Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Det blir i proposisjonen vist til at det ikkje er venta endringar i tap på utlån i 2012 og 2013 som følgje av auka låneramme. Det er på bakgrunn av framlegget om auka låneramme i 2012 trong for å endre løyvingane på følgjande kapittel og postar i 2012.
Det blir i proposisjonen vist til at det i budsjetteringa av utbetaling av husbanklån blir lagt til grunn ein utbetalingsprofil som går over fire år.
Ei auka låneramme vil først kunne bli disponert etter at Stortinget har fatta eit vedtak. Innanfor den auka låneramma blir det lagt til grunn at færre tilsegn vil bli utbetalte i 2012 enn normal utbetalingsprofil skulle tilseie. For auken på 5 mrd. kroner er det anslått at 5 pst. av tilsegna blir utbetalte i 2012 og 63 pst. i 2013. Den største budsjetteffekten kjem difor i 2013. Føresetnadene for utbetaling tredje og fjerde år og fråfall er dei same som for låneramma i saldert budsjett 2012.
Det er berekna at det er trong for å auke løyvinga på posten med 250 mill. kroner i 2012 på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.
Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 9 714 mill. kroner. Det er berekna at innbetaling av avdrag vil auke med om lag 1 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.
Posten er i revidert nasjonalbudsjett for 2012 budsjettert med 3 862 mill. kroner. Det er berekna at renteinntektene vil auke med om lag 1 mill. kroner på bakgrunn av auken i låneramma på 5 mrd. kroner.