I proposisjonen legg Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2012.
Det blir i proposisjonen føreslått å flytte
midlar til det pågåande arbeidet med IKT-utvikling i IMDi, jf. forslaga
om flytting av midlar til denne posten under kap. 821 post 62 og
kap. 821 post 71.
BLD føreslår i proposisjonen å flytte 3,66 mill. kroner
til posten frå kap. 821 post 62 og 0,26 mill. kroner frå kap. 821
post 71. Totalt føreslår BLD å auke kap. 820 post 1 med 3,92 mill.
kroner.
Det er anslått at behovet i 2012 aukar med om
lag 26 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka
til endringa er ein auke i talet på vaksne og barn som utløyser
tilskot, noko som medfører ein auke i utgiftene på 56 mill. kroner.
Talet på einslege vaksne som utløyser tilskot har gått ned og medfører
ein reduksjon i utgiftene på 24 mill. kroner.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med
26,03 mill. kroner.
Behovet i 2012 blir anslått å gå ned med 19,3 mill.
kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka til endringa
er ein reduksjon i talet på personar som utløyser tilskot.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med
19,30 mill. kroner.
Det er eit mindreforbruk til forsøket med gratis kjernetid
på 3,66 mill. kroner i 2012.
BLD føreslår i proposisjonen å flytte midlane
til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling
av nytt IKT-system, jf. omtale under kap. 820 post 1.
BLD føreslår i proposisjonen å flytte 3,66 mill. kroner
frå kap. 821 post 62 til kap. 820 post 1.
Etter avslutta klagebehandling står det, under delordninga
Tilskot til frivillige organisasjonar sitt haldningsskapande/førebyggjande
arbeid mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting, igjen 258 000 kroner.
BLD føreslår i proposisjonen å flytte midlane til Integrerings-
og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med utvikling av nytt IKT-system,
jf. omtale under kap. 820 post 1.
BLD føreslår i proposisjonen å flytte 0,26 mill. kroner
frå kap. 821 post 71 til kap. 820 post 1.
Behovet er no venta å bli lågare enn føresett.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med
2,24 mill. kroner.
Behovet i 2012 blir anslått å auke med om lag
6,4 mill. kroner samanlikna med Prop. 111 S (2011–2012). Hovudårsaka
til endringa er ein reduksjon i utgiftene til norskopplæring i mottak
som følgje av ein nedgang i talet på asylsøkjarar. Ein auke i talet
på personar som utløyser År 1-tilskot og ein korreksjon i anslaget
til fylkesmennene for utbetaling av tilskot for 2012 utgjer ein
mindre del av endringa.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med
6,35 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar
kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er anslått at behovet på posten aukar med
om lag 12,8 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Auken kjem
av at prognosen for talet på overføringsflyktningar som blir busette
i 2012 er auka med 170 personar.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med
12,83 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og
flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
Det er anslått at behovet på posten aukar med
om lag 16,0 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Auken kjem
av kortare opphald i mottak før busetjing.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga med
16,01 mill. kroner.
Nokre utgifter i mottak av asylsøkjarar og flyktningar
kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Det er anslått at behovet på posten blir redusert med
om lag 6,6 mill. kroner frå Prop. 111 S (2011–2012). Reduksjonen
kjem av ein nedgang i talet på asylsøkjarar.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere løyvinga med
6,61 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal
Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner,
frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Aksel Hagen, frå Senterpartiet,
Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, handsamar i innstillinga dei budsjettkapitla
som høyrer inn under rammeområde 6 Innvandring, regional utvikling
og bolig.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet merker
seg at regjeringen foreslår å redusere bevilgningen over kap. 822
post 22 Norskprøver for voksne innvandrere. Disse medlemmer mener
det er betenkelig at denne posten reduseres, og mener det er grunn
til å se på om det er flere som innrulleres i introduksjonsprogrammet
som ikke gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap mv. Disse
medlemmer viser til merknader disse medlemmer har fremmet
i forbindelse med behandlingen av Prop. 1 S (2012–2013), jf. Innst
16 S (2012–2013), om betydningen av å oppgradere statusen for gjennomførte
prøver, spesifikt for at deltakerne skal kunne lykkes i det norske
arbeidsmarkedet. På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende
forslag:
«Stortinget ber regjeringen iverksette en forvaltningsrevisjon
av hvordan introduksjonsprogram gjennomføres.»
Disse medlemmer viser
til disse medlemmers merknader i Innst. 16 S (2011–2012) vedrørende
ny tilskuddsordning for nasjonale ressursmiljøer på integreringsfeltet,
som gjøres over kap. 821 post 71. Disse medlemmer merker
seg at midler fra denne posten overflyttes til kap. 820 post 1,
og at det etter avsluttet klagebehandling står 258 000 kroner ubenyttet
på denne posten. Disse medlemmer viser til at regjeringen
ved fremleggelsen av Prop. 1 S (2011–2012) og nyordningen, referert
ovenfor, fratok de ulike nasjonale ressursmiljøene muligheten til å
klage på vedtak om tilskudd og at rapporteringskravene som tidligere
gjaldt for disse organisasjonene bortfalt. Disse medlemmer mener
det i lys av regjeringens forslag til statsbudsjett 2013, der denne ordningen
videreføres, ikke fremkommer hvordan regjeringen etterprøver hvordan
skattebetalernes penger, som bevilges over kap. 821 post 71, forvaltes av
de ulike ressursmiljøene og hvordan departementet kontrollerer pengebruken.
På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer følgende
forslag:
«Stortinget ber regjeringen evaluere nyordningen med
direktetildeling av midler til nasjonale ressursmiljøer på integreringsfeltet.»
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringen iverksette en forvaltningsrevisjon
av hvordan introduksjonsprogram gjennomføres.
Forslag 2
Stortinget ber regjeringen evaluere nyordningen med
direktetildeling av midler til nasjonale ressursmiljøer på integreringsfeltet.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2012 blir
det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | |
Utgifter |
820 | | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med
| 3 919 000 |
| | frå kr 189 707 000 til kr 193 626 000 | |
821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for
innvandrarar | |
| 60 | Integreringstilskot, kan
overførast, blir auka med | 26 034 000 |
| | frå kr 4 512 341 000 til kr 4 538 375
000 | |
| 61 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege
mindreårige flyktningar, overslagsløyving, blir
redusert med | 19 301 000 |
| | frå kr 360 900 000 til kr 341 599 000 | |
| 62 | Kommunale innvandrartiltak, blir
redusert med | 3 661 000 |
| | frå kr 109 278 000 til kr 105 617 000 | |
| 71 | Tilskot til innvandrarorganisasjonar
og anna frivillig verksemd, blir redusert med | 258 000 |
| | frå kr 49 462 000 til kr 49 204 000 | |
822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
for vaksne innvandrarar | |
| 22 | Norskprøver for vaksne innvandrarar, blir
redusert med | 2 238 000 |
| | frå kr 14 325 000 til kr 12 087 000 | |
| 60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap
for vaksne innvandrarar, blir redusert med | 6 348 000 |
| | frå kr 1 645 648 000 til kr 1 639 300
000 | |
Inntekter |
3821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for
innvandrarar | |
| 1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar,
ODA-godkjende utgifter, blir auka med | 12 829 000 |
| | frå kr 90 099 000 til kr 102 928 000 | |
| 2 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege
mindreårige flyktningar, ODA-godkjende utgifter, blir auka med
| 16 010 000 |
| | frå kr 13 332 000 til kr 29 342 000 | |
3822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
for vaksne innvandrarar | |
| 1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende
utgifter, blir redusert med | 6 608 000 |
| | frå kr 103 740 000 til kr 97 132 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 11. desember 2012
Aksel Hagen |
leiar og ordførar |