Nye tiltak i stortingsmeldinga som har økonomiske
konsekvensar blir dekte innanfor gjeldande budsjettrammer. Tiltaka
er alt omtalt i departementet sin budsjettproposisjon for 2013.
Dersom geografien i dagens differensierte arbeidsgivaravgift
blir vidareført, vil regjeringa også vidareføre dei alternative
verkemidla. Regjeringa legg til grunn at ordninga skal vere om lag
provenynøytral og at utgangspunktet for vurdering av nivået skal
vere slik satsane var før omlegginga i 2004. Om forhandlingane med
ESA fører til at det geografiske området blir endra frå 2014, vil
også slike endringar bli tekne med i utrekninga av provenynøytraliteten. Forslag
til løyvingar for å imøtekomme dei økonomiske konsekvensane av eventuelt
endra verkeområde eller endra satsar for arbeidsgjevaravgift vil
bli fremja som ein del av den ordinære budsjettprosessen. I samband
med dei årlege budsjettprosessane kan det òg vere aktuelt å gjere
mindre justeringar på innretninga av kompensasjonsmidlane.
Dei ulike tiltaka i meldinga har samla sett
små administrative konsekvensar og blir dekte innanfor gjeldande
budsjettrammer.
Komiteen viser til
meldingen og har for øvrig ingen merknader.