Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Landbruks- og matdepartementet og underliggande verksemder forvaltar staten sitt eigarskap i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) og dei mindre selskapa Graminor AS, Instrumenttjenesten AS, ITAS Eierdrift AS Staur Gård AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. I 2013 blir det budsjettert med eit utbytte på 5 mill. kroner frå VESO, mens det ikkje blir budsjettert med utbytte frå dei andre selskapa.
Eitt mål for staten sitt eigarskap er at selskapa oppnår langsiktig avkastning på investert kapital. For selskap der staten har forretningsmessige mål med eigarskapet er slik avkastning det sentrale omsynet i eigarskapsforvaltninga, jf. Meld. S nr. 13 (2010–2011) der regjeringa sine forventningar til utbytte og avkastning er omtalt under pkt. 5.4.1.
Statleg investering i selskapa under Landbruks- og matdepartementet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, men med andre føremål enn avkastning og utbytte til eigarane. Sentralt for dei fleste selskapa er at dei kan tilby gode varer og tenester til sektoren. Det har derfor ikkje vore sett nærmare avkastningskrav eller utvikla ein eigen utbyttepolitikk for desse selskapa, bortsett frå Graminor AS, som har utarbeidd ein strategi basert på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet.