9.1 Sammendrag

Regjeringa vil

  • arbeide for ei jamnare regional fordeling av statlege arbeidsplassar

  • vidareutvikle ein statleg tenesteproduksjon, som i størst mogleg grad sikrar folk i alle delar av landet god tilgang på statlege tenester

  • at lokaliseringa av statlege arbeidsplassar skal medverke til å byggje opp profesjonelle fagmiljø også utanom dei større pressområda i landet

9.1.1 Staten i geografien – sentralisering i sum

Ei rekkje omstillings- og fristillingsprosessar dei seinare tiåra har ført til ei endring i kva som er omfatta av statleg sektor.

Statlege arbeidsplassar er ikkje jamt geografisk fordelte. I høve til alle sysselsette er det fleire statstilsette desto meir sentralt området er.

I sum har det dei siste tiåra skjedd ei sentralisering av statlege arbeidsplassar. Det har likevel vore vekst i talet på statlege arbeidsplassar i alle delar av landet dei siste ti åra, med unntak av dei mest spreiddbygde områda. Talet på tilsette i statsforvaltninga har auka med snautt 14 500 tilsette i perioden 2006–2011, noko som svarer til ein samla vekst på over 12 pst. Regjeringa har til samanlikning sidan 2005 gjort vedtak om at om lag 700–800 statlege arbeidsplassar skal lokaliserast utanfor Oslo. Dette talet er irekna Forsvaret. Talet er irekna lokalisering av både nye verksemder og flytting av verksemder ut av Oslo.

Utviklinga i staten dei siste åra samanlikna med utviklinga i sysselsetjinga totalt, syner ein relativt lik vekst i statlege arbeidsplassar for alle regiontypane med unntak av dei mest spreiddbygde områda. Samstundes har utviklinga i sysselsetjinga totalt vore positiv også i spreiddbygde område. Talet på statstilsette er her så lågt at det har relativt lite å seie for utviklinga i sysselsetjinga i desse områda. I Osloregionen har veksten i same periode vore om lag som snittet for heile landet. I prosent var veksten likevel større i fleire andre storbyregionar, og størst i Tromsø.

Den relative veksten i statlege arbeidsplassar har vore nokolunde jamn dei siste åra. Den ujamne fordelinga mellom regiontypar er ikkje blitt endra.

Auken i statlege arbeidsplassar i storbyregionar og mellomstore byregionar kan først og fremst forklarast med veksten i universitets- og høgskulesektoren. I tillegg har fleire store etatar, mellom anna politiet og skatteetaten, gjennomført omorganiseringar som har ført til færre, større og meir sentralt lokaliserte einingar.

9.1.2 Teknologiske og organisatoriske potensial for staduavhengige arbeidsplassar

Det blir i meldinga peikt på at ei moglegheit for å tenkje alternativt om lokalisering er å skilje mellom tenester som krev nærleik til brukarane, og administrative eller faglege funksjonar. Slike staduavhengige oppgåver kan lokaliserast utanfor dei store byområda og dermed medverke til å spreie statlege arbeidsplassar. Det krev auka merksemd om korleis handlingsrommet kan nyttast.

9.1.2.1 Desentralisert organisering og fjernarbeid

Teknologien gjev større rom for å lokalisere tenesteverksemder kvar som helst i landet. Somme tenester fordrar framleis geografisk nærleik til mottakaren, som politi eller høgskular og universitet. Men utviklinga av digitaliserte tenester har gjort stadig fleire verksemder uavhengige av geografisk nærleik til tenestemottakarane. Samstundes har dei også blitt lettare tilgjengelege for publikum gjennom digitale løysingar. Departementet meiner det bør vere eit mål å vidareføre og utvikle ei desentralisert organisering av statleg verksemd også i tilfelle der oppgåveløysinga er endra.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har undersøkt oppfatningar om desentralisert organisering i ulike statlege etatar. Informantane i undersøkinga såg utfordringar knytte til mellom anna robuste fagmiljø og kommunikasjon internt i verksemda for å kompensere for avstand.

Det blir i meldinga vist til at ei desentralisert organisering samstundes kan ha fordelar for verksemda. Fjernarbeid kan vere ei løysing for å halde på ei desentralisert organisering eller for ei meir systematisk utlokalisering av arbeidsplassar innanfor ei verksemd.

Ein kan òg vurdere lokaliseringa av statlege verksemder ut frå eit individperspektiv med tanke på potensialet for fjernarbeid. Det er opp til den einskilde statlege verksemda å leggje til rette for at arbeidstakarane kan jobbe utanfor arbeidsstaden, i hovudsak gjennom bruk av heimekontor. Ved hjelp av moderne teknologi kan arbeidsgjevaren som alternativ leggje til rette for kontorfellesskap for arbeidstakarane, til dømes gjennom samlokalisering med anna offentleg eller privat verksemd. Dette kan vere eit godt alternativ til permanent heimekontor. Her kan samarbeid med kommunen vere relevant. Kommunal- og regionaldepartementet vil i samarbeid med Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet vurdere behov for tiltak for auka bruk av fjernarbeid i statlege verksemder.

9.1.2.2 Små vanskar med å rekruttere rett kompetanse

Dei siste tiåra er ein del staduavhengige oppgåver flytta ut av Oslo-regionen. Det har skjedd ut frå både faglege og regionalpolitiske vurderingar. Asplan Viak har på oppdrag frå departementet undersøkt rekrutteringa til nyetablerte eller relokaliserte einingar i ordinær drift i arbeidsmarknader av ulik storleik. I alle dei undersøkte regiontypane har verksemdene rekruttert den kompetansen dei har behov for, men i dei mindre regionane opplever verksemdene større utskifting av medarbeidarane. Utgreiinga syner også at dei undersøkte verksemdene i alle regiontypar i stor grad har rekruttert arbeidskraft frå regionen dei er flytta til eller blei etablerte i.

Utgreiinga syner òg at det er mogleg å etablere høgkompetente verksemder på stader som til dømes Sogndal og Leikanger. Sjansen for god rekruttering er best der lokaliseringa forsterkar eksisterande kompetansemiljø. Utgreiinga seier ikkje noko om overgangsutfordringane ei flytting kan skape når berre eit fåtal medarbeidarar flytter med verksemda, men den syner få problem med rekruttering av kompetanse til nyetableringar eller til eksisterande verksemder.

Dei statlege arbeidsplassane i dei undersøkte verksemdene har i hovudsak kome i tillegg til arbeidsplassane som var der før, og har difor i liten grad fortrengt andre. Asplan Viak peikar også på at presset på den lokale arbeidsmarknaden synest å vere ei kortvarig utfordring. Utvidinga av tilbodet av arbeidsplassar gjennom etableringa av dei statlege verksemdene kan gjere det lettare å rekruttere personar også til andre verksemder. Utgreiinga indikerer òg at statlege verksemder som rekrutterer arbeidskraft utanfor den lokale arbeidsmarknaden medverkar positivt til arbeidsmarknaden fordi det tilfører nye typar kompetanse.

9.1.3 Reiskap for å styre lokaliseringa av statlege arbeidsplassar

Retningslinjer for lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon gjeld for institusjonar som ligg direkte under staten, slik som statlege forvaltningsorgan, etatar og forvaltningsverksemder. Retningslinjene er grunnlag for regjeringa sitt arbeid med å spreie statlege arbeidsplassar. Dei fastset mål for lokaliseringspolitikken og lokaliserings- og avvegingskriterium og utgreiingskrav i samband med lokalisering av statlege arbeidsplassar og statleg tenesteproduksjon.

Det er ikkje nyetableringar eller omorganiseringar som har hatt størst innverknad på den geografiske fordelinga av statlege arbeidsplassar. Endringane skjer i all hovudsak gjennom vekst eller nedbygging i eksisterande verksemder. Dette skjer gjennom årlege budsjetta og sektorvise avgjerder om utvikling av verksemdene. Det er difor viktig at desse avgjerdene er i tråd med og stør opp under politikken for lokalisering av statlege arbeidsplassar.

Mange avgjerder som påverkar statleg lokalisering i sum, blir tekne i etatane utan politisk handsaming i departement eller regjering. Det er viktig at regjeringa har verktøy i lokaliseringspolitikken som fangar opp utvidingar i eksisterande verksemder. Det må skje ved at også lokaliseringspolitikken som eit tverrsektorielt mål blir teken vare på i styringa av underliggjande etatar. Hovudprinsippa for styring av underliggande verksemder er at departementa skal styre etter mål og resultat og ikkje etter aktivitetar og talet på tilsette i ulike delar av verksemda. Dette krev særskild merksemd frå regjeringa og departementa for å sikre oppfølging av mål som går på tvers av sektorane. Regjeringa vil ha større merksemd om stegvise endringar i staduavhengige oppgåver og arbeidsplassar i eksisterande verksemder for å nå dei lokaliseringspolitiske måla.

Departementa har difor eit viktig ansvar for å sikre at underliggjande verksemder medverkar til å nå måla for lokaliseringspolitikken gjennom ei geografisk lokalisering av oppgåver og arbeidsplassar, både når det gjeld nye einingar, og når det gjeld stegvise endringar. Det er særleg viktig at departementa sikrar at underliggjande verksemder er merksame på korleis utviklinga i lokalisering av staduavhengige oppgåver kan vere med på å byggje opp profesjonelle fagmiljø også utanom dei større pressområda. Dette må vere ein integrert del av arbeidet med å utvikle organiseringa av verksemda, tilpassa skilnader mellom sektorane i eksisterande lokaliseringsmønster og oppgåver. Målet er at lokaliseringspolitikken i aukande grad skal vurderast i samband med den stegvise utviklinga av staduavhengige oppgåver i eksisterande verksemder, på linje med andre omsyn. Departementa følgjer opp arbeidet i styringsdialogen, medan Kommunal- og regionaldepartementet vil formidle erfaringar og kunnskap om ulike løysingar for lokalisering av staduavhengige oppgåver.

Ved konkret lokalisering av statlege verksemder er det viktig at den stør opp under utviklinga av attraktive byar og stader, ikkje påverkar miljøet negativt og medverkar til å redusere miljøutslepp, jf. rikspolitiske retningslinjer for areal- og transportplanlegging.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til meldingens mål for statlig lokaliseringspolitikk. Komiteen mener det er viktig å arbeide for en jevnere regional fordeling av statlige arbeidsplasser. Statlig tjenesteproduksjon må videreutvikles på en måte som i størst mulig grad sikrer folk i alle deler av landet god tilgang på statlige tjenester. Komiteen støtter at lokaliseringen av statlige arbeidsplasser skal medvirke til å bygge opp profesjonelle fagmiljøer også utenom de større pressområdene i landet.