Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Ernæring

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Venstre, vil vise til kor viktig det er å sikre ernæringsfagleg kompetanse som eit bidrag til folkehelsa. Det handlar både om å sikre at utdanningsgruppene i helse- og velferdssektoren er utstyrt med kompetansen til å rettleie, og at kunnskapen blir oppfatta og nytta av folk.

Fleirtalet meiner det er viktig at ernæring som tema får ein tilstrekkeleg plass i velferdsutdanningane, for å sikre at dei som jobbar med personar og brukarar som kan ha nytte av ernæringsfagleg vegleiing, er i stand til å gi gode råd på dette området. På denne bakgrunnen meiner fleirtalet det er behov for å styrkje kunnskapen om ernæring innanfor alle dei helse- og sosialfaglege utdanningane.

Fleirtalet er oppteke av at det skal vere god tilgang på ernæringsfagleg kompetansepersonell over heile landet og meiner departementet må ta ein gjennomgang av dagens utdanningskapasitet på området.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil også vise til Innst. 11 S (2011–2012), der helse- og omsorgskomiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti fremmet følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen vurdere om det skal opprettes en tilskuddsordning som stimulerer kommunene til å knytte til seg personer med klinisk ernæringsfaglig kompetanse.»