Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det blir her gjort greie for kor god kjennskap verksemdene har til HMS-krava, korleis det systematiske HMS-arbeidet blir gjennomført i praksis, og erfaringar med internkontrollsystemet. Det har vore ei positiv utvikling når det gjeld kjennskapen til internkontrollforskrifta og innføring av internkontroll i perioden frå 1999 til 2009. Ei undersøking viser likevel at det er eit godt stykke att før alle oppfyller krava i internkontrollforskrifta. 70 pst. av verksemdene har formulert ei målsetjing for HMS-arbeidet, 73 pst. har gjennomført HMS-kartleggingar i 2009, 71 pst. har utarbeidd ein handlingsplan for HMS-arbeidet, og 85 pst. har utarbeidd og dokumentert ein skriftleg HMS-plan. Det systematiske HMS-arbeidet blir styrkt dersom verksemdene har verneleiar, verneombod, bedriftshelseteneste og er IA-bedrift. Dette er forhold som er viktigare for å forklare høg grad av systematikk i HMS-arbeidet enn talet på tilsette, bransje og geografisk tilhøyrsel. Berre halvparten av norske arbeidstakarar svarer at dei har fått opplæring i HMS.
Ei undersøking blant bedriftsleiarar i byggjebransjen og delar av industrien viser at tre av fire i stor eller til ein viss grad meiner at allmenngjeringsforskrifta blir etterlevd av bedriftene i deira bransje. Men det er ein forskjell mellom byggjenæringa og industrien. Høvesvis 38 og 49 pst. seier at vedtaket i stor grad blir etterlevd i deira bransje. I begge bransjane meiner rundt éin av fire at forskrifta i liten eller ingen grad blir etterlevd i deira bransje.