Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Regjeringa vil
følgje opp perspektivet om kopling av arbeidsmarknader i framtidige prosessar med Nasjonal transportplan
vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til utbygging av breiband med høg kapasitet i små marknader
Det blir i meldinga peikt på at eit godt transportsystem rundt om i landet er naudsynt for å nå dei distrikts- og regionalpolitiske måla om fridom til busetjing og likeverdige levekår.
Transporttilbodet kan både vere eit gode i seg sjølv, og ei teneste som gjev tilgang til andre gode og tenester. Eit påliteleg transporttilbod er naudsynt for næringslivet, for verdiskaping og for å utnytte dei menneskelege og naturbaserte ressursane som finst i landet.
I meldinga legg departementet særleg vekt på kva verknad transportsystemet har for regionale arbeidsmarknader som grunnlag for busetnad og regional utvikling. I den samanhengen er det spesielt avstandsreduksjonar på vegsystemet som er viktig. Den heilskaplege transportpolitikken kjem i Nasjonal transportplan (NTP) for 2014–2023, og der vil også andre aspekt enn persontransporten bli lagde vekt på.
Det blir i meldinga peikt på at fysisk og digital infrastruktur, kompetansetilgang, omstillingsevne og bransjebredde er viktige faktorar for å trekkje til seg nyetableringar og arbeidstakarar med høgare utdanning. Tilgangen aukar med storleiken på arbeidsmarknaden. Kompetansearbeidsplassutvalet meiner difor det er avgjerande å leggje til rette for kopling av arbeidsmarknader (regionforstørring) og utvikling av robuste arbeidsmarknader.
Med eit høgare utdanningsnivå, eit meir spesialisert arbeidsliv og fleire hushald med to arbeidstakarar, er eit variert tilbod av arbeidsplassar ein viktig føresetnad for næringsutvikling og stabil vekst i folketalet. Regionar med variert næringsstruktur er mindre sårbare i nedgangstider. Busette i desse regionane har fleire arbeidsplassar å velje mellom, og næringslivet har betre tilgang til kompetanse. Transportinvesteringar kan binde saman folk og arbeidsmarknader og gje regionar større tyngd og rekkjevidd. Slik kan kopling av arbeidsmarknader motverke sentraliseringstendensane i landet vårt.
Endringar i nærings- og arbeidsliv skaper nye transportbehov. Innovasjonar og endringar i transportsektoren dei siste tiåra har medverka til at transportkostnader utgjer ein stadig mindre del av dei totale produksjonskostnadane for den einskilde verksemda. Lang avstand til eksportmarknadene gjer likevel at norsk næringsliv har høgare transportkostnader enn konkurrentane i utlandet. Kombinert med eit generelt høgt kostnadsnivå medverkar dette til at norsk eksportverksemd i stor grad fokuserer på kunnskapsintensive eller unike produkt der pris speler ei relativt mindre rolle.
Påliteleg og trygg transport i alle delar av landet er viktig. Godstransporten både inn og ut av landet aukar i omfang, og gode transportårer er naudsynt. I tillegg er kopling av arbeidsmarknader der det finst potensial for det viktig.
Det blir i meldinga peikt på at transportinvesteringar i mange tilfelle er eit naudsynt, men ikkje tilstrekkeleg, vilkår for vekst. Ein veg, ei jernbanelinje, eit ferjesamband eller ein kortbaneflyplass skaper i seg sjølv ingenting, men blir først viktige når dei bind noko saman. Kva dette noko er, varierer med kvar i landet vi er, og kva for potensial som finst der. Det er difor naudsynt at transportpolitikken tek omsyn til lokale og regionale variasjonar i næringsliv, arbeidsmarknader og busetnad.
Det er potensial for å kople arbeidsmarknader mange stader i landet. For å følgje opp tilrådinga frå kompetansearbeidsplassutvalet om å kople arbeidsmarknader har Transportøkonomisk institutt, på oppdrag frå departementet, undersøkt dette potensialet.
Analysen frå Transportøkonomisk institutt syner i stort at Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har det største potensialet for kopling av arbeidsmarknader.
Felles for dei områda som ifølgje analysen har størst potensial for kopling av arbeidsmarknader, er at veginvesteringar gjev klare reduksjonar i reisetid til tilstrekkeleg mange arbeidsplassar slik at grunnlaget for vekst blir monaleg styrkt. Utslaget er sterkast i fjordområde der ferjesamband blir skifta ut med bruer eller tunnelar.
Analysen syner at fleire sentrale område har lågt potensial for ytterlegare vekst som følgje av kopling av arbeidsmarknader. Hovudårsaka er at dei alt har god tilgang på arbeidsplassar innanfor attraktive pendlingsavstandar.
Det er også nokre dalføre og innlandsområde som har lågt potensial for kopling av arbeidsmarknader. Dei låge utslaga i desse tilfella kjem av at områda etter ei oppgradering av vegnettet framleis vil liggje for langt unna eit større tilbod av arbeidsplassar.
Transportøkonomisk institutt har laga ein metode for å måle verknader av slike koplingar av arbeidsmarknader. Potensial for kopling av arbeidsmarknader er eit døme på ei meirnytte av investeringar som i liten grad blir synleggjord i dag. For å vurdere det reelle potensialet for regionforstørring må ein gjere nærare vurderingar og ta høgd for ulike næringsstrukturar og kompetansebehov i regionane. Det såkalla Hagen-utvalet (NOU 2012:16) har greidd ut om rammeverket for samfunnsøkonomiske analysar, der mellom anna ringverknader av samferdselsprosjekt blir drøfta. Utvalet tilrår at dei samfunnsøkonomiske analysane i særskilde tilfelle kan utvidast med ei drøfting av denne type verknader, men då som ein supplerande analyse og ikkje som ein del av nytte-kostberekningar.
Også område med små arbeidsmarknader og lite potensial for regionforstørring kan ha nytte av at tilstøytande arbeidsmarknader blir større. Større økonomisk aktivitet og større tenestetilbod kan dermed kome nærare også den mindre arbeidsmarknaden. Men ein slik effekt kjem ikkje av seg sjølv. Difor er mange av verkemidla i distrikts- og regionalpolitikken, som til dømes differensiert arbeidsgjevaravgift og midlar til regional utvikling, innretta mot nettopp å treffe dei områda som er ein del av mindre arbeidsmarknader.
Til grunn for analysen til Transportøkonomisk institutt ligg ein idé om kritiske tersklar. Dette er relevant med tanke på prioritering av veginvesteringar ut frå målet om regionforstørring og gjeld både pendlingsavstand og storleik på arbeidsmarknadane.
Det blir i meldingas kap. 4.1.3 gitt ei nærare utgreiing om denne tematikken.
Det blir i meldinga peikt på at transportpolitikken er viktig for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Her er kopling av arbeidsmarknader ein viktig strategi saman med ein påliteleg og trygg transport i alle delar av landet.
Samferdselsdepartementet vil følgje opp perspektivet om kopling av arbeidsmarknader i framtidige prosessar med Nasjonal transportplan. Samferdselsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet vil samarbeide om å utvikle metodar og verktøy for å vurdere i kva grad ei investering bidreg til kopling av arbeidsmarknader.
Det blir i meldinga peikt på at eit godt utbygd breiband, telefoni og annan digital infrastruktur er sentrale føresetnader for å sikre tilgang til tenester og moglegheit for full samfunnsdeltaking og bulyst i heile landet.
Mobildekninga i Noreg er god, men det er framleis område utan dekning, og som difor svekkjar grunnlaget for næringsverksemd og busetnad. Regjering vil fortsett bidra til å auke mobildekninga. Velfungerande konkurranse i telebransjen er naudsynt for å sikre best mogleg mobildekning. Regjeringa er vidare positiv til spleiselaga som finst mellom teleselskapa og lokale myndigheiter for å etablere nye basestasjonar, inklusive bruk av regionale utviklingsmidlar. For breiband har også dekninga blitt betre, men det er naudsynt med medviten politikk for å sikre at alle delar av landet får tilgang til tilstrekkeleg kapasitet, slik at vi unngår for store geografiske skilnader i tilgang på breiband. I tida framover treng også næringslivet tilgang til ein digital infrastruktur med stadig større kapasitet. Breiband er ein type infrastruktur som ofte vil vere like naudsynt som veg, telefoni og straum.
Internett er eit fleksibelt, raskt og kostnadseffektivt system for å frakte digitalt innhald og tenester. Tenester på Internett har erstatta fysiske tenester som posttenester og andre tenester som før kravde personleg frammøte. I tillegg har Internett lagt til rette for ei rekkje nye og meir avanserte tenester.
Undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå syner at 86 pst. av befolkninga i Noreg bruker Internett kvar dag eller nesten kvar dag. Alder er den viktigaste forklaringsvariabelen for digital deltaking. Det er små geografiske skilnader i bruken.
Talet på brukarar av Internett har auka dei siste åra, og Internett blir brukt både oftare og til fleire føremål enn tidligare. Nexia hevdar at denne utviklinga vil halde fram i åra som kjem sjølv om det finst hindringar.
Det er videotenester som er årsaka til den største auken i etterspurnaden etter kapasitet. Det vil bli meir bruk av skyteneste (det vil seie prosessering og lagring av data via Internett) til å lagre bilete, dokument og film både i arbeidslivet og heime. Verksemder både i privat og offentleg sektor vil trenge høgare kapasitet for å kunne ta i bruk videomøte og andre former for staduavhengig kommunikasjon.
Kravet om eit robust og stabilt nett med høg kvalitet er òg ein viktig faktor i andre samanhengar. Dette gjeld for tenester som krev kontinuerleg samband, som til dømes fjernstyring og overvaking av anlegg, nye e-helsetenester og oppgåver knytte til beredskap og tryggleik. Også det at stadig fleire samfunnstenester føreset nettbruk, og at stadig fleire nyttar Internett, aukar behovet for stabile og sikre nett som er oppe heile tida.
Tilbodet av breiband har vore i sterk vekst dei siste åra. Kapasiteten har dobla seg kvart anna år, men det er stor skilnad i kapasitet og talet på tilbydarar mellom dei største og dei minste arbeidsmarknadene.
Dekningsundersøkinga for 2012 syner at det er god dekning av lågare breibandskapasitet over heile landet.
For høgare kapasitetar er det større geografiske skilnader.
Det er ulike årsaker til at det er i dei større arbeidsmarknadene ein nyt godt av tilbod om dei høgaste kapasitetane. I desse områda har det vore mogleg å få høg breibandskapasitet med låge kostnader gjennom det eksisterande kabel-tv-nettet. På grunn av små avstandar mellom hushalda er det òg billegare å byggje ut fibernett, og det er ofte kortare avstand til sentralane i det koparbaserte nettet, slik at det er mogleg å levere breiband med stor kapasitet over telelinjene.
I dei minste arbeidsmarknadene er det mindre konkurranse om kundane, og mange føretak finn det ikkje lønsamt å byggje eit breiband som er godt nok, og som dekkjer behovet til alle hushalda. Større marknader har fleire tilbydarar, som ofte tilbyr den høgast moglege kapasiteten for å vinne konkurransen om kundane.
Innhaldsleverandørane tilpassar seg den kapasiteten brukarane har, og nye tenester blir utvikla, noko som krev stadig større bandbreidd. Samstundes jobbar tilbydarane kontinuerleg med å gjere tenestene enklare tilgjengelege på mobilplattformer. Det har over tid konsekvensar for nettbrukarar som ikkje får tilgang til den auka kapasiteten. Denne utviklinga går fort og krev aktive verkemiddel for å motverke at vi framover ser eit tydelegare geografisk klasseskilje mellom ulike delar av landet.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å sikre tilgang til breiband med tilstrekkeleg kapasitet til å møte framtidige behov i skule, helse, næringsliv og private hushald i heile landet. Regjeringa vil leggje fram ei melding om IKT-politikken, leggje til rette for utbygging av mobilt breiband og vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til spreiing av breiband med høg kapasitet i små marknader. Noreg ligg over gjennomsnittet i Europa både når det gjeld tilbod og bruk av breiband. Det bør leggjast til rette for at Noreg skal ha sikre og robuste breibandsnett av god kvalitet. Marknadsbasert utbygging vil framleis være hovudelementet i breibandspolitikken. Offentlege styresmakter vil leggje til rette for konkurranse, og har ei viktig rolle i å syte for kostnadseffektiv utbygging av breiband over heile landet.
Som nemnt ovanfor er det i Noreg god dekning på kapasitetar opp til 4/0,5 Mbit/s. Dette kjem av både teknologisk utvikling, marknadsstyrt utbygging, offentleg tilrettelegging og tilskot og lokalt dugnadsarbeid. Stortinget har sidan 2006 løyvd over 1 mrd. kroner i tilskot til utbygging av breiband. Om lag 750 mill. kroner er løyvde over Kommunal- og regionaldepartement sitt budsjett og overført til fylkeskommunane. Desse midlane har vore øyremerkte til utbygging av breiband innanfor det distriktspolitiske verkeområdet. Resultatet av innsatsen i fylkeskommunane blei hausten 2012 kartlagt og vurdert av konsulentselskapet Nexia. Kartlegginga syner at tilskota har medverka til mindre skilnader i breibandsdekninga mellom kommunane. Rapporten syner at fylkeskommunane så langt har nytta 485 mill. kroner av tilskota til gjennomførte breibandsprosjekt, og at dei har utløyst totalt 1,1 mrd. kroner i breibandsinvesteringar etter medfinansiering frå andre private og offentlege aktørar.
Bruk av kapasitet varierer mykje mellom enkeltindivid og verksemder, og bruk og behov heng saman med tilbod av tenester. Eit interessant mål er likevel medianverdien for kapasitet blant breibandsabonnentane. Medianverdien er i rask vekst.
Av dekningsundersøkinga ser vi at tilbodet av høge kapasitetar har auka raskt dei siste åra. Nytta av høghastigheitsbreiband er enno låg fordi få spør etter kapasitetar frå 20 Mbit/s og oppover, men behovet for kapasitet er i vekst. Eit sentralt spørsmål er korleis tilbodet vil utvikle seg i små marknader. Det er ikkje lett å svare på. Den teknologiske utviklinga går raskt. Tidlegare var faste linjer den einaste måten å få fram breiband med høg kapasitet på, men innan både mobilteknologi og satellittsamband går utviklinga mot stadig høgare kapasitetar raskt. I denne samanhengen er utlysinga av ledige radiofrekvensar ein viktig faktor. Når auksjonen av dei ledige frekvensane etter slokking av det analoge kringkastingsnettet er gjennomført, ligg det til rette for at teleaktørane kan tilby eit langt betre tilbod av mobilt breiband, også i område med små marknader og store avstandar.
Det blir i meldinga peikt på at ei viktig utfordring i tida framover likevel ligg i å betre dekningsgraden for dei minste arbeidsmarknadene. Ein offensiv distrikts- og regionalpolitikk krev gode vilkår for å stimulere bulyst og næringsetableringar og gje gode teneste- og underhaldningstilbod over heile landet. Då vil også breiband med tilstrekkeleg kapasitet og til same pris som i dei store arbeidsmarknadene vere ein faktor. I somme område vil det krevje så høge investeringar i infrastruktur at kommersielle aktørar ikkje finn det lønsamt å byggje ut, uavhengig om det gjeld mobilt eller fast breiband. Utviklinga innan satellittbreiband gjev stadig høgare kapasitetar, men satellittskugge blir eit problem nokre stader. Satellittbreiband kan heller ikkje nyttast til all nettaktivitet, verken privat eller i næringslivet, på grunn av forseinka overføring.
Kommunal- og regionaldepartementet vil difor, i samarbeid med Samferdselsdepartementet og Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, vurdere bruk av tilskot også i åra framover for å stimulere til utbygging av breiband med høg kapasitet i små marknader. Det blir peikt på i meldinga at det er viktig at offentlege tilskot ikkje seinkar eller reduserer investeringar hjå andre aktørar, men tvert om sikrar utbygging av breiband som elles ikkje hadde blitt realisert. Moglege tilskot må difor berre rettast mot område der det ikkje vil kome eit tilstrekkeleg marknadsbasert tilbod. Tilskota bør òg vere teknologinøytrale. Slike prosjekt vil ikkje berre utløyse utbygging i dei minste marknadene, men kan òg stimulere til ei raskare fornying av breibandsnettet i område mellom utkantane og dei større arbeidsmarknadene. Tilskot til breiband blir gjevne av kommunar og fylkeskommunar, og det er viktig å sikre at slike tilskot er i samsvar med reglane for offentleg støtte.