Departementet legg i proposisjonen fram forslag til
ny lov om verksemda i jordskifterettane, lov om fastsetjing og endring
av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova).
Lova vil avløyse gjeldande jordskiftelov frå 1979.
Gjeldande lov er revidert mange gonger, men er ikkje revidert på
ein gjennomgripande måte før no. Lovforslaget byggjer på eit høyringsnotat
utarbeidd av ei arbeidsgruppe i departementet. Forslaget byggjer
òg på innspel frå ei referansegruppe, og alminneleg høyring. Det
har vore allmenn oppslutning om at jordskiftelova bør reviderast.
Hovudformålet med forslaget er ei ny moderne jordskiftelov,
som blir enklare og lettare å forstå for dei som skal bruke lova.
Ved utforminga av lovforslaget er det lagt særleg vekt på at det
er mange partar som prosederer sjølve for jordskifterettane. For
å nå målet må språket bli klarare og lova må bli lettare å lese.
Systematikken må betrast. Det må skiljast betre mellom materielle reglar
(kva retten kan ta avgjerd om), og prosessuelle reglar (korleis
retten skal behandle sakene).
Lovforslaget har reglar om heile verksemda i jordskifterettane,
og om behandlinga av anke i lagmannsrettane. Jordskifterettane skal
etter lovforslaget framleis vere særdomstolar. Lovforslaget inneheld
mellom anna reglar om kva som er formålet med verksemda i jordskifterettane,
korleis verksemda skal vere organisert, kva for sakstypar jordskifteretten
skal behandle (jordskifte, rettsutgreiing, grensefastsetjing, skjønn
og andre avgjerder etter andre lover), kva for reglar om saksbehandling
som gjeld, korleis sakskostnadene skal fordelast, og korleis partane kan
få prøvd avgjerdene i jordskifteretten for ein overordna rett som
vil vere lagmannsretten.
Det er stort behov for ei enklare rettsmiddelordning.
Etter gjeldande lov kan avgjerdene i jordskifteretten ankast til
to overordna rettar (jordskifteoverretten og lagmannsretten), avhengig
av kva tema anken gjeld. Ordninga er komplisert. I nokre sakstypar
inneber ho òg risiko for at nokon lir rettstap. Departementet foreslår
mellom anna på grunnlag av dette å slå jordskifteoverretten saman
med lagmannsretten. Lagmannsretten skal styrkast med jordskiftefagleg
kompetanse (jordskiftelagdommar).
Det er òg eit formål å oppdatere lova i høve
til andre store lovrevisjonar dei seinare åra. Dette gjeld særleg
tvistelova, plan- og bygningslova og matrikkellova.
Endringsbehovet knyter seg til dei materielle reglane.
Lovforslaget fører i hovudsak vidare dei rettsendrande verkemidla
jordskifteretten har. Desse verkemidla er byte av grunn og rettar, skiping
og avløysing av sameige, omskiping og avløysing av rettar, bruksordning,
felles tiltak og felles investeringar, etablering av lag med meir. Jordskifte
er samleomgrepet for desse verkemidla. Blant forslaga til endringar
er mellom anna ei utviding av den kompetansen jordskifteretten har,
til å gjelde heile landet. Departementet foreslår òg at jordskifteretten
får heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Departementet
foreslår dessutan ein heimel til å lage reglar om sambruk (bruksordning)
for eigarseksjonar. Departementet foreslår i tillegg å oppheve reglane
om minneleg jordskifte og valdgiftsjordskifte.
Dei grunnleggjande vilkåra for jordskifte blir ført
vidare i lovforslaget. Utgangspunktet er at det må liggje føre utenlege
eigedoms- eller brukstilhøve på ein eller fleire av dei eigedommane som
inngår i jordskiftet. Jordskiftet skal òg gi ei samla netto nytte,
og jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene
blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Høvet
til planar etter plan- og bygningslova skal framleis vere slik at
jordskifteretten må leggje gjeldande plansituasjon til grunn når
han skal velje jordskifteløysing. Jordskifteretten kan ikkje endre
planar, reguleringar eller vernevedtak fastsett av offentlege myndigheiter.
Dei rettsfastsetjande sakstypane rettsutgreiing og
grensefastsetjing blir òg ført vidare. Desse sakstypane utgjer ein
vesentleg del av verksemda i jordskifteretten. Rettsutgreiing og
grensefastsetjing er normalt ein del av grunnlagsarbeidet i jordskiftesakene,
men jordskifteretten behandlar òg eit stort tal slike saker som
eigne saker. Behovet for endring er mellom anna til stades når det
gjeld vilkåra for rettsutgreiing, og ein samordna bruk av omgrep
i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for kategoriar
av eigedom som jordskifteretten kan fastsetje grenser for.
Behandlinga av skjønn, anten det skjer i samband
med jordskifte, eller som eiga sak, er òg ein vesentleg del av verksemda
i jordskifteretten, og skal halde fram. Behovet for endring er i
det vesentlege knytt til endringar i bruk av omgrep og systematikk,
og til kva for rettsinstansar som skal behandle skjønn etter ulike
lover. Departementet foreslår at jordskifteretten skal vere den einaste
førsteinstans for behandlinga av skjønn eller andre avgjerder etter
fleire særlovar. Det såkalla «lensmannsskjønnet» skal avviklast
i fleire av særlovene. Når det gjeld kompetansen til å avgjere om
det skal svarast erstatning for skade valde av rein, foreslår departementet
å føre vidare ordninga med at partane kan velje mellom tingretten
og jordskifteretten.
Departementet ser ikkje behov for større endringar
i organisatoriske reglar som gjeld første instans. Ut frå omsynet
til å redusere kostnadene ved behandlinga i retten, er det foreslått
nokre endringar i reglane om sakskostnader og samansetjinga av retten
i den enkelte saka. Departementet foreslår at retten som hovudregel
skal setjast med ein jordskiftedommar, utan meddommarar. Retten
kan likevel setjast med sakkunnige meddommarar når ein part krev
det, eller jordskiftedommaren meiner det trengst for å få ei forsvarleg
behandling av saka.
Reglane om samansetjinga av lagmannsretten er nye.
Fordi ein legg opp til at alle sakstypar skal behandlast i lagmannsretten,
må retten setjast saman slik at ankeinstansen får rett kompetanse
i høve til det saka gjeld, og retten bør heller ikkje vere overdimensjonert
i høve til anke. Når det er anka over jordskifteavgjerder, skal
retten som hovudregel setjast med ein jordskiftelagdommar og fagkunnige
meddommarar. Dette sikrar den jordskiftefaglege behandlinga av desse
sakene i ankeinstansen. Ved behandlinga av anke over dom (for eksempel
i tvistar), orskurd og vedtak, skal lagmannsretten setjast saman
på vanleg måte med juridiske fagdommarar, men slik at jordskiftelagdommaren
kan vere ein av dei tre fagdommarane dersom førstelagmannen fastset dette.
Reglane om saksbehandling vil òg etter den nye lova
bestå dels i eigne reglar som er tilpassa behovet i jordskifterettane,
dels av eit utval av reglane i tvistelova. Dei sentrale prosessuelle prinsippa
som er nedfelte i tvistelova, skal òg gjelde for saksbehandlinga
i jordskifterettane. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at retten berre
kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt oppmoding til
å uttale seg om, retten partane har til å føre bevis direkte for retten,
likebehandling av partane, ei effektiv og ikkje for kostbar behandling
og så vidare. Andre grunnleggjande prinsipp er plikta retten har
til å grunngi avgjerdene, og det høvet partane har til å få avgjerder
overprøvd av høgare rettsinstansar. Ein grunnleggjande forskjell
mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane, er at jordskifterettane
kan behandle saker utan at det er tvist mellom partane. Dette særtrekket
ved jordskifterettane skal førast vidare. Behovet for endring knyter
seg mest til klargjering og forenkling av reglane. Dette er mellom
anna gjort ved at reglane om saksbehandling er skilde ut i eit eige
kapittel i lovforslaget.
Prinsippa for fordeling av sakskostnader skal førast
vidare. Det er ikkje behov for grunnleggjande endringar av desse.
Eit hovudprinsipp er at sakskostnader knytt til jordskifte skal fordelast
mellom partane etter nytten dei har av jordskifteløysinga. Prinsippet
gjeld òg ved behandling av grensefastsetjing og rettsutgreiing. Ved
behandlinga av tvistar skal ein følgje dei alminnelege reglane i
tvistelova. Behovet for å halde sakskostnadene nede, gjer at ein
òg bør gi reglane om sakskostnader i småkravsprosessen verknad når
det gjeld tvist om mindre verdiar.
I proposisjonen kapittel 2 behandlar departementet
bakgrunnen for lovforslaget. Departementet gjer greie for arbeidet
med høyringsforslaget. Landbruks- og matdepartementet oppnemnde
i 2006 ei arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å gå gjennom lova. Departementet
framhevar i mandatet for gruppa mellom anna at det er gjennomførd
ei rekkje enkelståande endringar som har gjort gjeldande jordskiftelov
uoversiktleg. Målsetjinga med revisjonen skulle vere å skape ei
ny jordskiftelov som høver med tida og tilhøva og dei behova eigarar,
rettshavarar og samfunnet elles har. Alle delar av jordskiftelova
skulle vurderast.
Departementet gjer greie for den alminnelege høyringa.
Det kom inn mange uttalar, og dei var til dels svært detaljerte
og omfattande. Hovudinntrykket frå høyringa er at høyringsinstansane
er samde om at jordskiftelova treng revisjon. Høyringsinstansane
tilrådde òg hovudlinene i forslaga. Ei rekkje høyringsinstansar
har likevel til dels omfattande kritiske merknader til konkrete
forslag. Nokre meiner høyringsforslaget burde vore laga av andre
enn tilsette i departementet, helst av eit offentleg utval. Andre
meiner høyringsforslaget bygde på ein open og konstruktiv prosess.
Nokre av instansane meiner lovforslaga burde sendast på ny høyring.
Det er gjort greie for konsultasjonane med Sametinget og Norske
Reindriftsamers Landsforbund om lovforslaget.
Proposisjonen kapittel 3 inneheld ei framstilling av
tidlegare og någjeldande jordskiftelovgiving. Departementet gir
òg ei framstilling av kva jordskifte er, og kva som er spesielt
med jordskifterettane samanlikna med dei alminnelege domstolane.
Departementet gir dessutan oversikt over dei sakstypane som jordskifteretten
behandlar: jordskifte, rettsutgreiing, grensegang og skjønn. Dei
grunnleggjande vilkåra for jordskiftesakene går departementet òg
gjennom. Det same gjeld reglane om saksbehandling, anke og sakskostnader.
Jordskifte er ein rettsleg prosess knytt til
grunneigedommar. Prosessen endar med ei rettsleg avgjerd gjort av
jordskifteretten, som er ein domstol. Bakgrunnen for å halde ei
jordskiftesak er at eigedommane er utenlege, eller vil bli det som følgje
av eit tiltak, og at dei verkemidla som kan brukast i eit jordskifte,
er eigna til å løyse problema.
I prosessen brukar ein dei rettsendrande verkemidla
ein tradisjonelt omtalar som jordskifte. Som rettsendrande verkemiddel
reknast ombyting av grunn mellom grunneigarar, oppløysing av sameige,
avløysing av bruksrettar, føresegner om bruken av areal og rettar
(bruksordning) med meir.
Jordskifterettane behandlar òg andre saker.
Ei hovudgruppe er dei rettsfastsetjande sakstypane grensegang og
rettsutgreiing, der retten fastslår kva som er rettstilstanden.
Slike saker fell utanfor det tradisjonelle jordskifteomgrepet, men
behandlast likevel av jordskifterettane. Jordskifteretten behandlar
dessutan skjønnssaker, for eksempel om fastsetjing av erstatning
ved ekspropriasjon eller vern der skjønnet anten er ein del av jordskiftesaka,
eller skal haldast som eige sak. Jordskifteretten behandlar i tillegg spørsmål
om avløysing og omskiping av servituttar.
Departementet gir i proposisjonen kapittel 4
ei kort oversikt over rettstilstanden i andre land. Det mest vanlege
i andre europeiske land er at jordskifteverksemda blir utført av
eit frittståande forvaltingsorgan. I Noreg skjer arbeidet i ein domstol.
Denne grunnleggjande forskjellen gjer at utanlandsk rett får avgrensa
relevans, særleg når det gjeld reglane om saksbehandling. Likskapen
er større når det gjeld kva for oppgåver som er lagt til jordskifteorgana
i land det er naturleg å samanlikne Noreg med.
Departementet gjer i proposisjonen kapittel
5 greie for det synet høyringsinstansane og departementet har på
behovet for lovendringar. Dette gjeld mellom anna systematikken
i lova. Departementet har valt den same systematikken og strukturen
på den nye jordskiftelova som arbeidsgruppa foreslår i høyringsnotatet.
Høyringsinstansane har i det alt vesentlege støtta opp om dette
forslaget. Gjeldande jordskiftelov skil ikkje tydeleg mellom materielle
reglar og reglar om saksbehandling. Dette gjer at lova ikkje er
så lett å orientere seg i, særleg for partar som prosederer sjølve.
Reglane om saksbehandling i gjeldande jordskiftelov er laga for
jordskiftesakene, men skal òg gjelde tilsvarande for andre sakstypar,
så langt dei høver. Dette bidreg til å komplisere lova. I lovforslaget
er dei reglane om saksbehandling som er felles for alle sakstypane, skilde
ut og plasserte i eit eige kapittel. Reglar om saksbehandling som
berre gjeld enkelte sakstypar er knytt opp mot dei mate-rielle reglane. Departementet
meiner dette gjer det enklare å orientere seg i lova, og styrkjer
rettstrygg-leiken.
Departementet ser ikkje behov for grunnleggjande
endringar i dei verkemidla som tek sikte på å skape meir tenlege
eigedommar for partane gjennom jordskifte. Jordskifteretten skal
framleis fastsetje grenser for faste eigedommar og rettar, og gjere
rettsutgreiingar. Kompetansen til å halde skjønn og ta andre avgjerder
bør oppretthaldast, men departementet foreslår visse endringar i
den parallelle (overlappande) kompetansen til å halde skjønn, som
jordskifteretten har i dag. Departementet foreslår mellom anna at dei
såkalla «lensmannsskjønna» blir avvikla på enkelte område, og at
jordskifteretten skal få eksklusiv kompetanse på desse områda.
Departementet meiner det er behov for nokre
endringar i terminologien i lova og foreslår ein del nye omgrep,
og fleire av dei er definerte i lova.
Det er særleg når det gjeld rettsmiddelordninga, departementet
ser behov for større endringar. Gjeldande ordning, med to ankeinstansar,
er komplisert og vanskeleg å finne ut av for dei som får med ankesakene
å gjere. I enkelte sakstypar er det ein risiko for at partane lir
rettstap. Hovudgrepet i forslaget er at rettsmiddelordninga endrast
frå eit «to-spora» system, med jordskifteoverrett og lagmannsrett,
til eit enklare system der lagmannsretten er einaste ankeinstans.
Med berre ein ankeinstans kan ein ikkje anke til feil instans. Det
inngår i ordninga at lagmannsrettane skal styrkast med jordskiftefagleg kompetanse,
det vil seie med jordskiftelagdommarar.
Proposisjonen kapittel 6 gjeld namnet på lova, formål,
verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting.
Departementet foreslår at det geografiske verkeområdet
for den nye jordskiftelova ikkje skal endrast nemnande. Lova skal
framleis gjelde faste eigedommar og råderettar over fast eigedom
i heile landet, utan omsyn til kvar eigedommane ligg, eller kva
for planstatus som gjeld. Visse avgrensingar frå dette utgangspunktet
følgjer likevel av særlovgivinga. I kapittelet behandlar departementet
kva det kan reisast sak om, altså det saklege verkeområdet for lova
og kven som kan reise sak. Kva det kan reisast sak om, følgjer av
reglane om kompetansen retten har etter den nye jordskiftelova og
særlovgivinga (mellom anna reindriftslova, servituttlova og veglova). Krav
om sak for jordskifteretten kan setjast fram av den som eig fast
eigedom, eller har rett knytt til fast eigedom, eller som er festar.
Det er foreslått særlege reglar for reindrifta og for offentleg
myndigheit.
Proposisjonen kapittel 7 gjeld organisering
av jordskifterettane, samansetjinga av jordskifteretten i ulike
saker, og den lovnaden jordskiftemeddommarane skal gi. I kapittelet
behandlar departementet inndelinga av riket i jordskiftesokn. Inndelinga
skal som før fastsetjast av Kongen. Spørsmålet om kvar ei sak høyrer
heime (verneting), og spørsmålet om tenesteområdet for dei som arbeider
i jordskifteretten, følgjer inndelinga i jordskiftesokn. Departementet
drøftar høvet mellom jordskiftelova og domstollova, og i kva for
lov dei ulike organisatoriske reglane bør stå. Departementet foreslår
at den nye jordskiftelova skal innehalde reglar om høvet mellom
lovene. Departementet meiner Domstoladministrasjonen (DA) bør fastsetje
bemanninga ved den enkelte jordskifteretten. Dette går allereie
fram av domstollova, og treng inga eiga regulering i jordskiftelova.
Kapittelet gjeld elles talet på faste embete for jordskiftedommarar,
tilkalling av jordskiftedommar og oppnemning av jordskiftedommar
i ei enkelt sak, ordninga med jordskiftedommarfullmektigar som er
ein parallell til dommarfullmektigordninga i tingrettane, lovfesting
av praksisen med teknisk personale ved jordskifterettane, og kva
for reglar ein bør ha for leiing av den enkelte jordskifteretten.
Departementet drøftar kva for krav til kvalifikasjonar
ein skal stille til det dømmande personellet i jordskifterettane.
Departementet foreslår å halde fast ved at jordskiftedommarane skal
ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå. Dette utdanningsnivået
er på line med nivået for andre dommarar, for eksempel i tingretten
eller i lagmannsretten. Dette for å sikre at dømmande personell
har reell fagleg kompetanse på høgt nivå. Departementet foreslår
ikkje karakterkrav, ettersom utnemning av jordskiftedommarar uansett
vil skje etter grundig saksbehandling. Departementet foreslår heller
ikkje eigne reglar om nedre aldersgrenser for dømmande personell i
jordskiftelova. Departementet foreslår likevel at reglar om aldersgrenser
blir tekne inn i domstollova.
Departementet går inn for eit særskilt utval
av meddommarar i kvart jordskiftesokn. Departementet meiner dette
legg til rette for ein meir aktiv bruk av dei som er i utvala, enn
om ein har eit utval for kvar kommune. Omsynet til likestilling mellom
kjønna er teke vare på gjennom krav om at alle kommunar i jordskiftesoknet
skal peike ut minst ein medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid
like mange av kvart kjønn. Departementet foreslår ikkje å slå saman
utvala for jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer. Dette har samanheng
med at utvalet av skjønnsmedlemmer òg gjeld for andre skjønn enn
dei som går for jordskifteretten.
Samansetjinga av jordskifteretten i den enkelte saka
er drøfta. Hovudregelen i lovforslaget er at retten skal setjast
med jordskiftedommaren som einedommar. Dette er ei harmonisering
i høve til sivile saker for tingretten, og det kan bidra til å halde
sakskostnadene nede for partane. Retten kan likevel setjast med
jordskiftemeddommarar når ein av partane krev det, eller om jordskiftedommaren
meiner det trengst for å få ei forsvarleg behandling av saka. Omsynet
til bruk av lekdommarar i domstolane er såleis teke vare på. Jordskiftemeddommarar
skal vere hovudregelen i tiltaks- og vernejordskifte, der det regelmessig vil
vere behov for skjønnsmessige vurderingar. Utgangspunktet er to
meddommarar, men partane kan krevje fire meddommarar, eller jordskiftedommaren
kan fastsetje dette om han meiner det trengst. Tilsvarande skal
det vere meddommarar i skjønn og andre avgjerder som er til behandling
i samband med jordskifte. I dei tilfella skjønn og andre avgjerder
etter andre lover går som eiga sak, følgjer saksbehandlinga reglane
i skjønnsprosesslova, der hovudregelen er fire meddommarar.
Departementet foreslår mellom anna at meddommarane
framleis skal oppnemnast, og ikkje trekkjast, fordi oppnemning gir
best kontroll på at meddommarane er kunnige i det saka gjeld. Departementet
foreslår å føre vidare kravet om kunnige meddommarar frå gjeldande
jordskiftelov.
Proposisjonen kapittel 8 handlar om jordskifte og
fordeling av planskapt netto verdiauke med vidare. Departementet
gir ei kort innføring i kva jordskifte er. Etter lovforslaget er
det endringar i dei verkemidla jordskifteretten kan bruke for å bøte
på dei utenlege eigedomstilhøva som partane tek opp. Jordskifteretten
kan byte om på grunn og rettar, skipe og oppløyse sameige, gi reglar
for og avløyse rettar over fast eigedom, skipe bruksordningar, fastsetje
felles tiltak og felles investeringar, skipe lag og fastsetje vedtekter
med meir.
Det vert gjort framlegg i dette kapittelet om
ei tydeleggjering av kva partane har råderett over i ei jordskiftesak.
Partane har hand om kva slags utenlege eigedomstilhøve dei ønskjer
at jordskifteretten skal bøte på, men retten fastset kva slags verkemiddel
som er eigna for å løysa det utenlege. Det vert gjort framlegg om
endringar i tilhøvet mellom omskiping og avskiping etter servituttlova
og omforming og avløysing etter jordskiftelova. Det vert gjort framlegg
om å endre verkemidla om jordskifte slik at dei får ei meir generell
utforming til forskjell frå gjeldande reglar som i stor grad byggjer
på opprekning av ulike typetilfeller. Framlegget utvidar jordskifteretten
sin kompetanse. Vidare vert det gjort framlegg om ein heimel for
at jordskifteretten kan opprette realsameie, og en heimel for at jordskifteretten
kan gjennomføre bruksordning for eigarseksjonar. Etter framlegget
skal jordskifteretten ut over dette få heimel til å avskipe negative
servituttar dersom servitutten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing.
Rollefordelinga mellom jordskifteretten og kommunen er mellom anna
tydeleggjort gjennom endringar i reglane om planskapt netto verdiauke.
Jordskifteretten sin kompetanse i slike saker vil vere å fordele
den planskapte verdiaukinga i eit geografisk område som er fastsett
ved plan dersom planmyndigheita i planen har bestemt at utbygginga
er avhengig av slik fordeling. Gjeldande reglar om minneleg jordskifte
og voldgiftsjordskifte vert foreslått oppheva. Det same gjeld for
gjeldande reglar om utflytting.
Proposisjonen kapittel 9 gjeld rettsutgreiing. Reglane
om rettsutgreiing blir i hovudsak ført vidare i lovforslaget, men
med litt andre formuleringar enn i gjeldande jordskiftelov. Med rettsutgreiing
i lovforslaget er meint fastsetjinga jordskifteretten gjer av innhaldet
i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. Departementet foreslår
å ta bort det særlege vilkåret i gjeldande jordskiftelov, om at
rettsutgreiing berre kan utførast «når dette er nødvendig av omsyn
til ein rasjonell bruk av området». Det er nok for å krevje rettsutgreiing
at dei som har interesser knytt til eigedomsrett eller bruksrett
i eit område, treng ei avklaring av rettstilhøva. Jordskifteretten
kan fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak
i sameige, i område der det er sambruk eller er uklart om det er
sambruk mellom eigedommar, ved registrering av uregistrert jordsameige,
i område med reindrift i det samiske reinbeiteområdet, og i område
der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar. Rettsutgreiing
er normalt (saman med grensefastsetjing) del av grunnlagsarbeidet
i jordskiftesakene. Rettsutgreiing kan behandlast som eiga sak,
eller i kombinasjon med grensefastsetjing. Som etter gjeldande reglar
skal jordskifteretten etter lovforslaget kunne avgjere tvist om
underliggjande rettshøve.
Proposisjonen kapittel 10 gjeld grensefastsetjing.
Reglane i lovforslaget førast i hovudsak vidare frå gjeldande jordskiftelov.
Endringane ligg i det vesentlege i korleis ein brukar ulike omgrep.
Departementet foreslår å harmonisere bruken
av omgrep i jordskiftelova og matrikkellova når det gjeld kva for
eigedommar jordskifteretten skal kunne fastsetje grensene for. Det
er gjort ved at det er vist til dei aktuelle paragrafane i matrikkellova.
Det er òg foreslått at jordskifteretten kan fastsetje grenser for
fast eigedom og rettar som eiga sak i samisk reinbeiteområde.
Departementet foreslår at kompetansen jordskifteretten
har til å justere ulaglege grenser blir den same som matrikkelmyndigheitene
har etter matrikkellova. Departementet foreslår òg at jordskifteretten
skal kunne avgjere eventuelle gjerdespørsmål langs dei grensene
som blir fastsette, slik at gjerder og plikt til å halde gjerde
kan tilpassast dei nye grensene.
Som etter gjeldande reglar skal jordskifteretten etter
lovforslaget kunne avgjere tvist om underliggjande rettshøve.
Kapittel 11 gjeld skjønn og andre avgjerder
etter andre lover. Lovforslaget inneber inga innskrenking i dei
heimlane jordskifteretten har til å halde skjønn i dag. Jordskifteretten
held i dag skjønn når jordskifte skjer i samband med offentleg ekspropriasjon
for å iverksetje tiltak (bygging, utbetring med meir) eller i samband
med offentleg regulering av eigarrådvelde (vern). Jordskifteretten
held òg skjønn etter reglane i ei rekkje særlover. Jordskifteretten
held òg skjønn som eiga sak, når det er avtalt mellom partane. Departementet
meiner omgrepet skjønn i fleire av særlovene er brukt om avgjerder
der dei vurderingane retten skal gjere, ikkje er skjønn i tradisjonell meining.
I nokre tilfelle er omgrepet skjønn brukt for å få fram at saka
skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår
at omgrepet skjønn berre skal brukast om avgjerder som gjeld fastsetjing
av pengebeløp (erstatning, vederlag).
Departementet gjer greie for systematikken i reglane
om skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Reglane står i eit
eige kapittel i lovforslaget. Departementet foreslår ein paragraf
om heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn i samband med
tiltaksjordskifte og vernejordskifte, ein paragraf om skjønn i samband
med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten
i vassdrag, ein paragraf om skjønn som jordskifteretten held og
andre avgjerder som jordskifteretten tek i samband med sak for jordskifteretten
etter særlov, ein paragraf som gjeld dei skjønna og avgjerdene som
jordskifteretten behandlar som eiga sak og ein paragraf om skjønn
og avgjerder som partane har avtalt at jordskifteretten kan halde.
Departementet foreslår òg ein heimel for retten til å bestemme at skjønn
og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett skal behandlast
som eiga sak. Departementet foreslår òg ein paragraf som regulerer
kva for reglar om saksbehandling med meir, som gjeld for ulike skjønn
og andre avgjerder.
I kapittel 11 drøftar departementet òg spørsmålet om
den stadlege avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har. Departementet
foreslår å ta bort reglar som avgrensar kompetansen jordskifteretten
har til eit nærare definert geografisk område (LNFR-område etter
plan- og bygningslova).
Departementet behandlar kompetansen jordskifteretten
har i høve til ulike typar skjønn. For skjønn i samband med vernejordskifte,
foreslår departementet ei endring slik at kompetansen i jordskifteretten
blir utvida til òg å gjelde spørsmålet om det skal ytast erstatning
for avgrensingar i råderetten som følgjer av eit vernevedtak. Etter
gjeldande reglar er det dei ordinære domstolane som avgjer dette.
I særlovene som er nemnde i kapitlet, blir det ikkje gjort endringar
i reglane om kva som skal avgjerast. Departementet foreslår likevel
endringar når det gjeld kven som skal ta avgjerdene.
Proposisjonen kapittel 12 gjeld reglane om saksbehandling.
Departementet gjer greie for hovudprinsippa for reglane om saksbehandling
og tilhøvet til tvistelova. Reglane om saksbehandling er ein kombinasjon
av reglar i tvistelova, og eigne reglar tilpassa behovet i saker
for jordskifteretten. Tilhøvet mellom tvistelova og jordskiftelova
er ordna slik at det i lovforslaget § 6-1 er lista opp kva for konkrete
kapittel og paragrafar i tvistelova som skal gjelde så langt dei
høver. Andre stader i lovforslaget kapittel 6 viser departementet
direkte til enkelte av reglane i tvistelova, av omsyn til informasjon.
Når det gjeld behandlinga av skjønn, inneber lovforslaget at skjønn
som blir behandla i samband med sak for jordskifteretten, følgjer
reglane om saksbehandling i jordskiftelova. Det at jordskifte og
skjønn følgjer same reglar om saksbehandling i slike «kombinerte
saker» forenklar behandlinga. Skjønn som eiga sak skal følgje skjønnsprosesslova,
slik at behandlinga blir lik for alle skjønn som ikkje blir behandla
i samband med jordskifte.
Reglane om saksbehandling byggjer på dei same prosessuelle
prinsippa som tvistelova. Dette gjeld mellom anna prinsippa om at
retten berre kan byggje avgjerdene på fakta som partane har hatt
oppmoding til å uttale seg om (kontradiksjonsprinsippet). Partane
skal òg ha rett til å føre bevis direkte for retten. Prosessen byggjer
på at sakene skal behandlast på ein effektiv og ikkje for kostbar
måte, og at partane skal behandlast likt. Andre grunnleggjande prinsipp
er at retten har plikt til å grunngi avgjerdene, og at partane har
høve til å få avgjerder overprøvd av høgare rettsinstansar. Lovforslaget
byggjer òg på at jordskifterettane er uavhengige domstolar (særdomstolar).
Ein grunnleggjande forskjell mellom dei alminnelege domstolane og jordskifterettane
er at jordskifterettane kan behandle saker utan at det er tvist
mellom partane. Dette særtrekket ved jordskifterettane blir ført vidare.
Avgjerda av realitetane i ei jordskiftesak er
etter lovforslaget ei «jordskifteavgjerd». Dette er ei ny form for
avgjerd i høve til gjeldande lov. Skjønn eller andre avgjerder som
blir behandla i samband med sak for jordskifteretten etter kapittel
5 i lovforslaget, er òg ei jordskifteavgjerd. Når retten avgjer
realitetane i spørsmål om grenser, eigedomsrett, servituttar med
meir, skal retten seie dom. Avgjerder som gjeld saksbehandlinga
er anten orskurd («kjennelse») eller vedtak («beslutning»). Reglane
om formene for avgjerd dannar grunnlaget for den vidare behandlinga
av sakene i ankeinstansen.
Kapittel 13 gjeld sakskostnader og gebyr. Partane
skal etter lovforslaget framleis betale sakskostnader.
Departementet foreslår å føre vidare regelen
om deling av kostnadene partane har. Kostnadene skal delast etter
den nytten dei har av saka. I tiltaks- eller vernejordskifte skal
tiltakshavaren eller vernemyndigheita betale sakskostnadene. Jordskifteretten
kan leggje sakskostnader knytt til tiltaks- eller vernejordskifte
på partar som får netto nytte. Lovforslaget regulerer ansvaret for sakskostnadene
når ei sak blir trekt eller avvist, eller krav eller opplysningar
kjem for seint. Da skal kostnadene leggjast på den som har valda kostnadene.
Utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller ein part har
valda, kan jordskifteretten leggje på vedkommande aleine.
Lovforslaget fører vidare systemet med at skjønnsprosesslova
gjeld for skjønn som går som eiga sak for jordskifteretten. Det
gjeld òg for reglane om sakskostnader ved skjønn.
Lovforslaget fører òg vidare kostnadsreglane ved
dom og rettsforlik i tvist. I begge tilfelle gjeld reglane i tvistelova.
Regelen er at ved dom skal parten som vinn, få vederlag for eigne
kostnader til advokathjelp i tvisten. Til vanleg vil eit rettsforlik
òg avgjere spørsmålet om sakskostnader.
Lovforslaget lovfestar at staten har same ansvar for
sakskostnader ved sak for jordskifteretten som ved sak for tingretten.
Etter dette vil det ikkje vere nokon tvil om at partane kan krevje
erstatning for det tap som feil frå jordskifteretten har påført
dei. Slik sak må reisast for tingretten.
Når det gjeld fristen for å betale, inneheld
lovforslaget ei harmonisering av lengda på fristen til det som gjeld
for tingrettane. Fristen vil til vanleg vere 14 dagar. Dette er
ei nedkorting med ein dag. Retten kan setje ein romslegare frist.
Lovforslaget fører vidare reglane om gebyr for sak
for jordskifteretten. Gebyra er inngangsgebyr, grenselengdegebyr
og partsgebyr. Føresegna om at jordskifteretten kan endre dei samla
gebyra dersom arbeidet med saka avvik nemnande frå det vanlege,
blir òg ført vidare.
Proposisjonen kapittel 14 gjeld rettsmiddel
med vidare. Omgrepet rettsmiddel omfattar både anke og krav om gjenopning.
Departementet foreslår at lagmannsretten skal vere ankeinstans ved
avgjerd som jordskifteretten tek. Departementet foreslår som eit
utgangspunkt at ein skal kunne anke avgjerdene jordskifteretten
tek.
Forslaget til regel byggjer på at prosessforma
må tilpassast det saka gjeld. Dette er ei naturleg følgje av at
jordskifterettane fattar ulike slag avgjerder med ulike krav til
prosess i første instans. Departementet foreslår at ei ankesak som gjeld
jordskifte skal følgje reglane om saksbehandling i jordskiftelova
så langt dei høver. Ved anke over dom, foreslår departementet at
reglane i tvistelova skal gjelde. Er det anka over skjønn eller
andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5, skal skjønnsprosesslova
gjelde. Det kan ankast over fleire typar avgjerder i den same saka.
I lovforslaget foreslår departementet at slik anke kan behandlast
som ei sak for lagmannsretten dersom første-lagmannen fastset dette.
Sjølv om saka blir behandla som éi sak, skal prosessreglane under
behandlinga følgje den enkelte avgjerda som det er anka over.
Departementet legg til grunn at lagmannsretten bør
setjast saman ulikt alt etter kva det er anka over, og etter kompleksiteten
i den enkelte ankesaka. Første-lagmannen, meddommarane og jordskiftelagdommaren
får særlege roller ved førebuing og behandling av anke. Lovforslaget gir
førstelagmannen i oppgåve å fastsetje kven som skal førebu saka,
kven som skal vere leiar av retten, samansetjinga av retten, til
dette i visse høve òg talet på meddommarar. Dersom det er anka over
fleire avgjerder, fastset førstelagmannen òg om dei skal behandlast
som éi ankesak.
Lovforslaget legg til grunn at det kan vere
meddommar ved behandling av anke. Meddommarane skal hentast frå
jordskifteutvala. Talet på meddommarar vil variere alt etter kva
saka gjeld. Departementet foreslår likevel ei løysing som er meir
fleksibel enn gjeldande løysing. Det kan redusere sakskostnadene
for partane om lova opnar for at talet meddommarar i den enkelte
saka kan bli færre enn i dag. Retten kan for eksempel i ei jordskiftesak
setjast saman med ein meddommar, ein jordskiftelagdommar og ein
juridisk dommar.
Lovforslaget legg til rette for at jordskiftelagdommaren
kan delta ved behandling av anke og overskjønn i alle saker som
er avgjort i jordskifteretten. I nokre saker, for eksempel i jordskiftesaker,
fastset lova at jordskiftelagdommaren skal delta, i andre saksfelt,
for eksempel ved overskjønn, opnar lova for slik deltaking. Fleire
høyringsinstansar foreslår at lova bør opne for at retten kan setjast
med jordskiftelagdommar òg ved anke over tvist avgjort av tingretten
dersom saka gjeld rettshøve knytt til fast eigedom. Departementet
er samd i dette, og foreslår ei slik løysing.
Departementet foreslår ein regel om at anken kan
avvisast, hevast eller opphevast under saksførebuinga. Departementet
foreslår òg ein tilvisingsregel som mellom anna viser at silingsregelen
i tvistelova gjeld ved dom. Ved anke over jordskifteavgjerd foreslår
departementet at lagmannsretten kan nekte behandling av saka dersom
retten finn det klart at anke ikkje ville kunne føre fram.
Anke til Høgsterett følgjer reglane i tvistelova kapittel
29 eller 30. Gjeld anken jordskifteavgjerd, eller skjønn eller andre
avgjerder tekne i samband med jordskifteavgjerd, kan det berre ankast
over feil i rettsbruken eller feil ved saksbehandlinga.
Departementets forslag til reglar om gjenopning av
sak er drøfta. Det er behov for eigne reglar om dette for jordskifteavgjerd.
Departementet foreslår å føre vidare regelen som gjeld i dag. Det
inneber at den domstolen som gjenopnar saka berre skal gjere dei
endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Vil endringa ikkje
stå i rimeleg høve til det ein kan oppnå ved gjenopninga, bør det
vere mogleg å gjere opp endringane heilt eller delvis i pengar eller
andre verdiar.
Proposisjonen kapittel 15 gjeld ymse reglar, overgangsreglar
og ikraftsetjing. Reglane i lovforslaget kapittel 9 fører vidare
fleire reglar i gjeldande jordskiftelov kapittel 12. I proposisjonen
blir reglane om handteringa av pengevederlag drøfta. Departementet
foreslår reglar som skal hindre at for eksempel panthavarar lir
tap. Departementet foreslår òg reglar om overføring av skyldnader
som knyter seg til eigedom som er med i jordskifte, om den meldeplikta
jordskifteretten har etter kulturminnelova, og den myndigheita jordskifteretten
har til å ta avgjerd om fordeling av skogfond.
Overgangsreglane inneber at saker som er til
behandling i jordskifterettane når lova trer i kraft, skal behandlast
ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov. Anke som er innlevert
før ikraftsetjinga, men som ikkje er behandla ferdig og avgjort,
blir behandla ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten
sett saman etter den nye lova.
Proposisjonen kapittel 16 gjeld administrative og
økonomiske konsekvensar.
Endringsforslaga i lova tek sikte på at ei enklare og
meir moderne lov skal føre til at måloppnåinga knytt til verdiskaping
og arealbruk blir betre. Dei økonomiske og administrative følgjene
av lovforslaget må sjåast i lys av dette.
Ansvaret for jordskiftelova høyrer inn under Landbruks-
og matdepartementet, medan ansvaret for jordskifterettane og jordskifteoverrettane høyrer
under Justisdepartementet. Dei økonomiske og administrative konsekvensane
for drift av domstolane ligg under Justisdepartementet.
Domstoladministrasjonen har mellom anna gjort grundig
greie for omstillingskostnader og varige kostnader i lagmannsrettane
knytt til ny rettsmiddelordning, greia ut om endringar i gebyr,
sakstilgang, saksbehandlingssystem, personale og organisatoriske
løysingar.
Proposisjonen kapittel 17 inneheld spesialmerknader
til lovforslaget.