1.1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 200/2012 av 26. oktober 2012 vart vedlegg XX (Miljø) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjort for å innlemme europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 66/2010 av 25. november 2009 om EU-miljømerket.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om Stortinget sitt samtykke til godkjenning ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

1.2 Generelt om forordninga

EU sitt miljømerke (EU Ecolabel) vart oppretta ved rådsforordning (EØF) nr. 880/92 av 23. mars 1992 og innlemma i EØS-avtala. EU-miljømerket er ei frivillig merkeordning. Dei som søkjer om å få merke varene eller tenestene sine med miljømerket, må dokumentere at produkta oppfyller ei rekkje strenge helse- og miljøkrav.

Føremålet med miljømerkeforordninga var å skape eit einsarta og effektivt miljømerkesystem i Europa. Gjennom informasjon om korleis produkt verkar inn på miljøet, skulle forbrukarane verte i stand til å gjere gode miljøval. Det var òg venta at ordninga ville stimulere til produksjon og marknadsføring av dei produktalternativa som har minst negativ innverknad på miljøet. Ved revisjon vart forordninga bytt ut med ny forordning (EF) nr. 1980/2000 av 17. juli 2000, som òg er innlemma i EØS-avtala. Ifølgje artikkel 20 i den sistnemnde forordninga skulle Europakommisjonen innan 24. september 2005 vurdere ordninga på nytt i lys av dei røynslene som er gjorde, og deretter gjere framlegg om eventuelle endringar. Røynslene viste at det var behov for å auke effektiviteten og straumlinjeforme drifta av ordninga, noko som ein har prøvd å sikre i forordning (EF) nr. 66/2010.

1.3 Tilhøvet til norsk rett

Forordning (EF) nr. 1980/2000 om ei revidert fellesskapsordning for tildeling av miljømerke er gjennomført ved at § 9 første leddet i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer m.v. fastset at forordninga gjeld som lov. Denne lova må endrast ved at tilvisinga til forordning (EF) nr. 1980/2000 i § 9 første leddet vert bytt ut med ei tilvising til forordning (EF) nr. 66/2010. Det vil òg verte gjort framlegg om visse andre endringar i lov om merking av forbruksvarer, for å tydeleggjere at lova gjeld frivillig miljømerking av varer og tenester, i tillegg til pliktig merking av varer.

Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet vil leggje fram ein proposisjon med dei naudsynte lovendringane.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Gjennomføringa av forordninga vil ikkje føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege. Det vert lagt til grunn at Stiftinga Miljømerking framleis skal ha ansvaret for «Blomen».

1.5 Konklusjon og tilråding

Føremålet med den nye miljømerkeforordninga er mellom anna å avgrense talet på miljømerkeordningar og å auke utbreiinga av det europeiske miljømerket som på norsk vert kalla «Blomen». Sjølv om ordninga har hatt aukande oppslutnad med omsyn til talet på verksemder med miljømerkeløyve innanfor EU, er det framleis svært få verksemder som framstiller miljømerkte produkt, og «Blomen» er lite kjend. Føremålet med å senke prisane er både å auke bruken av EU-miljømerket og å gje eit incitament til dei som har produkt som oppfyller EU-miljømerkekriteria, til å søkje.