I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar
av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid
og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde
33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2012.
Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og
inntekter i 2012 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september
2012.
Det blir fremja forslag om å auke løyvingane
under utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål
utanom lånetransaksjonar med 36,2 mill. kroner, å redusere løyvingane
under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 654,2 mill.
kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv,
folketrygda med 374 mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet
framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar
vert nedsett med om lag 992 mill. kroner.
Arbeidsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga
for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med
om lag 170,6 mill. kroner.