Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Kunnskap basert på forsking blir i meldinga peikt på som ei sentral kjelde til økonomisk vekst. Meir kunnskap i privat sektor er naudsynt for å konkurrere med aktørar frå andre land og for å absorbere FoU-resultat frå internasjonale og nasjonale aktørar. Noreg har ein godt utbygd infrastruktur for forsking og kunnskapsoppbygging.
Den relativt omfattande instituttsektoren i Noreg har mykje å seie for utvikling og bruk av kunnskap i alle delar av landet. Institutta er ulike når det gjeld storleik, fagleg profil og internasjonalisering. Samhandlinga med andre FoU-institusjonar er viktig for kunnskapsflyt og god arbeidsdeling. Dette gjeld spesielt for dei mindre institutta utanfor dei største byregionane. Samstundes blir fagleg spesialisering stadig viktigare. Basisfinansieringssystemet for forskingsinstitutta er evaluert i 2012. Vurderinga til regjeringa kjem i den komande forskingsmeldinga.
Næringslivet i Noreg investerer relativt lite i FoU samanlikna med mange andre vesteuropeiske land. Næringsstrukturen er ei viktig forklaring på det.
Departementet meiner det er naudsynt at fleire bedrifter investerer i FoU. Differensiert innsats er viktig for å gjere FoU relevant for dei regionale innovasjonsprosessane.
Dei regionale forskingsfonda blei oppretta januar 2009, og skal styrkje regional forsking og innovasjon. Følgjeevalueringa av fonda viser at ordninga er godt forankra regionalt og sentralt og har utløyst omfattande aktivitet.
Bedriftene vil hente den forskinga som er mest relevant og som har høg kvalitet. Det vil i mange samanhengar innebere internasjonalt samarbeid. Bedrifter som har vore med i EUs 7. rammeprogram (2008–2014) er i stor grad lokaliserte rundt storbyane. I mange fylke er det svært få bedrifter som deltek. Spørsmålet om norsk deltaking i EUs 8. rammeprogram, Horisont 2020, vil bli lagt fram for Stortinget i ein eigen proposisjon.
Dei regionale forskingsfonda og den regionale innsatsen frå Forskingsrådet gjennom VRI og regionale representantar er viktig for å stimulere bedrifter til å jobbe meir systematisk med å utvikle ny kunnskap. Departementet vil sjå nærare på korleis den regionale organisasjonen til verkemiddelapparatet kan styrkje innsatsen for å mobilisere bedrifter til internasjonalt FoU-arbeid.