barn og er ein måte å sikre at alle blir introduserte for kultur på, uavhengig av foreldra sine interesser/økonomi.

Digital formidling løfter formidlinga og tilgjenget ut av geografien, men er samstundes meir enn berre nye måtar å formidle innhald på. Digital formidling og tilrettelegging er ein viktig del av arbeidet for å demokratisere tilgangen til kulturtilbod.

1.6.2 Arenaer og møtestader for kultur

Gode arenaer for kultur over heile landet er viktig i eit demokrati- og tilgangsperspektiv. Ein viktig del av kulturdemokratiseringa etter krigen var utbygginga av arenaer for kulturaktivitet.

Gjennom nettverket av kommunale kulturhus og andre kulturarenaer finst det i dag eit mangfaldig kulturtilbod til det allmenne publikumet.

Norsk kulturhusnettverk er ein landsomfattande organisasjon som har som mål å synleggjere, samordne og utvikle kulturhusa sine ressursar og kompetanse lokalt, regionalt og nasjonalt. Nettverket har over 80 profesjonelt drivne kulturhus som medlemmer. Kulturhusnettverket har i 2011 fått midlar frå Norsk kulturråd til å kartlegge effekten av kulturhusa i Noreg.

Det er ein tendens til at kunstnarar i dag søkjer arbeidsfellesskap med andre og etablerer produksjonsarenaer som i større grad enn tidlegare har ein utoverretta profil. Fleire stader er det etablert kultur- og næringshagar. Nokre stader held kunstnarar til i same lokale som frivillig kulturaktivitet, kulturskular eller liknande. Slike arenaer er ofte prega av stort engasjement og dugnadsinnsats frå aktørane som held til der.

Musea og biblioteka er òg viktige møtestader og arenaer for kultur. Museumsreforma med konsolidering av kunst- og kulturmuseum i eit nasjonalt mu-seumsnettverk har ført til ein auke i bruken. Satsinga på Den kulturelle skulesekken har også ført til eit meir systematisk arbeid i musea for å utvikle tilbod for barn og unge i skuletida, både på museet og i skulen. Dette har ført til at fleire barn og unge er fortrulege med museet som kulturarena.

Kyrkja er både ein mykje brukt kulturarena og aktør i kulturlivet i kommunane.

1.6.3 Riksinstitusjonane

Riksteatret

Riksteatret samarbeider nært med resten av Teater-Noreg og presenterer både eigne produksjonar, samarbeidsproduksjonar og produksjonar som er kjøpte inn frå norske og internasjonale teaterinstitusjonar og frie grupper.

For å nå nye publikumsgrupper satsar Riksteatret på direkte kontakt med både presse, publikum og arrangørar. Riksteatret har i mange år samarbeidd nært med ungdomsskular og vidaregåande skular.

Rikskonsertane

Verksemda til Rikskonsertane er dominert av skulekonsertane. Rikskonsertane har i samarbeid med fylkeskommunane ansvaret for skulekonsertordninga for grunnskulen i Den kulturelle skulesekken. Alle kommunane i landet får tilbod om to konsertar i året til sine grunnskuleelevar gjennom denne ordninga.

Tiltak: omlegging av offentlege konsertar og styrking av tilskotsordningar for arrangørar og musikarar

Føresetnadene for Rikskonsertanes verksemd har endra seg vesentleg sidan etableringa i 1968, og fleire aktørar har peika på at delar av Rikskonsertanes offentlege konsertar opererer i eit felt som allereie er godt dekt. På bakgrunn av dette er det sett i gang ein prosess for å leggje om den offentlege konsertverksemda i si noverande form, frå og med andre halvår 2012. Målet med omlegginga er å nå fleire ved å leggje til rette for at musikarar kan turnere i heile landet, styrkje lokale konsertarrangørar og å konsentrere Rikskonsertanes verksemd til mindre stader og mindre arenaer, til dømes arbeidsplassar.

Delar av midlane til offentleg konsertverksemd i Rikskonsertane vil frå andre halvår 2012 bli overførte til tilskotsordningane for arrangørar og musikarar under Norsk kulturråd. Ordningane skal innrettast slik at dei i endå større grad kan sikre god geografisk spreiing og nå ut til fleire desentraliserte konsertarenaer og målgrupper, spesielt ungdom.

1.6.4 Kultur i eit inkluderande arbeidsliv

Det er eit viktig mål for regjeringa å gi plass til alle som kan og vil arbeide. Dei overordna mål-settjingane i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv er: «Å forebygge og redusere sykefravær, styrke jobbnærværet og bedre arbeidsmiljøet, samt hindre utstøting og frafall i arbeidslivet».

Dei tre delmåla rettar søkjelys mot reduksjon i sjukefråværet, auka sysselsetjing av personar med redusert funksjonsevne og yrkesaktivitet etter fylte 50 år. Arbeidet med eit meir inkluderande arbeidsliv (IA) skjer først og fremst på arbeidsplassen, og ho-vudaktørane er arbeidsgjevarar og arbeidstakarar. Kultur kan vere eit godt verkemiddel for å skape eit godt arbeidsmiljø og bidra til mindre sjukefråvær og fråfall i arbeidslivet.

Tiltak: Den kulturelle nistepakka

Kulturdepartementet vil opprette ei ny ordning for kulturformidling, Den kulturelle nistepakka. Målet med Den kulturelle nistepakka er å leggje til rette for at fleire får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod gjennom arbeidsplassen, å bidra til at personar utan ein fast arbeidsplass får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod og å stimulere til at kunst og kultur i større grad blir innlemma i realisering av mål knytte til eit inkluderande arbeidsliv.

Ein tek sikte på å inkludere arbeidsplassar, frivilligsentralar og offentlege institusjonar til dømes innan helse- og omsorgssektoren og utlendingssektoren. Den kulturelle nistepakka vil byggje på erfaringar frå andre tiltak for kulturformidling i arbeidslivet som Kulturdepartementet har gitt midlar til dei siste åra. Nasjonalbiblioteket og Rikskonsertane vil stå sentralt i arbeidet.

1.6.5 Formidling og aktivitet i skulen

Skulen er ein møtestad og arena for alle barn. Eit betre kulturtilbod i skulen bidreg difor til at ein treff alle barn, uavhengig av sosial og kulturell bakgrunn.

Institusjonar innanfor musikk, scenekunst, litteratur, kulturarv, film og det visuelle feltet samarbeider med skulane gjennom Den kulturelle skulesekken, men også utanom denne ordninga.

Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken (DKS) er eit nasjonalt program for formidling av profesjonell kunst og kultur til elevar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen.

Den kulturelle skulesekken omfattar kunst- og kulturuttrykk som musikk, scenekunst, film, litteratur, kulturarv, visuell kunst eller ein kombinasjon av desse. Innanfor alle uttrykka skal elevane få møte fortid og samtid, innan eit kulturelt mangfald, men også forankra i det lokale.

Den kulturelle skulesekken blir i all hovudsak finansiert av spelemidlar.

Vurdering

Departementet legg til grunn at Den kulturelle skulesekken skal vidareutviklast for å sikre at alle barn og unge får kulturopplevingar av høg kvalitet. I to stortingsmeldingar er det lagt til grunn at Den kulturelle skulesekken skal vere dynamisk og fleksibel og omfatte alle kunst- og kulturuttrykk. Det er viktig at det skjer eit kontinuerleg kvalitetssikrings- og utvik-lingsarbeid i Den kulturelle skulesekken, og at ein drøftar og forbetrar eventuelle svake sider ved ordninga.

Den kulturelle skulesekken har medverka til å plassere kunst og kulturfaga i heile opplæringa.

Det er grunn til å peike på at det å eksponere barn og unge for kulturuttrykk frå tidleg alder, medverkar til å minske ein eventuell framandgjerande effekt av kulturtilbod og kulturinstitusjonar.

Tiltak: styrkje Den kulturelle skulesekken for elevar med nedsett funksjonsevne

Det er eit overordna mål å sikre at personar med nedsett funksjonsevne skal ha same tilgang og høve til deltaking i kulturlivet som folk elles, både som publikum og som aktive deltakarar. For å nå denne målsetjinga er det viktig at alle nivå – både fylkeskommunar, kommunar og kvar einskild skule – er medvitne om at menneske har ulike føresetnader og ulike behov. Dette skal kome fram i både planlegging, utforming og gjennomføring av Den kulturelle skulesekken. Alle aktørar som er med på å forme tilbodet i DKS må vere med å vurdere korleis ordninga kan tilpassast ei samansett elevgruppe med ulike behov.

Evalueringa av Den kulturelle skulesekken frå 2006 syner at det blir reflektert lite rundt elevar med funksjonsnedsetting eller funksjonshemming. Men i dei siste åra har fylkeskommunane og kommunane rapportert på om dei har tiltak for å sikre tilgang for elevar med spesielle behov, tiltak for å framheve og sikre eit kulturelt mangfald, og tiltak innanfor samisk kunst og kultur.

I tildelingsbreva til fylkeskommunane om Den kulturelle skulesekken vil departementet oppmode fylka om å vurdere korleis utforminga og gjennomføringa av DKS kan tilpassast ei samansett elevgruppe med ulike behov, også medrekna elevar med nedsett funksjonsevne.

Kulturskular

Kulturskulane er eigd og drivne av kommunane, og kommunane avgjer sjølv innhald og omfang av tilbodet i sine skular. Regjeringa har vidareført rammefinansieringa av kulturskulen og har ikkje foreslått noko meir detaljert lovregulering av kulturskuletilbodet.

I desember 2009 oppnemnde Kunnskapsdepartementet eit utval (kulturskuleutvalet) som fekk i oppgåve å sjå nærare på kulturskuletilboda i landets kommunar i høve til kvalitet, pris og tilgang. Utvalet skulle òg vurdere mogleg samarbeid mellom kultur-skulen, grunnskulen og SFO, samt kome med framlegg til korleis kulturskuleaktivitetar og andre kulturaktivitetar kan integrerast betre i skulekvardagen.

Utvalet peika mellom anna på at den faglege og pedagogiske kompetansen til kulturskulelærarane er avgjerande for kvaliteten ved kulturskulane, og at utdanningsinstitusjonane har eit ansvar for dette. Utvalet meinte at den største utfordringa er mangelen på kombinerte stillingar som kan medverke til samarbeid mellom kunstfagleg opplæring i grunnskule, SFO, kulturskule, frivillige lag/foreiningar med fleire. Av den grunn meinte Kulturskuleutvalet at det burde vore lagt betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket. Mange av høyringssvara frå kommunane til rapporten framheva at dei ønskjer fleire kombinerte stillingar.

Vurderingar

I regjeringas kulturpoliske plattform, Kulturløftet II, er eit av måla at alle barn som ønskjer det skal få eit kulturskuletilbod av god kvalitet til ein god pris. Vidare står det i Soria Moria-erklæringa II at det skal innførast ein gratis time SFO kvar dag for å leggje til rette for leksehjelp, fysisk aktivitet og mogleg samarbeid med kulturskulen.

Sjølv om det har vore ei jamn auke i talet på elevar og elevplassar i kulturskulane sidan 2006, er det mange stader lang ventetid. Regjeringa følgjer utviklinga over elevplassar og talet på elevar på venteliste. Det er samstundes viktig å vere merksam på at det finst mange private kulturtiltak som også tilbyr aktivitetar til barn og unge.

Det er òg dokumentert at det er sosiale skilnader i rekrutteringa til kulturskulen, med ei klar overvekt av barn av foreldre med høg utdanning. Variasjon mellom kommunane og det at deltaking heng saman med familiebakgrunn i så sterk grad, gjer at mange barn ikkje får tilgang til kulturskulen.

Det finst i dag mange tilbod både innanfor og utanfor skulen som er med på å gi barn og unge opplevingar av – og opplæring i – kunst og kultur. Kunnskapsdepartementet er oppteke av å få etablert eit betre samspel mellom dei mange aktivitetane, både for å styrkje kvaliteten på tilboda og for meir effektiv utnytting av den faglege kompetansen både i opplæringa og i kulturskulen.

Tiltak: setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet

I budsjettet for 2012 har regjeringa foreslått å vidareføre 40 mill. kroner i stimuleringsmidlar til kulturskule frå Kulturløftet II. Samstundes vil ein innrette midlane endå tydelegare mot føremålet om styrkt samarbeid mellom kulturskule og grunnskule/SFO. Hovuddelen av midlane vil i 2012 gå til prosjekt med kombinerte stillingar i kulturskule og skule/SFO. Dette er òg i tråd med Kulturskuleutvalets tilrådingar om å leggje betre til rette for kombinerte stillingar i kulturskulen i samarbeid med skuleverket, og at heile opplæringsløpet blir sett i samanheng. Vidare vil eit utval av prosjekt som allereie har fått støtte dei to siste åra, og som er spesielt gode, bli vidareført i 2012.

Frå hausten 2013 vil regjeringa setje i gang ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet i eit utval kommunar. Ein del av dei 40 mill. kronene i stimuleringsmidlar frå Kulturløftet II vil setjast av til prøveordninga. Føremålet med prøveordninga er å sjå om det å bruke skulen som arena for eit gratis kulturtilbod skaper eit meir inkluderande tilbod enn dagens kulturskule. Kulturskuletilbodet skal vere eit gratis, frivillig tilbod for elevane. Det vil vere opp til kvar kommune som deltek i prøveordninga om tilbodet skal organiserast i samband med SFO eller ikkje. Prøveordninga skal evaluerast.

1.6.6 Den kulturelle spaserstokken

Gjennom ordninga skal eldre få eit kulturtilbod som held høg, profesjonell kulturfagleg kvalitet.

Det er kommunane som kan søkje om midlar frå Den kulturelle spaserstokken. Kulturdepartementet administrerer ordninga.

Ordninga er eit samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Kulturdepartementet. Midlane til ordninga går i like delar over dei to departementa sine budsjett.

1.6.7 Digital tilgjengeleggjering, formidling og brukarmedverknad

Digital teknologi kan medverke til å minske dei fysiske og geografiske barrierane for tilgang til kulturtilbod. Gjennom Internett og nye multimediale teknologiar er det mogleg å skape nye uttrykk og opplevingar, gi utvida tilgjenge til kunst og kultur, formidle innhald på nye måtar, etablere nye møteplassar og leggje til rette for dialog med publikum. Samstundes kan nye mobile plattformer gi oss tilgang til kunst- og kulturopplevingar overalt og til alle tider. Den sterke auken i utviklinga og bruk av sosiale medium har stor verknad på samfunnslivet. Dette gjeld ikkje minst måtane vi samhandlar på, både privat og elles. Denne utviklinga må også kulturlivet ta aktivt del i.

Når kulturuttrykk blir flytta over til digitale format, blir digital kompetanse i større grad ein føresetnad for godt tilgjenge til kultur. Det betyr at samstundes som den digitale teknologien kan gjere kulturtilboda lettare tilgjengeleg, kan han òg utgjere ein barriere i seg sjølv.

No er det vel snarare slik at digitale tilbod kjem i tillegg til dei opphavlege måtane kulturmaterialet blir presentert på. For kulturinstitusjonane er det eit pålegg at dei digitale tenestene som blir produserte, skal vere tilgjengelege for alle. Ein skal òg vere merksam på at for mange, til dømes eldre, vil det vere naudsynt med tilrettelagt utstyr og tilbod om opplæring for å kunne ta i bruk digitale tenester.

Tilgang og formidling

Visjonen for regjeringa sin IKT-politikk på kulturfeltet er å gjere mest mogleg av samlingane i arkiv, bibliotek og museum tilgjengelege for flest mogleg ved bruk av framtidsretta bruk av IK-teknologiske løysingar. Samlingane skal vere søkbare og tilgjengelege, og innhaldet skal formidlast på ein brukarorientert måte. Bruk av digital teknologi som eit målretta instrument for å gjere kulturarvsmateriale lettare og betre tilgjengeleg for innbyggjarane, vil gjere sitt for å nå målet om at alle innbyggjarane skal ha lett tilgang til relevant og nødvendig informasjon i alle samanhengar.

Å gjere kulturarvsmaterialet tilgjengeleg på nett inneber også at institusjonane involverer seg i ei utvikling som er stikk motsett den tradisjonelt bygningsorienterte forvaltninga og bruken av samlingane. Ved å opne tilgangen til dei digitale samlingane i allmenne format, blir det òg opna for at andre enn institusjonane kan utvikle innhald og innhaldsfunksjonar (mellom anna applikasjonar). Dette vil skape ny verdiauke og leggje til rette for innovativ bruk, både ved at materialet blir delt i sosiale fora, og ved at kommersielle og andre internettaktørar kan setje saman materiale frå fleire kjelder til nye tenester. Institusjonane seier frå seg den tradisjonelle kontrollen med bruk og formidling av materialet, men samfunnet får attende eit kreativt meirverd ingen institusjon åleine kan makte. Regjeringas politikk for tilgang til offentlege data er tufta på brukaranes behov, og skal leggje til rette for ei slik utvikling.

Regjeringa legg til grunn at offentlege verksemder gjer data tilgjengelege i maskinlesbare format i samsvar med etablerte standardar. Dette kravet blir følgt opp gjennom Kulturdepartementets styrings-dialog med institusjonane på kulturfeltet.

Tiltak: krav om at verksemder og institusjonar på kulturfeltet nyttar nye digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire

Globalisering og teknologisk utvikling gjer at kulturen i vår tid endrar seg raskt. Delingskulturen på Internett er også ein inkluderingskultur, og gir utford-ringar og moglegheiter både sosialt og teknologisk.

Kulturinstitusjonane i samfunnet har ein viktig funksjon i denne samanhengen, og departementet legg til grunn at dei reflekterer over si rolle som samfunnsberande aktørar. Informasjon og tenester som ikkje finst på Internett blir lett mindre synlege og mindre brukte. Kunstsamlingane, kunstnarane, verka, institusjonane og dei profesjonelle aktørane må vere til stades der publikum ventar å finne dei. Publikum reknar med institusjonar som er inviterande, uformelle, sosiale, opne, informative og kommuniserande i sine tilboda og tenestene på nettet.

Om dei etablerte kunst- og kulturmiljøa ikkje tilpassar si verksemd til nye generasjonar og andre publikumsgrupper, vil deira samfunnsrelevans med tida bli mindre. Institusjonane må evne å møte dei såkalla digitalt innfødde på deira premissar.

Departementet legg til grunn at verksemdene/institusjonane sjølve utviklar nye måtar å arbeide på for å utnytte dei moglegheitene som veks fram med den teknologiske utviklinga til å nå fleire publikumsgrupper, gjennom sin ordinære verksemd. Departementet vil følgje opp dette i styringsdialogen med institusjonane.

1.7 Samarbeid med og deltaking i den frivillige kultursektoren

1.7.1 Betre rammevilkår for frivillig sektor og auka ressursar til lokal aktivitet

Den overordna målsetjinga med regjeringas frivilligpolitikk er å støtte aktivt opp under utviklinga av eit levande sivilsamfunn. Regjeringa legg vekt på ei styrking av rammevilkåra for frivillig sektor, som kjem heile frivillig sektor til gode. I tillegg til auka merksemd om inkludering og integrering omfattar regjeringas satsing auka fokus på ressursar til lokal aktivitet og lågterskeltilbod, og styrkja kunnskap og forsking.

Meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar

Regjeringa har etablert ei tilskotsordning for kompensasjon av meirverdiavgift til frivillige organisasjonar. Ordninga gjeld frå 1. januar 2010 og skal trappast opp med ein milliard kroner fram til 2014. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2012 at bevilgninga til denne ordninga aukar til 627,5 mill. kroner. Føremålet med ordninga er å kompensere for kostnader som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester basert på årsrekneskap eit år tilbake i tid. Ordninga kjem heile frivillig sektor til gode. Om lag 13 000 lag og foreiningar mottok kompensasjon frå ordninga i 2010. Fleirtalet av desse var lokallag.

Grasrotandelen

Denne grasrotordninga kom i stand i 2009 og har bidrege til å auke ressursane til lokal aktivitet. I 2012 reknar ein med at lokale lag og foreiningar vil motta om lag 275 mill. kroner i støtte gjennom grasrotordninga.

Frifond

Frifond er ei ordning som bidreg til å styrkje rammevilkåra for barne- og ungdomsorganisasjonar, og er ein viktig del av regjeringa si satsing på lokal aktivitetsskaping blant barn og unge i frivillige organisasjonar og i frittståande grupper og foreiningar. I 2011 blir det fordelt til saman over 170 mill. kroner til lokal aktivitet gjennom dei tre paraplyorganisasjonane Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Norsk musikkråd og Norsk teaterråd. Tilskotsordninga har vorte styrka for å stimulere til auka innsats i arbeidet med integrering og inkludering. Departementet vil vurdere modellen for fordeling av midlar til paraplyorganisasjonane for å sikre ein mest mogleg hensiktsmessig ansvarsfordeling.

Forenkling i samhandlinga med det offentlege

Kulturdepartementet gjennomfører eit prosjekt for å forenkle barne- og ungdomsorganisasjonane si samhandling med det offentlege i samband med tilskotsordningar. Det er sett ned ei arbeidsgruppe og ei referansegruppe med representantar frå frivillig sektor. Departementet vil vidareføre arbeidet med forenkling. Ein vil mellom anna vurdere å sjå nærmare på om nokre av dei krava som det offentlege stiller til frivillige lag og organisasjonar, bidreg til å heve terskelen for deltaking for enkelte grupper.

Frivilligsentralane

Regjeringa har sidan 2005 gitt tilskot til oppretting av 118 nye frivilligsentralar. I 2011 har totalt 371 frivilligsentralar fått statstilskot, fordelt på 308 kommunar i alle fylka i landet. I 2012 er det foreslått ei samla løyving på nærmare 111 mill. kroner. Føremålet med løyvinga er å leggje til rette for auka deltaking, lokalt engasjement og å skape gode vilkår for frivillig innsats lokalt. Frivilligsentralane skal vere lokalt forankra møteplassar, som er opne og inkluderande for alle som har lyst til å delta i frivillig verksemd.

Styrkja kunnskap og forsking

Forsking bidreg til auka kunnskap om og for-ståing av sivilsamfunn og frivillig sektor, og er eit prioritert område i regjeringas frivilligpolitikk. Innanfor forskingsprogrammet Virtuelt senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor har det mellom anna vorte fokusert på deltaking i frivillig verksemd, endringsprosessar i frivillig sektor og påverknadsfaktorar i samband med finansieringsordningar og andre rammevilkår. Det er sett i gang prosjekt for å auke kunnskapen om sosiale mekanismar som hindrar deltaking, om korleis personleg økonomi påverkar deltaking og fråfall, om betydninga av rekrutteringsarenaer og om korleis organisasjonane kan bidra til å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga.

1.7.2 Partnarskap og brubygging mellom profesjonelle og frivillige innan kultursektoren

Eit mangfaldig og levande frivillig kulturliv er ein av føresetnadene for framveksten av eit sterkt profesjonelt kulturliv og for oppslutnaden om ein profesjonell kultursektor. På fleire sjangerområde innanfor det frivillige kulturlivet finn ein kunstnarlege uttrykk av høg kvalitet. Slik har frivillig kulturliv både ein verdi i seg sjølv som kunstnarleg produksjonsarena, som opplevingsarena for den enkelte og som rekrutterings- og opplæringsarena for det profesjonelle kulturlivet. Samspelet mellom det frivillige og det profesjonelle kulturlivet er verdifullt.

Departementet vil stimulere til langsiktig og forpliktande samarbeid mellom kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarlege verksemder og mangfaldsaktørar om konkrete kunstproduksjonar og formidlingstiltak. Målet er å styrkje det kulturelle mangfaldet i og utanfor institusjonane.

Tiltak: støtte samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor

Folkebiblioteka står i ei særstilling som demokratisk møtestad i lokalsamfunnet, og har mange og gode moglegheiter til å drive inkluderingsarbeid. Leseløftet 2010–2014 og Leseåret 2010 er gode døme på korleis biblioteka kan nyttast målretta for å nå ut til grupper som er vanskelege å nå og bidra til å motverke utestenging frå både kultur-, samfunns- og arbeidsliv. Fleire frivillige organisasjonar og enkelte frivilligsentralar har delteke i dette arbeidet.

Regjeringa vil gi støtte til samarbeid mellom bibliotek og frivillige organisasjonar for vidare utvikling av kulturtilbod som kan virke inkluderande. Samarbeid og partnarskap mellom bibliotek og ulike aktørar i frivillig sektor kan vere ein veleigna strategi for å byggje ned barrierar for deltaking og skape fellesarenaer og møtestader for eit fleirkulturelt tilbod. Frivilligsentralane kan bidra til å samordne frivillig aktivitet på lokalt plan og styrkje det tverrfaglige samarbeidet med frivillige, lag/foreiningar og det offentlege. Nasjonalbiblioteket vil fordele støtte til prosjekt i bibliotek, der det er eit samarbeid mellom bibliotek, frivillige organisasjonar og frivilligsentralar, gjennom deira ordning med utviklingsmidlar.

Tiltak: auka merksemd om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i knutepunktinstitusjonane

Festivalar og kulturarrangement kan fungere som møtestadar og fellesskapsarenaer som er med på å fremme inkludering og integrering. Frivillige bidreg til at lokale festivalar og kulturarrangement lukkast gjennom å gjere ei rekkje ulike oppgåver, både i planlegginga, gjennomføringa og i oppryddings- og etterarbeidet. I tillegg kan frivillige vere gode ambassadørar for eit arrangement og trekke publikum frå eigen vennekrets og nettverk. Gjennom å gjere det attraktivt å vere med som frivillig og rekruttere frivillige strategisk, kan ein gjennom ein festival eller eit anna kulturarrangement indirekte nå nye publikumsgrupper. Departementet vil auke merksemda om samarbeid med frivillige organisasjonar og frivillig deltaking i dialog med knutepunktinstitusjonane.

1.7.3 Auka deltaking og representasjon frå underrepresenterte grupper i frivillig kultursektor

Det er eit problem dersom delar av befolkninga står utanfor frivillige organisasjonar der tillit og nettverk kan byggjast. Deltaking i frivillig sektor har samanheng med utdanningsnivå og inntekt. Generelt for frivillig sektor er det ein tendens til at unge menn med låg utdanning, som er arbeidsledige, og/eller på trygd, fell utanfor.

Når det gjeld medlemskap og verv i frivillige organisasjonar er det ein klar samanheng med landbakgrunn eller innvandrarbakgrunn. Etniske minoritetar er generelt underrepresenterte på alle nivå i organisasjonshierarkiet. Erfaringar frå arbeidet med styrande mangfald i kultursektoren viser at det er nødvendig å kople saman personar og styre, og leggje til rette for utveksling av erfaringar, råd og rettleiing mellom dei. Ved å bli betre kjent med ressursane som finst i ulike miljø, vil målretta tiltak kunne bidra til at folk med ein fleirkulturell bakgrunn i større grad blir rekruttert og selektert til å inneha posisjonar på leiarnivå og verv i styrande organ.

Regjeringa vil gjennom satsinga på betre rammevilkår støtte opp under det arbeidet som organisasjonane gjer for å fremme auka deltaking og sikre brei representasjon. I tillegg vil regjeringa støtte opp under særskilte satsingar på enkelte område.

Tiltak: pilotprosjekt for mangfald i styre og leiande posisjonar

Regjeringa vil i samarbeid med frivillig sektor utvikle eit pilotprosjekt der målet er å finne fram til egna tiltak for å auke talet på personar med etnisk minoritetsbakgrunn i styre og leiande posisjonar i frivillige kunst- og kulturorganisasjonar. Arbeidet sjåast- i samanheng med satsinga på styrande mangfald i kultursektoren.

Tiltak: auka merksemd om inkluderande praksisar i kunst- og kulturorganisasjonane

Regjeringa vil bidra til auka merksemd om kva som fungerer og korleis ein kan byggje vidare på dei gode erfaringane i deler av frivillig kultursektor, til dømes i musikkorganisasjonane.

1.7.4 Kontakt og samarbeid mellom ulike typar organisasjonar

Det er ei utfordring at det i dag er eit relativt delt organisasjonssamfunn der minoritetane og majoritetane deltek i ulike typar frivillige organisasjonar. Innvandrarar deltek i mindre grad på kultur- og fritidsfeltet, som er den delen av frivillig sektor der majoritetsbefolkninga er mest aktiv. På den andre sida er innvandrar mellom anna aktive i trudoms- og livssynssamfunn, og etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

I denne samanhengen er det også viktig å leggje til rette for at menneske kan møtast på tvers av mellom anna sosial og økonomisk bakgrunn, etniske gruppeidentitetar og alder. Dette for å styrkje fellesskap og auke innsikt, forståing og gjensidig tillit. Frivillig sektor kan spele ei nøkkelrolle i å danne møteplassar og arenaer for samhandling.

Tiltak: støtte opp under initiativ som bidreg til kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling

I handlingsplanen for 2011–2012 heiter det at Frivillighet Norge «skal arbeide for at minoritetsorganisasjoner skal ha en synlig plass i organisasjonsfellesskapet i Norge og for økt samarbeid mellom tradisjonelle norske organisasjoner og minoritetsorganisasjoner». Departementet vil i dialog med frivillig sektor støtte opp under denne type initiativ som bi-dreg til å fremje kontakt, samarbeid og erfaringsutveksling mellom dei tradisjonelle kunst- og kulturorganisasjonane og ulike typar etniske og fleirkulturelle organisasjonar.

Tiltak: vidareutvikle frivilligsentralane som møteplass og samhandlingsarena

Regjeringa vil bidra til at frivilligsentralane blir vidareutvikla som viktige samhandlingsarenaer for frivilligheit lokalt, og at sentralane skal vere støttespelarar for å skape gode, levande lokalmiljø. Departementet vil støtte opp under arbeidet til frivilligsentralar i område med høg grad av innvandrarar.

1.8 Kultur i samspel med andre politikkområde

1.8.1 Innleiing

Kulturtilbod og deltaking i kulturlivet medverkar til å nå mål på andre politikkområde, til dømes innan helse og omsorg, oppvekstvilkår og inkludering, opplæring og utdanning, trivsel på arbeidsplassen, kriminalomsorg, regional utvikling og innovasjon. For å få til eit godt samspel med andre samfunnsområde, må det førast ein kulturpolitikk som sikrar kvalitet og tilgong til eit breitt mangfald av kulturuttrykk. Politikken til regjeringa skal leggje til rette for at eit slikt samspel kan finne stad.

Kulturdepartementet samarbeider med fleire andre departement om ordningar og tiltak, mellom anna med Kunnskapsdepartementet om ordninga Den kulturelle skulesekken og med Helse- og omsorgsdepartementet om ordninga Den kulturelle spaserstokken. Vidare er det samarbeid med Justisdepartementet om kulturaktivitetar i kriminalomsorga og bibliotektenester i fengsel. Departementet har også andre tiltak og ordningar som har som mål å fremje andre samfunnsmål enn dei reint kulturpolitiske, som til dømes Kultur i inkluderande arbeidsliv. Dette kapitlet syner med ulike døme korleis kultur kan vere viktig på ulike samfunnsområde, og illustrerer korleis andre departement nyttar kunst og kultur aktivt for å søkje å nå mål på sine område.

1.8.2 Kultur og helse

På helse- og omsorgsfeltet blir det lagt vekt på at kunst- og kulturopplevingar og deltaking i kulturlivet kan vere med på å gi fleire betre helse og eit betre liv.

Forsking tyder på at kunst og kultur kan stimulere dei oppbyggjande kreftene i kroppen og hjelpe menneske til å hente fram ibuande ressursar i vanskelege livssituasjonar. I gitte samanhengar kan kulturtilbod og kulturaktivitetar bidra til å minske risiko for sjukdom og på ulike måtar inngå i rehabilitering og behandling av sjuke.

Kultur og folkehelse

Regjeringa varsla i Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011–2015 utvikling av ein tverrdepartemental folkehelsestrategi. Eit siktemål er å styrkje koordineringa mellom sektorar og gjere det mogleg å sjå ulike område i samanheng. Folkehelsestrategien skal leggjast fram i 2012. Regjeringa vil styrkje arbeidet med å fremje god helse i befolkninga, førebyggje sjukdom og jamne ut sosiale helseforskjellar.

Kultur og omsorg

Regjeringa sine tiltak for å styrkje omsorgstenesta blir oppsummerte i Omsorgsplan 2015, der ein av hovudstrategiane er å sikre ei meir aktiv omsorgsteneste og større tverrfagleg breidd i omsorgssektoren.

Helse- og omsorgsdepartementet legg til grunn at kunst og kultur er viktige kjelder til opplevingar, og gir språk og uttrykksformer til å formidle inntrykk, tankar og opplevingar ein elles vanskeleg finn ord for. Kulturelle uttrykk har difor ein eigenverdi knytt til sjølve livet. Men kultur kan også gi god helse og ha både førebyggjande og lindrande verknad.

I rundskriv om aktiv omsorg strekar regjeringa under at kommunane har plikt til å bidra til at menneske som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp, får høve til å leve og bu sjølvstendig og til å ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre. I denne samanhengen legg regjeringa vekt på kultur som eit sentralt og grunnleggjande element i eit heilskapleg omsorgstilbod. Ei rekkje undersøkingar tyder likevel på at det er på det sosiale og kulturelle området at dagens omsorgstenester kjem til kort.

Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med Kulturdepartementet ansvaret for tilskotsordninga Den kulturelle spaserstokken.

Arkitektur og utforming av det fysiske miljøet

Dei siste åra har det i Noreg vorte større merksemd kring effektane av arkitektur og utforming av det fysiske miljøet ved bygging av nye sjukehus og helseinstitusjonar. Etter kvart har det utvikla seg ei felles forståing for at omgjevnadene spelar ei viktig rolle for trivsel og velvære, i første rekkje for pasientane, men også for pårørande og tilsette.

1.8.3 Kultur i utdanning og opplæring

Gjennom statleg kultur- og skulepolitikk dei siste tiåra er det på ulike måtar vektlagt at barn og unge skal få tilgang til profesjonell kunst og kultur.

Kultur i barnehagen

Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver frå 2006 omtalar barnehagen si rolle som kulturarena. Rammeplanen byggjer på et breitt kulturomgrep som omfattar kunst og estetikk, felles åtferdsmønster, kunnskapar, verdiar, haldningar, erfaringar og uttrykksmåtar.

I rammeplanen er kunst, kultur og kreativitet eitt av sju fagområde som barnehagane skal arbeide med.

Støtte til kultur kan bidra til å styrkje barnehagane både som kulturarena og som dannings- og læringsarena. Barnehagen er ein møtestad for barn og småbarnsforeldre med ulik kulturell, språkleg, etnisk, religiøs og sosial bakgrunn. Barnehagen er difor ein sentral arena for å formidle, skape og fornye kultur og for å utvikle kulturell identitet.

Kultur i skulen

Kulturen sin plass i skulen er forankra i skulens grunnlagsdokument Læreplanverket for Kunnskapsløftet, som omfattar læreplan for fag, generell del og prinsipp for opplæringa. Det er viktig at elevane får erfaring med ulike kulturelle uttrykksformer. Dette vil medverke til utvikling av eigen identitet og fremje forståing for andre menneske.

Praktiske og estetiske fag er ikkje obligatoriske fag i allmennlærarutdanninga eller dei nye grunnskulelærarutdanningane. Det er eit mål for grunnopplæringa at lærarane skal vere kvalifiserte til å undervise i dei praktiske og estetiske faga. Kunnskapsdepartementet vurderer no korleis ein kan styrkje og ivareta desse faga best mogleg innanfor lærarutdanningsstrukturen i framtida.

Kulturskulane

Ved sida av dei frivillige kulturorganisasjonane som korps, kor og liknande, er kulturskulane mellom dei viktigaste arenaene for barn og unges deltaking i og sosialisering til kulturbruk og kulturaktivitetar. Opplæringslova slår fast at alle kommunar, åleine eller i samarbeid med andre, skal ha eit musikk- og kulturskuletilbod til barn og unge. Det er kommunane sjølve som avgjer både omfanget av og innhaldet i sine kulturskular.

1.8.4 Kultur og oppvekstvilkår for barn og unge

Eit hovudmål for Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet er å medverke til gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom. Kultur heng saman med fritid, og ein brei definisjon av kultur ligg til grunn for departementet si målsetjing om å sikre deltaking for alle barn og unge.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet legg vekt på at frivillige organisasjonar skal tilby eit breitt utval kultur- og fritidsaktivitetar som er med på å skape levande og attraktive lokalsamfunn.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet forvaltar fleire støtteordningar der også kulturdeltaking og kulturaktivitetar er relevante:

  • Nasjonal grunnstøtte til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar

  • Prosjektstøtteordninga Mangfald og inkludering

  • Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

  • Tiltak for barn med nedsett funksjonsevne.

1.8.5 Kultur og integrering av innvandrarar

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet har ansvar for antidiskriminering og integrering av innvandrarar. Hovudmålet for integrerings- og inkluderingspolitikken er like moglegheiter, rettar og plikter for innvandrarar og barna deira til å delta og bidra i arbeids- og samfunnsliv.

Tilskot til innvandrarorganisasjonar og anna frivillig verksemd over budsjettet til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet skal bidra til å styrkje frivillige organisasjonar si rolle i integreringsarbeidet.

1.8.6 Kultur i arbeid og velferd

Arbeidsdepartementet har ansvar for politikken knytt til arbeidsmarknad, arbeidsmiljø, pensjonar og velferd. Arbeids- og velferdspolitikken skal medverke til at flest mogleg kan klare seg sjølve gjennom arbeid, sikre økonomisk tryggleik, fremje inkludering, jamne ut økonomiske og sosiale ulikskapar og førebyggje fattigdom og sosial eksklusjon. Deltaking i kulturelle aktivitetar kan fremje sosial inkludering og meistring, ikkje minst blant personar som står utanfor eller i utkanten av arbeidslivet.

Regjeringa ønskjer at alle barn og unge skal få høve til å utvikle seg og delta i samfunnet, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra. Regjeringa vil greie ut korleis aktivitetsstøtte til barn og unge i familiar som opplever fattigdomsproblem kan ivaretakast.

1.8.7 Kultur i kriminalomsorg

I St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn omtalar Justisdepartementet kulturtilbod som verktøy i tilbakeføringsarbeid. I meldinga blir det slått fast at kulturaktivitetar skal vere ein del av kvardagen i fengsel som i samfunnet elles.

Eit godt kulturtilbod er viktig i arbeidet med rehabilitering av domfelte, både med tanke på den enkelte si personlege utvikling og fordi det kan vere ein veg inn i positive sosiale miljø. Kultur i kriminalomsorga handlar difor om å førebu dei innsette på livet etter fengselsopphaldet.

1.8.8 Kultur og regional utvikling

Regjeringas målsetjing med distrikts- og regionalpolitikken er å gi folk fridom til å velje kvar dei vil bu, sikre levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa legg til grunn at kultur er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med stadutvikling og lokal samfunnsutvikling, busetnad og verdiskaping. Kultur medverkar til å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken.

1.8.9 Kultur i Den norske kyrkja

I ei undersøking av kommunal kultursektor går det fram at kyrkjene er ein attraktiv arena for kulturaktørar. Kulturtilbodet i kyrkjene utgjer ein vesentleg del av det totale kulturtilbodet i lokalsamfunn over heile landet.

Kyrkjene er ein ressurs i ordningar som Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken.