Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
I proposisjonen blir det vist til at Husbanken gjev grunnlån til utbetring, oppføring og kjøp, startlån og lån til barnehagar.
Grunnlånet skal bidra til å fremje viktige bustadkvalitetar som universell utforming og energisparing i nye og eksisterande bustader. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 7 mrd. kroner i grunnlån. Den høge etterspurnaden etter grunnlån har mellom anna samanheng med ein stor aktivitet i byggsektoren i 2012 og låg rente. Den største delen av rammeauken vil difor bli nytta til å dekkje den store etterspurnaden etter grunnlån.
Startlån blir gjeve for å hjelpe dei som slit med å etablere seg i eigen bustad. Det er venta at Husbankens strategiske kommunesatsing vil auke etterspurnaden etter startlån. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 5,7 mrd. kroner i startlån.
Lån til barnehagar blir gjeve til bygging av nye barnehageplassar som er privat eigde. Pr. 31. august 2012 er det gjeve om lag 0,8 mrd. kroner i barnehagelån.
Samla sett er lån på om lag 13,5 mrd. kroner belasta låneramma til Husbanken pr. 31. august 2012. Samstundes ligg det søknader på vent på om lag 6,7 mrd. kroner. I tillegg vil det fortsette å kome inn søknader i 2012.
Det blir i proposisjonen vist til at for å leggje til rette for framleis høg låneverksemd i 2012, blir det gjort framlegg om å auke låneramma med 5 mrd. kroner, frå 15 mrd. kroner til 20 mrd. kroner.