Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar
2012 vart det vedteke å endre vedlegg II kapittel XII til EØS-avtala
til òg å omfatte kommisjonsforordning (EF) nr. 282/2008 av 27. mars
2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte
for å kome i kontakt med næringsmiddel, som endrar forordning (EF)
nr. 2023/2006 om god framstillingspraksis for materiale og gjenstandar
som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.
Forordninga gjev Europakommisjonen fullmakt til
å godkjenne søknader om å ta i bruk prosessar for resirkulering
av plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel,
og har direkte innverknad på norske verksemder.
Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald
om samtykke frå Stortinget. Ettersom gjennomføringa av forordninga
inneber ei avgrensa form for overføring av styringsmakt, må Stortinget
gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald
av § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og forordninga i uoffisiell
norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Det er gjort framlegg om at Europakommisjonen skal
vere vedtaksorgan for søknader frå norske verksemder, fordi det
verken vert rekna som naudsynt eller ønskjeleg at EFTA-organ får kompetanse
til å utøve den forvaltingsstyringsmakta som forordninga legg til
Europakommisjonen. Det er vanskeleg å sjå at noko organ innanfor
EFTA-pilaren i EØS-avtala er eigna til å gjennomføre den typen vurderingar
som forordninga legg til Europakommisjonen.
Ein ventar at dei faglege vurderingane til EFSA i
tilstrekkeleg grad vil vareta omsynet til at resirkulerte plastmateriale
ikkje skal utgjere ein fare for menneskehelsa.
Noreg er dessutan sikra eit visst høve til påverking
gjennom deltaking i den arbeidsgruppa under Europakommisjonen som
diskuterer vedtaka før dei vert endeleg fastsette, og gjennom dei høva
som regelverket gjev til å be om at ei godkjenning vert vurdert
på nytt.
Det følgjer av protokoll 1 i EØS-avtala om gjennomgåande
tilpassingar, at med mindre noko anna er fastsett, skal funksjonane
til Europakommisjonen i samband med godkjenningsprosedyrar for EFTA-statane
utførast av organ innanfor EFTA-pilaren. Det er difor i avgjerda
i EØS-komiteen oppført ein tilpassingstekst om at Europakommisjonen
skal ha denne kompetansen når det gjeld forordning (EF) nr. 282/2008.
Mattilsynet må vidaresende søknader om godkjenning
av prosessar for resirkulering av plast til Europakommisjonen, i
tillegg til å revidere og føre tilsyn med verksemder som er omfatta
av slike godkjenningar, og føre tilsyn med plast for å kontrollere
at produkta kjem frå godkjende attvinningsprosessar. Dette vil inngå
i det kontinuerlege arbeidet til Mattilsynet, og er ikkje venta å
føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.
Dei få industriverksemdene som nyttar resirkulert
plast som matkontaktmateriale, vil etter innlemminga av forordning
(EF) nr. 282/2008 i EØS-avtala måtte utarbeide ein søknad om godkjenning
til Kommisjonen.
Verksemdene må etablere eit kvalitetssystem som
òg omfattar den delen av verksemda som produserer dei resirkulerte
plastmateriala. Avhengig av graden av kontroll med råvarene og graden
av rensing og så vidare, vil verksemdene òg måtte justere produksjonen
til å oppfylle krava i forordninga.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen
Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald
T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein
Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti,
Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra
Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Prop.
133 S (2011–2012), med tilråding fra Utenriksdepartementet, om Samtykke
til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar
2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008
om materiale og gjenstander av resirkulert plast som er meinte for
å kome i kontakt med næringsmiddel.
Komiteen merker seg at direktiv
EF nr. 282/2008 innfører regler for bruk og produksjon av resirkulert
plast som matkontaktmateriale. Det gis bl.a. retningslinjer for
godkjenning av resirkuleringsprosesser for plast til slik bruk.
Direktivet gir også Europakommisjonen fullmakt til å godkjenne søknader
om å ta i bruk prosesser for resirkulering av plastmateriale som
er ment å komme i kontakt med næringsmidler, og har dermed direkte
innvirkning for norske bedrifter. Komiteen merker
seg at avgjørelsen i EØS-komiteen er tatt med forbehold om samtykke
fra Stortinget, siden gjennomføringen av direktivet innebærer en
avgrenset form for overføring av styringsmakt.
Komiteen er kjent med at det
ved bruk av matkontaktmateriale av resirkulert plast kan være en risiko
for at plasten forurenser matproduktet, og at direktivet derfor
skal regulere resirkuleringsprosesser for å sikre at slike plastmaterialer
ikke utgjør en fare for menneskers helse. Komiteen merker
seg videre at direktivet også skal harmonisere regelverk for resirkulerte
plastmaterialer over landegrensene, og legger til rette for fri bevegelse
av slike varer på det indre markedet.
Komiteen viser til at resirkulering
av plastmateriale er energisparende, og dermed kan medvirke til
mer miljøvennlig bruk av tilgjengelige ressurser. Komiteen merker
seg videre at Helse- og omsorgsdepartementet anbefaler at Norge
godkjenner beslutningen i EØS-komiteen, og at Utenriksdepartementet
slutter seg til dette.
Komiteen støtter dette, og anbefaler
at EØS-komiteens beslutning godkjennes.
Brev frå utanriks- og forsvarskomiteen datert 21. november
2012:
«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til næringskomiteens
utkast til innstilling datert 15. november 2012 og til de respektive
partiers merknader vedrørende Prop. 133 S (2011-2012) Samtykke til
godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar
2012 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 282/2008
om materiale og gjenstander av resirkulert plast som er meinte for
å kome i kontakt med næringsmiddel.
Utenriks- og
forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til næringskomiteens utkast
til innstilling til Prop. 133 S (2011-2012) og har ingen ytterligere
merknader.»
Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
fatte følgende
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til godkjenning
av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming
i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar
av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.
Oslo, i næringskomiteen, den 22. november 2012
Terje Aasland |
Else-May Botten |
leder |
ordfører |