Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1.2.3 Høyringsnotatet

Noko av bakgrunnen for framlegga om regulering av det økonomiske oppgjeret er at initiativretten etter § 8 skal vere reell også for innbyggjarar i område med store naturressursar.

I høyringsnotatet skreiv departementet at eit alternativ er å gjere det økonomiske oppgjeret meir føreseieleg når det gjeld inntekter knytte til produksjon av elektrisk kraft, og samstundes leggje til rette for ei tilpassing til nytt inntektsnivå for kommunane. Departementet la òg vekt på at fordelinga av inntektene og overgangsordninga skal oppfattast som rettferdig.

I høyringsnotatet blei det peika på tre alternativ når det gjeld å løyse det økonomiske oppgjeret ved grensejustering og deling av kommunar med store kraftinntekter:

  • a. oppretthalde dagens avtalefridom med høve til handsaming i skjønnsnemnd ved usemje

  • b. utvide fullmakta departementet har etter inndelingslova § 17, slik at departementet får fullmakt til å fastsetje ei overgangsordning for ein avgrensa periode

  • c. utarbeide ei ny forskrift som regulerer korleis kraftinntekter skal fordelast ved grensejustering og deling

Departementet bad vidare om synspunkt på om overgangsordninga etter b og c bør vere på fem eller ti år.

Framlegget til forskrift (punkt c) i høyringsnotatet gjekk ut på at naturressursskatten og konsesjonsavgifta går over til den nye kommunen samtidig med grensejusteringa. Den kommunen som tek imot kommunedelen, skal betale ein kompensasjon til den kommunen som gjev frå seg delen. Kompensasjonen skal i utgangspunktet trappast ned over fem år. Konsesjonskrafta blir verande udelt i fem år i kommunen som må gje frå seg området.

Tanken bak forskrifta er at terskelen for grensejustering og deling av kommunar som utløyser kraftinntekter, blir senka dersom dei økonomiske konsekvensane er føreseielege og i så stor grad som mogleg rettferdige.

Framlegget til forskrift la opp til at kommunane ikkje kan avtale noka anna fordeling enn forskrifta krev, til dømes ei lengre overgangsordning. Omsynet til avtalefridomen for kommunane taler dermed imot ei slik løysing.

Etter forskrifta skal ikkje alle ulikskapar mellom kommunane jamnast ut. Dei økonomiske utslaga i den kommunen som gjev frå seg ein del, er avgjerande.

Forskrifta avgrensar ikkje fridomen skjønnsnemnda har når det gjeld å tilkjenne erstatning etter inndelingslova § 21, anten tilfella er omfatta av forskrifta eller ikkje.

Departementet fremja eit alternativ der departementet kan fastsetje ei fordeling av kraftinntektene i ein overgangsperiode (punkt b).

Det blei peika på at ei ulempe med dette alternativet er at staten kan bli trekt inn i forhandlingane mellom kommunane. Ei anna ulempe det blei peika på, er at departementet ikkje er spesielt eigna til å avgjere konkret korleis økonomiske gode og byrdar bør fordelast mellom kommunane. Det blei peika på at ein meir domstolliknande prosess, som i skjønnsnemnda, eignar seg betre. Departementet peika vidare på at dersom prosessane blir krevjande, kan konsekvensen bli at grenseendringar som kommunane og innbyggjarane elles ville ha gått inn for, ikkje blir gjennomførte.