Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Eldsjeler, entreprenørar og innovatørar blir i meldinga peikt på som viktige for nasjonal verdiskaping i framtida gjennom at dei skapar nye bedrifter og arbeidsplassar. Ein underskog av bedrifter må heile tida dyrkast fram til erstatning for dei som blir lagde ned. Det er potensial for entreprenørskap i heile landet, men potensialet varierer mellom regionane.
Det blir etablert om lag 50 000 nye verksemder i Noreg kvart år. Dei aller fleste er verksemder med få eller ingen tilsette, og det er få vekstetablerarar.
Det er regionale variasjonar i etableringsfrekvens. Om lag 25 pst. av entreprenørane er kvinner. Også her er det store regionale skilnader.
Etableringsfrekvensen varierer mykje mellom næringar. Med store skilnader i næringsstruktur er dette ei viktig årsak til dei regionale skilnadene i etableringsfrekvens. Samstundes er det variasjonar mellom område med same folketal.
Om lag halvparten av dei nyetablerte føretaka blir borte i løpet av tre år. Det inneber at område med høg etableringsfrekvens også har høg frekvens når det gjeld avgang.
Departementet sette i 2011 ned eit råd av gründerar som blei bedt om å føreslå tiltak for å gjere situasjonen lettare for nyetablerarar. Rapporten var ferdig i 2012 og inneheld ei rekkje forslag, sjå boks 6.4 i meldinga.
Departementet gjev i dag økonomisk støtte til entreprenørskap både direkte og via fylkeskommunane til Innovasjon Noreg, SIVA og Ungt Entreprenørskap.
Gründerrådet føreslo mellom anna å etablere ein internettportal der all gründerrelevant informasjon er samla. Departementet har i statsbudsjettet for 2013 løyvd midlar til dette. Innovasjon Noreg har fått i oppdrag å utvikle ei ny nettbasert teneste, i nært samarbeid med Altinn.
Nærings- og handelsdepartementet har òg styrkt og laga ei ny innretning av den landsdekkjande ordninga med etablerartilskot som Innovasjon Noreg forvaltar.
På oppdrag frå Kommunal- og regionaldepartementet etablerte Innovasjon Noreg i 2011 ei eiga mentorordning for unge etablerarar (under 35 år). Sidan oppstarten har om lag 300 etablerarar fått dette tilbodet.
I Handlingsplanen for meir entreprenørskap blant kvinner (2008) har regjeringa som mål at kvinnedelen skal vere på 40 pst. Den kvinneretta innsatsen har gjeve gode resultat – talet på kvinneretta prosjekt har auka sterkt.
Innvandrarar har stadig meir å seie for utviklinga i folketalet. Departementet oppmodar fylka til å ta omsyn til desse sterke utviklingstrendane i planlegginga av det regionale utviklingsarbeidet. Det er òg sett i verk prøveprosjekt for fleirkulturelle verdiskaparar i Innovasjon Noreg. I tillegg vil departementet medverke til å utvikle eit nettbasert norskkurs for innvandrarar.
I 2009 lanserte Kunnskapsdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga (2009–2014). Midtvegsevalueringa av planen viser at planen er godt følgd opp, og at dei aktuelle tiltaka er gjennomførte, mellom anna gjennom nye studieplassar i entreprenørskap og innovasjon og etterutdanning av lærarar i entreprenørskap. Ein nettstad for digitale verkemiddel vil bli etablert i løpet av 2013.
Ungt Entreprenørskap er ein viktig aktør for arbeidet med entreprenørskap i utdanninga og tilbyr ulike program frå grunnskule til høgare utdanning. Ungt Entreprenørskap arbeider også med program som styrkjer samhandlinga mellom nærings- og arbeidslivet og skulane og dermed gjev kunnskap om og engasjement for lokalsamfunnet tidleg i utdanningsløpet. Regjeringa har nær firedobla løyvingane til Ungt Entreprenørskap – frå 7 mill. kroner i 2005 til 26 mill. kroner i 2012.