Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttes under post 21

Komiteen viser til at målet for løyvinga under denne posten er eit betre barne- og ungdomsvern. Vidare viser komiteen til at løyvinga på posten blir nytta til dei to tilskottsordningane Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet og Tilskot til utvikling- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Komiteen merkar seg at nokre enkeltmottakarar i tillegg får ei øyremerkt løyving frå posten, og at prisen «Årets forbilde» blir tildelt under denne posten.

Komiteen meiner tilskotsordningane under denne posten har stor verdi og er retta mot eit viktig arbeid i barne- og ungdomsvernet. Komiteen viser til at ordninga Tilskot til organisasjonar i barne- og ungdomsvernet skal stimulere brukar- og interesseorganisasjonar til å engasjere seg og vise medansvar for utsette barn og unge og familiane deira. Komiteen viser vidare til ordninga med Tilskott til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet, og at denne ordninga har som mål å førebyggje problemutvikling og medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp gjennom kunnskapsutvikling, spreiing av informasjon og utprøving av modellar og samhandlingsprosjekt. Komiteen merkar seg at tilskottsordninga også kan nyttast til tiltak innanfor oppfølging av handlingsplanar på området, som tiltak i Handlingsplan mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Komiteen merkar seg vidare at det også kan vere aktuelt å lyse ut midlar innanfor Handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Komiteen meiner arbeidet regjeringa gjer innanfor båe desse handlingsplanane er av stor verdi og ynskjer å understreke viktigheita av dette arbeidet. Komiteen meiner det er viktig at regjeringa lagar gode handlingsplanar som går på tvers av departementa, då til dømes arbeidet med vald i nære relasjonar er ein av vår tid store samfunnsutfordringar og støttar dette arbeidet.

Komiteen vil vise til regjeringa sitt forslag om ei løyving på 31,6 mill. kroner under posten og støttar dette.