Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.3 Bestandsutstrekning, rådgjeving, kontrolltiltak mv.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES. Rådgjevinga frå ICES vert utarbeidd av ICES sin rådgjevande komité for fiskeriforvaltning, ACOM. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgrupper i ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

For alle dei viktigaste fellesbestandane har vi etablert langsiktige forvaltningsplanar.

Noreg har i ei årrekkje hatt særskilte kontrollavtalar med dei viktigaste samarbeidspartane i fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla «svartelistinga» av fartøy som har drive uønskt aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i ulovleg, urapportert og uregulert fiske i internasjonalt farvatn nektast lisens i Noreg si økonomiske sone. Ein kan både nekte desse fartøya å føre norsk flagg under visse vilkår, og nekte dei å lande fangst i norske hamner.