Innstilling fra næringskomiteen om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram melding om gjennomføring av lov av 14. desember 1951 nr. 3 om omsetning av råfisk (råfisklova) og lov av 27. april 1990 nr. 9 om regulering av eksport av fisk og fiskevarer (fiskeeksportlova) i 2009 og 2010. Meldinga omtalar enkelte ak-tuelle saker av interesse for Stortinget. Meldinga omtalar forutan saker frå åra 2009 og 2010 enkelte saker frå 2011.

Den førre meldinga om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova vart lagt fram for Stortinget 12. februar 2010, jf. Meld. St. nr. 8 (2009–2010) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2007 og 2008 og Innst. 213 S (2009–2010).

Meldinga gir ei utgreiing om gjennomføringa av og kontrollen med omsetninga i første hand i kapittel 2 og 3, og ei utgreiing om gjennomføringa av eksporten i kapittel 4. Årsmeldingane for 2009 og 2010 frå styret til Sjømatrådet utgjer vedlegg 1 til meldinga, mens tilsvarande årsmeldingar frå styra til dei ulike salslaga utgjer vedlegga 2–7.

Råfisklova av 1951 vart vedteken som ei permanent lov til erstatning for ei tidlegare mellombels lov. Den nye lova var forma som ei fullmaktslov som gir salslaga vid sjølvstendig kompetanse når det gjeld omsetninga av råfisk i første hand. For å sikre Stortinget regelmessig orientering om gjennomføringa av lova vart det derfor vedteken ei eiga føresegn i råfisklova § 10 om at vedkomande departement årleg skulle leggje fram ei melding for Stortinget om gjennomføringa av lova, jf. Ot.prp. nr. 63 (1951) om lov om omsetning av råfisk.

Den første meldinga kom i 1953. Den eittårlege meldinga utvikla seg over tid til ei toårleg melding. Etter kvart vart ho dessutan slått saman med meldingar om andre lover, mellom anna tilverkarlova som no er oppheva, og seinare fiskeeksportlova.

Sjølv om lovkravet om melding til Stortinget vart oppheva i 1986, tok sjøfarts- og fiskerikomiteen opp eit framlegg om toårleg melding på nytt i Innst. S. nr. 172 (1985–1986) og gjorde slikt vedtak 4. juni 1986:

«Stortinget ber Regjeringen framlegge 2-årlige meldinger om gjennomføringa av lov av 14. desember 1951 om omsetning av råfisk (råfiskloven) og lov av 18. desember 1970 nr. 91 om omsetning av fisk frå tilvirker (tilvirkerloven).»

Tilverkarlova vart oppheva med verknad frå 1. juli 1993, og siste gong omtala i St.meld. nr. 18 (1993–1994) Om gjennomføring av råfiskloven og tilvirkerloven i 1991 og 1992. Etter kvart har departementet omtala fiskeeksporten i den toårlege meldinga.

Den viktigaste endringa i lovverket dei siste åra er lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), der også endringar i råfisklova inngår. I høve til salslaga inneheld havressurslova nye føresegner om den nasjonale ressurskontrollen som gir fiskesalslaga ei viktigare rolle enn før.

Eit sentralt grep i havressurslova er at ho skal regulere forvaltninga av alle viltlevande marine ressursar. Samtidig med havressurslova vart det vedteke endringar i andre sentrale lover på villfiskforvaltninga sitt område slik at dei fekk eit tilsvarande verkeområde. Mellom anna vart råfisklova endra slik at Kongen no har kompetanse til å gjere ho gjeldande for alle viltlevande marine ressursar.

Som ei oppfølging har departementet i perioden etter førre melding til Stortinget vedtatt ny forskrift 12. mars 2010 nr. 390 om inndraging av fangst og bruk av inndregne midlar til erstatning for tidlegare forskrift 20. november 1989 nr. 1185 om inndragning av fangst og anvendelse av inndratte midler og delegeringsvedtak 16. desember 2008 nr. 1376. Salslaga fekk ved denne forskrifta ei betydeleg utviding av sin inndragingskompetanse.

Vidare vart det vedtatt ny forskrift 30. april 2010 nr. 641 om omsetning i første hand av viltlevande marine ressursar til erstatning for tidlegare forskrift 29. juni 1990 nr. 485 om førstehåndsomsetningen av råfisk (råfiskforskrifta) og forskrift 17. september 1990 nr. 795 om førstehåndsomsetning av sild gjennom Skagerakfisk S/L. Den sentrale endringa er at verkeområdet til forskrifta er utvida slik at ho no gjeld alle viltlevande marine ressursar, tilsvarande verkeområdet til havressurslova.

1.2 Gjennomføring av omsetninga av fisk osv. i første hand – aktuelle saker

Salslagsstrukturen er ikkje endra i perioden sidan førre melding til Stortinget. Det er framleis fem salslag i kvitfisksektoren: Skagerakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag og Norges Råfisklag, for-utan eitt i pelagisk sektor: Norges Sildesalgslag.

1.2.1 Salslaga si rolle som offentleg forvaltar

Dei seks fiskesalslaga er private rettssubjekt, organiserte som samvirke der berre fiskarar kan vere medlemer. Gjennom råfisklova med tilhøyrande råfiskforskrift har salslaga einerett på all omsetning av råfisk mv. i første hand i Noreg, fordelt mellom laga etter fiskeslag, og etter kva for ein stad fisken er bringa i land. Råfisklova gir i tillegg laga høve til å fastsetje forretningsreglar som er bindande for alle som kjøper fisk i første hand.

Fiskesalslaga har ut over dette ei rolle som offentleg forvaltar. Gjennom klare føresegner i råfisklova har dei kompetanse til å utøve offentleg forvaltning, mellom anna gjere vedtak. Vidare har laga kompetanse til å inndra oppgjer for produkt levert i strid med slike reguleringar eller dirigeringar, og til å kontrollere at fiskarane held føresegnene i lova og tilhøyrande regelverk. I inndragingssaker er Fiskeridirektoratet klageinstans.

Over tid har salslaga fått ei rekkje andre oppgåver med klart preg av offentleg forvaltning som ikkje går fram av råfisklova. Dei har ei rolle som forvaltar av statlege tilskot der føringstilskot til mottakarar av fisk er det mest sentrale.

Salslaga speler ei særs viktig rolle i den nasjonale ressurskontrollen saman med offentlege organ som Fiskeridirektoratet og Kystvakta. Dette arbeidet omfattar både kvotekontroll og inndraging av fangst ut over kvote. Eineretten til omsetning sikrar tilgang til informasjon om uttak av alle ressursar i sjøen, noko som er avgjerande for kartlegging av ressursane meir generelt. Systemet med landings- og sluttsetel som salslaga administrerer, er sentralt her.

Den stendige styrkinga av rolla til salslaga som offentleg forvaltar inneber at både styresmaktene og salslaga må vere medvetne om problemstellingar som dette reiser. Ein kan reise spørsmål om det bør gå ei grense for kor stor forvaltningsmyndigheit ein organisasjon som er reservert for fiskarar bør kunne ha, slik eit fiskesalslag må vere så lenge det er organisert som eit samvirkeføretak. Departementet finn ikkje at ei slik grense er overskriden i dag, men ein skal likevel vere merksam på problemstellinga.

Tilsvarande er det viktig å vere medveten om at det går ei grense mellom den offentlege og den private verksemda til salslaga. Grensa vil vere avgjerande for når reglane som gir rettar til private rettssubjekt i høve til offentleg forvaltning, mellom anna offentleglova og forvaltningslova, kjem til bruk. Kvar denne grensa går, vil såleis ha stor rettsleg verknad for næringsaktørane.

1.2.2 Meklingsinstans og arbeidsgruppe råfisklov

Formålet med råfisklova var opphavleg å sikre fiskarane gode og stabile prisar for fisken, men salslagssystemet har seinare utvikla seg betydeleg. Systemet bidreg i dag til klare og føreseielege oppgjersrammer for alle som handlar med fisk i første hand, og er ei sentral kjelde for forvaltninga til informasjon om fangstaktivitet. Ordninga er avgjerande for kvotekontroll, sporing og kartlegging.

Det har likevel blitt stilt spørsmål ved enkelte sider av salslagssystemet. Dette gjeld særleg spørsmålet om korleis gi ei ordning tilstrekkeleg legitimitet når ho gir dei fiskareigde salslaga rett til einsidig å fastsetje minsteprisar som er bindande både for seljar og kjøpar av fisk i første hand.

Salslaga og fiskekjøparane sine organisasjonar vart i 2005 einige om å opprette ei prøveordning med privat meklingsinstans ved usemje om minsteprisen, under føresetnad av at fiskesalslaga fekk behalde eineretten til å fastsetje endeleg minstepris. Prøveordninga varte i to år, 2007 og 2008. Det vart totalt gjennomført åtte meklingar.

På oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet føretok Kontali Analyse AS i 2009 ei evaluering av prøveordninga. Det kom fram at meklingsinstansen hadde ei betre forankring på industrisida enn på fiskarsida, og ei betre forankring i pelagisk sektor enn i kvitfisksektoren. Ingen av aktørane på fiskarsida ønska ei vidareføring av prøveordninga.

For å følgje opp evalueringa, bestemte Fiskeri- og kystdepartementet å opprette ei arbeidsgruppe som skulle sjå på:

  • erfaringane frå prøveordninga med meklingsinstans og den evalueringa som er gjort av prøveordninga, og eventuelt foreslå tiltak

  • oppdatering av råfisklova i høve til utviklinga av salslagssystemet etter at lova vart vedtatt i 1951

Mandatet for arbeidsgruppa har vore avgrensa av at hovudtrekka i salslagssystemet og omsetningsmonopolet skal liggje fast. I dette ligg det at det framleis skal fastsetjast ein minstepris for fisk i første hand, og at dette såleis skulle vere ein gjennomgang av tekniske forhold i råfisklova.

Arbeidsgruppa overleverte sine tilrådingar i rapport 26. oktober 2011. Rapporten er tilgjengeleg på Fiskeri- og kystdepartement si heimeside. Arbeidsgruppa føreslår å erstatte dagens lov om omsetning av råfisk (råfisklova) med ei ny moderne lov som er harmonisert med havressurslova og deltakarlova. Arbeidsgruppa meiner at det framleis som hovudregel skal fastsetjast ein minstepris. Føremålet med minstepris skal vere å oppnå ei rimeleg fordeling av inntekt frå marknaden mellom fiskar og industri. Ei samla arbeidsgruppe føreslår at minstepris skal bestemmast etter forhandlingar mellom fiskesalslaget og dei andre partane, dvs. industriorganisasjonane. Rapporten har vore på høyring, og departementet arbeider no med å følgje opp høyringa.

1.2.3 Ordninga med fangstsertifikat

Med verknad frå 1. januar 2010 innførte Den europeiske unionen (EU) ei ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske). Den 3. september 2009 inngjekk derfor Noreg ein avtale med EU om norsk tilslutning til EU sitt fangstsertifikatsystem.

Eksporten frå Noreg har for det meste gått utan problem. Med verknad frå 15. august 2010 vart det innført nye retningslinjer frå EU-kommisjonen om kva for ei produktvekt som skal førast opp i det nors-ke sertifikatet. På bakgrunn av dette har det blitt gjort nødvendige endringar i det norske fangstsertifikatet. Hausten 2011 innførte danske styresmakter eit UUU-gebyr av ein slik storleik at det vekkjer bekymring hjå næringa. Saka er gitt høg prioritet av norske styresmakter, og ein vonar å finne fram til ei rimeleg løysing.

Det sentrale i Noreg sin avtale med EU er at Noreg skal skrive ut fangstsertifikat basert på det eksisterande norske sluttsetelsystemet. Salslaga utferdar og validerer fangstsertifikata via www.catchcertificate.no. Dei utferda elektroniske dokumenta gjer det mogleg å identifisere opphavet til råvarene, og fangstsertifikata følgjer varene ved eksport til EU. Frå norsk side vert det arbeidd for at moglege krav som vert stilt til fangstsertifikat ved import av sjømat, vert harmoniserte globalt, både for at tiltaka skal vere effektive i kampen mot UUU-fiske og for å bidra til at marknadstilgangen for norsk fisk og fiskevarer vert føreseieleg. Det er svært viktig at krav til import av sjømat ikkje verkar som unødige handelshindringar.

1.3 Kontroll

Salslaga har fått eit stadig større ansvar for ressurskontrollen. Dette heng naturleg saman med verksemda til salslaga. Salslaga si organisering og grada av kontrollarbeid og kontrolltypar er ulik. I Innst. 213 S (2009–2010) bad næringskomiteen om ei evaluering av kvaliteten og ressursbruken i salslaga sitt kontrollarbeid. Departementet har difor kartlagt innhaldet og omfanget av kontrollarbeidet i dei ulike salslaga.

Salslaga har i dag kontrolloppgåver både for ressurskontroll etter havressurslova og omsetningskontroll etter råfisklova. Kontrollen inneber utøving av offentleg myndigheit. Ressurskontrollen er avgrensa til opplysningar som naturleg følgjer av salslaget si verksemd, som for eksempel kvotekontroll. I havressurslova er salslaga sine fullmakter utvida slik at dei no er betre i stand til å utføre operativ kontroll. Salslaga har mellom anna fått uhindra tilgang til fartøy, anlegg og rekneskapsopplysningar. Evalueringa gjenspeglar situasjonen før og etter salslaga sine utvida heimlar til å utføre kontroll.

Evalueringa tek mellom anna føre seg om ressursbruken er kostnadseffektiv, og kor sannsynleg det er at brot på reglane vert oppdaga ved kontroll. Vidare inneheld evalueringa ei kartlegging av kva type kontrollar dei enkelte salslaga utfører og korleis desse vert utførte, og kva det er reagert mot og korleis det er reagert. På denne bakgrunn kan gjennomgangen bidra til å belyse kontrollaktiviteten og sikre likebehandling på tvers av salslaga. Det vert i denne samanheng vist til arbeidet som er lagt ned i «Prosjekt salgslag». Evalueringa vurderer verdien av salslaga sine utvida fullmakter etter havressurslova og råfisklova. Salslaga er som private organisasjonar avhengige av legitimitet i sitt kontrollarbeid. Kontrollarbeidet må innordnast slik at ein ikkje kan stille spørsmål ved misbruk av opplysningar som salslaga får tilgang til om konkurrerande verksemder.

Gjennomgangen av salslaga sitt kontrollarbeid har avdekka til dels store ulikskapar salslaga imellom med omsyn til kontroll. Årsakene til dette kan vere ulik organisering, ulik bemanning og ulik prioritering av dei ulike oppgåvene.

Kontrollarbeidet i Fiskeridirektoratet, Kystvakta og salslaga vert samordna i ei årleg nasjonal strategisk risikovurdering. I dette dokumentet vert det gjort ei samla vurdering av risiko for ulovlege handlingar innanfor ulike område, grunna på erfaring, reguleringane for dette året, kontrollhistorikk, tilhøva i marknaden og lokal kunnskap. I vurderinga for 2012 vert det mellom anna fokusert på svart omsetning av både fisk og skaldyr, innanfor og utanfor dei formelle omsetningskanalane. Svarte landingar og svart omsetning er såleis av dei områda som har høg prioritet i 2012, og i analysen vert det peika på at auka samarbeid mellom salslaga og regionkontora til Fiskeridirektoratet skal prioriterast høgt dette året.

Departementet legg til grunn at dei to største salslaga har best evne til kontroll ut frå tilgjengelege ressursar. Gjennomgangen viser at det er ulik evne og vilje for tilrettelegging og utøving av kontroll på staden. Dokumentkontroll i ettertid er eit viktig element i kontrollarbeidet, men departementet ønskjer at salslaga også er meir til stades med fysisk kontroll på kaikanten. Dei minste salslaga har få ressursar til å oppfylle sine plikter etter havressurslova, og dei ulike salslaga oppfyller sine plikter i ulik grad. Det ser mellom anna ut til at nokre lag manglar både evne og vilje til å gjennomføre fysiske kontrollar.

Salslaga har ofte minst like god informasjon om mange viktige opplysningar i sann tid som styresmaktene, og kan peike ut aktuelle kontrollsituasjonar. Gjennom samarbeidet med Fiskeridirektoratet har ein kome langt i å utnytte denne informasjonen. Det kan likevel vere meir å hente gjennom samarbeid, både mellom Fiskeridirektoratet og salslaga og mellom salslaga sjølve. Slikt samarbeid er viktig både for å utnytte ressursane best mogleg, og for å utnytte den informasjonen som er tilgjengeleg i ulike system best mogleg. Det er også viktig for å sikre lik grad av kontroll mellom ulike distrikt. Betre samordning kan særleg vere ein avgjerande reiskap for at kontrolloppgåvene i distrikta til dei små salslaga skal kunne løysast på ein god nok måte. Det vil ikkje vere akseptabelt, verken for styresmaktene eller for fiskarane, at graden av kontroll er ulik etter kva for distrikt fangs-ten vert landa i. På denne bakgrunn vil det verte arbeidd vidare med salslaga si rolle i den nasjonale ressurskontrollen.

1.4 Gjennomføring av fiskeeksportlova

Fiskeeksportlova tredde i kraft 1. juli 1991 og avløyste den dåverande fiskeeksportlova frå 1955. Lova regulerer ei rekkje spørsmål knytt til eksporten av fisk og fiskevarer.

Fiskeeksportlova omfattar blant anna Noregs sjømatråd AS. Sjømatrådet er sjømatnæringa sitt felles marknadsføringsorgan og endra namn frå Eksportutvalet for fisk til Noregs sjømatråd AS 1. januar 2012. Sjømatrådet si verksemd vert finansiert av norske sjømateksportørar gjennom ei årleg avgift og ei mark-nadsavgift på eksporten av fisk og fiskevarer. Marknadsavgifta er heimla i fiskeeksportlova og vert fastsett av departementet i fiskeeksportforskrifta. I 2009 vart det bestemt at avgifta skulle harmoniserast til 7,5 promille på alle sjømatprodukt, for å styrke marknadsarbeidet for norsk sjømat i inn- og utland. Unnataket er hermetikkprodukt, som svarer ei mark-nadsavgift på 2 promille. Sjømatrådet sine inntekter utgjorde 316 mill. kroner i 2009 og 363 mill. kroner i 2010.

I 2009 og 2010 vart det eksportert norsk sjømat for høvesvis 44,6 og 53,6 mrd. kroner. Det vart eksportert sjømat til 140 ulike land over heile verda, men dei viktigaste marknadene er EU og Russland. Laks, torsk, sild, makrell, sei og aure er dei viktigaste artane.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Fiskeri- og kystdepartementets stortingsmelding om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010 og enkelte saker fra 2011.

Komiteen viser til at bakgrunnen for meldingen er at Stortinget skal bli regelmessig orientert om gjennomføring av råfiskloven.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti vil vise til at norsk fiskerinæring er inne i en meget positiv trend når det gjelder størrelsen på de enkelte bestander som norske fiskere i stor grad fisker på. Unntaket må kunne sies å være kysttorsken som fortsatt ikke har en tilfredsstillende biomasse. Det er imidlertid grunn til å påpeke at når det gjelder lønnsomheten innen de enkelte flåtegruppene. er det store variasjoner. De senere år har særlig de båtene som opererer innenfor det pelagiske fisket hatt god lønnsomhet og ikke minst svært gode fangster grunnet store bestander hva gjelder særlig sild og makrell. Disse medlemmer mener at meldingen gir en god oversikt over fiskerinæringens virksomhet i årene 2009 og 2010.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at meldingen også tar for seg den måten som selve førstehåndsomsetningen av fisk foregår på, men en tar ikke opp de problemer som er knyttet til denne formen for monopolistisk organisering av en næring.

Salgslagenes rolle som offentlig forvalter

Komiteen merker seg at salgslagsstrukturen ikke er endret i perioden siden forrige melding. Det er fremdeles fem salgslag i hvitfisksektoren: Skage-rakfisk, Rogaland Fiskesalgslag, Vest-Norges Fiskesalgslag, Sunnmøre og Romsdal Fiskesalgslag og Norges Råfisklag, i tillegg til ett i pelagisk sektor: Norges Sildesalgslag. De seks fiskesalgslagene er private rettssubjekter, organisert som samvirke der kun fiskere kan være medlemmer. Komiteen viser til at salgslagene har enerett på all førstehånds omsetning av råfisk mv. i Norge. Salgslagene har i tillegg en stadig større rolle som offentlig forvalter på flere ulike områder. Komiteen merker seg at regjeringen peker på at det er viktig å være oppmerksom på problemstillingen rundt den stadige styrkingen av salgslagenes rolle som offentlig forvalter. Komiteen merker seg at departementet ikke finner at grensen for hvor stor forvaltningsmyndighet en organisasjon som er reservert for fiskere bør kunne ha, overskrides pr. i dag.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti har merket seg at inntjeningen til de enkelte salgslagene viser til dels store variasjoner fra år til år. Dette skyldes flere faktorer som fremkommer gjennom de årsberetninger som er en del av meldingen. Disse medlemmer mener dette gir en god og nyttig kunnskap om driften ved de forskjellige salgslagene og viser til fulle at det jobbes på mange felter innen salgslagene.

Meklingsinstans og arbeidsgruppa råfisklov

Komiteen viser til at prøveprosjektet med en egen meklingsinstans med to meklingsnemnder – en for hvitfisk og en for pelagisk fisk – ble evaluert i 2009. For å følge opp evalueringen bestemte departementet å opprette en arbeidsgruppe som skulle se på erfaringene fra prøveordningen med meklingsinstans og en oppdatering av råfiskloven i henhold til utviklingen av salgslagssystemet etter at loven ble vedtatt i 1951. Mandatet for arbeidsgruppa har vært avgrenset av at hovedtrekkene i salgslagssystemet og omsettingsmonopolet skal få ligge fast. I dette ligger det at det fremdeles skal fastsettes minstepris for fisk i første hånd, og at dette således skulle være en gjennomgang av tekniske forhold i råfiskloven. Komiteen viser til at arbeidsgruppa overleverte sine anbefalinger i rapport 26. oktober 2011. Rapporten er tilgjengelig på Fiskeri- og kystdepartementets hjemmesider. Arbeidsgruppa foreslår å erstatte dagens lov om omsetning av råfisk (råfiskloven) med en ny moderne lov som er harmonisert med havressursloven og deltakerloven. Arbeidsgruppa mener at det fremdeles som hovedregel skal fastsettes en minstepris. Formålet med minstepris skal være å oppnå en rimelig fordeling av inntekt fra markedet mellom fisker og industri. En samlet arbeidsgruppe foreslår at minstepris skal bestemmes etter forhandlinger mellom fiskesalgslaget og de andre partene, dvs. industriorganisasjonene. Rapporten har vært på høring, og departementet arbeider nå med å følge opp høringen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre vil i den forbindelse vise til begrensningene i mandatet til arbeidsgruppen som skulle se på følgende punkter:

  • Erfaringene fra prøveordningen med en meklingsinstans ved uenighet om fastsetting av minstepris på førstehåndsomsetning av fisk, og eventuelt å foreslå tiltak

  • Oppdatering av råfiskloven i sett i forhold til utviklingen i salgslagene etter at loven ble vedtatt i 1951

De begrensninger som her fremkommer knyttet til arbeidsgruppens mandat, gjør at man ikke hadde mulighet til å gå inn i de mer markedsøkonomiske utfordringene dette systemet medfører. Ei heller gjorde mandatet det mulig å se på andre omsetnings- og oppgjørsmodeller knyttet til førstehåndsomsetningen. I den forbindelse vil disse medlemmer vise til det høringsbrev som er sendt næringskomiteen fra FHL (Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening), datert 10. mai 2012, der det fremkommer følgende uttalelse:

«Vi viser til Stortingsmelding 16 (2011–2012) Gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010. I forbindelse med meldingen orienterer regjeringen om at det er igangsatt et påkrevd arbeid med endringer i råfiskloven. I denne forbindelse har et partssammensatt utvalg vurdert behov for endringer i råfiskloven. Konklusjonene fra arbeidet og de ulike organisasjonenes standpunkt i arbeidsgruppen er gjengitt i meldingen. Det kommer imidlertid ikke frem at FHL og NSL sine representanter i utvalget ba om større endringer enn det som flertallet mente det var rom for å diskutere innenfor rammene av mandatet. Representantene fra fiskeindustrien pekte på at det er behov for robuste markedsplasser, og at salgslagene også har viktige posisjoner i forhold til ressursdokumentasjon, sporing m.m. Problemet med råfiskloven er ikke primært at vi har organisering via salgslag, men den maktskjevhet som ligger i at den ene part eier salgslagene, og har lovbeskyttet rett til å diktere handelsbetingelser og priser. For å skape robuste salgslag er det derfor viktig at det gjøres endringer med dette fundamentet, og at salgslagene ikke er partseid. FHL har derfor i utvalgsarbeidet vært opptatt av å få vurdert et endret eierskap til salgslagene etter modell fra Norges Sjømatråd, og en endring av styringen av salgslagene slik at alle deler av næringen deltar i de styrende organer. En slik endring vil etter vårt syn over tid bidra til å skape en sterkere legitimitet rundt en organisert førstehåndshandel, og vil i tillegg gjøre ulike konflikthåndteringsorganer som meklingsnemnder, voldgiftsordninger etc. Overflødige.»

Disse medlemmer støtter den bekymring som fremkommer i dette høringsbrevet og ber regjeringen igangsette en bredere gjennomgang av råfiskloven med tanke på en modernisering og ikke minst et sterkere skille mellom de forvaltningsmessige og regulatoriske oppgavene som tilligger salgslagene og den rent forretningsmessige delen av virksomheten. Dagens system der den ene parten kan sitte og diktere en minstepris uavhengig av den markedssituasjon en befinner seg i, er ikke til fordel verken for kjøper eller fisker i det lange løp. I tillegg til dette forvalter også salgslagene en del tilskuddsordninger, der det er særlig føringstilskuddet som er det dominerende.

Ordninga med fangstsertifikat

Komiteen viser til at Den europeiske unionen (EU) fra 1. januar 2010 innførte en ordning med fangstsertifikat for eksport av fisk mv. for å hindre UUU-fiske (ulovlig, urapportert og uregulert fiske). Eksporten fra Norge har for det meste gått uten problem. Høsten 2011 innførte danske styresmakter et UUU-gebyr av en slik størrelse at det vekket bekymring hos næringen. Komiteen merker seg at saken er gitt høy prioritet av norske styresmakter og at en håper å finne fram til en rimelig løsning.

I internasjonal sammenheng er det bred støtte til initiativ som har som formål å motvirke UUU-aktivitet. Komiteen er tilfreds med at det fra norsk side jobbes for at mulige krav som blir stilt til fangstsertifikat ved import av sjømat harmoniseres globalt, både for at tiltakene skal være effektive i kampen mot UUU-fiske og for å bidra til at markedstilgangen for norsk fisk og fiskevarer blir forutsigbar. Komiteen sier seg enig i at det er svært viktig at krav til import av sjømat ikke virker som unødige handelshindringer.

Kontroll

Komiteen konstaterer at salgslagene har fått et stadig større ansvar for ressurskontrollen, og viser til at den nye havressursloven som ble vedtatt i 2008, gir salgslagene et større ansvar og videre hjemler når det gjelder den nasjonale ressurskontrollen. Komiteen er tilfreds med at departementet nå har kartlagt innholdet og omfanget av kontrollarbeidet i de ulike salgslagene. Komiteen merker seg at denne gjennomgangen av salgslagenes kontrollarbeid har avdekket til dels store ulikheter salgslagene imellom med tanke på kontroll.

Komiteen ser positivt på at det på bakgrunn av den nå gjennomførte evalueringen skal arbeides videre med salgslagenes rolle i den nasjonale ressurskontrollen, både i den årlige strategiske risikovurderingen og på andre måter. Komiteen er tilfreds med at departementets mål er en adekvat og lik kontroll, basert på risikovurderinger.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti finner grunn til å påpeke de store variasjonene salgslagene imellom når det gjelder kontrollarbeidet. Det varierer til dels svært mye når det gjelder bruk av både personell og ressurser på dette feltet. Det er svært viktig at man klarer å få til en ens praksis og arbeidsmetodikk når det gjelder kontrollarbeidet. Det er viktig at man har en ens praksis og forståelse av hvordan dette arbeidet skal gjennomføres. Disse medlemmer mener at det kan være mye å hente knyttet til kompetanse og bedre økonomisk utnyttelse av de midlene en rår over med et tettere samarbeid salgslagene imellom og med Fiskeridirektoratet. Dette tas opp som et tema i meldingen, og disse medlemmer forventer at det igangsettes et mer omfattende arbeid for å få en mer ensrettet praksis på plass når det gjelder kontroll.

Gjennomføring av fiskeeksportloven

Komiteen viser til at selskapet Norges sjømatråd AS er et statlig aksjeselskap der Fiskeri- og kystdepartementet forvalter eierskapet og har det overordnede ansvaret for at virksomheten drives i samsvar med politiske mål og rammevilkår. Komiteen viser til at Sjømatrådet er sjømatnæringens felles markedsføringsorgan, og endret navn fra Eksportutvalget for fisk til Norges sjømatråd AS 1. januar 2012. Dette ble gjort da navnet Eksportutvalget for fisk ikke fortalte tydelig hva virkeområdene til selskapet var, og det nye navnet blir sett på som mer dekkende.

Komiteen viser til at norsk sjømat er en av våre viktigste eksportvarer, nest etter olje og gass. Norge eksporterer nå sjømat til 140 land over hele verden. Komiteen er tilfreds med at markedsavgiften for all eksport av fisk og fiskevarer nå er satt til 7,5 promille, noe som har gitt økte ressurser til markedsføring av norsk sjømat.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 16 (2011–2012) – om gjennomføring av råfisklova og fiskeeksportlova i 2009 og 2010 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 29. mai 2012

Terje Aasland

Irene Lange Nordahl

leder

ordfører