Endringane i pensjonsskattereglane blei sett
i kraft frå inntektsåret 2011. I forskrift 23. februar 2011 nr.
189 er det gitt overgangsreglar for inntektsåra 2011 til 2013. Reglane
fasar inn det nye skattenivået for nokre av dei gruppene som får
auka skatt.
Fleire uførepensjonistar har fått berekna for
lågt forskotstrekk for 2011. Årsaka er at overgangsreg-lane blei
lagt inn feil i forskotssystemet. Desse skattytarane har difor fått
ein høg restskatt i den førebelse skatteberekninga som vart sendt
ut saman med sjølvmeldinga. Dette gjeld ektepar der den eine er
uførepensjonist med for høg inntekt til å bli skattlagt etter regelen
om skatteavgrensing, og den andre ikkje er pensjonist, og har inga
eller låg inntekt.
Departementet tek sikte på å endre forskrifta
slik at denne gruppa uføre-pensjonistar fell inn under overgangsreglane.
Dei vil da få redusert den utlikna skatten, og ikkje få slike høge
restskattar som går fram av den førebelse skatteberekninga. Endringa
vil samla sett koste om lag 95 mill. kroner påløpt over perioden
2011–2013, med 50 mill. kroner i 2011, 30 mill. kroner i 2012 og
15 mill. kroner i 2013. Samstundes viser tal frå Skattedirektoratet
at overgangsreglane samla sett har redusert forskotstrekka med om
lag 265 mill. kroner i 2011. Dette er vesentleg lågare enn departementet
sitt opphavlege anslag på 400 mill. kroner. Dei samla kostnadene
knytte til overgangsreglane aukar difor truleg ikkje samanlikna
med anslaget i Prop. 59 S (2010–2011).
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.